I tre vinterveker i fjor vart byen skaka opp av uforklarlege hendingar. Så la han seg til att. Det såg ut som at han la seg til på same vis som før, som han har brukt å ligge i all si tid. Men poenget med denne forteljinga er jo å drøfte om det verkeleg kan vere så enkelt, om det kan finnast ein så likefram snarveg til å fatte framtida.
mandag 22. juli 2013
23: Vesle Toro (Publisert 22/7-2013)
(Samandrag "Til minne om Linda" - avsn. 1-22)
Det vart fredag, den 12. dagen i forteljinga.
Publiseringa av dette bloggavsnittet fell saman med toårsdagen.
Om morgonen publiserte Passasjer 81 dette:
Morgonblogg: Vakkert.
Av Passasjer
81:
Det vart fredag, den 12. dagen i forteljinga.
Publiseringa av dette bloggavsnittet fell saman med toårsdagen.
Om morgonen publiserte Passasjer 81 dette:
Morgonblogg: Vakkert.
Av Passasjer
81:
Elvis og
Lady Raud skrir gjennom bussen. Han fyrst, i dag skannar han alle fjesa han går
forbi. Mange bukkar – nokre seier korte setningar: Vel talt! Imponerande! Eller
berre – såg deg på fjernsynet – der er bilete av deg i avisa i dag, har du sett
det? Ho kjem like bak. Byrg. Glad.
Det vart
ein utruleg spesiell kveld! Det peip og dura i kvar einaste mobiltelefon i
heile byen ettermiddagen gjennom. Sjå hovudsendinga på Rikskanalen – kom på
Kulturtorget etterpå for å forsvare byen vår! stod der. Send vidare.....
Det er
ikkje ofte der er reportasjar frå vår by på Rikskanalen, og hender det er det mest alltid på grunn av
noko leit. Det var den store barnedrapssaka, ei korrupsjonssak under førre byrådet,
ein religiøs svermar som tok heile byen til inntekt for sine idear, og så
trafikkproblema.
No kom
ei ny slik forteljing. Sterke spenningar under overflata, sa dei frå studio.
Marginalisering av svake grupper – ser vi første teikn på reaksjon? Så gjekk
dei rett på eit bilete av Cosy Lamps. Her arbeider psykisk utviklingshemma med
dårleg tilsyn og utan pedagogisk opplegg. Sist fredag vart ei jente skoten her,
sa reporterstemma. Nytt bilete – reingjeringsverksemda til Mama Harjet. Den
grøne døra stod open, ein politibil med blålyset på stod skrått over den fulle
parkeringsplassen. Her arbeider berre innvandrarar
med mangelfull utdanning, mangelfullt språk, manglande kjennskap til vår
kultur. Ein einaste kvit arbeider her – i dag tidleg vart ho funnen skoten.
Politimann:
Samanheng er ein av fleire teoriar. Det
er jo – eh – spesielle miljø begge stader.
Landskjend
reporter, på Kulturtorget: På overflata
ser alt harmonisk ut. Men gjeld det berre dei vellukka? Er den kommunale
spareiveren gått for langt?
Elvis:
Det kan ikkje vere rett å sende dei til arbeidsplassar med utilreknelege, utan pedagogisk opplegg og med så dårleg
tilsyn at dei ansvarlige ikkje oppdagar drap før dei høyrer om det på
radio?
Og meir
var det ikkje. Likevel klarte kampanjen til Lady Raud å piske opp eit svært
folkemøte på Kulturtorget klokka ni om kvelden. Mitt i sendetida til Rikskanalen
si største Siste Nytt-sending. Der stod Elvis framfor eit hav av faklar.
Me lar ingen
få øydelegge våre særtrekk – vår kultur – våre verdiar! Sa han med ettertrykk.
Det er heilt feil å påstå at det ulmar under overflata i vår by - og slike feil
må rettast på timen! Fakkelhavet klappa, og den landskjende reporteren sa: Dei
uforklarlege drapa har sett byen i opprør. Og så kom filosofen – reserven på
Mama Harjet sitt lag, han som heiter Mehmet med etternamnet som eg ikkje får tak i, heller ikkje då det stod på
skjermen:
Djupt i
oss er me alle fyrst og fremst menneske! Sa han. Eg reknar med at han sa meir
enn det, men det var så mykje dei hadde
plass til i fjernsynet.
Det var
jo ikkje all verda, men det var nok til at Elvis og Lady Raud går som ein sigersrunde gjennom bussen til dei faste plassane sine i
dag.
Kva med
deg? Var du der i går? Det var jo din arena? Du kunne jo halde ekstra opent? Du
kunne stilt ut dei mest kjende verka om byen sine særtrekk, forteljinga om
korleis folk hjelpte kvarandre då leigehæren til han der kjende generalen – Fi,
var det ikkje det han heitte - låg rundt byen i seks månader i 1620 og stoppa
all mat og all brenne? Eller samhaldet då det verkeleg gjaldt – i 1830, 1848,
1872, 1905, 1918 og 1939-45? For ikkje å
snakke om 1968 og 1989??
Du kunne
selt krydderté frå India og lete folk varme seg inne hos deg, du kunne veksla
ord med dei om kor fint alt er, kor vakkert, kor innarbeidd, kor djupt og ekte
og tragisk det er at to uskuldige menneske skulle bli skotne på ei veke! Men
kor fint og kor vakkert og kor djupt og så bortetter.
Gjorde
du det? Eg gjorde ikkje. Eg må ta konsekvensane av mine handlingar. Vert det
tid eller noko til overs nyt eg gjerne fruktene av dei og. Som snittane me
handla inn til i går. Eg hjelpte mora til Lolita og kona til Alvarez –
Carmencita – med å førebu Lolita si minnestund i dag. Han sjølv fekk ikkje fred
før han hadde vore heime til Mama Harjet for å kondolere dei som sat att etter
henne. Han var tilbake til Siste Nytt-sendinga, me såg den i lag.
Mor til
Lolita gret etterpå. Det er som om ho aldri har vore, sa ho. Der står eit heilt
folkehav på Kulturtorget fordi ho er drepen, men eg trur ikkje ein einaste av
dei tenkjer på henne. Ingen snakkar om henne, og me lagar sikkert snittane i fånytta.
Ingen av dei kjem i morgon.
Eg såg
ned. Alvarez såg ned. Carmencita såg ned. Kva skulle me sei?
Der var
ingen der heller, sa Alvarez etter ei pause. Eg ringde på for å spørje naboen.
Dei hadde sikringslenke på, dei spurde kva eg ville. Ho er død, sa dei berre, skoten av ein
utlending. Og så stengde dei.
Carmencita
knepte hendene og sa stille medan ei tåre rann ned det venstra kinnet hennar.
Vesle
Toro.
Publiseringa av avsnitt 23 fell saman med toårsdagen for massakren på Utøya og terrorbombinga av Regjeringskvartalet. Det er ein dag med mange tankar, og den verkelege eg - forfattar Bjørn Enes - klarar ikkje å avstå frå fylgjande refleksjon denne dagen:
Ein må ikkje sjå seg blind på
fryktdyrkinga heller, når ein forsøker å forstå 22/7 og kor neste anslag
kjem. Ein må interessere seg for heile
økosystemet.
Eg trur og at frykt er viktig. Eg er samd
med Maren Næss Olsen (Morgenbladet 19-25/7) i at der er mykje å lære av den siste
borgarkrigen på Balkan, der forfattarar, prestar og intellektuelle dyrka fram
ein frykt for muslimar (og kroatar) som i neste omgang vart nyttig energi for
politiske opportunistar. Eg var der sjølv som reporter, og møtte folk med tunge
våpen som på fullt alvor sa at dei skaut granatane sine mot uvæpna bønder for å
forsvare eigne kvinner og born mot utrydding.
Frykta på Balkan var av nærast mytologisk
karakter. Det same gjeld dei mytane som vert dyrka av ”Fjordmann” og hundrevis
mindre synlege (men vel så aktive) trusfellar. Dei trur og hevdar at det eksisterer hundreårsgamle planar om
”snikislamisering” og innføring av sharia. Kvar barnefødsel er del av ein demografisk
invasjon og kvart hovudtørkle er som ei fane for angripande hordar.
Frank Rossanvik gav nyleg ein god
illustrasjon på korleis denne mytologien spreier seg inn mellom meir
alminnelege intellektuelle. I artikkelen ”Overjeg og underjeg” (Morgenbladet 12-18/7) vedgjekk
han at han kjenner ”grumset” i sitt eige ”underjeg”. Essensen av den
gamalfreudianske metaforen hans er om lag slik: Når sant skal seiast så likar
han ikkje muslimar han heller. Han kjenner frykt – og han har ikkje lyst å halde kjeft om det
lenger. Han skriv ikkje at han ynskjer nokon til å rydde opp. Men eg er litt redd for at det berre er av di
han ikkje ser konsekvensane av generaliseringane sine.
Ignorante menneske generaliserar for
mykje – det veit alle med eit minimum av breidde i si kontaktflate. Men eg
meiner å kunne sjå ein tendens til at fleire og fleire ”alminnelige”
intellektuelle får lågare tersklar for grove forenklingar. I alle fall når det
gjeld muslimar og romfolk, ser det ut
til å ha blitt ”greitt nok” å være indifferent eller likesæl både til mytar og
grove forenklingar, både frå lek og lærd. I norsk tradisjon har det for
eksempel vore rekna som svært uhøfleg å uttrykke forakt for fattige menneske.
Men no ser det for meg ut til at sjikanerande ytringar om tiggarar både vert uttrykt
og tolerert med skuldertrekk langt inn i den kritiske intelligentsiaen.
Den avanserte arbeidsdelinga i det
seinmoderne samfunnet fører til ei naturleg fragmentering både av kunnskap og
ansvar. Men dette er også farleg – noko som kom grotesk til syne den 22. juli i
forfjor. Etter mitt syn, var den viktigaste bodskapen frå Gjørvkommisjonen at
her trengs ein renessanse for heilskapleg tenking og ansvarleggjering. Men
diskusjonen om denne bodskapen har enno ikkje kome i gang, tykkjer eg. Den
drukna i mediekonkurransen om kven som fyrst kunne peike ut den statsråden som
måtte gå.
Ein må interessere seg både for frykt- og
mytedyrking, indifferens og fragmentering av kunnskap og ansvar om ein skal
forstå korleis mordaren på Utøya kunne utvikle verdsbiletet sitt og gjennomføre
førebuingar og sjølve handlingane utan at noko eller nokon stoppa han. Alle
faktorane heng saman og påverkar kvarandre – dei utgjer eit slags økologisk
system. I tillegg trur eg at ”kallsopplevinga” hans må forståast i samanheng trongen
til å vere viktig eller i det minste kjend. Den vert og dyrka intensivt, både i
alminneleg middelklasse, personfokuserte media og virtuelle fantasiunivers. Det
treng diverre ikkje vere særleg originalt å tenkje som Breivik gjorde då verdsbiletet
hans var komplett: Då mangla berre ”helten” som kunne ordne opp – det gav den
elles ganske mislukka guten ein sjanse for livet.
Maren Ness Olsen har rett i at sjølv om Fjordmann
ikkje kan haldast ansvarleg for drapa
som Breivik utførte, så må både han og ålmenta leve med at ”ord har blitt til handling før”. Eg vil gjerne
leggje til at også intellektuell likesæle, ansvarsfråskriving og opportunistisk utnytting
av energien i ”mytologisk” frykt og fordomar mot minoritetar, har vore med på å
gjere ord til handling tidlegare. Og mykje tyder på at vekstvilkår er til
stades for heile køar av unge menneske som kan tenkje seg å investere liv og
ettermæle i handlingar som gjer dei viktige i subkulturar og kjende i all verda.
Eg tvilar på verdien av forsking på slike
komplekse erkjenningar om dette. Eg trur heller at det er ei litterær
utfordring, at det handlar om å setje
ord på og teikne bilete av noko som me alle kan kjenne på oss og sjå rundt oss
og som me alle har noko med, slik Øverland gjorde då han skreiv ”Du skal ikkje
sove”.
Eg trur ikkje ”økosystemet” er særskilt
norsk heller. Det er på tide at me melder oss på i det internasjonale
ordskiftet om dei nye variantane av fascistisk framvekst.
Abonner på:
Innlegg (Atom)