onsdag 29. mai 2013

Forord til bloggutgåva


I dag, onsdag 29. mai 2013, har eg bestemt meg for å starte publisering av romanen ”Til minne om Linda” som framhaldsforteljing på adressa www.bloggforteljing.no. Om han finn fram til eit publikum, vil eg seinare publisere han i papirformat.

Fredag kveld (25. mai)  høyrde eg ei av Gunnar Danbolt sine forklaringar om skilnaden mellom renessanse og barokk: Renessansen var oppdaginga av perspektivet, sa han. Betraktaren stilte seg utanfor, let att det eine auget og såg verda som i ei traktform der alt vart ståande i relasjonar til alt anna: Nærare eller lenger ifrå, større eller mindre, lyssett eller løynd i skyggeparti.

Barokken hadde ei heilt anna tilnærming, sa han. Han fortalde om kyrkjekonsertar der kor og solistar sto rundt langs vegger og på galleri, orgelet fekk sin naturlege plass attarst i kyrkjeromet og publikum sat midt inne i musikken. I barokken gjekk betraktaren inn i si tid og stilte seg open for inntrykk frå alle kantar på ein gong, sa han.  

Eg tenkte: Han peikar på ein pendelgang som har gått gjennom heile kulturhistoria. Han kunne like gjerne snakka slik om klassisisme og romantikk, eller modernisme og denne nye epoken som truleg ikkje vil få noko namn før alle me som flyt rundt i han er borte. Renessansekunstnaren som kneip att det eine auget knekte og fotokamerakoden, sa Danbolt, den som dominerer vår eiga tid så veldig at det kan vere vanskeleg å hugse at det finst andre måtar å betrakte på.

Eg tenkte at der gav professoren forklaringa på mitt eige problem med denne forteljinga:

”Til minne om Linda”  har ikkje eitt gjennomgåande perspektiv, den let ikkje forteljar eller lesar kvile i visse om kva som er nært eller fjernt, stort eller lite, lyst eller mørkt, skuldig eller indifferent. Det er ei forteljing om ein by, om eit mylder, om samanhengar som den einskilde ikkje har oversyn over men som likevel kjem til uttrykk som hendingar. Eg gav forteljinga titel etter ein av dei viktigaste karakterane, ein av dei som eg sit att med sterkast kjensler for, men  eg er ikkje sikker på om det er henne eg sjølv kjem til å hugse best. Det kan like gjerne vere dotter hennar, Ingrid, eller den uttrykkslause politimannen Mark S. Mekhar som seier at det er monoteismen som har ført oss – jødar, grekarar og araberar – inn i den umoglege tankefella at alt kan tenkjast inn i trekanta format, at alt har ein essens – og at ein dermed berre treng leite i tre hjørne. Det fins seksten sortar sanning, seier han.

Nokon har likevel bede meg om  ein leietråd for ikkje å gå vill i mylderet. Då seier eg: Fylg forteljaren si eiga rørsle frå utanforståande betraktar til ein som gir etter for røynda,  sprenger seg ut av tankefella og går inn i si tid.

Frå fredag 31. mai vil eg publisere eit avsnitt kvar måndag, onsdag og fredag til alt er fortalt ferdig den 20. desember i år..


Til avsnitt 1














Omslagsbiletet

Det var ein oktoberdag i 2010, ein sundag i vakkert haustver  i Fjellveien i Bergen. Det var mange folk der, kjende og ukjende. Me gjekk vel alle og kjende på det siste lyset frå den varme årstida, på at myrkret og regnet og kulda skulle ta over og jage oss inn i tronge hus og snevre sirklar og  tunge tankar.

Nett då sola skulle til å søkke seg ned i disen attom Løvstakken kom me fram til Fritz Røed sin skulptur "Vårfornemmelse". 

Det var eit utruleg syn som møtte oss der. Den glade, optimistiske og naive skulpturen som sto der for å fortelje at våren vil kome og at livet vil ta seg opp att, vart kjærteikna av den sola som visste at ho var på tapande lag, at når ho vart borte  om nokre få sekund kunne det ta veker og månader før ho kom att. Det var slutt. Ho hadde vore der sia ho delte gleda med den tynne jentekroppen. Ho hadde kanskje og tulla kleda i ein bylt på hovudet og smoge seg i vatnet for fyrste gong.  Men no var det slutt. 

Det var slutt.

Det var det som hadde vore.

Men det var denne påminninga og, som sto der. Det kan bli storm og det kan bli kaldt. Men gje aldri opp. 

Linda er borte. Men det ho sette att etter seg i byen her er fanga av Fritz Røed når du ser verket hans om ettermiddagen den siste godverssundagen i oktober.


Til avsnitt 1 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar