onsdag 27. november 2013

78: Onsdag 17 - Bodet frå Linda

Eg hadde sove litt i arresten, og eg var gira – ikkje trøytt. Så eg gjekk opp i kafeen på Kulturtorget og kjøpte meg frukost der – og alle dei lokale avisene. Mekanismane attom dei vinklingane som kjem ut av aviser, interesserer meg. Andre medium òg, sjølvsagt – det er vel ikkje så ulikt. Stort sett er det biletet som avgjer. Den hijabdekte Sheila Hasina si sjølvforsvarstrening frå Baltimore var det beste biletet som hadde kome fram på Medie Osen sin desk. Kva dei hadde av videoklipp, er eg ikkje sikker på – i beste fall (for dei sjølve) var det same hending. Så kunne dei betre samkøyre forteljinga på trykk og i levande bilete.
Men bilete kunne ikkje forklare at alle avisene endå ein gong  hadde same vinklinga. Dei hadde jo ulike bilete alle saman. Dei kunne ha vinkla det som ei historie om valdeleg overfall på eit tog av syrgjande, dei kunne ha vinkla på Ingrid Loe som endå ein gong hadde møtt valden i konfliktar ho ikkje hadde noko med, dei kunne ha problematisert politiet si rolle – for ikkje å snakke om at dei kunne ha fortalt om korleis Ivor Iveland og hans folk piska opp ei stemning og gjorde offer til overgripar og mordar til forfylgd helt. Alle desse vinklingane hadde truleg òg vore godt stoff. Men ingen hadde sett til side, alle fortalde om uro i Fi-marka og muslimske fundamentalistar som marsjerte og gjekk til åtak på tilskodarar og politi.
Eg har den teorien at media fungerer etter omtrent same logikk som praten i sirklane på Irene Guri sin kyrkjebakke. Det underlege var at det berre såg ut til å vere éin slik sirkel i medielandskapet. Det var faktisk Ivor Iveland som peikte ut ei forklaring på dette fenomenet i ein prat eg hadde med han langt seinare i hendingsrekkja.
Han meinte òg at fleirtalet av media frå dag til dag konkurrerte på den same skalaen, at bråe bytte av skalaer var ein del av den same konkurransen, og at det var rekna som godt stoff viss ein som var helt i går er skurk i dag. I sjølvbiletet driv dei kritisk og uavhengig journalistikk. Men i røynda spring dei nesten alltid i flokk, i alle fall i store saker. Retninga som flokken spring i, er ikkje tilfeldig, og det er kunsten å forstå den som skil dei som lukkast og dei som mislukkast med å påverke media.
Ivor Iveland meinte at medieaktørane sitt sjølvbilete hang att frå den gong avisene var i kamp med einannan og slåst for ulike ideologiar, rørsler eller maktgrupperingar. Då vart den sylkvasse pennen og det kompromisslause klarsynet idealisert. Journalist, fotograf, redaktør og annonseseljar slåst jamsides for det gode – deira eigen ideologi, rørsle eller maktgruppering – mot det vonde. Som sjølvsagt var den konkurrerande avisa og deira verdsbilete eller tilhengjarskare.
Men for relativt kort tid sidan vart dette endra. Ein etter ein erklærte redaksjonane at dei no ville vere uavhengige. I røynda betydde det at dei bytte ut mangfaldet av verdiskalaer med ein og same skala. Dei ville ikkje lenger vere arbeidaraviser, bondeblad, næringsorgan eller opplysningsmagasin – dei ville alle vere uavhengige konkurrentar på ein open marknad. Slik vart Saka og Bodskapen bytt ut med kapping etter Opplag. Når det så om lag på same tid vart utvikla målemetodar der dei kunne lese ut kva slags saker som tente til å auke opplaget, og kva saker eller vinklingar som drog det nedover, så vart resultatet snart ein heilt identisk skala for alle aviser (med unntak av dei reine nisjeavisene).
Men om det ikkje lenger fanst nokon Vond Fiende å kjempe mot og inga God Sak å stå inne for, så heldt idealet om den sylkvasse pennen og det kompromisslause klarsynet seg. «Det gode» vart berre meir ullent og diffust og flyktig, noko som ingen tok på seg å definere. Etter kvart vart det skapt den sedvanen at det journalistikken skulle strekkje seg etter var «folkemeininga» – i tydinga det folk flest truleg vil meine eller føle eller frykte. Mange gjorde som Rudolf Steiner og definerte sitt publikum og sin oppdragsgjevar som «Fru Olsen i forstadsblokka».
Tilsvarande diffust, ullent og flyktig vart Det vonde. Kriminalitet heldt seg sjølvsagt. Sjukdom òg – særleg ukjende smittesjukdomar frå det mørke Afrika eller det uforståelege Asia. Folk som var stygge med dyr, stod høgt på skalaen, og folk som misbrukte tiltru, stod endå høgare. Etter flaum eller ulukker eller annan skade kappsprang redaksjonane etter dei som kunne skuldast for manglande førebuingar og dårleg informasjon. Og heilt opp mot toppen av skalaen over Det vonde kunne ein finne folk – gjerne kjende folk – som dreiv med andre ting enn det alle trudde dei dreiv med, i løynd og i vinnings hensikt. Avsløringar av hemmelege nettverk og konspirasjonar vart ein av mediekunstens aller mest prestisjefylte sjangrar.
Sett utanfrå, sa Ivor Iveland, for oss som er brukarar av media, er det relativt lett å sjå mekanismane: Media er for det vanlege og mot det uvanlege. Dei vil gjerne avsløre noko som er løynd og uvanleg – og dei vil gjerne ha spissformuleringar som er i samsvar med folk flest sine meiningar. Forstår ein dette, har ein òg oppskrifta på korleis ein styrer media dit ein vil.
Det var skryt, sjølvsagt. Men det var ikkje lett å ta han på resonnementet når han til dømes peikte på hendingsrekka frå det vart funne ein pistol utanfor moskeen til eg sat der og las avisforteljingane frå gravferda til Faadumo Awale Samakab. For ikkje å snakke om når eg tenkte på hendingane frå Kent Karlsen truga Linda til ho låg død på plassen utanfor Reint & Rimeleg.
Eg meiner at eg hadde ei slags aning om ei liknande analyse alt då eg sat der på kafeen og funderte. Men eg hadde ikkje fått den kvila i kroppen som eg no kjenner, når eg ser over tankerekkja eg nett har skrive ut. Eg kjem på det Mark S. Mekhar sa seinare den veka, då han til mi forundring takka ja til å ete middag med meg. Under samtalen sa han dette med at europearar berre kjenner to sortar sanning, og at den eine sorten – sanningar som me alt har funne – ikkje er noko me bryr oss med. Men på kafeen der om morgonen hadde eg ikkje det problemet. Der var både kropp og sjel fulle av uro. Eg hadde det rett og slett vondt.
Korleis kunne byen her ha vendt seg så brutalt mot Linda? tenkte eg.
Var det mi skuld? tenkte eg òg.
Det var fyrste gong eg stilte det spørsmålet. I ettertid ser det underleg ut at det ikkje hadde kome opp for meg før, i all si gru.
Eg er ein mann av mi tid, ei tid der gamle verdsbilete smuldrar opp og vert til støv, og du sjølv har valet mellom å gje faen eller å shoppe deg eit nytt på eiga hand. Det hadde eg ikkje fått til før Linda Dahlin Loe gav meg ein flik av von. Og no var ho død – og byen som ho hadde vendt attende til for å krevje sin rett til å leve i sanning, hadde fordømt både henne og alle dei andre som hadde fylgd henne inn i døden.
Linda var og ei kvinne av si tid. Tida var jo den same som mi, men hennar liv og død var veldig annleis. Var det prov på at det var noko anna å vere kvinne i denne tida enn det var å vere meg?
Tvilen hadde ikkje kome henne til gode då ho freista å vri seg ut av Kent Karlsen sitt grep. Ho vart trudd, men ho vart ikkje trudd fullt ut: Kent vart dømd for å ha slått henne, men ikkje for drapsfreistnad. Han vart dømd for å ha forfylgd henne med bilen sin – men ikkje for å ha pressa henne av vegen. Det var ho som mista sertifikatet, og slik var det ho sjølv som måtte bere skulda for at Sander blødde i hel.
Eg kunne ikkje få meg til å tru anna enn at det var Kent som hadde manipulert Reinhardt Skjetne til å drepe Linda – og det på eit så utspekulert vis at han sjølv stod att høgt heva over all mistanke. Men korleis hadde han gjort det?
Klokka halv ni gjekk han plystrande over Kulturtorget.
Eg tenkte nøyaktig slik: Hadde eg no hatt eit kraftig skytevåpen, kunne eg i ro og mak ha teke det ut av futteralet, ladd, losna sikringa og sikta han inn med god støtte for olbogen på kafébordet og så fjerna han for Sander og Linda sitt minne og for Ingrid sine knuste livsrammer og for alle andre han hadde teke makt over og for all framtid.
Men eg hadde ikkje noko skytevåpen. Gud hadde ikkje gitt meg det. Og om eg hadde hatt det, kunne eg likevel ikkje ha gjort det.
Det var ikkje tanken på straffa som heldt meg tilbake. Nokre år i eit fengsel – kan hende resten av livet i eit fengsel – det hadde ingen preventiv kraft. Alternativet var eit liknande tal med år på ein hybel, med eit deprimerande sjølvbilete av ein feiging som godt kunne uttrykkje støtte, men som ikkje makta stå opp og handle.
Skamma heldt meg vel litt. Det sjokkerte andletet til jenta bak disken, ho som tykte det var morosamt å snakke med folk, redsla som ville vekse fram i andletet etter kvart som det gjekk opp for henne kva det bråe smellet og singlinga i glas hadde vore, at ho stod aleine med ein mordar framfor seg. Politifolka som ville kome etter lang, lang tid med hjelmar og pistolar og skotsikre vestar og skrik – Legg deg ned! Legg deg ned! Etterforskaren som ville kome og smile og by meg røyk og bagatellisere og signalisere med heile seg at eg ikkje var anna enn ein mordar, og at me ikkje hadde anna interesse for einannan enn at ei forklaring skulle gjerast ferdig, og at kva eg elles var eller hadde vore eller drøymde om eller kva slags sorg eg bar, ville vere totalt irrelevant. Og forsvararen som like høfleg og like indifferent ville snakke meg etter munnen og kome med råd om formildande omstende og finurlege bortforklaringar. Alt det ville vere skammeleg, og det heldt meg nok tilbake.
Men det viktigaste var sviket i det. Passivitet ville vere svik mot Linda. Men handling – den handlinga – ville vere eit endå større svik mot det ho sette høgare enn sitt eige liv: Sanninga.
Eg visste ikkje sanninga om korleis Kent Karlsen hadde teke livet av Linda. Og då kunne heller ikkje eg ta livet av han, utan at det ville vere eit svik.
Eg måtte handle, men ikkje drepe.

Det kjendes som eit bod frå henne. 


Til avsnitt 79

Boka er no i sal 





Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar