onsdag 24. juli 2013

24: Dag 12 - kl 07:30 - Nytt spor

(Samandrag - "Til minne om Linda" - avsn. 1-23)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 07:30.
Som eg tidlegare har nemnt er denne forteljinga ei forenkling av røynda, ei slags modellering for å freiste å gjere det lettare å diskutere kva det eigentleg var som hende – og kva slag retning utviklinga eigentlig går. Det er ei forteljing om ein by med eit virvar av indre konfliktar. Eg ber om orsaking om det vert forvirrande, til dømes dette med at fokus på ein måte er snudd frå Eva Trotto Moe til Linda Dahlin Loe, to kvinner som ikkje har anna med kvarandre å gjere enn samanfallande rytmikk og klangfarge i namna og ein gjensidig irritasjon mot einannan. Eg har ikkje fått til å gjere det meir straumlineforma og samanfallande med eit tradisjonelt format. Eg har prøvd, men det førte forteljinga bort frå røynda, så eg la det bort att.
Eg har lova Eva Trotto Moe å presentere eit konsentrat av denne modelleringa mi på ein av dei komande litteraturkveldane hennar, og eg har alt teke til med førebuingane. Så langt har eg kome til at det fins minst ti ulike trådar som vert spunne saman til hovudforteljinga om det som hende i  byen her.
Kollapsen av Tekstilkombinatet med alt det som fylgde av den kan godt kallas den fyrste og mest grunnleggande forteljinga. Den er vel kan hende den einaste som ikkje vil vere gløymd om hundre år.
Mordsaka er den andre. Eller mordsakene i fleirtal. På dette tidspunktet – om morgonen den tolvte dagen - så hadde det alt vore to uvanleg brutale og uforståelege drap i  byen her. Det skulle bli fleire og, før alt la seg til ro att.
Dette bloggprosjektet til han – eller ho – som kalla seg Passasjer 81 er ei tredje forteljing. Mange tolka bloggen frå måndag den åttande som ei erklæring om at dei var eit kunstprosjekt: ”Så får tida avgjere om eg skal ende i ein ukjend soldat si grav eller om heile verda skal synge mine songar.”
Den fjerde er eigentleg best fortalt nettopp i bloggane, i alle fall viss karakteren ”Alvarez” i bloggane er identisk med han som i røynda heiter Olave Mario de la Polvora. Og det må dei vere, det er elles ikkje mogleg at ein dikta og ein verkeleg person kan vere så like. Det er den mest naturleg menneskelege forteljinga og slik sett den viktigaste.
Den femte er forteljinga om Linda Dahlin Loe og dottera Ingrid og deira frigjering frå redsla som Kent Karlsen hadde planta i dei, For min del ville eg ha stemt på dei som den mest sentrale forteljinga. Men eg trur ikkje eg ville fått fleirtalet med meg, for til  det er den for privat og for lite trugande for fleirtalet eller for den offentlege orden. Det opprørar meg, for det er deira forteljing som tydelegast syner kva og kven ein by ofrar for å finne kvile i denne fysiske tilstanden som vert kalla indifferent likevekt.
Den sjette forteljinga  er den som analyserer valden frå folk som meiner dei er i sin rett til å drepe, dei som ikkje kjenner slike kvalar som andre lid om dei skulle råke til eller kjenne seg nøydde til å bruke vald mot nokon.  Til no er det Faadumo  Awale Samakab som har vore den fremste til å setje ord på den.
Den sjuande er forteljinga om Eva Trotto Moe, litteraturen og livet.
 Dei tre siste forteljingane er abstrakte eller metafysiske på det viset at dei handlar om tolkingar av røynda. Det er Kent Karlsen si forteljing om ”krefter” i hovudstaden og andre byar som hadde gått saman til eit slags åtak på  byen her for å ta frå han marknadar, offentlege løyvingar og omdøme. Så er det knippet av endå meir dramatiske forteljingar om åtak frå jødane, den bosniske mafiaen, muslimske fundamentalistar og endå meir abstrakte ”degenererte folkeslag”. Ivor Iveland stod for ein variant av desse, Reinhardt Skjetne for ein annan. Forteljinga om det hemmelege samarbeidet mellom politiet og slike løynde krefter vart ikkje eksplisitt formulert av Rudolf Steiner eller Riksmedia. Men i kommentarfelta under media sin kappestrid om skarpe spørsmål og avsløringar av handlingslamming  - der stod dei korte og konkrete svara som politi og politisk leiing sjølve aldri gav: Dei hadde alliert seg med obskure samansverjingar og fortente ikkje lenger tiltru.
Forteljingane  toppa seg den tolvte dagen, fredagen.  Det hende så mykje den dagen at det er svært vanskeleg å halde styr på alle trådane. Eg skal freiste å gjere det i kronologisk ordning, sjølv om det er umogleg av di svært mykje hende samstundes i dei tretten timane mellom 07:30 og 20:30.
Det begynte vel med at Linda Dahlin Loe tok bilete av dei to på bussen som brukte å snakke så mykje om drapet på Malin Meyer. Ho meinte nok at han eine likna på politikaren som vart intervjua på fjernsyn kvelden før, men ho var ikkje heilt sikker. Han andre visste ho ingenting om.
Ho hadde ikkje heilt klart for seg kvifor ho tok biletet. Det var litt flaut å ta det og, ho hadde gøymt seg så godt ho kunne. Ho hadde lest som at ho las ei tekstmelding eller ein e-post, og så hadde ho knipsa bileta med telefonen. Italienaren, chilenaren og dama med den raude kåpa.  Ho var slett ikkje sikker på om ho hadde fått dei i fokus – men ho hadde teke mange,  slik at det måtte vel gå an på eitt av dei. Kameraet på telefonen var utruleg godt – var berre andletet i fokus, kunne ho zoome inn på det.
Ho gjekk attom italienaren opp hovudgata. Han tok farvel med kjærasten sin der han skulle svinge til venstre over brua. Linda somla litt på Torget slik at  avstanden til han vart lenger, for det synte seg at han skulle same veg som henne. Dei forlét dei vakre bydelane, kom til industri og lagerområda, ein moské låg der og, mellom dei låge bygga – så tok han til venstre gjennom ei rotasjonsgrind medan ho heldt fram til ho kom til AS Reint & Rimeleg.
Det var akkurat då ho svinga inn på parkeringsplassen at ho kom på kva ho kunne gjera med bileta: Ho kunne bruke dei til å finne ut om Arnt Helge kunne identifisere folk frå bilete. Mehmet kunne. Då Linda zooma bileta inn på einskilde andlet, kjende han straks att italienaren. Han sa at det ganske riktig var han som hadde vore på fjernsynet kvelden før - han var politikar og hadde visst vore den einaste som hadde teke opp spørsmål rundt drapet på Malin Meyer i politiske fora. Kjærasten til italienaren kjende han og. Ho hadde vore ein slags organisator på Torgmøtet,  eller ein slag rådgjevar. Chilenaren kjende han ikkje.
Då ho zooma ut att, sa  Mehmet: Du har jo teke bilete av  heile bussen!
Dei måtte ta ein times tid med administrasjon. Det var papir å fylle ut, skjema i rekneskapsprogrammet. To av kundane hadde levert oppseiing -  begge ville avslutte snarast råd.

Dei trur me er farlege, sa Mehmet.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar