fredag 16. august 2013

34: Dag 12 kl 12:45 - Djinn

(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 12:45
Kent Karlsen var på eit vis gira då han gjekk frå seremonibygget. Han klarte å halde seg til dei var komne rundt eit hjørne, men han snudde seg ikkje og såg om andre var på veg til same parkeringsplassen før han spruta ut i lått.
Eg miste deg før eg fekk deg! Geipte han.
Kva meiner du? Så Karina .
Såg du han ikkje – han som la ned krans? Det var far hennar. Men det visste han visst ikkje før i går eller førgårs!
Noko så grueleg!
Grueleg? Det er ustyrteleg komisk! Han har hatt seg eit nyp han, fort gjort i ein port –og så har han ikkje tenkt meir på saka. Heile byen har jo visst det – men ikkje han! Ikkje før han vart spurd om han ville seie noko i gravferda!
Dette er då ikkje morosamt.
Karina  – tilgje meg. Det er jo frykteleg. Tragisk. Kva skal me gjere? Skal med sette oss ned her og grine? Hyre gråtekoner? Det er slik det gjer hos dykk, er det ikkje det, Fadma?  Men eg har meir tru på galgenhumoren. Når kjenslene pressar på, veit du.
Dei gjekk utan å seie noko siste stykket fram til bilen. Det var hans bil. På den korte tida han hadde vore sjefen deira hadde det alt laga seg rutinar – som til dømes at Karina  sette seg i høgre framsete medan Faadumo sette seg i venstre baksete. Slik kunne Kent Karlsen snu seg og snakke med  den fjerde personen i bilen om det skulle kome nokon. Med Faadumo snakka han sjeldan.
Denne saka vert nok aldri løyst, sa han, og lo att.
Kvifor trur du ikkje det?
Byen har alt gløymt henne. Såg du ikkje – det kom berre tolv i gravferda? Og halvparten var offisielle representantar. Resten var jo mest innvandrarar. Det vert ikkje noko trykk på oppklaring av dette. Og dei – politiet – har meir enn nok å gjere med andre saker.
På den plassen Faadumo sat kunne ho hente opp Facebook på tenestetelefonen utan at dei to i framsetet merka det. Dei sat i ivrig samtale om det djupt tragiske men også lett tragikomiske drapet. Dei vart fort samde om at det nok ikkje ville bli oppklart.
Heilt på topp på Faadumo si eiga Facebookside stod ei melding frå den nyaste venen ho hadde fått, Margrethe Obstaklevic:
Hjelp! Ein mann gjekk med Ingrid! Læraren sa det var faren.
Kent Karlsen sat rett framføre henne og snakka lystig med Karina . Dei snakka om radiointervjuet som hadde vore like før gravferda, dei var samde om at denne Rudolf Steiner var ein sjølvhøgtideleg tulling, men at intervjuet hadde gått bra. Dei måtte drøfte med ordføraren om dei skulle ta initiativ til eit nytt torgmøte eller eit seminar.
Eg må berre ordne noko fyrst, sa han.
Kva er det? Sa ho.
Nei – det er noko anna, noko privat, sa han. Det tek berre eit par timar.
Faadumo sa ikkje eitt ord. Det kom inn ei ny melding frå Margrethe: Eg lagar kampanjeside – ”Finn Ingrid!” – bli med over – spreie til alle!
Eg trudde du hadde lagt eiga verksemd på is? Sa Karina .
Ja – men sume ting kan ein ikkje legge på is, sa han. Sume ting må ein ta når det kjem.
På rein intuisjon logga Faadumo ut av Facebookprofilen sin, sette telefonen på lydlaus,  låste han og la han i sidelomma på bakdøra i bilen. Det var noko ho meinte å hugse – og det var ikkje særleg farleg. Dei brukte bilen nærast som ein tenestebil – det var ikkje spesielt underleg  å gløyme telefonen sin der, og det ville ikkje vere vanskeleg å hente han attende.
Kent Karlsen stogga ved torget,  slapp dei av og køyrde vidare.
Faadumo sa ingenting til Karina  då dei stod og såg etter han heller. Ho måtte tale med Linda fyrst.
Eg skal berre innom kjøpesenteret som snarast, sa Karina .
Faadumo sprang ned til arbeidsromet, greip kontortelefonen og ringte til Linda. Ho fekk berre eit automatsvar om at abonnenten hadde slått av.  I staden sendte ho ein SMS – ”Ring meg straks – Ingrid er i fare”.
Ho begynte å slå nummeret til Ingrid – men tok seg brått i det. Om det var som ho frykta, ville Kent Karlsen ha teke telefonen frå henne. Ringte ho herifrå ville han kjenne att nummeret og fort få ei aning om at negerdama som kokte kaffien hans om morgonen kunne vere farleg. Så ho sendte i staden ei Facebookmelding til Margrethe Obstaklevic:
Hei –Linda er på minnestund og veit ikkje enno kva som har hendt. Kan du ringe meg – eller sende meg telefonnummeret ditt?
Det tok berre seks minutt, så hadde ho fått telefonnummeret.
Rektor er klin sprø! Sa Margrethe då dei fekk kontakt. Ho seier at stefaren står som pårørande i papira skulen har og at ho ringte han og no har han teke henne med seg!
Er du sikker?
Ja – dei for i ein svart bil. Det er meir enn ein time sidan. Eg ringer og ringer – men ho svarar ikkje. Linda svarar heller ikkje….
Eg veit kor Linda er. Eg skal dra dit og snakke med henne.
Men ho gjorde det ikkje med det same. Det var denne vage idéen som hadde slått henne då ho sat i bilen og høyrde den oppgira Kent Karlsen le av gravferda: Ho meinte å hugse at mellom alle informasjonane dei hadde fått då dei fekk tenestetelefonane, hadde det og vore noko om at telefonane kunne sporast om dei kom bort.
Ho leitte – og fann ganske riktig eit program. ”Find my phone” heitte det. Ho kunne sende eit søkesignal frå programmet på kontormaskina og få attende svar om posisjonen til telefonen, plotta inn på eit kart.  Det tok henne ei stund å finne rette brukarnamn og passord slik at ho kunne logge inn – men då ho fyrst kom inn, gjekk det berre sekund før ho fekk opp eit kart der ho kunne sjå posisjonen til Kent Karlsen sin bil.
Kva gjer du? Sa Karina  som brått stod attom henne.
Eg – det er – eg har lagt frå meg telefonen ein stad…. 
Har du vore heime hjå Kent? Sa Karina .
Heime hjå Kent?
Viss det er telefonen som er i den prikken på kartet, så er han heime hjå Kent.
Er det?
Du veit vel om du har vore heime hos han? Var du der i natt?
Faadumo vart mållaus av spørsmålet og den plutselege fiendskapen i røysta. Men samstundes var det som om ho var på torget heime att, eller på landevegen, der det kvein og smalt frå alle kantar og det var umogleg å bruke tenking eller kunnskap for å bestemme kor ho skulle snu for å gøyme seg. Sit berre ikkje i ro, sa denne underlege djinnen som folk her brukte å kalle intuisjon eller instinkt.
Det er ei privat sak, sa ho, og freista vere like iskald i røysta som det Karina  var. No var det Karina  som vart mållaus. Faadumo trykte på:
Og no som eg har funne ut kor han er, så får eg vel reise bort og hente han.
Karina  opna munnen og lukka han att, opna – og så nærast ropte ho: Så det var dette som brått var kome på? Som ikkje kunne leggjast på is? Ho tverrvendte, gjekk inn på kontoret sitt og slo att døra.
Djinnen inne i Faadumo lo høgt. Sjølv hadde ho det svartaste samvit. Men ho hadde vunne seg tid. Ho ringte til Mehmet. Han tok det svært alvorleg.
Linda er på minnestunda, sa han. Ho har nok slått av telefonen medan den held på. Eg veit ikkje om ho har nytt nummer forresten – den gamle telefonen hennar vart øydelagt  då – nei, det får me ta seinare. Eg køyrer til minnestunda. Kor er den?
I bydelshuset. Eg tenkte eg skulle dra bort til henne – men no kan eg sjå at han køyrer vidare. Tenk om han har Ingrid med? Tenk om han skal gøyme henne ein annan stad? Trur du ikkje eg skal sitje her og fylgje med på kor han dreg?
Eg skal hente Linda. Så kan me fylgje etter han, sa Mehmet. Send meg meldingar om kor han køyrer – eg skal få tak i eit kart.
Mehmet stengde kontoret og gjekk til bilen. Han kjøpte ei lokal kartbok hos tyrkaren med den vesle kiosken tvers over for moskeen. Sidan det var fredag og han alt hadde parkert og han hadde meir en vanleg bruk for himmelsk støtte, så slengte han kartet og lommeboka inn i framsetet på bilen, henta kufien ut av hanskeromet  og småsprang innom moskeen for å ta del i middagsbøna så snarast før han for vidare. Det skulle han ikkje ha gjort.

I kjellaren under Kulturtorget sat Faadumo og såg prikken på kartet flytte seg ned sidevegen frå Kent Karlsen sitt hus og ut på ein av vegane ut av byen. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar