(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 18:25
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 18:25
Irene Guri Andersen Halvorsen køyrde sakte dei
siste kilometrane medan dei lette etter avkøyringa til Dalsli Berg.
Ingen av dei svarar på telefonen, sa Linda.
Der er vel ikkje dekning.
Brått var skiltet der. Dalsli Berg. Dei hadde
aldri sett vegen i mørkret om det ikkje hadde vore for skiltet. Det kom inn ei
melding på radioen.
Femtiein: Kor er du?
Har nett teke til på vegen opp mot Dalsli Berg,
sa Irene Guri Andersen Halvorsen.
Det ser ut til å vere ein vanskeleg situasjon
der oppe.
Ja vel.
Me har ikkje kontakt enno, men det ser ut til at
ei gruppe lokale folk har væpna seg.
Jøss.
Ingrid? sa Linda. Korleis er det med henne?
Visstnok uskadd. De får vente til me har kontakt
med dei.
Ja vel, sa Irene Guri. Ho såg på Linda. Denne
såg spørjande tilbake. Linda nikka oppetter vegen. Irene Guri nikka òg, sette
på blålys og sirene og sette opp farten.
Du får jenta og dei to karane inn i bilen her –
eg snakkar med dei andre, sa Irene Guri.
Ja, sa Linda.
Det gjer ikkje noko om dei trur du òg er politi,
sa Irene Guri.
Eg skal freiste, sa Linda.
Vegen gjekk i svingar oppetter. Det var skarpt
lys ein stad der oppe. Roterande blå glimt fekk stubbar, steinar og skavlar til
å sjå ut som stabbande skrømt i vegkanten. Det gulkvite fastfrosne lyset der
oppe kom raskt nærare. Då dei kom rundt siste svingen, såg dei skarpt lys frå
tre traktorar i og ved sida av vegen. Tre menneske stod tett saman i lyset på
høgre sida av vegen. Ingen var å sjå på den andre sida.
Irene Guri sette på ei rekkje ekstra lyskastarar
på taket. Traktorane vart opplyste, dei såg folk som låg i stilling med
jaktvåpen. Irene Guri bråstansa, begge slo opp dørene. Linda opna bakdøra òg.
Inn! sa Linda.
Mamma! sa Ingrid.
Inn!, sa Linda hardt ein gong til. Alle dei tre
bøygde seg inn i baksetet.
Irene Guri gjekk fram i lyset og ropte: Det er
politiet! Kven er leiar her?
Ingen svarte med det same. Ho gjekk fram mot ein
skugge som var synleg attom den eine traktoren.
Kom fram, sa ho. Faren er over. La meg høyre kva
som har hendt.
Ein svær mann kom stigande frå motsett side.
Kan eg …, sa han og drog på det.
Er du leiaren her?
Nei, nei, eg er berre ein nabo. Karlsen ringde
og sa at nokon hadde bortført dottera hans. Så fekk eg med meg dei andre her og
så stoppa me dei.
Er nokon skadde?
Nei – eg trur ikkje det.
Har det vore losna skot?
Nei – ikkje noko særleg.
Kva tyder det?
Berre varselskot. Dei freista å stikke av.
Kor mange?
Ein mann til kom fram. Han hadde gevær på skuldra.
Ja. Eg … Men berre i lufta. Eg har
jegerprøven. Ikkje i år, men det er jo for tidleg …
Kva heiter du? Irene Guri hadde ei blokk i
handa, den kom frå ingenstad. Mannen med geværet mumla eit namn. Det var jo
naudverje, sa han. Dei var jo bedne om å stogge ei kidnapping.
De har gjort ein framifrå jobb, sa Irene Guri
forsonande. Ho nikka og såg frå den eine til den andre. Framifrå! tok ho opp
att. Eg må berre ha detaljane.
Det lausna på stemninga. Naboen kom med namnet
sitt uoppfordra, og bretta ut bæreløyve og jegerprøvebevis. Og så kom dei med
papira sine den eine etter den andre. Til sist var dei seks mann som stod rundt
henne. Fire av dei hadde losna skot for å varsle – ingen av dei trudde dei
hadde råka nokon eller noko. Ingen av dei ville seie at dei kjende Kent Karlsen
noko særleg, dei visste han var son av den gamle kvinna som budde aleine oppe i
lia. Det var ei skam å la eit gamalt menneske leve slik. Men når han ringde og
sa at nokon hadde bortført dottera, då stilte dei opp. Det ville dei gjere for
kven som helst.
Telefonen til naboen ringde. Han spurde om han
kunne ta han. Irene Guri nikka medan ho noterte i blokka si.
Ja? Det er meg? Politiet? Men dei er her jo no?
Han rekte telefonen til Irene Guri.
Ja, sa ho, me gjekk inn. Alt er roleg. Ingen
fysisk skadde. Skot losna, fire ser det ut til, men berre til varsel. Me har
jenta og dei to mennene og kjem inn med dei. Så har me persondata og førebels
forklaringar. Me køyrer no, men nokon må opp i lia her og undersøke hos ei
eldre kvinne – det er visst mor til Karlsen.
Ja, ja – me går sjølvsagt opp der, sa naboen.
Så var det over. Det kom ei opprømt glede over
dei alle der oppe.
Så – me har ikkje gjort noko gale, vel? sa den
eine skyttaren.
Dei to kidnapparane – kan de to damene aleine ta
sjansen på å køyre attende til byen med dei? sa ein av dei andre.
Er det – er det mor til jenta, den andre der? sa
ein tredje.
Irene Guri Andersen Halvorsen overhøyrde alle,
helste til huva og sa hjarteleg takk, det ville kome ein bil til om litt, dei ville
nok spørje og grave endå meir, og dei ville nok trenge ein kjentmann for å kome
opp til den gamle, og takk igjen og farvel!
Det var tyst i bilen då ho sette seg inn, snudde
og tok til på vegen nedover att. Rundt svingen sleppte Linda ut eit langt pust.
Ingrid ropte hestejenteskriket: IIIIHAH!
Frue: De er ein helt, sa Olave Mario de la
Polvora.
Me er djupt takksame, sa Mehmet Habini. Det skal
eit svært stort mot til for å gå mot krigarar som alt har losna skot!
Så? Dette veit du noko om? sa Irene Guri.
Ja – diverre veit eg meir enn eg set pris på om
dette, sa Mehmet.
Mamma er også helt! sa Ingrid.
Til avsnitt
Bestilling: bjorn@enes.no