søndag 12. januar 2014

Startside

Roman av Bjørn Enes

Publisert som bloggforteljing i 89 avsnitt mellom 31.mai og 23.desember 2013. 
Publisert i papirformat i november 2013.

Boka kan kjøpast i nettbokhandlar eller direkte hos forfattaren (epost til bjorn@enes.no)

Til fyrste avsnitt



Innhald:





















































Boka kan kjøpast i dei fleste nettbokhandlar
eller direkte frå forfattaren (bjorn@enes.no)

mandag 23. desember 2013

89: Etterord

Det er gått eitt år etter alt dette, Retten handsama det som fire saker, og hadde ingenting alvorleg å utsetje på etterforskinga.
Randulf Leirfall, stefaren, vart dømd for å ha misbrukt Malin Meyer gjennom lang tid, og for så å ha teke livet av henne då Olave Mario de la Polvora hadde «sett henne opp mot han». Retten fann ikkje noko i Olave sine handlemåtar som kunne verke formildande for stefaren.
Reinhardt Skjetne var lenge til judisiell observasjon. Det var sterk usemje mellom fagfolk om han var strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje. Retten valde å bygge dommen på synet til dei som meinte at han var tilrekneleg, og at han kunne og skulle ta konsekvensane av det han hadde gjort. Han vart dømd for forsettleg drap på Faadumo, Mehmet, Linda og Olave Mario.
Bloggpostane som Reinhardt Skjetne hadde gjort klare den fryktelege kvelden, heldt fram med å kome ut heilt til etter rettssak og dom. Då han begynte soninga, fekk han tilgang til datamaskin og internettbruk og kunne arbeide vidare med å skrive om store løgner som dekkjer over den sataniske planen om å utslette Guds Utvalde Folk, etterkomarane av dei ti tapte israelske stammane, dei kvite, protestantiske europearane. Etter kvart skreiv fleire universitetsfolk innsiktsfullt om problemstillinga – det var både historikarar, teologar og ein medisinar (han kritiserte Forskingsrådet for ikkje å ha løyvd pengar til eit gentestingsprosjekt som kunne ha verifisert påstandane). Alle presiserte at dei tok avstand frå Skjetne sine handlingar, men at dei som kritiske intellektuelle ikkje kunne avvise diskursen.
Ivor Iveland konkurrerte med Skjetne om å halde initiativet i debatten. Båe to la hovudvekta på at Europa alt var inne i ein krig på liv og daude om kulturell og rasemessig identitet, og at dei sjølve var fortroppar i denne krigen.
Kent Karlsen vart etterforska for grov mishandling og medverknad til drap på Faadumo, men saka vart lagt bort utan tiltale på grunn av manglande bevis eller vedgåing. Han var òg under etterforsking for drap på Angelique Fuglesang. Dette vart lagt bort utan tiltale av same grunn. Til sist vart han sikta og pådømd ei bot for aktlaus handsaming av våpen ved å leggje skytevåpen og ammunisjon i same emballasje i ei usikra postkasse. Sjølve dødsfallet til Angelique Fuglesang vart dermed arkivert som ei ulukke.
Eg vart sikta og pådømd ei litt høgare bot på same grunnlag, for å ha kjøpt fire uregistrerte pistolar med ammunisjon, lagt ein pistol med magasin i søppeldunken til Meyer, sendt ein pistol med magasin i posten til Sentrumsforeininga, lagt ein under ein benk ved moskeen og ein i buskane ved fontena på Kulturtorget. Eg hadde ein forsvarar som – mot min vilje – tok med i prosedyren at det var snakk om eit kunstprosjekt, og dommen uttalte bestemt at dette i så fall ikkje var å rekne som formildande. Dette fekk eit etterspel på kultursidene til Medie Osen der ein litteraturprofessor skreiv at bruk av rettsapparatet mot kunsten var uttrykk for ei tiltakande forflating og vulgarisering av dei kulturelle særtrekka ved byen her. I nokre dagar var det stor interesse for dette, Ronny Briseid ville lage laurdagsportrett til Medie Osen, og Rudolf Steiner ville lage samtaleprogram, men då eg sa nei til begge med den forklaring til at eg sjølv var i ferd med å skrive bok om saka, døydde interessa bort.
Malin si grav har vorte halden vakkert ved like fram til no. Eg skjønar det slik at Anne Henriksen fru Meyer, Souhaila og Carmen byter om å pynte den.
Angelique Fuglesang fekk aldri noka grav. Ho vart kremert i tråd med kommunen sine retningsliner. Urna er klar for nedsetting på ein gravplass, men så langt har ingen henta henne. Byrået hennar vart seld til konkurrenten og lagt ned. Det vart ikkje så mykje att til arvingane når bustyret sine kostnader var gjorde opp.
Linda ligg i same grav som sonen Sander. Ingrid går framom der mest kvar einaste dag, på veg til og frå skulen. I helgene er ho der ofte saman med Irene Guri Andersen Halvorsen. Dei bur saman, dei to. Det er framleis ein fosterheim, men Irene Guri har søkt om å få adoptere Ingrid.
Faadumo og Mehmet ligg nær kvarandre på den muslimske delen av gravplassen i Fi-marka. Der er så godt som alltid friske blomar der. Noreen har teke eit særleg ansvar, elles er både Sheila Hasina og Liana der ofte. Ingrid og Irene Guri har vore der fleire gonger, og to gonger var Ingrid der saman med Eva Trotto Moe. Begge gongene gjekk dei fyrst til Mehmet og så vidare til Faadumo der Ingrid fortalde om kor klok og modig ho var, mest som Linda sjølv.
Olave Mario de la Polvora har fått ei stor støtte på den katolske kyrkjegarden. Den vart reist av den chilenske foreininga. Carmen, borna og barneborna hennar held grava vakker, og den 11. september i år vart det lagt ned krans der i samband med heidring av ofra for fascismen.
Karina Burane har begynt å gå med solbriller. Ho snakkar ikkje så mykje som før, bortsett frå når ho forsvarar sambuaren sin. Det er Kent Karlsen. Han har visst vore utsett for ei samansverjing og mista jobben. Sterke krefter har alltid forfylgd han.. Dei bur i eit hus med svært vanskelege dører.
Margareta Ostarcevic og Ingrid Dahlin Loe er begge vortne fjorten år. Dei har starta ein blogg saman. Den heiter Heltar. Så langt har dei skrive interessant og vakkert både om Faadumo, Linda, Olave Mario de la Polvora og Mehmet. Det er ei stor glede å  tale med dei og fylgje med utviklinga deira, det gir meg tru på framtida,
Etter rettssaka sa Mark S. Mekhar til meg: No kan vi ta ein middag saman. Vi gjekk til «Marias Maharaja» att. Der spurde han om eg hadde forstått meir etter å ha dikta opp alt dette .
Eg sa som sant var at eg ikkje visste. Eg trudde ei stund at byen var på full fart mot eit slags fascistisk fleirtalsdiktatur, bygd på frykt for minoritetar og løynde konspirasjonar. Men så trakk den bylgja seg attende, og det såg ut til at byen la seg til som før., som han har brukt å ligge i all si tid. Men kan det være så enkelt? Spurde eg.
Nei sa han. Det trur eg ikkje.


Slutt

Bloggversjonen vert liggande ute inntil vidare



Boka er i sal fram til opplaget er ute. 




Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 



fredag 20. desember 2013

88: Fredag 18. dag: Morgonblogg - Til minne om Linda

        I meg står eit minne att etter Linda Dahlin Loe som aldri vil bleikne: Det var ein kveld med argskap i byen, ho sprang inn på ein stor, rasande, rusa mann som skulle til å sparke ein som låg på fortauet. Ho kviskra noko. Han stogga, vart forvirra, tok til vet. Så gjekk ho. Han såg etter henne og ropte: Kva faen bryr du deg for, dritkjerring? Men han sparka ikkje meir, han slo ikkje, det vart ikkje meir vald.

Linda trudde på ei kjerne av normalitet i alle menneske og i alle tilstandar, og at ho kunne vekkje denne kjena når ho gjekk tett inn på medmenneska – inn i intimsona deira. Denne visdomen hennar var skorper på eigne sår frå rå vald. Ho hadde vorte slått, men vart aldri knekt, aldri kua, aldri køyvd. Ho lærte seg å kjenne tidlege teikn på angst og valdsimpulsar, lærte seg kva tid ho kunne avspore, kva tid ho måtte ta imot, kva tid ho kunne rømme – og kva tid ho kunne stogge valden. Ho meistra rå vald så godt at ho kjende seg trygg med valdsmenn rundt seg.

Men ho meistra ikkje den usynlege, idealiserte, indifferente valden som har fått breie seg i byen her. Ho sto forsvarslaus når juristane la større vekt på bokstavar enn ånd i lovane, når forvaltarar prioriterte prosedyrar framfor ansvarskjensle og når media jakta historier heller enn sanning. Ho vart hjelpelaus når dei sterke sin rett til å lyge vart kalla ytringsfridom, medan dei svake sin rett til å hevde sanning vart kalla brot på opphavsrett og personvern. Og ho vart drepen av alle dei som ikkje brydde seg.

Ingen veit det betre enn meg, for eg var sjølv mellom dei, og mi skuld er ikkje til å bære. Eg er Passasjer 81. Eg heiter Halvor Rimfrost. Eg var instrumentmekanikar på Tekstilen, no er eg bloggar og mislukka konseptkunstnar. Eg trudde at eg kunne verte ein som går og ser, ein som freistar å skjøne seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det, ein som dyrkar folk og får dei til å bløme slik at eg kan sjå på dei. Eg innbilte meg at dette var noko særsynt, noko som gav meg rettar som andre ikkje hadde. Difor kjøpte eg fire pistolar og la dei ut på fire stader i byen, for å sjå.

Men det var eit sjølvbedrag. Nesten alle går rundt slik.

Mi grovaste skuld er at eg ville vere tilskodar, utan å ha eller ta ansvar. No er seks menneske døde på grunn av det, og minst to er blitt drapsmenn, og Vondskapen har fått eit sterkt fotfeste i Byen her.

Då Linda sprang inn på drapsmannen på fredag, var der ingen normalitet å vekkje der, ingen impulsar av intimitet og samkjensle. Mordaren stod som i ei omfamning og tok livet av henne rett framfor auga på dottera hennar. Kan det vere eit varsel om at den usynlege, idealiserte, indifferente valden i byen her har begynt å flyte saman med den råe og primitive?

Eg kan aldri gjere bot for mi medskuld. Men eg skal fortelje om Linda Dahlin Loe, hennar eksempel og hennar visdom så lenge eg lever.

Linda valde sanning framfor lygn, lukke framfor angst, ansvar framfor feigskap. Ho trekte til seg menneske med dei same kvalitetane, ho skapte ein knøttliten armé som kjempa den gode sak, for det normalt menneskelege. Den vart utsletta, denne vesle armeen, i konfrontasjonen med denne usynlege, idealiserte, indifferente valden som har fått breie seg i byen her. Men minnet om dei skal aldri få bleikne.

Linda fekk meg til å forstå at det er angsten som ligg under indifferensen og gjer han farleg. Den plumpe angsten for det ukjende, for løynde samansverjingar og framande folk, og den forfina angsten for ufullkomenskap, skam og einsemd.

Linda viste meg og at mot byggjer glede, venskap, sanning og venleik.

Eg skal halde høgt det eg trur hadde vorte kjernen i bodskapen om ho sjølv hadde rokke å skrive eit testamente til menneskeslekta:

Bry deg – og la ikkje angsten rå.


Fred over Lindas minne.


Til siste avsnitt 

Boka er no i sal 




Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 


onsdag 18. desember 2013

87: Samkjensle

           Mark S. Mekhar gjekk rett frå denne samtalen til Kent Karlsen for å konfrontere han med det nye opplysningane om kor pistolen kom frå – og kor han vart funnen att. Kent vedgjekk med ein gong at det var ein bløff det at han hadde kasta pistolen på sjøen.
Eg visste kor han kom frå – og sende han attende, sa han.
Kor kom han frå då?
Angelique Fuglesang.
Korleis visste du det?
Det var ein av butikkane ho dreiv med. Ho hadde bydd dei fram til meg òg.
«Dei»?
Ja – ho hadde fire, i serie.
Kvifor melde du ikkje frå om dette?
Det hadde jo ikkje noko å seie kor pistolane kom frå – det var dei som brukte dei, som var problemet. Dessutan ville eg ikkje verte blanda inn. Eg hadde viktigare ting å ta meg av.
Kva gjorde du då?
Eg ringde til Angelique og skjelte henne ut for å ha selt ein pistol til eks-en min. Det kunne jo ikkje vere tvil om kven Linda hadde tenkt å bruke han på!
Kven hadde ho tenkt å bruke han på då?
Meg, så klart! No forstår du vel kvifor orda vart litt i hardaste laget då eg såg henne på den kaféen på torsdagen.
Og etter at du hadde skjelt henne ut?
Så sende eg pistolen attende til henne – i same øskja. Synd det skulle gå så galt då ho pakka opp.
Sende du han ladd?
Nei.
Utan sikring?
Nei.
Eg trur du sende han ladd og utan sikring og at du håpa på at han skulle gå av då ho pakka han ut.
Det må du berre tru, men slik var det ikkje. Og om det hadde vore slik, så ville du aldri kunne finne prov på det!
Der fekk Kent rett. Mekhar arbeidde lenge med denne saka, han fekk mellom anna fram loggen på både Fuglesang og Karlsen sine telefonar, og det fanst ikkje spor av nokon telefonsamtale mellom dei. Mekhar var viss på at Karlsen trudde Fuglesang hadde selt pistolen til Linda, og at han hadde hemna seg ved å sende henne ei dødsfelle i retur. Han hadde truleg lagt pistolen i postkassa hennar sjølv for ikkje å risikere ulukker i posten. Mekhar trudde òg dette var meint som ei åtvaring til Linda. Men han klarte ganske riktig ikkje å finne prov for noko av dette. Og Karlsen heldt på kjerna i si forklaring.
For min del gjekk eg cannossagangen vidare frå samtalen med Mekhar til Ingrid og Irene Guri Andersen Halvorsen. Eg såg ikkje noko poeng i å be om å få snakke med Irene Guri aleine fyrst. Dei sat framfor meg ved kjøkenbordet og lydde.
Eg har hatt ein løyndom som eg skammar meg djupt over. Eg kjem rett frå Mekhar der eg har fortalt alt, og no vil eg fortelje det til dykk, sa eg. Så heldt eg fram om lag slik:
Eg ville hjelpe Linda til å forsvare seg mot Kent Karlsen. Så eg kjøpte ein pistol til henne. Men eg sende han til henne i posten, til jobben hennar. Den kom ikkje fram før Linda hadde rømt derifrå. I staden for at Linda fekk han, vart han pakka opp av Kent Karlsen.
Å – då kunne han ha skote meg …, sa Ingrid.
Men han forstod kven som hadde selt pistolen, og sende han attende dit. Han kan ha laga ei felle – i alle fall gjekk pistolen av då ho som hadde selt han til meg, pakka han opp.
Fuglesang? sa Irene Guri.
Ja, sa eg.
Mamma ville ikkje ha pistol, sa Ingrid.
Hadde de òg diskutert det?
Eg sa at ho skulle kjøpe. Ho hadde jo før. Ho var flink å skyte. Ho hadde pokal.
Det sa eg òg. Ho sa kanskje. Så kjøpte eg til henne.
Irene Guri rista på hovudet. Og så sende du han – til Kent Karlsen?
Det er verre, sa eg og såg i bordet. Fuglesang hadde fire pistolar – og ho ville berre selje dei under eitt. Den same kvelden som eg sende pistolen til Linda, gav eg ein av dei andre til ei anna dame eg kjende som hadde det endå verre enn Linda. Den kom òg feil av stad – sambuaren hennar fann han, og det var den som vart brukt i mordet på Malin Meyer.
Fy faen! kviskra Irene Guri.
Så fælt! sa Ingrid.
Og dei to siste – dei la du berre ut i byen? sa Irene Guri.
Ja, sa eg, spakt.
Ingrid kopla ikkje dette siste med det same. Men det ville berre vere eit spørsmål om tid. Eg sat og såg i bordet og venta.
Er du Passasjer 81? sa Guri.
Ja. Orsak – det skulle eg kanskje sagt fyrst.
Kva er Passasjer 81? sa Ingrid.
Eg skreiv nokre forteljingar om det som hende i ein blogg og underteikna med «Passasjer 81» i staden for det verkelege namnet mitt.
Om oss?
Nei – men om Malin Meyer og Olave Mario og Mehmet og Angelique Fuglesang.
Kvifor skreiv du ikkje om mamma?
Eg ville verne henne og deg. Eg ville freiste å forstå byen her – korleis ting heng saman – korleis det kunne gå til slik at de vart forviste og måtte leve utan ekte namn medan han som truga kunne gå fritt og respektert omring. Og eg tenkte at om eg skreiv det slik at det kunne verte forstått, så ville byen her endre seg.
No kan du skrive om mamma.
Eg vart stum. Eg såg lenge på henne, så sa eg lågt:
Ingrid – eg veit ikkje om du forstår … Det var eg som la den eine pistolen i buskane ved fontena på Torget, den … som….
Jau. Det forstod eg. Du var kjempedum. Men det var ikkje du som skaut for det. Eg har òg tenkt at det var mi skuld. Men det er berre han som skaut, som har skulda.
Det kom ei tåre i auget hennar, det var ikkje fritt for at det pressa i mine òg. Ho tørka seg og heldt fram:
Du var kjempedum. Du må skrive det òg. Så må du skrive om korleis mamma hadde det. Og eg. Slik at til og med rektor kan forstå. Skriv korleis denne byen er, at det ikkje er sant at der er samhald. Legg ut ein pistol, så vert nokon drepen – og mordaren vert helt og den drepne vert skuldig. Slik er det i byen her.
Eg måtte bite meg i leppa.
Irene Guri hadde sete taus og sett på oss. No rista ho på hovudet att og sa:
Eg kunne ha tynt deg! Det er ikkje lov å vere så naiv!
Kva tyder naiv? sa Ingrid.
Dum, sa Irene Guri. Enkel oppi hovudet. Banal. Blind. Grunn. Uerfaren. Ureflektert.
Men han er ikkje vond, sa Ingrid.
Nei vel – men sjå kor mykje vondskap naiviteten hans sleppte laus!
Det var ikkje hans skuld – det var byen her si skuld!
Og hans.
Men han er òg med i byen her!
No vart Irene Guri òg stum. Me sat utan ord og såg på Ingrid Dahlin Loe, dotter av Linda, truleg ei framtidig mor, ei spirande kvinne, eit offer, ein krigar, ein sanningselskar, eit medmenneske, eit oppkome av gryande visdom, ei framtid for byen her.
<blanklinje>
Eg måtte gå heile runden. Eg gjekk til Sheila Hasina. Ho vart rasande og skjelte meg ut og sa at eg var ubegripeleg sløv – ho var den fyrste som brukte ordet indifferent, kan hende av di det er i meir dagleg bruk på hennar fyrstespråk. Dei andre tre sa ikkje så mykje – dei kom ikkje til i taleflaumen til Sheila Hasina, men Liana vreid hendene underleg og såg til pianoet medan Aziza sat med tårer i auga og Noreen lydde med ei tenksam rynke i panna.
Carmen berre gret. Det var som om tapet av Olave Mario vart endå meir meiningslaust gjennom det er fortalde.
Så sette eg meg til å skrive. 


Til avsnitt 88

Boka er no i sal 




Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 




mandag 16. desember 2013

86: Røynd

            Eg kledde på meg. Ein av dei komande dagane ville dei fyrste vårteikna kome, men det var ikkje i dag. Det var kaldt. Snøen hadde vore slaps, men var no vorten holke. Eg gjekk til bussen, drog inn til busstasjonen, gjekk til Kulturtorget, gjekk til Eva Trotto Moe.
Det var gode ord du skreiv, sa eg.
Takk, sa ho. Eg kunne ikkje late vere.
Eg har vorte beden om å skrive om Linda Dahlin Loe, sa eg.
Å, sa ho og vart fjern.
Ho er eit liknande ideal for meg, sa eg.
Å, sa ho.
Men eg finn ikkje ordet. Eg anar – men eg får ikkje tak i kva det er, sa eg.
Ho såg på meg ei stund. Så sa ho: Aning er liv, og sanning er daud undring.
No var det eg som såg på henne.
Det var du som skreiv det, sa ho etter ei stund.
Eg sa ingenting. Det sat så langt inne, som me brukte å seie heime. Som ei rot med forgreiningar til botnar i kropp og sjel, som noko som ikkje kunne røskast ut utan å ta med seg sjølve livsnerven.
Det er ikkje sant, sa ho. For det står ikkje stille slik. Det veks. I røynda veks alt. Det går i sirklar, spiralar. Aning – undring – sanning – og så ny aning. Det stoppar aldri.
Har du snakka med Mekhar? spurde eg.
Ja.
Men kvifor? Kvifor skulle det vere meg?
Ho trekte på akslene. Han leitar jo opp alle som har noko med dei involverte personane å gjere. Han ser vel ingen andre kandidatar. Ikkje så langt, i alle høve.
Men du då?
Eg brydde meg ikkje i førstninga. Men det hende noko med meg på fredag. Og no er eg ikkje lenger berre ein tilskodar til røynda. Eg ser at eg er ein del av den. Ein konsekvens av det er at eg vil vete kva som hende, korleis det heng saman. Kvifor Mehmet Habini måtte døy – og dei andre. Og no er eg sikker på at du har noko med det, for du står stille og stampar på det same som opptok Passasjer 81. Du trur du kan ane deg fram til eitt ord som fangar sanninga om Linda Dahlin Loe.
Nei det gjer eg ikkje! sa eg.
Kor mange då? sa ho.
Det glapp ut av meg: Seks.
Ho lo. Seks ord? sa ho. Og fem av dei har du alt funne?
Eg kjende det brann i øyreflippane. Ho fekk det til å høyrast så banalt ut at eg kjende skam.
Kvifor vil du ikkje hjelpe Max? sa ho.
Eg gjer så godt eg kan, sa eg.
Det gjer du ikkje. Du veit noko som ikkje han veit, og du vil ikkje fortelje det.
Eg veit ikkje noko han kan ha nytte av.
Kva rett har du til å døme om det?
Eg veit ingenting anna om det som hende, enn det eg har fått vete gjennom hans etterforsking og det som har stått i avisene.
Du veit at du er Passasjer 81 – det veit ikkje han. Du veit at du betrakta, samla informasjonar om og testa både Malin Meyer og Angelique Fuglesang før dei vart drepne, og at du visste om Skjetne sin pistol før den vart brukt. Er ikkje det informasjonar han har bruk for?
Kjensla av svik og skuld rørte seg inni meg. Den var veldig.
Trudde du at du kunne stå skuldfri og teste røynda berre ved å kalle det kunst det du dreiv med?
Eg skal gå til Mekhar, sa eg.
Men eg då? Har ikkje eg rett til vete? sa ho.
Eg såg berre undrande på henne.
Mehmet var ein god ven, sa ho. Faadumo kunne vorte ein god ven. Hadde eg vore litt mindre som deg og litt meir som den eg sjølv er no, kunne eg vunne Linda Dahlin Loe òg som ven. Eg har mista mykje. Eg har rett til å vete kva som er di skuld, om eg skal hate deg eller om eg skal sjå på deg som ein dum ven.
Eg kjøpte fire pistolar, sa eg. Eg ville berre kjøpe ein, men ho som hadde dei, ville verte kvitt fire eller ingen. Eg ville gje den eine til Linda. Så fann eg på at eg ville gje den andre til Anne Henriksen fru Meyer. Så gjekk det så uhyggjeleg gale med dei, at eg måtte kvitte meg med dei to siste. Men i staden for å kaste dei, la eg dei berre frå meg rundt i byen.
Ved moskeen og ved fontena?
Ja.
Idiot.
Ja.
Og dette skulle ikkje vere nyttig for Max?
Du har rett.
Korleis kan noko menneske stole på deg?
Skamma farga stien min raud.
Mark Mekhar var ikkje overraska i det heile teke, han hadde venta på meg, og då eg spurde, sa han at det ikkje hadde hindra framdrifta å vente.
Feige folk treng litt tid på å sleppe frå seg sanning, sa han, uttrykkslaust.
Han gjekk rett på spørsmålet om kor eg hadde kjøpt pistolane med ein gong eg vedgjekk at eg var Passasjer 81 – og han plystra langt då eg vedgjekk at eg hadde kjøpt dei hos Angelique Fuglesang.
Ho var og ein kjenning frå gamalt av. Ikkje ein ven – eg kunne ikkje ha gått inn i noko venskap med henne. Ingen kunne vel eigentleg det. Ho hadde ei djup mistru til alt og alle rundt seg – og dei kvitterte med mistru til henne. Eg trur ikkje ho hadde noko godt liv. Men ho var skarp og ho dreiv all mogleg slag tuskhandel frå ho var berre jentungen. Ho starta pyramidespel med sjokoladar då ho var åtte, og tok til med spritgauking før ho var femten. Somme påstod at ho både hadde vore horemamma og storsmuglar. Men heile tida hadde ho skalkeskjul av ulike slag lovlege kommersielle småverksemder: ein bladkiosk, eit drosjeløyve, eit vaktselskap – og no sist verksemda AS Reint & Rimeleg. Hadde ho vore litt meir sympatisk av seg, kunne ho sikkert gjort det godt i forretningar. Men ho mislikte alle, og fekk alle til å mislike seg. Alt ho hadde av suksess, kom av at ho kunne skaffe ting billegare eller gråare eller svartare enn andre.
Møtet med henne var akkurat slik som eg skreiv det i bloggen. Ho kjende meg ikkje, men då eg spurde om ho kunne skaffe meg ein pistol, sleppte ho meg etter kvart inn på det vesle kontoret sitt. Ho hadde han ikkje der – eg måtte kome att, og ho ville ha ein stiv pris. Men då eg kom for å hente han, hadde ho endra vilkår. Eg måtte ta heile kassa med fire. Ho ville ikkje ha den lenger. Ho visste ikkje kva planar eg hadde med den eg ville kjøpe, men ho ville ikkje sitje att med resten av dei og risikere å kome i saksa av di dei var av same slag. Ho sa ingenting om at dei hadde serienummer etter kvarandre – truleg visste ho det, men eg oppdaga det ikkje før det stod i avisa. Til gjengjeld skulle eg få kvar pistol rimelegare.
Motivet mitt var Linda sin rett til sjølvforsvar. Eg var så opprørt over situasjonen hennar at eg sjølv var freista til å gjere noko. Eg kjende rett og slett trong til å avrette Kent Karlsen før han fekk gjort henne meir vondt. Det er ein liten by, dette, eg hadde visst om han alltid, eg hadde sett korleis han dominerte folk og utnytta dei, eg hadde aldri likt han. Innsynet som Linda etter kvart gav meg i helvetet sitt, tende ein trong til å handle i meg.
Men samstundes heldt alt anna meg frå å gjere noko slikt. Det skammelege og ulovlege i det, det farlege og det usikre. I tillegg var det ei underleg kjensle av at tanken var uverkeleg. Eg levde i ein by der mord og drap var eit hovudelement i all underhaldning, ein skulle tru at det senka terskelen for å gå inn i slike grufulle ting sjølv. Men for meg verka det heller motsett: Både det Linda fortalde, og tanken på sjølv å gjere noko med det, var som impulsar frå ei anna verd, ein dimensjon som eg visste om og reagerte på og hadde meiningar om – men ikkje var ein del av, der eg berre var ein tilskodar.
Men så vaks tanken om å å hjelpe henne til å gjere noko med det sjølv, langsamt fram som eit alternativ. Eg visste jo at ho var pistolskyttar frå gamalt av. Lyder Loe hadde gitt henne ei god oppseding slik. Ho hadde lagt pistolen bort – det var vel ein del av lausrivinga frå faren – men kunnskapane hadde ho jo, og om ho var ute av skarpskyttartrening, så ville ho nok vere meir enn godt nok i stand til å verne seg sjølv om Kent skulle gjere alvor av trugsmåla sine.
Det var difor eg gjekk til Angelique Fuglesang med spørsmålet mitt på ein av turane til byen her. Det var ikkje lenge etter at eg hadde teke opp att kontakten med Anne Henriksen fru Meyer. Då eg uventa sat med fire pistolar i staden for den eine, kom tanken om at eg kunne gje ein av dei til Anne òg.
Ho hadde aldri vore pistolskyttar. Men eg kunne heller ikkje førestelle meg at situasjonen hennar kunne vere like dramatisk som Linda sin. Anne levde i djupare fornedring – men ho hadde òg langt mindre motstand i seg. Ven Vore Vise hadde ikkje bruk for den same råskapen som Kent Karlsen, og dotten Randulf Leirfall var vel for ingenting å rekne, tenkte eg. For Anne måtte det vere nok å truge, å vise dei to snyltarane at ho ikkje lenger var noko leiketøy, at ho kunne reise seg, at ho kunne vere farleg for dei båe to.
Eg var i byen her torsdagen etter konkursen på Tekstilkombinatet for å hente pistolane. Anne køyrde ettermiddagsruter den veka, eg møtte henne kort på ein kafé før ho skulle begynne. Eg sa til henne at eg kunne skaffe henne ein pistol, at ho kunne bruke den til å skræme dei bort. Eg såg eit blaff av kampvilje i auga hennar, eit slags håp – i alle fall tolka eg det slik, men så rakk me ikkje snakke meir om det, ho måtte gå.
Eg skal tenkje. Me må snakke meir, sa ho.
Eg henta pistolane og dei fulle magasina og drog ut i ein folketom park der eg pakka pistolen til Linda og eitt magasin i ei pappøskje med treull. Eg adresserte den til henne – ikkje heim til henne, men på arbeidet i Sentrumsforeininga. På ein slags impuls tulla eg ein pistol med magasin inn i ein plastikkpose og stakk han i jakkelomma medan eg la dei to siste i sekken. Så gjekk eg på posten. Som avsendar skreiv eg eit fingert namn og ei fingert adresse i hovudstaden. Etterpå sette eg meg på ein kafé og skreiv bloggposten om byen her, der eg fortalde om møtet med «Mama Harjet» og sirklane i byen som lever side om side utan å vete om kvarandre. Det gav meg ei merkeleg kjensle å publisere noko som låg så tett opp til slikt som det truleg ville verte spørsmål rundt. Det var på eit vis farleg, men det gav meg ei kjensle av å leve.
Eg køyrde inn og ut av byen med ulike bussruter, eg studerte ulike menneske som eg brukte i bloggen til Passasjer 81 – heilt fram til det nærma seg tida for nattoget nordover att. Då var det som eg kjende trong til eit nytt adrenalinkick. Eg drog til Anne si adresse. Ho budde i eit lite rekkjehus. Utanfor stod to søppeldunkar, ein for papir og ein for restavfall. Eg opna restavfallsdunken og la pistolen eg hadde i jakkelomma, på toppen. Neste morgon ville eg kjøpe meg eit uregistrert SIM-kort og sende henne melding om å sjekke dunken.
Mark S. Mekhar sat uttrykkslaust og fylgde med. Opptakaren gjekk. Han hadde ikkje stilt eit einaste spørsmål, berre lydd etter. No sa han:
Og så gjekk alt galt?
Så gjekk alt så forferdeleg galt! sa eg. Fyrst forstod eg ikkje at det som hende med Malin, hadde nokon samanheng med pistolen eg hadde lagt i dunken til Anne. Eg var sikker på at Anne hadde funne pistolen og gøymt han heime hos seg. Det var ikkje før avisene tok til å skrive om at det måtte vere ein samanheng mellom drapet på Malin og drapet på Angelique Fuglesang, at eg sjekka serienumra på dei to pistolane eg hadde att. Det var frykteleg!
Men melde frå gjorde du ikkje?
Nei.
Kvifor?
Eg visste ikkje kva eg skulle seie.
Kva tid skreiv du bloggposten «Nett denne dagen»?
På nattoget på vegen nordover.
Du skreiv at Malin var dødsdømd, og at bakken skulle opne seg og sluke henne rett framfor auga våre, og at det ville vise seg at der ikkje var plass for henne i verda. Og morgonen etter vart ho skoten. Var det berre ein spådom?
Eg tenkte ikkje i mine villaste fantasiar på at noko slikt kunne hende! Eg tenkte på dilemmaet – kva som ville hende med henne om mor hennar stod opp mot den verda som hadde gjort Malin slik ho var. Eg visste ikkje om at stefaren misbrukte henne. Eg trudde ho hadde lagt seg til den usynleggjeringa som prega utsjånaden hennar for å hjelpe mora, at ho hadde aning om mora si smerte og ville utslette seg sjølv for at ikkje mora skulle få endå ei bør. Ho kunne ikkje vete at slik usynleggjering i heimen verkar stikk motsett utanfor. Der var ho synlegare enn nokon. Det er autentisk det eg skreiv om at alle snudde seg etter henne då ho kom inn på bussen, eg såg sjølv at ho egga menn og vekte avund hos kvinner. Om mor stod opp mot dei som tynte henne, ville heile grunnlaget for Malin si usynleggjering verte borte. Lolitakarakteren ville verte borte, som om bakken opna seg og slukte henne. Ein heilt vanleg jentunge ville verte att. På bussen ville ho truleg ikkje det ein gong – for om Anne hadde fått makt over eige liv, ville ho òg ha sett korleis Malin hadde det, og kravd at ho skulle attende til skulen.
Mark S. Mekhar såg tankefullt på meg. Opptakaren gjekk. Alvarez – var det Olave Mario de la Polvora? sa han.
Ja, sa eg.
Så han kjende du òg?
Eg såg han. Det er som eg skreiv i bloggen – eg såg han på bussen fyrst. Det er uverkeleg at alle eg såg, vart vikla så tett saman i desse hendingane som utvikla seg. Men slik var det. Det er ein liten by.
Det er gjerne slik etter hendingar – då ser ein kva som leidde opp til dei, korleis forhistoriene til dei involverte vart spunne saman. Men her har forteljinga utvikla seg parallelt med forhistoriene …
Men vert det lettare å sjå samanhengane av den grunn?
Mekhar kasta av seg filosoferinga og vende attende til sporet: Det forklarar likevel ikkje kvifor du ikkje melde frå?
Den pågåande spørjinga hans gjorde vondt i meg. Han ville ikkje gje meg fred til å halde dei aller minste klutar framfor skamma mi ein gong. Eg hadde vel håpa at når dette kom, ville det litterære i det verke formildande, eller om ikkje anna at treffsikkerheita i utvalet av forhistorier ville vekkje ein slags respekt. Men han dreiv meg vidare inn mot kjernen i sanninga.
I staden for å melde frå at du visste kor dei to fyrste pistolane kom frå, la du ut to til, sa han.
Eg kunne hugse kicket det gav, kjensla av å ha ei slags makt, av å styre utviklinga, av å vere kunstnaren attom eit prosjekt som skulle «teste folk utan at dei merka det, dyrke folk og få dei til å bløme slik at eg kunne sjå på dei».
Eg tenkte vel at eg ikkje var ein del av det, sa eg spakt.
Ein del av kva?
Ein del av … eg veit ikkje ordet … av Altet. Det var det same ordet eg hadde lett etter då eg skulle freiste å teikne tankane mine om Linda. Det var eit ord eg mangla i språket.
Altet? Kva er det?
Eg finn ikkje ordet. Det er dette som Linda hadde – og Faadumo – alle dei som døydde hadde det: Dei gjekk utan vidare inn i røynda der dei møtte henne, utan spørsmål eller tvil. Dei gjorde det dei trudde var rett utan å bruke tid på å diskutere det. Og dei gjorde det ikkje for seg sjølve – dei gjorde det for andre, for Altet.
Normalt, sa Mekhar.
Kva?
Det ordet du leitar etter, heiter «normalt».
Eg såg berre stumt på han.
Det dei gjorde, er slik som det er normalt for menneska å gjere. Det du gjorde var abnormt.
Eg hadde framleis ikkje ord.
Du trudde at du var Gud, sa han, ikkje ein indisk gud, men ein semittisk, ein allmektig. Du styrte utviklinga, du gav menneska val – og du hadde teke deg retten til å sjå på dei og døme kven som handla rett, og kven som handla gale.
Alle handla gale glapp det ut av meg
No kom det liv i andletet til Mark S Mekhar. Han lo lågt, men sa ingenting. I staden gjekk han inn i uttrykksløysa att og sa:
Då kan me slutte at Kent Karlsen fortalde sanninga då han sa at det kom ein pistol i posten til Linda. Men visste ho om det?
Eg trudde pistolen skulle kome fram på fredagen eller laurdagen – aller seinast på måndagsmorgon. Eg visste jo ikkje at ho kom til å gå frå arbeidet på måndagen. Ho visste at eg hadde sendt han – men då ingen av oss høyrde noko, tenkte eg at den var komen bort i posten eller var stoppa av ein eller annan form for kontroll. Eg var glad eg hadde oppgitt falsk avsendar.
Men så vart han funnen i fanget til Angelique Fuglesang.
Ja. Og då vart eg redd.
Det trur eg ikkje du vart.
Jo …
Du vart vel heller gira, kåt på kva som ville hende vidare om du la dei to siste ut i byen.
Nei …
Å nei?
Jau. Kan hende …
Det var eit fullendt kunstverk. Frå no av trudde du at du sjølv kunne bestemme om du ville verte borte i ein ukjend soldat si grav – eller om heile verda skulle syngje dine songar.
Eg sa ingenting.
Og så kosta kunstverket ditt fire menneskeliv til.
Eg sa ingenting.
Mange stader i verda ville du vorte hengd for dette.

Eg sa ingenting. 


Til avsnitt 87


Boka er no i sal 



bjorn@enes.no

Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok