(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 15:00
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 15:00
Omtrent på same tid stod Espen Loe og kjende på at
han hadde ei lette i kroppen etter hendinga ved moskeen. Han hadde kome der med
eit undertrykt sinne i seg, eller kanskje det var sorg eller ei kjensle av å ha
blitt audmjuka. Han og arbeidskameratane hadde høyrt ein fagforeiningsleiar i
forsvarsposisjon. Der er ikkje noko me kunne ha gjort, hadde han sagt. Alt var
kome for langt. Det var på kanten av loven det eigarane og leiinga hadde drive
med, kanskje var det over kanten og, men det var ikkje noko fagforeininga kunne
få gjort no. Hadde dei fått kjennskap til det før, så kanskje. Men dei hadde
ikkje fått kjennskap til det før. Informasjonsmangelen hadde og vore på eller
over kanten av loven, og dette skulle dei vurdere og få avklart, og hadde det
vore ulovleg så skulle leiinga ikkje på nokon
måte få døy i synda – men det var ikkje noko dei kunne gjere no for å
snu konkursen, likevel. Tekstilen var slutt. Ingen kom til å få arbeidet
tilbake.
Ei røyst i salen hadde ropt: Me okkuperar fabrikken! Folk hadde klappa. Fagforeiningsleiaren hadde
slått i talarstolen:
Me kan ikkje okkupere marknaden. Me kan ikkje tvinge
folk til å kjøpe. Me kan ikkje okkupere konkurrentane i Kina. Og me kan ikkje tvinge
alle dei som har pengar til gode i Tekstilen til gje endå meir kreditt. Det er
slutt. Det er ikkje noko me kan gjere.
Der hadde falle harde ord, og dei hadde blitt
hardare. Det var ikkje dette me valde dykk for, ropte den eine. Korrupsjon,
ropte den andre – kva har de fått for å seie at ingenting kan gjerast? Har du
gløymt kor du kom frå? Og du – som ein gong var så stor i kjeften!
Det hadde ikkje vore noko å stemme over. Dei hadde velta ut i gata i ein straum, utan
å ha nokon stad å gå. Dei stod berre der, utanfor. Dei sperra trafikken, men
ingen tuta. Alle i byen kjende med dei, visste kva dei stod der for, viste dei
vørdnad, tykte synd om dei. Dei snakka. Dei lo ikkje, som dei brukte, dei
kjende kor tome hendene var. Så sette ein eller annan ut det ordet at det var
oppdaga eit våpenlager i moskeen, og så dreiv alle den vegen. Dei gjekk ikkje fort,
dei visste ikkje kvifor dei dreiv den vegen. Men då dei høyrde at politiet
hadde omringa moskeen , gjekk dei litt fortare. Dei fleste trudde vel framleis
at det bare var lause rykte – men då dei kom fram og såg at det verkeleg stod væpna
politi i ein ring rundt moskeen, kjende dei ei spenning i seg og skunda seg
fram til sperringane.
Kva er det som hender? Spurde Espen.
De må halde dykk attom sperringane! Sa ein
politimann.
Ja – men kvifor har de omringa moskeen?
Ver venleg å respektere sperringa, sa
politimannen.
Er det eit våpenlager der?
Politimannen sa ingenting.
Er det hemmeleg, eller?
Ikkje for nær sperringa! Sa politimannen.
Han veit ikkje, sa ein av dei andre. Han har
berre jobben med å sperre. Det er dei der borte som veit kva som står på. Dei
leitar etter terroristar.
Espen slutta å mase om kva som hende, fann seg i at han måtte vente å sjå, vente å
høyre. Han såg at politifolka borte ved inngangsdøra dreiv og kroppsvisiterte
folk. Høge tenestemenn med battledressar, hjelmar, skotsikre vestar og våpen
stod rundt visiteringa der fire uvæpna politifolk – to menn og to kvinner –
stod og saumfor køen av folk på veg ut av moskeen. Nokre av dei som vart
undersøkt var i vanlege klede, nokre var i framandarta kjortlar og kvite
dressar.
Rundt Espen var det meir å høyre. Ein kunne
fortelje at mordaren var der inne – han som hadde drepe den utviklingshemma
jenta og den einaste kvite på muslim-arbeidsplassen. Ein annan kunne fortelje
at det var ei lokal terrorgruppe som var så klønete at dei hadde mislukkast med
å lage massakrar to gonger. Den fyrste gongen kom dei i middagspausen - og den
andre gongen fann dei berre ein einaste kvit.
Der var stigande uro i flokken. Bur dei inne – alle i hop! Ropte ein. Andre
lo og klappa. Espen manøvrerte seg rundt ringen for å sjå betre der borte kor visiteringa
føregjekk.
Men tenk om dei tek til å skyte no? Sa den eine.
Så vert dei fort ekspederte – terrortroppen er
her jo, fullt væpna!
Men her er jo så mykje folk!
Er dei farlege? Spurte ein.
Høyrde de? Dei er farlege! Ropte ein annan.
Det var omtrent då dette hende med Mehmet, dette
at han endeleg kom fram til visiteringa og freista forklare at han hadde veldig
dårleg tid og at legitimasjonen hans låg i bilen.
Ikkje slepp han! Ropte ei røyst.
Men dei slapp han –han gjekk mot ringen av
tilskodarar. Den opna seg – og brått stod Mehmet rett fram føre Espen Loe. Dei
kjende ikkje kvarandre – dei visste ikkje at det var den nye venen til Linda
Dahlin Loe og bror hennar – onkelen til Ingrid - som stod framfor kvarandre.
Espen visste ikkje kvifor han hadde stoppa
Mehmet heller. Han fekk berre slik ein uimotståeleg trong til å gjere noko, til
å ta att, til å rette opp at audmjukinga. Det var noko med måten Mehmet hadde
reagert på som hadde fått det til å koke i Espen Loe. Ein utlending, ein framandarta
kar med mørk hud og kufi på hovudet, som ikkje hadde sett ut til å høyre kva
Espen sa eller bry seg om det. Han hadde ikkje vore redd – og han hadde ikkje
vore trugande.
Han hadde sagt desse orda, gjort desse rørslene – og så hadde den eine hendinga utløyst den
andre utan at det hadde noko med han å gjere: Eit tilrop her, ei mistyding der,
ein ordre, ein refleks, ei handling. Så stod han som ein i mengda og såg mannen
med kufi og ei kontorkledd dame ligge på
bakken ved sida av kvarandre med våpna peikande mot seg.
Espen Loe hadde jo ikkje noko med dette å gjere.
Han hadde berre kjent eit blaff av
sinne. Spenninga i han hadde ført til eit overslag, for å seie det slik. Då dei
raske hendingane var over og dei to låg på bakken inne i ringen var sinnet stroke
av han. Han kjende seg lei av heile historia. Men det gjorde ikkje folk rundt
han.
Du tok han! Sa ein.
Tøft, mann! Du let han ikkje sleppe så lett! Sa
ein annan, og slo Espen på skuldra.
Eg er tyst, sa Espen.
Du fortener ein halvliter! Eg spanderar! Sa ein
av arbeidskameratane hans, ein dei brukte å kalle Sorry Sarto. Ein heil liten
gjeng reiv seg laus frå mengda. Andre ropte etter dei: Kvar går de? Puben på
Torget, ”Korridoren”, svara Sorry Sarto.
I fylgjet der var ein liten mann som aldri
brukte seie stort og som var så rar når han ein hende gong sa noko at dei
fleste berre brukte å jatte med han til han vart tagal att. Dei kalla han Teutonarkjempa,
etter eit kallenamn einkvan hadde avslørt at han nytta i sosiale media, eller
Napoleon, etter stormannsgalskapen hans. Han var vakt i verktøyburet på Tekstilen,
og arbeidsstaden vart gjerne hekta på kallenamnet: Napoleon i verktøyburet. Eigentleg
heitte han Ivor Iveland. I dag var han uvanleg snakkesalig.
Dei kjem ikkje til å ta nokon! Sa han.
Politileiinga står i samband med dei. Heile denne aksjonen var berre skodespel.
Det er regjeringa og kulturmarxistane og politisk islam som har gått saman. Og
dei styrer politiet og.
Det er klart dei tek han! Sa ein.
Eg trur heller ikkje dei tek nokon, sa ein
annan. Dei er så naive.
Espen var lei heile greia. Han hadde litt dårleg
samvit og, for å ha blanda seg inn og laga så mykje røre.
Det er slike folk som Espen som trengst! Sa Ivor
Iveland.
Ja – Espen er fin! Sa Sorry Sarto, og alle
skåla. Ivor Iveland ville og rive i ein halvliter til Espen.
Fleire og kom drivande, dei kunne fortelje at
mannen med kufien vart slept så fort Espen var gått.
Der kan de sjå! Sa Ivor Iveland.
Endå tre av karane frå Tekstilen kom, dei kunne
fortelje at mannen med kufien var ingen ringare enn mannen som hadde teke over
jobben til ho kvite som vart skoten.
Kva for ein mann? Spurde Ivor Iveland.
Han som måtte legge seg på bakken, sa ein av dei
som kom sist.
Å – sjølvmordsbombaren? Sa Ivor Iveland. Der kan
de sjå!
Ingen kunne nekte for at det var eit underleg
samantreff. Men Ivor Iveland snakka som han aldri hadde gjort og sa at det var slett ikkje
noko samantreff,. Dei har kome snikande, sa han, fyrst ein og ein eller berre
nokre få i fylgje. Dei fekk folk til å tru at dei var ute etter arbeid, at det
var synd på dei for dei kom frå fattigdom og krig. Men ikkje før hadde dei fått
opphaldsløyve, så henta dei koner og ungar – gjerne to, tre koner kvar – og
besteforeldre og onklar og tanter. Og
alle i hop sette i gang å produsere ungar. Dei tenkjer ikkje slik som folk i
byen her – dei ser ikkje på eige liv som
viktig. Det er derfor dei har så mange sjølvmordsbombarar. Dei er komne for å
spreie religionen sin og få makt over dei vantrune. Og no har de teke til for
alvor – no vert dei berre meir og meir valdelege. Det er våpenlager i kvar
einaste moské – men politiet gjer ikkje noko med det, og politikarene reiser
berre til utlandet for å hente fleire. Dei må hjelpe, seier dei – men det er
heilt andre ting som ligg bak.
Kva er det som ligg bak då? Spurde ein av dei
andre karane.
Dei har selt landet! Sa Ivor Iveland. Dei får
oljepengar og posisjonar i FN og jomfruer i bøtter og spann. Dei har gått over til fienden og spelar på
lag med han!
Og kvifor sender dei soldatar til Afghanistan
då?
Dei gjer jo ingenting der! Offiserane lar muslimane
slakte ned soldatar som ikkje får lov til å forsvare seg – medan dei forhandlar
med mullahane
om noko dei kallar ei fredsløysing. Dei planlegg å dele gevinstane med dei. Det
er på tide å reise seg til motstand – slik Espen Loe gjorde i dag, og slik far
hans gjorde sist det var krig!
Det er då ikkje krig her, sa ein.
Her er jo krigen full gang! Dei har alt drepe to
av våre. På eit utruleg utspekulert vis har dei slått ein kile inn mellom oss.
Dei har drepe to tilfeldige menneske – men du ser jo kva det har ført til!
Samfunnstoppane kastar seg over OSS! Byen her får skulda for noko DEI har
gjort!
Det er jo ingen som veit kven som har gjort det.
Kven skulle elles vere interesserte i å gjere
noko slikt? Det finst jo ingen samanheng – det er heilt tydeleg gjort for å
forvirre. Og det har dei lukkast med!
Meiner du at det var RiksNytt som drap dei?
Spurde Sarto, og lo hjarteleg.
Det er ikkje morosamt! Sa Ivor Iveland så hardt
at Sorry Sarto slutta å le. Eg trur ikkje marxist- mullahane i redaksjonen gjorde det sjølve, men eg trur
det må finnast ei forklaring på den
kjappe reaksjonen deira! Det har jo elles så godt som aldri noko nytt herifrå. Denne saka har dei visst
om, dei har berre sete og venta, klare til å rykke ut for å melde at det er
byen her det er noko gale med.
Eg går heim! Sa Espen. Du tatlar over deg. Du
skulle gå heim og roe deg du og.
Det er deg vel fortent! Sa Ivor Iveland. Du har
gjort ditt for i dag. Du har synt at du er av same støyping som far din. No er det opp til oss andre å fylgje opp!
Espen stod ei stund og såg på andleta rundt seg,
medan han sakte slurpa i seg restane av den tredje halvliteren. Han såg korleis
den tause Ivor Iveland hadde fått ein ny glød i andletet, ein ny og heilt
ukjend styrke ved seg. Det var som dei andre stod i ein tett ring der han var
senteret. Nokre av karane lest som dei ikkje høyrde, Sorry Sarto såg mest plaga
ut, medan andre såg på Ivor Iveland med ei overraska beundring. Aldri så galt
at det ikkje er godt for noko, tenkte Espen, han hadde ofte tykt synd i den
tagale einstøingen i verktøyburet.
Når sant skal seiast hadde han ikkje spesielt
lyst til å gå. Han hadde jo ikkje noko å gå til, ikkje skulle han på arbeid i
morgon og ikkje var der nokon som venta på han. Det var varmt og venleg rundt han, og han kjente at det kribla
i lysta til å gjere noko. Men han visste og at tok han ein fjerde halvliter, så
var det ikkje godt å seie kva det vart til med han. Så han stod og slåst med
seg sjølv medan han såg på desse andleta rundt seg.
Ein til, Espen? Sa Sorry Sarto.
Nei takk! Sa Espen.
Nei – no er det min tur, sa ein av dei andre
litt meir vaksne karane, ein av dei som hadde sett litt plaga ut. Han heitte
Halvard Hegge, men han vart mest kalla for Begge, av di han var så fæl til å
motseie seg sjølv. Eg skal òg gå. Me tek berre ein til.
Nei takk, sa Espen.
Fint, sa Begge, og kjøpte to halvlitrar. Han kom med dei i
nevane og vinka Espen bort til eit bord der dei kunne sitje for seg sjølve.
Kva tenkjer du? Sa Begge.
Om?
Om kva som hender? Om framtida?
Eg tenkjer at no har eg pinade ikkje kontroll på
noko.
Eg trudde aldri at Tekstilen kunne gå under. Og
så fort. Heile faget mitt – piff, vekk.
Dei lurte oss. Dei sa at dei kunne leve godt
sjølv om alle andre la ned og flytta ut. Dei stal framtida vår. Eg kjenner meg så
hjelpelaust dum som trudde på dei!
Kven skal ein tru på då?
Ja. Kven faen skal ein tru på, sa Espen, og
drakk den fjerde halvliteren i eitt einaste langt drag. Han såg på Begge og sa:
Ein till?
Nei takk, sa Begge. Eg skal gå.
Eg og, sa Espen Loe og gjekk og kjøpte to til.
Ved disken stod Ivor Iveland og tasta på
telefonen sin og snakka lågt med tre andre karar som og stod med telefonar og
drakk kaffi. Alle dei som hadde motsagt han var gått, dei hadde fordelt seg på småbord rundt i lokalet, eller
dei var gått heim. Dei som hadde noko å gå til var det vel som hadde gått. Dei
som hadde ei kvinne som venta.
Då Begge kom med ein halvliter nummer fem til
kvar av dei, sa han: No er han i gang
med statsfeminismen der borte. Jødane, muslimane, kulturmarxistane, regjeringa,
politiet – og kvinnfolka. Han har mange imot seg, Napoleon i verktøyburet!
Dei lo. Sorry Sarto kom bort og ville le med dei. Andre og. Det var for seint å snu. Det vart bore fat etter fat med halvlitrar bort til flokken ved Espen, Begge og Sorry Sarto sitt bord, dei vart høgrøysta og lystege. Medan Ivor Iveland og dei stod ved disken og sende meldingar og diskuterte politikk både med kvarandre og med tusen andre i straumdraget som ville redde byen og som brukte kampanjesida ”Rein By” til å utveksle meiningar om kva som skulle vore gjort for å få attende byen her slik han ein gong var.
Dei lo. Sorry Sarto kom bort og ville le med dei. Andre og. Det var for seint å snu. Det vart bore fat etter fat med halvlitrar bort til flokken ved Espen, Begge og Sorry Sarto sitt bord, dei vart høgrøysta og lystege. Medan Ivor Iveland og dei stod ved disken og sende meldingar og diskuterte politikk både med kvarandre og med tusen andre i straumdraget som ville redde byen og som brukte kampanjesida ”Rein By” til å utveksle meiningar om kva som skulle vore gjort for å få attende byen her slik han ein gong var.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar