mandag 23. september 2013

50: Dag 12 kl 18:00 - Mot

(Samandrag)  
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 18:25
Irene Guri Andersen Halvorsen køyrde sakte dei siste kilometrane medan dei lette etter avkøyringa til Dalsli Berg.
Ingen av dei svarar på telefonen, sa Linda.
Der er vel ikkje dekning.
Brått var skiltet der. Dalsli Berg. Dei hadde aldri sett vegen i mørkret om det ikkje hadde vore for skiltet. Det kom inn ei melding på radioen.
Femtiein: Kor er du?
Har nett teke til på vegen opp mot Dalsli Berg, sa Irene Guri Andersen Halvorsen.
Det ser ut til å vere ein vanskeleg situasjon der oppe.
Ja vel.
Me har ikkje kontakt enno, men det ser ut til at ei gruppe lokale folk har væpna seg.
Jøss.
Ingrid? sa Linda. Korleis er det med henne?
Visstnok uskadd. De får vente til me har kontakt med dei.
Ja vel, sa Irene Guri. Ho såg på Linda. Denne såg spørjande tilbake. Linda nikka oppetter vegen. Irene Guri nikka òg, sette på blålys og sirene og sette opp farten.
Du får jenta og dei to karane inn i bilen her – eg snakkar med dei andre, sa Irene Guri.
Ja, sa Linda.
Det gjer ikkje noko om dei trur du òg er politi, sa Irene Guri.
Eg skal freiste, sa Linda.
Vegen gjekk i svingar oppetter. Det var skarpt lys ein stad der oppe. Roterande blå glimt fekk stubbar, steinar og skavlar til å sjå ut som stabbande skrømt i vegkanten. Det gulkvite fastfrosne lyset der oppe kom raskt nærare. Då dei kom rundt siste svingen, såg dei skarpt lys frå tre traktorar i og ved sida av vegen. Tre menneske stod tett saman i lyset på høgre sida av vegen. Ingen var å sjå på den andre sida.
Irene Guri sette på ei rekkje ekstra lyskastarar på taket. Traktorane vart opplyste, dei såg folk som låg i stilling med jaktvåpen. Irene Guri bråstansa, begge slo opp dørene. Linda opna bakdøra òg.
Inn! sa Linda.
Mamma! sa Ingrid.
Inn!, sa Linda hardt ein gong til. Alle dei tre bøygde seg inn i baksetet.
Irene Guri gjekk fram i lyset og ropte: Det er politiet! Kven er leiar her?
Ingen svarte med det same. Ho gjekk fram mot ein skugge som var synleg attom den eine traktoren.
Kom fram, sa ho. Faren er over. La meg høyre kva som har hendt.
Ein svær mann kom stigande frå motsett side.
Kan eg …, sa han og drog på det.
Er du leiaren her?
Nei, nei, eg er berre ein nabo. Karlsen ringde og sa at nokon hadde bortført dottera hans. Så fekk eg med meg dei andre her og så stoppa me dei.
Er nokon skadde?
Nei – eg trur ikkje det.
Har det vore losna skot?
Nei – ikkje noko særleg.
Kva tyder det?
Berre varselskot. Dei freista å stikke av.
Kor mange?
Ein mann til kom fram. Han hadde gevær på skuldra.
Ja. Eg … Men berre i lufta. Eg har jegerprøven. Ikkje i år, men det er jo for tidleg …
Kva heiter du? Irene Guri hadde ei blokk i handa, den kom frå ingenstad. Mannen med geværet mumla eit namn. Det var jo naudverje, sa han. Dei var jo bedne om å stogge ei kidnapping.
De har gjort ein framifrå jobb, sa Irene Guri forsonande. Ho nikka og såg frå den eine til den andre. Framifrå! tok ho opp att. Eg må berre ha detaljane.
Det lausna på stemninga. Naboen kom med namnet sitt uoppfordra, og bretta ut bæreløyve og jegerprøvebevis. Og så kom dei med papira sine den eine etter den andre. Til sist var dei seks mann som stod rundt henne. Fire av dei hadde losna skot for å varsle – ingen av dei trudde dei hadde råka nokon eller noko. Ingen av dei ville seie at dei kjende Kent Karlsen noko særleg, dei visste han var son av den gamle kvinna som budde aleine oppe i lia. Det var ei skam å la eit gamalt menneske leve slik. Men når han ringde og sa at nokon hadde bortført dottera, då stilte dei opp. Det ville dei gjere for kven som helst.
Telefonen til naboen ringde. Han spurde om han kunne ta han. Irene Guri nikka medan ho noterte i blokka si.
Ja? Det er meg? Politiet? Men dei er her jo no?
Han rekte telefonen til Irene Guri.
Ja, sa ho, me gjekk inn. Alt er roleg. Ingen fysisk skadde. Skot losna, fire ser det ut til, men berre til varsel. Me har jenta og dei to mennene og kjem inn med dei. Så har me persondata og førebels forklaringar. Me køyrer no, men nokon må opp i lia her og undersøke hos ei eldre kvinne – det er visst mor til Karlsen.
Ja, ja – me går sjølvsagt opp der, sa naboen.
Så var det over. Det kom ei opprømt glede over dei alle der oppe.
Så – me har ikkje gjort noko gale, vel? sa den eine skyttaren.
Dei to kidnapparane – kan de to damene aleine ta sjansen på å køyre attende til byen med dei? sa ein av dei andre.
Er det – er det mor til jenta, den andre der? sa ein tredje.
Irene Guri Andersen Halvorsen overhøyrde alle, helste til huva og sa hjarteleg takk, det ville kome ein bil til om litt, dei ville nok spørje og grave endå meir, og dei ville nok trenge ein kjentmann for å kome opp til den gamle, og takk igjen og farvel!
Det var tyst i bilen då ho sette seg inn, snudde og tok til på vegen nedover att. Rundt svingen sleppte Linda ut eit langt pust. Ingrid ropte hestejenteskriket: IIIIHAH!
Frue: De er ein helt, sa Olave Mario de la Polvora.
Me er djupt takksame, sa Mehmet Habini. Det skal eit svært stort mot til for å gå mot krigarar som alt har losna skot!
Så? Dette veit du noko om? sa Irene Guri.
Ja – diverre veit eg meir enn eg set pris på om dette, sa Mehmet.

Mamma er også helt! sa Ingrid.



Til avsnitt 



Bestilling: bjorn@enes.no 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar