Kampen om sanninga tok til alt
før dei åtte skota fall, i ei form som likna sterkt på den menneskelege
basiserfaringa om slikt: Dei stod som ungar rundt ein politimann og peikte på
kvarandre og sa at det var dei andre som hadde begynt.
Ivor Iveland førte
ordet i den eine gruppa. Han sa at han og venene hans hadde kome for å stanse
ei muslimsk terrorgruppe. Så hadde ei busslast med jihadistar gått til åtak på
dei.
Sheila Hasina førte ordet i den andre gruppa.
Ho sa at dei var frivillige som hadde vore på veg for å hjelpe ei jente mot ein
valdeleg mann som hadde bortført henne. Men så hadde dei gått i ei felle og vorte
angripne av venene til denne mannen.
Politifolka som kom
til, fekk løyst opp situasjonen og sendt folk av garde før dei tok med seg dei
to som førte ordet, inn til Politihuset. Men der hadde ingen tid til å snakke
med dei. Meldingane om drapa ved AS Reint & Rimeleg hadde teke til å knitre
i radioen medan dei var på veg til byen. Dei vart bedne om å vente, dei sat i
kvart sitt rom i over ein time før dei fekk beskjed om å gå.
Sheila Hasina fekk
ikkje høyre kva som hadde hendt, før ho kom heim. Der var Noreen komen frå
jobb, ho hadde fylgt med på radio heile kvelden. Liana var der òg, ho hadde
snappa opp litt frå radio og litt frå nett. Faadumo var der ikkje. Berre ein
gong fekk dei svar på telefonen hennar – ei eldre kvinnerøyst svarte, men då
Sheila Hasina spurde etter Faadumo, svarte kvinna berre at ho skulle dra seg
attende der ho kom frå, og braut.
Laurdag morgon fekk
dei beskjeden om at Faadumo var død. Dei hadde gått til Politihuset for å
etterlyse henne. Dei vart tekne inn, spurde ut om personalia – og så fekk dei
høyre om mordet.
Då dei hadde kome
seg av sjokket, tenkte dei at dei måtte melde frå til familien. Dei hadde delt
bustad med Faadumo, men dei hadde aldri møtt nokon frå slekta hennar. Sheila
fekk namn og eit telefonnummer til faren på Folkeregisteret, men han ville
ikkje snakke med henne i telefonen. Ho gjekk til Aziza Murish og fekk henne til
å ringje og snakke somali.
Han sa at Faadumo
ikkje var dotter hans, og at ho hadde vore ulydig, sa Aziza.
Shit! sa Sheila. Ho
sa anna òg, ganske lange tiradar av vondord om mannfolk og korleis dei kunne
oppføre seg i høve til døtrene sine, og medan ho gjorde det, fann ho adressa
hans. Det må vere ei mor der òg – kom! sa ho til Aziza.
Det var det. Faren
var heime han òg. Han var slett ikkje ein slik usympatisk dritsekk som Sheila
hadde teke for gitt. Han var ein stillferdig mann som lét kona si forklare
løyndomen. Ho var ikkje mor til Faadumo. Ho var systera. Dei hadde sagt at dei
var foreldra for å hjelpe onkelen – og systera sjølvsagt. Far til Faadumo var
død, drepen på landevegen fjerde gong dei freista røme frå uroa i Mogadishu.
Dei kunne ikkje gå
inn i far og mor si rolle i gravferda. Dei kunne lyge for Immigration – men
ikkje for Gud.
Men de kan vel seie
sanninga? sa Sheila. Faadumo kan jo ikkje verte utvist no?
Jo – det trudde dei.
Og dei våga heller ikkje for eigen del å fortelje at dei hadde fare med løgn i
ei immigrasjonssak. Det var ikkje anna råd enn å halde på historia med
ulydnaden: Faadumo hadde flytta heimanfrå utan lov og teke sekretærutdanning
utan godkjenning, og difor rekna ikkje den næraste familien at dei hadde noko
med henne å gjere meir. Men dei ville kome i gravferda, båe to.
Systera til Faadumo
ringde til onkelen i Hargeisa og fortalde kva som hadde hendt. Han såg ingen
sjanse til at nokon derifrå kunne kome – men ville gjerne sende pengar til
gravferda.
So: We
are her kinfolks! sa Sheila. Berre Noreen forstod. Ho tok opp att på språket her, og dei
andre nikka. Dei fekk vere familien. Dei frie fuglane. Utan diskusjon tok dei
Aziza opp i krinsen – i Faadumo sin stad – og så gjekk dei i samla flokk
attende til Politihuset for å krevje kroppen utlevert.
Dei vart tekne
høfleg imot denne gongen òg, vart viste inn i eit møterom der dei på ny fekk
forklare seg og levere frå seg kontaktinformasjon. Det var ei kvinne ifrå vakta
som tok opp forklaringa. Ho skulle bringe informasjonane vidare sa ho, leiinga
ville nok klarere det med den registrerte familien, men godtok dei det, ville
dei melde frå til Sheila så snart rettsmedisinarane var ferdige. Dei ville
arbeide fort. Dei hadde forstått at ho var muslim, og at dei pårørande ville ha
gravferda så raskt som råd.
Alle fire hadde
imamar som dei kjende. Aziza kjende den mest lærde i byen her, men han var
stokk konservativ og ville få problem med ei gravferd der alle dei næraste
pårørande var kvinner. Noreen kjende ein som var ganske moderne i spørsmål om
kvinner, men ho trudde han var skeptisk til afrikanarar. Det vart til at Liana
skulle spørje ein russar. Han var veldig lærd frå det islamske universitetet i
Kazan, han hadde god stemme og var framifrå i arabisk. Han budde ikkje fast i
byen her, men han var gjesteførelesar på universitetet her heile vårsemesteret,
og det hadde vorte ei oppbløming av aktiviteten til russiske og tyrkiske
truande på grunn av han. Dei kunne rekne med at mange ville kome i gravferda om
han var den som las. Dei gjekk i samla flokk til han òg.
Kva hende? sa han.
Eit mafiamord! sa Sheila. Liana omsette. Eit apparatsjikmord! sa ho.
Og så fortalde dei
dette: Ein rik og mektig mann som var van med å sleppe unna straff, hadde truga
ei dame – Linda Dahlin Loe – på livet. Tidlegare hadde han drepe sonen hennar.
Han hadde freista å gjere det av med henne òg, men ho hadde overlevd. Så sa han
rett ut til henne at han ville drepe henne, og at han ville gjere det slik at
ho sjølv fekk skulda. Ho gjorde opptak av trugsmålet. Dei hadde høyrt opptaket
alle fire – han kunne og få høyre det om han ville.
Så kidnappa han
dottera til kvinna. Han gjekk til skulen og truga jenta til å verte med, og
truga lærarane der til å la henne gå. Truleg var planen hans å presse Linda til
eitt eller anna slik at han kunne ta livet av henne og få det til å sjå ut som
ei ulukke eller eit sjølvmord. Men så hadde Faadumo Awale Samakab overlista han.
Ho plasserte ein hemmeleg sendar i bilen til mafiamannen (apparatsjiken), og på
det viset kunne ho sjå på datamaskinen sin kor han køyrde.
Faadumo varsla Linda
om kor dottera var, og Linda sende to menn i førevegen for å fri barnet, og så
kom ho sjølv etter i ein annan bil. Det vart visst ein hard kamp for å få
dottera fri, sjølv om kidnapparen sjølv ikkje var der. Han var så trygg på at
ingen kunne finne jenta, at han hadde reist attende til byen for å setje i gang
med neste del av planen sin.
Men kort etter at
han var komen attende til byen, fekk han melding frå folka sine om at jenta
hadde klart å rømme saman med dei to som mora hadde sendt. Han må ha funne ut
kva Faadumo hadde gjort. Ingen veit kva han gjorde med henne då, truleg drap
han henne ikkje der med det same, men han kan ha teke henne til fange slik at
han seinare kunne ta henne til den same staden der ein leigemordar skulle drepe
alle dei andre.
Mafiamannen
(apparatsjiken) hadde folk overalt. Dei hadde klart å omringe rømlingane på veg
mot byen, men jenta og redningsmennene klarte å kome seg fri frå det òg. Då han
forstod at dei hadde sluppe unna, gjekk han ut på radioen og sa at det var
redningsmennene som var kidnapparar! Han sa at dei var terroristar – han sa til
og med at dei var muslimske terroristar. Han fann ut at me hadde lasta ein heil
buss med folk som skulle hjelpe til å berge jenta, og så klarte han å sende ein
haug med bilar fulle av slåstkjemper som gjekk til åtak på oss. Og medan me
måtte forsvare oss, fekk han ein leigemordar til å drepe Faadumo og alle dei
andre – både mora og dei to redningsmennene. Den vesle jenta var den einaste
han sparte!
Det er det verste eg
har høyrt! sa imamen. Eg trudde dette var ein fredeleg by!
Dette er ein by der
mafiaen har frie hender! sa Sheila Hasina frå Baltimore. Men Liana frå Kazan i
det store Russland var ikkje heilt sikker på kva ein mafia var, så ho heldt
fram med å bruke ordet apparatsjik. Dette er ein by der lovlause apparatsjikar
har makta, sa ho.
Og dei styrer
politiet? sa han.
Politiet har ikkje
sett etter den valdelege mannen ein gong! sa Sheila Hasina. Dei har teke
leigemordaren – men han spelar visst galen og dei skal vel snart sleppe laus
han òg!
Så Faadumo Awale
Samakab var ein helt? spurde imamen.
Ho var ein helt og
ein engel – ho var eit symbol på alt det gode i verda – ho var motstykket til
den vondskapen som har makta i byen her! sa Sheila Hasina. Noreen og Aziza
nikka samtykkjande, og Liana omsette til russisk.
Eg vil gjerne lese,
sa imamen frå Kazan, bestemt.
Men det er me fire
som må bere henne til grava! sa Sheila Hasina.
Har ho ingen mann? sa
imamen. Ingen bror?
Me er dei einaste.
Dei næraste og dei einaste. Ho har ei ekte syster – men omstende gjer at ho
ikkje kan vere med.
Omstende?
Ja.
Imamen såg på Sheila
Hasina og på dei andre og forstod at han aldri ville få forklaring på kva slag
omstende det var snakk om. Så han sa berre:
Ja ja. Lagnaden kan
ingen gjere noko med.
Så då er det greitt
at me ber?
Det er vel slik Gud
har bestemt at det skal vere.
Så får me henne
ikkje ut – dei skal sjå etter prov. Dei skal ringje til meg så snart
rettsmedisinarane er ferdige. Då kan me vaske henne og bere henne til grava få
timar etterpå.
Så er vel det òg ein
lagnad – at me må vente, sa imamen.
Eg ringjer så snart
me får beskjed, sa Sheila Hasina.
Dei måtte handle
likklede, organisere ein stad å vaske henne, tinge gravplass og gjere avtale
med gravaren og ordne ein stad for mottaking etterpå. Dei måte lære seg eller
friske opp bønene, og dei måtte finne eit godt føremål for gravferdsgåver.
Det var triste
handlingar. Men det gjorde godt å vere så mange om det. Dei fann ut at dei
måtte vaske seg før dei kjøpte likklede. Dei gjekk i moskeen, dei gjorde det
saman medan dei snakka lågt.
Noreen sa: Det var
underleg å høyre på omsetjinga.
Kan du russisk? spurde
Liana overraska.
Berre litt – berre
nok til å oppfatte at Sheila sa mafia – men du sa apparatsjik.
Eg fann ikkje på
noko betre.
Kva er skilnaden? sa
Aziza.
Amerika og Russland,
sa Noreen. Bandittar i Amerika er mektige private verksemder eller mafia. Men i
Russland er mektige bandittar delar av staten.
Å – så eg omsette
feil? Eg er lei for det, sa Liana.
Nei – du skal ikkje
vere lei! Eg trur de var nærare sanninga saman enn de kunne vere kvar for dykk.
For me er verken i Amerika eller Russland. Me er i Europa – og her er det midt
mellom! Her fins både byråkrati som i Russland og hemmelege nettverk som i
Amerika – både apparatsjiks og mafia!
Det var dette dei lo
av. Aziza sa at ho var glad ho kom frå Somalia – der slapp dei i alle fall eitt
slag bandittar. Så lenge dei ikkje hadde nokon stat, hadde dei heller ikkje
apparatsjiks.
Dei kjøpte kvitt
linstoff. Fem store stykke. Førebels delte dei kostnaden likt mellom seg, men
dei rekna med at onkelen i Hargeisa ville stå ved lovnaden om å sende pengar.
På gravferdsbyrået i Fi-marka fekk dei alle råda dei hadde bruk for, og byrået
lova å gjere avtale med gravar og lund.
Er det de som skal
ordne gravferda til irakaren òg? spurde agenten der.
Nei? sa dei. Kvifor
spør du om det?
Han hadde visst
heller ingen. Ingen her i alle høve. Då vert han vel kremert.
Dei gjekk heim og
kokte te. Sheila trampa rundt og laga mykje støy, Liana syrgde stille og
ventande, Noreen las om vaskinga dei skulle gjere. Aziza såg på dei få tinga
som var att etter Faadumo: litt klede, nokre bøker om rekneskapslære og
forretningsjuss, ei øskje med brev og videoband og ei biletbok om Mogadishu.
God! I gonna miss her! sa Sheila og stoppa framfor Aziza: Flyttar du inn?
Alle fire studerte
kvarandre. Aziza med spørjande auge, Sheila med krevjande, Liana med undrande
og Noreen med tenksame.
Me har jo brukt å
dele leiga på fire, sa Noreen.
Me er frie, framande
fuglar frå alle kontinent – frå Russland, India og Amerika – men no manglar me
Afrika, sa Liana.
Eg er ikkje frå
India! sa Noreen.
Eg tenkte på
kontinentet – ikkje landet.
Men India er ikkje
noko kontinent! Der er eit reservat for folk i Sør-Asia som ikkje trur på Gud!
Eg kunne godt flytte
inn, sa Aziza.
Kva ville han tenkje
om å verte kremert? sa Sheila.
Ingen svarte.
I don’t give a dam.
Meg kan dei gjerne brenne opp når den tida kjem – eg er berre muslim av di far
min ville ha ein stad å høyre til. Men han? Han var jo ein lærd. Og han var frå
Irak. Dei har truleg vore muslimar sidan Profeten sine dagar …
Ingen sa noko no
heller.
Utanom teen var dei
som i faste heile dagen. Om kvelden kokte dei ei suppe som dei åt saman. Ingen
av de brukte å be til vanleg, men i desse spesielle dagane bad dei både
kveldsbøn og morgonbøn på sundagen. Dei snakka om den fjerde senga og vart
samde om at Aziza kunne flytte inn om ho ville. Til middagsbøna gjekk dei i
moskeen, og der møtte dei henne. Ho vart svært glad og ville gjerne ta imot. Ho
stod og talte med den somaliske imamen. Han var glad for at dei ville stå for
gravferda til Faadumo, og sa at han ville spørje seg føre om nokon stod Mehmet
Habini så nær at dei kunne gjere noko tilsvarande for han.
Spurde han om me
ville gjere det òg? sa Liana.
Eg trur det, sa
Aziza.
So what? sa Sheila. Det kan me vel? Men me kan ikkje vaske han.
Imamen sa at han
kunne skaffe nokon til å vaske og nokon til å bere, men at det ville vere
vakkert om dei kunne ha gravferd saman – som dei hadde døydd saman.
Ville han helst vere
den som les? sa Noreen.
Han tykte det var
ein god idé at det skulle vere russaren. Det er med på så syne omverda at me er
ei multikulruell menigheit.
Discussion
concluded! sa Sheila Hasina. Ho såg underleg framand ut med sjal over det frodige håret.
Det gleid ned heile tida, ho var så uroleg i kroppen. Heltane frå fredag skal
båe få fylgje til paradisporten. Eg tek utfordringa! Eg skal organisere alt
utanom vaskinga og beringa av Habini. Sei det til han. Sei at me ringjer så
snart kroppane vert frigitte, og at han må samle alle muslimar i byen her etter
bårene!
Det spreidde seg som
eld utover plassen. Det var ikkje berre sorga over dei som var borte – det var
ikkje ein gong fyrst og fremst sorga. Det var nok fyrst og fremst høvet til
oppreising, til å vise med ettertrykk at det ikkje var muslimar som hadde
planlagt terroren. Muslimane var offer for terroren – det var to heltar som
skulle gravleggast, to som hadde gitt liva sine for å frigjere eit barn og
bringe det attende til mor si.
Ut over
sundagskvelden vaks historia så fort at den vart attfortald på nettstaden til
den islamske lokalavisa, og etter det vaks ho endå fortare. Signaturen AlAk
skreiv:
«Heidrar gode
muslimar: Den muslimske
forsamlinga i byen her kjem til å slutte mannsterkt opp om sorgprosesjonen når
kroppane til dei to heltane frå fredag vert frigitte av rettsmedisinarane.
Faadumo Awale Samakab var den som avslørte kor
barnekidnapparane hadde gøymt jenta som var teken frå mor si.
Mehmet Habini var leiaren for ekspedisjonen som drog ut for
å fri henne. Med lysande intelligens og stort mot klarte dei å få jenta fri.
Men då dei kom attende til byen og trudde dramaet var over, vart dei båe
hjartelaust myrda.
Saman med dei to vart og barnet si mor, Linda Dahlin Loe, og
den andre som var med å fri jenta – Olave Mario de la Polvora – myrda av den
same mannen. Deira gravferder vil truleg verte mot slutten av veka.
Me vil oppmode alle gode muslimar til også å fylgje desse to
og til å ta vel imot alle kristne og ateistar som vil fylgje våre til grava.
Tid og stad vert annonsert så snart det er klart.»
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar