fredag 6. desember 2013

82: Prosedyrepermen

Rektor på skulen til Margareta Ostarcevic og Ingrid Dahlin Loe var som nemnt svært oppteken av å gjere alt korrekt. Etter hendingane på fredagen beklaga ho at verken Linda sjølv, Barnevernet, Velferda eller politiet hadde syrgja for å fjerne Kent Karlsen sitt namn frå lista over pårørande til Ingrid Loe. Men ho beklaga ikkje at ho sjølv hadde ringt Kent og fortalt om skuldingane som Ingrid hadde sett fram mot han, eller at ho hadde late han ta Ingrid med seg frå skulen.
Alt på måndagen hadde ho kalla inn Bernt Viklimodal – læraren til Ingrid og Margareta – og konfrontert han med aktiviteten som Margareta hadde hatt på Facebooksida «Finn Ingrid!» i skuletida på fredagen. Det kunne umogleg ha gått føre seg utan at læraren hadde godkjent det, og det var illojalt og eit brot på skulen sitt reglement om bruk av smarttelefonar i undervisningstida.
Etter avisoppslaga på tysdagen hadde ho irettesett skarpt den same Viklimodal då han hadde slått frampå at han ville gå med heile klassen både i gravferda til den svarte enkja og til Ingrid si mor. Rektor hadde raskt funne ut at han hadde brukt store delar av ein undervisningstime til å diskutere deltaking i den muslimske gravferda utan å klarere det med henne i forkant. Og Viklimodal burde vere kjend med at skulen ikkje kunne innføre nokon regel om at klassane skulle gå i alle gravferder som måtte dukke opp mellom pårørande til elevar. Skulle dei gjere det, kom dei aldri til å få gjort anna.
Denne morgonen hadde ho fyrst vorte sjokkert over å sjå avishistoria om korleis jenter frå hennar eigen skule – nærare bestemt frå Viklimodal sin klasse – hadde begynt å gå med sjal og henge med islamistiske grupperingar. Ho hadde personleg henta Viklimodal ut frå fyrste time for å konfrontere han med fakta og høyre kva han hadde gjort for å møte denne situasjonen. Då hadde det vist seg at han sjølv hadde teke del i islamistane sin marsj, og at han alt var heilt forblinda av påverknadene frå dei. Han påstod at gravferda hadde vore fredeleg, og at det var tilskodarane som hadde gått til åtak og brukt vald – trass i biletet frå avisa der alle kunne sjå dei kvinnelege fanatikarane sin kampkunst.
Rektor var veldig klar over at det fremste kortet til den grupperinga som tydelegvis hadde plukka ut hennar skule som kampområde, var rasismekortet. Gjekk ho ut mot innvandrarelevar eller -foreldre eller islam generelt, ville ho få kritikken sin i retur med dobbel kraft. Det ville ho ikkje om ho konsentrerte seg om Viklimodal. Det ville verte hardt for han, men han hadde seg sjølv å takke. Brot på prosedyrar og reglar og saksgang utanom tenesteveg måtte ikkje løne seg. Stilte ein seg til for hogg på så grunnleggjande ting, måtte ein berre avfinne seg med at øksa fall.
Før lunsj hadde ho fått til eit fortruleg møte med fagforeininga hans. Det var eit ansvarleg forbund som evna å sjå saker frå meir enn ei side, i alle høve i fortrulege møter. Dei delte bekymringane for korleis grupperingar utan feste i kultur eller særtrekk i byen her arbeidde systematisk for å undergrave dei verdiane som alt var bygd på, og dei såg problemet med naive og godtruande personar som lét seg bruke i dette spelet. Men dei kunne likevel ikkje gå med på drastiske tiltak for å erstatte slike personar utan at dei vart skikkeleg kompensert. På det punktet vart dei svært usamde, og rektor kjende seg skikkeleg lurt då ho gjekk derifrå med ein avtale om at Bernt Viklimodal skulle forfremjast til konsulent i undervisningsmetodikk eller kva det no var.
Ho makta ikkje å spele teater då ho kalla han inn for å orientere han om dette. Ho stadfesta med korte ord at det var hans illojalitet og manglande evne til å stå mot straumdrag som påverka elevane, som gjorde det naudsynt å ta han ut av undervisning og inn i ein stabsfunksjon. Ho sa til og med at ho var lei for at det ville bety lønsauke for han. Men rett skulle vere rett: Ho kjende regelverket.
Men ho kjende ikkje Bernt Viklimodal.
Nei takk, sa han.
Men eg spør deg ikkje! Eg orienterer deg om ei stillingsendring! sa ho.
Eg er vel nøgd med den stillinga eg har. Og om det har vorte så gale i byen her at det skal vere straffbart å fortelje kva eg sjølv har sett og opplevd med eigne auge, så får det kome fram i ein open rettssal! Det er på tide å setje foten ned, rektor! Du er på ville vegar!
Slik vart endå eit konfliktområde opna i byen her. Den snikande faren hadde bite seg fast i sjølve skulestrukturen. Eit solid fundert prosedyreverk, utvikla gjennom involvering av alle tilsette, vart utfordra av ein impulsiv einskildlærar. Ein mann med brestar i karakteren, utan kraft til å stå mot ideologiske svermeri mellom ungdomsskuleelevar, sette seg no opp mot rektor og sjølvaste Prosedyreverket.
Eg må seie – eg forstå ikkje? sa rektor. Kva meiner du?
Eg forstår heller ikkje kva som går føre seg, sa Bern Viklimodal. Men eg forstår at du vil fjerne meg, og eg forstår at meininga med det er å stoppe mine elevar sitt engasjement i det som hender med byen deira. Og det skal du ikkje klare! Det er dei unge sin by. Ikkje din.
Han reiste seg. Ho sa skarpt at han skulle setje seg. Han svarte like skarpt at han hadde elevar og undervisning å ta seg av og ikkje ville kaste bort meir tid på henne. Ho heva røysta og sa at han ikkje kunne tale slik til ein leiar. Han sa at no kunne ho angre på at ho plent ville ha møtet på tomannshand. Ho sa at ho alt hadde hatt møte med fagforeininga hans. Han lo og sa ja vel, veit du kva ein av mine elevar kallar slikt? Ho sa ingenting, for ho vart overrumpla og visste ikkje kva ho skulle seie, og då la han til: Slik samrøre av makt og organisasjon – veit du kva min problemelev nummer to kallar slik?
Kva meiner du? sa rektor.
Ustasja! sa Bernt Viklimodal. Eller fascisme, som me brukar kalle det her nord.
Dette er det verste eg har vore ute for! sa rektor.
Eg òg! sa Bernt Viklimodal.
Han gjekk fyrst. Rektor var så sint at ho måtte ta seg eit glas vatn før ho gjekk ut av rommet. Men der var ikkje noko glas der. Der var ein vask og ei hylle med skitne kaffikoppar, men ikkje glas, ikkje pappkrus. Ho måtte bøye seg ned over vasskrana og forme til ein slags kulp med venstrehanda som ho kunne drikke av. Det var uverdig. Ho kunne kjenne det prikke i ryggen, som om døra kvart sekund kunne gå opp attom henne og Viklimodal kome inn att, eller einkvan annan. Så ho retta seg opp utan å ha fått så mykje vatn at ho roa seg, ho såg seg i spegelen, retta på håret medan det lynte gjennom henne: Oppseiingsprosedyrar, tenkte ho. Kor står permen med personalhandboka? Ho tverrvende, gjekk ut av rommet, heldt attende trongen til å slamre døra attom seg, gjekk med korte, harde Steg ned gangen og inn til sitt eige kontor.
Ho hadde forrom, sjølv om ho ikkje hadde sekretær.
Ei kvinne og ei jente stod der og såg ut vindauget.
Den unge var Ingrid Loe. Den vaksne var Irene Guri Andersen Halvorsen.
Eg veit ikkje kva som hende inni rektor, men etter det Irene Guri seinare fortalde var der ikkje spor av sinne i henne då ho helste dei og bad dei inn på kontoret sitt.
Ho tok Ingrid i handa og sa lågt: Kondolerer …
Ingrid sa: Det hadde ikkje hendt om ikkje du hadde late han ta meg. Men det tener ikkje til noko å tenkje slik.
Rektor vart stum. Ho såg på Irene Guri.
Denne sa med stort alvor: Ingrid har strevd mykje med det spørsmålet, noko ho sjølv godt kunne forstå. Ho har sjølv kome fram til at det ikkje tener til noko. Han som drap mor hennar og venene hennar, må bere skulda aleine. Men det er heilt sant at det ikkje hadde hendt om ikkje skulen hadde oppført seg så tåpeleg.
Me må fylgje prosedyrane, sa rektor.
Begge dei to gjestene såg lenge på rektor utan å seie noko. Ho vart nervøs, slo armen ut mot konferansebordet, gjekk inn attom skrivebordet sitt, henta prosedyrepermen og sette seg ved bordet ho òg.
Me kom for å orientere deg om kva som vidare skal hende, sa Irene Guri. Så fortalde ho at det var ho sjølv som skulle vere Ingrid sin omsorgsperson inntil vidare. Ho leverte utskrift av Fylkesnemnda sitt vedtak, presiserte at Kent Karlsen skulle strykast som pårørande, og bad rektor stadfeste at ho hadde oppfatta dette.
Korleis vert det gjort? sa Irene Guri.
Det kan eg gjere her og no, sa rektor.
Då ser me gjerne at du gjer det. Me kan vente, sa Irene Guri.
Rektor ville protestere – men ho bøygde seg for dei bydande auga på den andre sida av bordet. Ho reiste seg, gjekk bort til pc-en og logga seg inn i den sensitive sona. Medan ho gjorde det, såg ho ei Twitter-melding frå Sentrumsforeininga. Dei gjorde merksam på eit blogginnlegg frå ein av universitetsfolka. «Til forsvar for det frie ord» heitte det.
Sjå der var det gjort. No står De der som næraste pårørande, elles står onkelen, morfar og mormor, sa ho.
Fint, sa Irene Guri. Så gjeld det førebuingar til Ingrid skal begynne på skulen att. Eg kjem til å halde henne heime denne veka. Gravferda er i morgon. Fredag skal me flytte. Ingrid skal heim att, og eg skal flytte med. Måndag kjem ho attende på skulen.
Etter prosedyrane skal det søkjast om permisjon, sa rektor.
Då kan me gjere det òg med det same.
Det er greitt. Eg skal ordne det. Det er ikkje naudsynt.
Er det ikkje naudsynt?
Nei. Eg skal ordne det. Etterpå.
Denne skulen har ikkje akkurat bygd tiltru til at den evnar å ordne ting uformelt.
Me er opptekne av å gjere ting korrekt, ja.
Og Ingrid har opplevd nok urett. Eg trur ikkje me skal ta sjansen på ein ny sprik mellom røynda og formalitetane. Det er vel best at me får eit skjema for permisjonssøknad.
Stolar De ikkje på mitt ord?
Nei.
Rektor må ha kjent sinnet begynne å boble att. Men ho hadde ingen argument, og gjekk til maskinen att, henta opp og skreiv ut skjema for søknad om velferdspermisjon for elevar i ungdomsskulen.
Dei tok seg god tid, dei to. Dei las langsamt gjennom reglane som stod på skjemaet. Ingrid spurde kviskrande om noko. Irene Guri nikka.
Det ser ut til at me må ha to skjema, sa ho. Eit for gravferd i nær familie – og eit for flytting.
Det går bra.
Det står her at det berre kan søkast om tre dagar for gravferd til foreldre. Det står ingen særreglar for mord eller når barn har vore augevitne til mord eller for andre særtilfelle. Men det står at me kan søke om tre dagar i samband med flytting. Ingrid har jo alt vore borte i tre dagar, og det blir to til. Må me kan hende søke permisjon for bortføringsdagen og? Då blir det akkurat seks dagar.
Eg har litt smått med tid …
De har viktigare saker, ja? Berre gjer dei unna. Me kan fylle ut skjemaet medan me ventar. Kan me vente her?
Nei, nei – det var ikkje slik meint …
Eg trur Irene Guri terroriserte rektor med vilje. Slik eg etter kvart har lært henne å kjenne, så har ho eit imponerande spekter av metodar både til å løfte folk opp og til å trykkje dei ned. Ho kan ikkje ha visst noko om korleis denne dagen hadde vore til då for rektor. Men forventningar ho hadde hatt på førehand, vart stadfesta til fulle, og framgangsmåten var nok til dels eit resultat av det. Ho braut rett og slett ned motstanden før ho i det heile teke begynte med det dei eigentleg kom for.
Så var det hovudærendet vårt, sa ho.
Rektor såg forundra ut, men venta.
Eg reknar med at De har sett avisene i dag og i går?
Sjølvsagt.
Og de veit sjølvsagt korleis barn og unge menneske vanlegvis reagerer på slikt?
Eg må få minne om at eg arbeider med barn og ungdom kvar dag!
Nåja. Eg har no vore borti både rektorar og lærarar som verken forstår sine eigne eller elevane sine reaksjonar på alvorlege hendingar.
Det har me altså kontroll på her!
Viss ikkje det vert gjorde tiltak, reknar eg med at ho ganske snart vert ståande i ein ring av ungdomar som vil vete kor mykje mor hennar selde henne for, om ho har vorte omskåren, og om ho kan demonstrere kampkunstane ho skal lære.
Ho vil ikkje verte mobba.
Fint. Kan eg få høyre kva slag tiltak som er sette i verk for å hindre det?
Me vil snakke med klassen i forkant.
Men i Ingrid sin klasse er der jo ti fantastiske jenter som sjølve har fått sjå korleis avisene lyg om det som har hendt – og i tillegg har dei ein fantastisk lærar som har stilt opp for å støtte Ingrid. Dei vil nok ta godt imot henne. Det er alle dei andre som eg er bekymra for. Dei som hentar haldningane sine frå avisene.
Me kan ikkje snakke med heile skulen.
Kvifor ikkje?
Me må fylgje reglane.
Og kva seier dei?
At me skal ha beredskap mot mobbing.
Irene Guri såg avventande på rektor. Men rektor hadde ikkje meir å seie, så det vart stilt. Ingrid tok ordet.
Margareta fekk ikkje lov å seie at du sende meg med Kent Karlsen, sa ho.
Kven nekta ho det?
Bernt.
Gjorde han det?
Viss ikkje det er lov å seie ting som dei er, så er det ikkje fritt, sa Ingrid.
Rektor sa ikkje noko, truleg visste ho ikkje kva ho skulle seie.
Me var i gravferda i går, sa Irene Guri. Det kan dei ikkje ha vore, dei som har skrive artiklane i avisa, for der står det noko heilt anna enn det som verkeleg hende. Avisene blæs til glør som mange ikkje visste om. Noko uhyggjeleg rører seg i byen her – det har kosta seks liv til no! Det går ikkje an å bagatellisere dette eller putte det inn i vanlege prosedyreverk. Alle må kjenne eit ansvar, fyrst og fremst for det dei har rett framfor seg. Ditt ansvar, rektor, er fyrst og fremst dette barnet. Då Ingrid endeleg – etter tre år – fortalde sanninga om livet sitt, vart ho fyrst skulda for lygn. Så vart ho utlevert til mannen som truga mor hennar på livet gjennom alle desse åra – med den fylgja at han bortførte henne. Då mamma Linda og venene hennar klarte å få Ingrid fri, kom han med denne bløffen om islamistisk kidnapping som fekk folk til å losne skot tre gonger. Den siste gongen mista Ingrid både mammaa si og alle som hadde vore med å redde henne. Dei vart myrda rett framfor auga hennar. Og som om ikkje dette var nok, så opplever ho at avisene – og truleg fleirtalet av borna i skulegarden – legg ansvaret på dei som døydde. Til og med ansvaret for at ein mobb gjekk til åtak på gravferda i går kveld.

Rektor la handa på prosedyrepermen og sa: Mi kjære frue! Me er fullt klar over dei forferdelege opplevingane Ingrid har hatt. Det skal me ta oss av, og ho kjem ikkje til å verte mobba. Men det er ikkje skulen som skal skilje rett frå gale i dei ulike tolkingane av hendingane dei siste dagane – me skal skape ein skule som er trygg for alle. Ingrid si oppleving av det som har hendt, er like god som andre sine. I denne byen vert ingen gløymde eller overlatne til seg sjølve når ulukke eller urett rammar.





Til avsnitt 83

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 

Boka er no i sal 



bjorn@enes.no

Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar