Rektor på skulen til Margareta Ostarcevic og Ingrid Dahlin Loe var som nemnt svært oppteken av å gjere alt korrekt. Etter
hendingane på fredagen beklaga ho at verken Linda sjølv, Barnevernet, Velferda
eller politiet hadde syrgja for å fjerne Kent Karlsen sitt namn frå lista over
pårørande til Ingrid Loe. Men ho beklaga ikkje at ho sjølv hadde ringt Kent og
fortalt om skuldingane som Ingrid hadde sett fram mot han, eller at ho hadde late
han ta Ingrid med seg frå skulen.
Alt på måndagen
hadde ho kalla inn Bernt Viklimodal – læraren til Ingrid og Margareta – og
konfrontert han med aktiviteten som Margareta hadde hatt på Facebooksida «Finn
Ingrid!» i skuletida på fredagen. Det kunne umogleg ha gått føre seg utan at
læraren hadde godkjent det, og det var illojalt og eit brot på skulen sitt
reglement om bruk av smarttelefonar i undervisningstida.
Etter avisoppslaga
på tysdagen hadde ho irettesett skarpt den same Viklimodal då han hadde slått
frampå at han ville gå med heile klassen både i gravferda til den svarte enkja
og til Ingrid si mor. Rektor hadde raskt funne ut at han hadde brukt store delar
av ein undervisningstime til å diskutere deltaking i den muslimske gravferda
utan å klarere det med henne i forkant. Og Viklimodal burde vere kjend med at
skulen ikkje kunne innføre nokon regel om at klassane skulle gå i alle
gravferder som måtte dukke opp mellom pårørande til elevar. Skulle dei gjere
det, kom dei aldri til å få gjort anna.
Denne morgonen hadde
ho fyrst vorte sjokkert over å sjå avishistoria om korleis jenter frå hennar
eigen skule – nærare bestemt frå Viklimodal sin klasse – hadde begynt å gå med
sjal og henge med islamistiske grupperingar. Ho hadde personleg henta
Viklimodal ut frå fyrste time for å konfrontere han med fakta og høyre kva han
hadde gjort for å møte denne situasjonen. Då hadde det vist seg at han sjølv
hadde teke del i islamistane sin marsj, og at han alt var heilt forblinda av
påverknadene frå dei. Han påstod at gravferda hadde vore fredeleg, og at det
var tilskodarane som hadde gått til åtak og brukt vald – trass i biletet frå
avisa der alle kunne sjå dei kvinnelege fanatikarane sin kampkunst.
Rektor var veldig
klar over at det fremste kortet til den grupperinga som tydelegvis hadde plukka
ut hennar skule som kampområde, var rasismekortet. Gjekk ho ut mot
innvandrarelevar eller -foreldre eller islam generelt, ville ho få kritikken
sin i retur med dobbel kraft. Det ville ho ikkje om ho konsentrerte seg om
Viklimodal. Det ville verte hardt for han, men han hadde seg sjølv å takke.
Brot på prosedyrar og reglar og saksgang utanom tenesteveg måtte ikkje løne
seg. Stilte ein seg til for hogg på så grunnleggjande ting, måtte ein berre
avfinne seg med at øksa fall.
Før lunsj hadde ho
fått til eit fortruleg møte med fagforeininga hans. Det var eit ansvarleg
forbund som evna å sjå saker frå meir enn ei side, i alle høve i fortrulege
møter. Dei delte bekymringane for korleis grupperingar utan feste i kultur
eller særtrekk i byen her arbeidde systematisk for å undergrave dei verdiane
som alt var bygd på, og dei såg problemet med naive og godtruande personar som
lét seg bruke i dette spelet. Men dei kunne likevel ikkje gå med på drastiske
tiltak for å erstatte slike personar utan at dei vart skikkeleg kompensert. På
det punktet vart dei svært usamde, og rektor kjende seg skikkeleg lurt då ho
gjekk derifrå med ein avtale om at Bernt Viklimodal skulle forfremjast til
konsulent i undervisningsmetodikk eller kva det no var.
Ho makta ikkje å
spele teater då ho kalla han inn for å orientere han om dette. Ho stadfesta med
korte ord at det var hans illojalitet og manglande evne til å stå mot
straumdrag som påverka elevane, som gjorde det naudsynt å ta han ut av
undervisning og inn i ein stabsfunksjon. Ho sa til og med at ho var lei for at
det ville bety lønsauke for han. Men rett skulle vere rett: Ho kjende
regelverket.
Men ho kjende ikkje
Bernt Viklimodal.
Nei takk, sa han.
Men eg spør deg
ikkje! Eg orienterer deg om ei stillingsendring! sa ho.
Eg er vel nøgd med
den stillinga eg har. Og om det har vorte så gale i byen her at det skal vere
straffbart å fortelje kva eg sjølv har sett og opplevd med eigne auge, så får
det kome fram i ein open rettssal! Det er på tide å setje foten ned, rektor! Du
er på ville vegar!
Slik vart endå eit
konfliktområde opna i byen her. Den snikande faren hadde bite seg fast i sjølve
skulestrukturen. Eit solid fundert prosedyreverk, utvikla gjennom involvering
av alle tilsette, vart utfordra av ein impulsiv einskildlærar. Ein mann med
brestar i karakteren, utan kraft til å stå mot ideologiske svermeri mellom
ungdomsskuleelevar, sette seg no opp mot rektor og sjølvaste Prosedyreverket.
Eg må seie – eg
forstå ikkje? sa rektor. Kva meiner du?
Eg forstår heller
ikkje kva som går føre seg, sa Bern Viklimodal. Men eg forstår at du vil fjerne
meg, og eg forstår at meininga med det er å stoppe mine elevar sitt engasjement
i det som hender med byen deira. Og det skal du ikkje klare! Det er dei unge
sin by. Ikkje din.
Han reiste seg. Ho
sa skarpt at han skulle setje seg. Han svarte like skarpt at han hadde elevar
og undervisning å ta seg av og ikkje ville kaste bort meir tid på henne. Ho
heva røysta og sa at han ikkje kunne tale slik til ein leiar. Han sa at no
kunne ho angre på at ho plent ville ha møtet på tomannshand. Ho sa at ho alt
hadde hatt møte med fagforeininga hans. Han lo og sa ja vel, veit du kva ein av
mine elevar kallar slikt? Ho sa ingenting, for ho vart overrumpla og visste
ikkje kva ho skulle seie, og då la han til: Slik samrøre av makt og
organisasjon – veit du kva min problemelev nummer to kallar slik?
Kva meiner du? sa rektor.
Ustasja! sa Bernt
Viklimodal. Eller fascisme, som me brukar kalle det her nord.
Dette er det verste
eg har vore ute for! sa rektor.
Eg òg! sa Bernt
Viklimodal.
Han gjekk fyrst.
Rektor var så sint at ho måtte ta seg eit glas vatn før ho gjekk ut av rommet.
Men der var ikkje noko glas der. Der var ein vask og ei hylle med skitne
kaffikoppar, men ikkje glas, ikkje pappkrus. Ho måtte bøye seg ned over
vasskrana og forme til ein slags kulp med venstrehanda som ho kunne drikke av.
Det var uverdig. Ho kunne kjenne det prikke i ryggen, som om døra kvart sekund
kunne gå opp attom henne og Viklimodal kome inn att, eller einkvan annan. Så ho
retta seg opp utan å ha fått så mykje vatn at ho roa seg, ho såg seg i
spegelen, retta på håret medan det lynte gjennom henne: Oppseiingsprosedyrar,
tenkte ho. Kor står permen med personalhandboka? Ho tverrvende, gjekk ut av rommet,
heldt attende trongen til å slamre døra attom seg, gjekk med korte, harde Steg
ned gangen og inn til sitt eige kontor.
Ho hadde forrom,
sjølv om ho ikkje hadde sekretær.
Ei kvinne og ei
jente stod der og såg ut vindauget.
Den unge var Ingrid
Loe. Den vaksne var Irene Guri Andersen Halvorsen.
Eg veit ikkje kva
som hende inni rektor, men etter det Irene Guri seinare fortalde var der ikkje
spor av sinne i henne då ho helste dei og bad dei inn på kontoret sitt.
Ho tok Ingrid i
handa og sa lågt: Kondolerer …
Ingrid sa: Det hadde
ikkje hendt om ikkje du hadde late han ta meg. Men det tener ikkje til noko å
tenkje slik.
Rektor vart stum. Ho
såg på Irene Guri.
Denne sa med stort
alvor: Ingrid har strevd mykje med det spørsmålet, noko ho sjølv godt kunne
forstå. Ho har sjølv kome fram til at det ikkje tener til noko. Han som drap
mor hennar og venene hennar, må bere skulda aleine. Men det er heilt sant at
det ikkje hadde hendt om ikkje skulen hadde oppført seg så tåpeleg.
Me må fylgje
prosedyrane, sa rektor.
Begge dei to
gjestene såg lenge på rektor utan å seie noko. Ho vart nervøs, slo armen ut mot
konferansebordet, gjekk inn attom skrivebordet sitt, henta prosedyrepermen og
sette seg ved bordet ho òg.
Me kom for å
orientere deg om kva som vidare skal hende, sa Irene Guri. Så fortalde ho at det
var ho sjølv som skulle vere Ingrid sin omsorgsperson inntil vidare. Ho leverte
utskrift av Fylkesnemnda sitt vedtak, presiserte at Kent Karlsen skulle
strykast som pårørande, og bad rektor stadfeste at ho hadde oppfatta dette.
Korleis vert det
gjort? sa Irene Guri.
Det kan eg gjere her
og no, sa rektor.
Då ser me gjerne at
du gjer det. Me kan vente, sa Irene Guri.
Rektor ville
protestere – men ho bøygde seg for dei bydande auga på den andre sida av
bordet. Ho reiste seg, gjekk bort til pc-en og logga seg inn i den sensitive
sona. Medan ho gjorde det, såg ho ei Twitter-melding frå Sentrumsforeininga.
Dei gjorde merksam på eit blogginnlegg frå ein av universitetsfolka. «Til forsvar for det frie ord» heitte
det.
Sjå der var det
gjort. No står De der som næraste pårørande, elles står onkelen, morfar og
mormor, sa ho.
Fint, sa Irene Guri.
Så gjeld det førebuingar til Ingrid skal begynne på skulen att. Eg kjem til å
halde henne heime denne veka. Gravferda er i morgon. Fredag skal me flytte.
Ingrid skal heim att, og eg skal flytte med. Måndag kjem ho attende på skulen.
Etter prosedyrane
skal det søkjast om permisjon, sa rektor.
Då kan me gjere det òg
med det same.
Det er greitt. Eg
skal ordne det. Det er ikkje naudsynt.
Er det ikkje
naudsynt?
Nei. Eg skal ordne
det. Etterpå.
Denne skulen har
ikkje akkurat bygd tiltru til at den evnar å ordne ting uformelt.
Me er opptekne av å
gjere ting korrekt, ja.
Og Ingrid har
opplevd nok urett. Eg trur ikkje me skal ta sjansen på ein ny sprik mellom
røynda og formalitetane. Det er vel best at me får eit skjema for
permisjonssøknad.
Stolar De ikkje på
mitt ord?
Nei.
Rektor må ha kjent sinnet
begynne å boble att. Men ho hadde ingen argument, og gjekk til maskinen att,
henta opp og skreiv ut skjema for søknad om velferdspermisjon for elevar i
ungdomsskulen.
Dei tok seg god tid,
dei to. Dei las langsamt gjennom reglane som stod på skjemaet. Ingrid spurde
kviskrande om noko. Irene Guri nikka.
Det ser ut til at me
må ha to skjema, sa ho. Eit for gravferd i nær familie – og eit for flytting.
Det går bra.
Det står her at det
berre kan søkast om tre dagar for gravferd til foreldre. Det står ingen
særreglar for mord eller når barn har vore augevitne til mord eller for andre
særtilfelle. Men det står at me kan søke om tre dagar i samband med flytting.
Ingrid har jo alt vore borte i tre dagar, og det blir to til. Må me kan hende
søke permisjon for bortføringsdagen og? Då blir det akkurat seks dagar.
Eg har litt smått
med tid …
De har viktigare
saker, ja? Berre gjer dei unna. Me kan fylle ut skjemaet medan me ventar. Kan
me vente her?
Nei, nei – det var
ikkje slik meint …
Eg trur Irene Guri
terroriserte rektor med vilje. Slik eg etter kvart har lært henne å kjenne, så
har ho eit imponerande spekter av metodar både til å løfte folk opp og til å
trykkje dei ned. Ho kan ikkje ha visst noko om korleis denne dagen hadde vore
til då for rektor. Men forventningar ho hadde hatt på førehand, vart stadfesta
til fulle, og framgangsmåten var nok til dels eit resultat av det. Ho braut
rett og slett ned motstanden før ho i det heile teke begynte med det dei
eigentleg kom for.
Så var det
hovudærendet vårt, sa ho.
Rektor såg forundra
ut, men venta.
Eg reknar med at De
har sett avisene i dag og i går?
Sjølvsagt.
Og de veit sjølvsagt
korleis barn og unge menneske vanlegvis reagerer på slikt?
Eg må få minne om at
eg arbeider med barn og ungdom kvar dag!
Nåja. Eg har no vore
borti både rektorar og lærarar som verken forstår sine eigne eller elevane sine
reaksjonar på alvorlege hendingar.
Det har me altså
kontroll på her!
Viss ikkje det vert gjorde
tiltak, reknar eg med at ho ganske snart vert ståande i ein ring av ungdomar
som vil vete kor mykje mor hennar selde henne for, om ho har vorte omskåren, og
om ho kan demonstrere kampkunstane ho skal lære.
Ho vil ikkje verte
mobba.
Fint. Kan eg få
høyre kva slag tiltak som er sette i verk for å hindre det?
Me vil snakke med
klassen i forkant.
Men i Ingrid sin
klasse er der jo ti fantastiske jenter som sjølve har fått sjå korleis avisene
lyg om det som har hendt – og i tillegg har dei ein fantastisk lærar som har
stilt opp for å støtte Ingrid. Dei vil nok ta godt imot henne. Det er alle dei
andre som eg er bekymra for. Dei som hentar haldningane sine frå avisene.
Me kan ikkje snakke
med heile skulen.
Kvifor ikkje?
Me må fylgje
reglane.
Og kva seier dei?
At me skal ha
beredskap mot mobbing.
Irene Guri såg
avventande på rektor. Men rektor hadde ikkje meir å seie, så det vart stilt.
Ingrid tok ordet.
Margareta fekk ikkje
lov å seie at du sende meg med Kent Karlsen, sa ho.
Kven nekta ho det?
Bernt.
Gjorde han det?
Viss ikkje det er
lov å seie ting som dei er, så er det ikkje fritt, sa Ingrid.
Rektor sa ikkje
noko, truleg visste ho ikkje kva ho skulle seie.
Me var i gravferda i
går, sa Irene Guri. Det kan dei ikkje ha vore, dei som har skrive artiklane i
avisa, for der står det noko heilt anna enn det som verkeleg hende. Avisene blæs
til glør som mange ikkje visste om. Noko uhyggjeleg rører seg i byen her – det
har kosta seks liv til no! Det går ikkje an å bagatellisere dette eller putte
det inn i vanlege prosedyreverk. Alle må kjenne eit ansvar, fyrst og fremst for
det dei har rett framfor seg. Ditt ansvar, rektor, er fyrst og fremst dette
barnet. Då Ingrid endeleg – etter tre år – fortalde sanninga om livet sitt,
vart ho fyrst skulda for lygn. Så vart ho utlevert til mannen som truga mor
hennar på livet gjennom alle desse åra – med den fylgja at han bortførte henne.
Då mamma Linda og venene hennar klarte å få Ingrid fri, kom han med denne
bløffen om islamistisk kidnapping som fekk folk til å losne skot tre gonger.
Den siste gongen mista Ingrid både mammaa si og alle som hadde vore med å redde
henne. Dei vart myrda rett framfor auga hennar. Og som om ikkje dette var nok,
så opplever ho at avisene – og truleg fleirtalet av borna i skulegarden – legg
ansvaret på dei som døydde. Til og med ansvaret for at ein mobb gjekk til åtak
på gravferda i går kveld.
Rektor la handa på
prosedyrepermen og sa: Mi kjære frue! Me er fullt klar over dei forferdelege
opplevingane Ingrid har hatt. Det skal me ta oss av, og ho kjem ikkje til å verte
mobba. Men det er ikkje skulen som skal skilje rett frå gale i dei ulike
tolkingane av hendingane dei siste dagane – me skal skape ein skule som er
trygg for alle. Ingrid si oppleving av det som har hendt, er like god som andre
sine. I denne byen vert ingen gløymde eller
overlatne til seg sjølve når ulukke eller urett rammar.