onsdag 17. juli 2013

21: Torgmøte 1

(Samandrag "Til minne om Linda"-avsnitt 1-20)
Rett før Siste Nytt-sendinga fekk Linda den fyrste SMS'en. Den kom frå ein kjenning, og der  sto:
(Forwarded message): Sjå Riksnytt kl 19 – åtak på byen vår ! Møt opp for å ta til motmæle på Kulturtorget klokka 21. Fjernsynet kjem. Send vidare!
Kort etter fekk Ingrid denne meldinga frå ei venninne:
(Vidaresendt melding): Byen blir mobba! Møt på Torget kl 21 – heile gjengen kjem. Spre!
Det neste kvarteret fekk Linda den same meldinga frå tre andre, Ingrid fekk frå fire. Ho rekte tunge til mor si og sa at ho hadde flest vener.
Det var ei av dei fyrste sakene i Siste Nytt-sendinga. Dei fekk ikkje heilt med seg studioinnleiinga, men brått såg dei bilde av AS Cosy Lamps . Fyrst bygget og plassen utanfor, så arkivbilete av politibilane og ambulansen frå den morgonen Malin Meyer vart skoten. Dei høyrde for hundrande gong lyden frå radioreporteren:  Det er ei ung jente. Eg er redd ho døydde frå oss........  Ein reporter fortalde at dei psykisk utviklingshemma som arbeider der har dårleg tilsyn og manglar pedagogisk opplegg. Så bytta dei til parkeringsplassen utanfor Reingjeringsbyrået. Nye blinkande politibilar, nytt bygg – og dei tilsette som venta på bilnøklar på plassen utanfor.
Der er du mamma! Sa Ingrid. Og sjå – der er Mehmet!
Her arbeider berre  innvandrarar med mangelfull utdanning, mangelfullt språk, manglande kjennskap til vår kultur, sa reporteren. Ein einaste kvit arbeider her – i dag tidleg vart ho funnen skoten.
Ingrid såg på mor si. Men du er jo kvit?
Hysj, sa Linda.
Politimannen som hadde avhøyrt henne – Mak S. Mekhar - vart intervjua.  Han stadfesta at det var spesielle miljø begge stader. Så kom  ein landskjend reporter fram i bildet. Han stod på parkeringsplassen. Opptaket måtte vore gjort etter at politiet var ferdig, for både bilane og alle folka var borte. Han kom ikkje med nokon påstand – meir eit spørsmål om  dei to morda var uttrykk for spenningar under overflata i ein by som elles såg ganske fredeleg ut. Så kom ein lokal politikar, seinare tenkte ho at han likna på ein av dei som hadde snakka om Malin Meyer på bussen, han som sat ved sida av henne som snakka så høgt i telefonen.
Det kan ikkje vere rett å sende dei til arbeidsplassar med utilreknelege,  utan pedagogisk opplegg og med så dårleg tilsyn at dei ansvarlige ikkje oppdagar drap før dei høyrer om det på radio?
Ikkje lenge etter kom ein ny SMS.
(Vidaresendt melding): Riksmedia påstår at byen er utrygg. Kom og vis at me står saman – Kulturtorget kl 21 (Siste Nytt-sendinga) - Send vidare!
Det var tydeleg at dei som organiserte dette hadde ei kampanje for vaksne og ei for ungdomar, for på den meldinga som Ingrid fekk kort etter var språket tydelegare:
(Vidaresendt melding): Galningar og utlendingar får ikkje rule!  Alle: Kom på Torget kl 21! Spre!
Skal du gå? Spurde Ingrid.
Eg trur eg må – Mehmet skal visst halde tale der. Eg må sjå kva han vil seie.
Eg har ikkje lyst, sa Ingrid. Eg er ikkje mot folk berre for at dei er frå utlandet.
Linda tok buss. Der var ikkje spesielt mykje folk, men ho forstod at i alle fall eitt par skulle same plass som ho. Der var ikkje så mange då dei kom fram heller, men Karina , Faadumo og Kent Karlsen heldt på å dirigere folk slik at dei såg mange ut. Dei dirigerte to fjernsynsfotografar og, såg det ut til. Linda sette seg på den eine kafeen. Ho hadde ikkje lyst til å late seg dirigere av Kent Karlsen – det hadde ho gjort meir enn nok. Det kom folk fleire gonger og oppmoda dei som sat på kafeane til å kome ut på torget. Dei ville kome på fjernsyn sa dei, og dei fleste tykte det var artig og gjekk ut. Berre Linda og eit eldre par som åt middag vart sitjande.
Medan ho fingra med ein tekopp og fylgde med på førebuingane, kom ho på at det var lydopptakar på telefonen. Ho hadde aldri testa korleis den virka, men om den no fungerte, så kunne det vere artig å ha opptak av det Mehmet skulle seie. Så ho fann fram funksjonen, fann startknappen og la han klar framfor seg. Ho hadde lada medan ho var heime.
Klokka fem på ni gjekk Kent Karlsen på talarstolen. Han var glad for at så mange hadde mått fram heilt spontant for å vise at byen ikkje finn seg i å bli mobba! Sa han. Alle kunne få faklar. Fint om sjåarane kunne få eit fakkelhav mot seg når sendinga tok til. Han gav ordet til skulestyrepolitikaren.
Det var han same som sat på bussen. Han sa at ingen skulle få øydelegge særtrekka i byen sin kultur, og at det var heilt feil å påstå at det ulmar under overflata. Han hadde ei heil rekke av argument for kor bra det var i byen og kor gode tradisjonane var for å halde saman når ulukke, urett eller åtak utanfrå råka.  Og for å demonstrere det, skulle no framandarbeidaren Mehmet Rabini få ordet. Han var ein av dei som arbeider på Reingjeringsbyrået der Riksmedia hadde påstått at det ulma under overflata. Ver så god, Sjabini! Sa han
Linda slo på opptakaren.
Fyrst og fremst er me alle menneske! Sa Mehmet. Me høyrer saman, me arbeider og skapar saman. Men av og til freistar Vondskapen å ta styringa. Den kan gjere det med å spreie redsle – med å få oss til å tru at han er kraftfull. Går ikkje det, står han nokre gonger fram som sårbar og svak. Han spelar på kjenslene våre – og tek makt over oss slik! Difor er det klokt å vere på vakt mot denne blandinga! Test ut den som freistar ta makt over deg  med blandinga av såre kjensler og  redsle! Kva er det han eigentleg vil? Kor leier det hen?
Brått kjende Linda varm pust mot øyra.
Eg veit kor du bur! Sa Kent Karlsen.
Ho mista vatnet.
Tru ikkje at du skal få øydelegge meir for meg!
Ho trakk pusten djupt, kneip att, det fór gjennom hovudet hennar at ho skulle svare eitt eller anna.
Eg dreper deg om ikkje du held deg vekk, sa han. Og du får skulda.

Ho ville slå hovudet bakover – knekke ei tann eller to på han i beste høve. Men ho samla seg for seint. Han var borte -  ho høyrde han sei med munter røyst til kassadama at han la att ei bunke løpesetlar til folk som kom innom etter torgmøtet. Kort etter stod han på talarstolen att og oppmoda folk til å bli ståande til Rikssendinga  var ferdig med sitt direkte innslag. Og folk sto, dei vart instruerte om å pakke seg tett saman attom reporteren som snakka inn i det eine kameraet. 











blogglisten_b75d7ef1e515e0ef9d8110560b70776f


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar