(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var blitt 14:00
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var blitt 14:00
Eva Trotto Moe vart og undersøkt med detektor.
Ho fekk reise seg, legitimere seg og forklare seg. Men så vart ho beden om å
setje seg i ein politibil og teken med
til meir avhøyr. Dei sa det var av di ho hadde hindra politiet i arbeidet
deira.
Eg ville berre seie frå at eg kjente han! Sa ho.
Du får seie det til dei som skal avhøyre deg, sa
politimannen som køyrde henne til Politihuset.
Høyrde du kva dei ropte! Sa ho.
Du får fortelje det når du kjem fram, sa han.
Eg er så sjokkert, sa ho. Tenkt – dei la meg i
bakken, som ein annan – eg veit ikkje kva….
Ordren var å trekke vekk, sa han.
Men det var jo feil – det var mobben som påsto
at han var terrorist. Dei kunne påstått det om kven som helst!
Men ordren var å trekke vekk, sa han.
Politihuset låg og på venstre breidd, men på den
andre sida av sentrum. Det var eit tungt, grått betongbygg utan utsmykking av
noko slag på utsida. Svære køyreportar omkransa av skilt som sa at det var
forbode å stanse var det fyrste ein la merke til om ein kom forbi. Overvakingskamera
var det neste.
Ho vart køyrt inn i kjellaren, men straks han
som køyrde melde seg, fekk han beskjed om å bringe henne opp i eit avhøyrsrom i
Kriminalavdelinga. Der møtte ho for fyrste gong Mark. S. Mekhar.
Eg ville berre seie
i frå at det var ei misforståing! Sa ho.
Korleis kjenner du
Mehmet Habini?
Han er ein kjend
brukar av biblioteket. Han gir meg råd om arabisk og jødisk litteratur. Han er
professor i filosofi - han held kurs for Friundervisninga hos oss. Det var heilt
feil å mistenkje han for å vere terrorist. Eg ville berre…
Kjenner du Linda
Dahlin Loe?
Kven er det?
Mark S. Mekhar la
eit bilete framfor henne.
Å – ho. Nei, henne
kjenner eg ikkje.
Men du veit kven ho
er?
Ja. Ho brukar
toalettet vårt.
Er det uvanleg?
Ho brukar det til
gjennomgang. Frå sosialsenteret. Men ho arbeider ikkje der. Ho har ein bror som
vart arbeidslaus på Tekstilen. Ho låner aldri bøker. Men ho vil gjerne kopiere
ting ho finn i avisene.
Kva slag ting?
Jobbannonsar, trur
eg. Til broren.
Er dei mykje saman?
Korleis kan eg vite
det? Eg har berre irritert meg over henne av di ho brukar toalettet så mykje,
og ein gong såg eg dei saman – det var dagen etter konkursen. Ho kopierte
annonser. Det er alt eg veit – og eg skjønar ikkje korleis dette har noko med
det som hende utanfor moskeen å gjere!
Så du kjenner ikkje
til noko samband mellom Habini og Linda Dahlin Loe?
Eg skjønar ikkje kva
du spør om.
Kjenner du Kent
Karlsen?
Nei. Men eg veit
kven han er.
Korleis?
Han har lånt ei bok.
Ei dum lokalpatriotisk bok som han brukte for å stele nokre poeng til ein tale
han heldt på eit seminar. Men det gjorde lukke, og no er han ein av dei mest synlege her i byen. Han er leiar for
eit informasjonskontor eller noko slikt.
Kva veit du om han
og Linda Dahlin Loe?
Ho som brukar
toalettet? Har dei noko med kvarandre å gjere?
Der var ei rettssak
for om lag fire år sidan.
Var der det? Eg bryr
meg ikkje om rettssaker. Berre dei som handlar om litteratur.
Kjende du Malin
Meyer?
Kven er det?
Ho som vart skoten
på Cosy Lamps.
Å! Ho som vart
funnen av Rudolf Steiner?
Ja?
Nei.
Du kjende henne
ikkje?
Nei.
Skjønar du kvifor eg
spør?
Nei.
Kven er Lolita?
Det er ein litterær
sjablong etter kvart.
Har du vore borti
namnet i seinare tid?
Ja – faktisk. Eg les
ein blogg som brukar det som namn på ein av karakterane han fortel om.
Han?
Ja. Eller ho.
Bloggaren er anonym. Eg veit ikkje.
Kven er det?
Bloggaren? Eg veit
ikkje, sa eg jo.
Er det deg?
Meg??? Eg seier jo
at eg les han – eg skriv han ikkje!
Kva handlar bloggen
om?
Det er ein mann – eg
trur det må vere ein mann – som sit på ein buss og reflekterer over samtida.
Ganske intelligent, må eg seie. Interessant.
Kvifor les du han
då?
Eg les interessante
bloggar. Det er ein del av samtidslitteraturen.
Kven er Lolita?
Det er ei ungjente
med en særskilt appell til menn som kjem inn på bussen ein dag.
Som vert skoten, på
ein verna verkstad?
Sjå det! Så Politiet
les og bloggar?
Liknar ikkje denne
Lolita påfallande på Malin Meyer?
Gjer ho det? Det var
interessant.
Det har aldri slått
deg at bloggen handlar om verkelege hendingar?
Nei….. Eva Trotto
Moe drog på det. Så sa ho: Det er sjølvsagt interessant å studere kor nær
samanheng det er mellom det ein forfattar skriv og dei verkelege hendingane som
har inspirert han – eller henne. Men normalt brukar eg ikkje tenkje på det. Det
er eit forskingsspørsmål, det er ikkje noko ein lagar lettvinte spekulasjonar
rundt. Det er fyrst når litteraturen har synt seg viktig at det vert løyvt
ressursar til å forske på slike ting.
Kva skal til for at
litteraturen syner seg viktig då?
Når den har sett
spor etter seg – som at den har inspirert andre kunstnarar eller blitt lesen av
mange.
Og Mama Harjet –
kven er det?
Det er ein litt
komisk karakter – ei streng, middelaldrande dame som eig et reingjeringsselskap.
Som og vart skoten?
Ja. I
ettermiddagsbloggen i går.
Nett som Angelique
Fuglesang, leiaren av AS Reint &
Rimeleg ?
Liknar det og?
Det er vanskeleg å
feste lit til at du ikkje har tenkt på dette sjølv?
Ja vel. Men det vert
no ditt problem. Det er ikkje ulovleg å velje bort trivialitetane og unne seg et liv med
kvalitet.
Både Lolita og Mama
Harjet vart presenterte i bloggen lenge før dei verkelege personane som dei
liknar på vart drepne.
Sei meg: Kva har
denne litteraturdiskusjonen å gjere med at eg er arrestert for å hindre
politiet sitt arbeidet med å vanære
filosofiprofessorar?
Det kan eg fortelje
deg: Det har seg slik at uroa ved moskeen vart utløyst av at det var funne ein
pistol utanfor. Det synte seg å vere den
tredje pistolen i serien etter dei to drapsvåpna. Fram til i formiddag var det
berre funne to ting som bant dei to drapa saman. Det eine var pistolane – det
andre var bloggen til Passasjer 81. Så
kjem denne hendinga – der den nye leiaren av Fuglesang si verksemd og den mest
iaugefallande personen i bloggane tildreg seg så mykje merksemd at det grensar
til oppvigleri og urostifting. Det er underlege samanfall – er det ikkje?
Korleis kan eg vere
iaugefallande i bloggane?
Kven er denne ”du”
som han skriv til om ikkje det er deg?
Dette er håplaust!
Eg trudde ein gong at det gjekk an å diskutere litteratur med menneske i
uniform. Men no er det i alle høve bevist at så ikkje er tilfelle! Denne ”du”
er jo samtida – det er ikkje nokon konkret person!
Eg brukar ikkje
uniform.
Ikkje utanpå, kan
hende.
Kven trur du har
skrive bloggane?
Eg veit ikkje.
Er det ein
nybegynnar? Ein industriarbeidar som ein dag bestemmer seg for å slutte i
jobben for heller å bli kunstnar, slik
ho skriv?
Nei. Det trur eg
ikkje. Det er ikkje mogleg. Det er og berre eit litterært grep.
Så det må vere ein
kjend forfattar då?
Det kan vere eit
kunstprosjekt der bloggaren interagerer med lesarane gjennom sosiale media og
skapar verket sitt ut av eller – tvert om – uavhengig av kontekst.
Altså – ein kjend
forfattar?
Eller
performancekunstnar.
Eller ein kunstvitar
som ikkje lenger berre vil formidle eller kommentere – som vil skape?
Ja. Kan hende.
Som ein bibliotekar,
til dømes?
Kan hende. Men altså
ikkje meg.
Ein kulturmarxist.
Korleis kan du bruke
eit slikt ord? Eig du ikkje vørdnad?
Eg kjem til å tilrå
påtalefråfall for hendinga ved moskeen. Men eg kan få bruk for å tale meir med
deg seinare. Takk så langt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar