mandag 3. juni 2013

2: Ein delt by

  (Samandrag

Eva Trotto Moe

Det er fleire gode grunnar til å tru at Passasjer 81 skreiv desse bloggpostane til Eva Trotto Moe, at han studerte henne medan ho las, og brukte det han såg, til å treffe endå betre med neste bloggpost. Og ho las dei, ein på veg til jobben om morgonen, og ein på vegen heim att om ettermiddagen. Eg trur aldri ho sjølv kom på den tanken at tekstane kunne ha noko med henne å gjere. Ho hadde det same forholdet til tekstar anten ho las om kvinnelege diktarar i mellomalderen, eller mannlege valdsmenn i samtida: Var det godt skrive, kunne ho leve seg inn i karakterane og handlingane. Men ho blanda aldri den virtuelle verda ho las om, og den verkelege verda ho levde i. Ho stod på eit verkeleg busstopp, veksla ord om vêr og vind med verkelege folk, steig inn i ein verkeleg buss, sette seg på same plass kvar dag – og opna lesebrettet til den virtuelle verda der Salman Rushdie, Leo Tolstoj og Passasjer 81 var.
Ho brukte alltid tida på bussen til å lese. Etter at lesebretta kom og Transportselskapet fann på å installere trådlause nett, hadde ho gått heilt over til å lese digitale tekstar. Ho las ikkje nyhende, med mindre noko heilt uvanleg stod på, ho las bokomtalar, intervju med forfattarar og bloggar. Ho hadde ramla inn på Passasjer 81 for fyrste gong nokre dagar før, medan ho leitte etter bloggen til ein kjend forfattar. Då stod det berre at bloggen skulle starte måndag den fyrste, og ho tinga eit e-postvarsel.
Ho likte sekvensen om dama som ikkje forstod kor udanna det er å snakke høgt i telefon når ein sit tett saman med andre folk i ein buss. Ho hadde erfart det same sjølv – seinast nett no – men ho reflekterte altså ikkje over at det kunne vere ein samanheng mellom det ho opplevde, og det ho las. Ho tykte forfattaren skreiv om gjenkjennelege drag ved samtida og gledde seg kvar gong ho fann gullkorn om livet slik det var, ho las og lagra. Her i byen er det mange som trur at deira eigne erfaringar og kjensler er like med folk flest sine, og Eva Trotto Moe var ein av dei, om enn ho for sin del ville sagt «samtida» – ikkje «folk flest».
Mobiltelefonar er vulgære, kunne ho seie. Der legg folk ut om kor dei har underbuksene sine, dei eig ikkje skam. Det verdige i sjenansen vert undergrave. Men lesebrett var fint. Der kunne ein lese om dei store spørsmåla i same stund som dei vart reiste, så å seie. Den litterære prosessen vart sosialisert. Forfattarar kunne interagere med lesarane gjennom sosiale medium og skape litteraturen ut av eller – tvert om – uavhengig av kontekst.
Ho levde aleine i ein rimeleg, men vakker leigebustad i Forstad Åsen. Biblioteket og litteraturen fylde livet hennar. Skulle ein sjå strengt objektivt på det, var ho vel ein av dei sentrale kulturpersonane i byen her, men det tenkte verken ho sjølv eller nokon annan på. Ho var ingen synsar, ho vekte ikkje og søkte ikkje merksemd, ho hadde få vener og var ikkje spesielt aktiv med å skaffe seg nye. Det gav henne tid til å engasjere seg i prosjekta til folk som brukte biblioteket, slektsgranskarar, lokalhistorikarar, astronomi- og språkinteresserte, folk med idear til eviggangsmaskinar eller løysinga på mysteriet om det forsvunne Atlantis.
Utanfor biblioteket og livssirkelen til Eva Trotto Moe krydde det av ulitterære menneske, folk som aldri kom innom biblioteket, eller som berre kom dit nokre få gonger i livet for å låne bøker med tips om konfirmasjons- eller bryllaupstalar. Eller folk som berre kom når ho hadde rydda magasinet og stempla «utgått» i verk som hadde tapt i kampen for tilværet som litterær arv. Dei brukte å kviskre langs borda med bøker til loppemarknadsprisar. Dei leitte etter «noko av verdi», det var folk som ikkje tykte noko i verda var interessant om ikkje dei kunne kalle det for «sitt».
For ikkje å tale om dei som kom etterpå i raude og irrgrøne sikkerheitsdressar og ikkje såg på titlane ein gong, berre sopte restane av livskall og åndskamp ned i dunkar av plast for attvinning av papirmasse.
Ho irriterte seg over «folk flest» og inst inne forakta ho dei. Men det var lenge sidan ho hadde forsona seg med at folk i byen her aldri har vore av eitt slag. Byen her har delt seg på langs – og han har delt seg på tvers.
Delinga har vel røter heilt attende til den gong byen berre var ei klynge med sjøbuer rundt elveosen, ein lageleg plass for folk til å møtast for å bytte brødkorn mot huder eller lin og veksle nytt. Det var vel stanken frå garvinga som fekk møllarane til å trekkje over på venstre breidd. Etter kvart som kaupangen vaks til med buer og bygg av ulike slag, klumpa smed og seglmakar, tømmermann og feltskjer seg saman med garvarane, medan bakar, bryggar og prest rodde over til møllene. Det vart til ein by etter kvart. Han åt seg oppover langs elva og utover langs strender og svaberg, med reiparbane, slippar og verkstader på den eine sida og marknad, kyrkjer og skjenkestover på den andre. Det kom vollar rundt til vern og sikring av toll, det kom nye ringar med stover og stallar, det kom brannar og backstein, bruer og bordellar, brytningstider, bannbullar og bomber.
Folk klumpa seg i klassar og bura seg i båsar og markerte seg med ulike dialektar og sosiolektar. Sjølv om det kom bylgje etter bylgje med overmodige utfordrarar som ville gjere om på gamle makter og måtar, så vart det berre nokre år med gnuring og gnissing og skubb og slag, til dei òg hadde funne seg båsar å hevde seg i. Og der hadde dei sett seg til for å vakte på neste bylgje eller neste kast av forandringsvind. Aktløyse, vondord og fordomar mot nye som kom, og mot andre som sat, var ein like viktig del av byen sitt lynne som dei svulstige orda dei bar fram, dei som sette seg sjølve så høgt at dei meinte dei kunne snakke for alle.
Og ulikskapen mellom høgre og venstre breidd heldt seg: Garvestanken låg over høgre – litteraturen lyste over venstre.
Eva Trotto Moe snakka med sorg om kommersiell forflating og harrykultur på høgre breidd, men heldt seg for god til å blande seg i ordskiftet når folk derifrå kvitterte aktlaust om jåleri og verdsfjerne ordgytarar på venstre. Ho søkte aldri noko rampelys med orda sine, men la dei lågmælt fram på litteraturkveldar eller seminargrupper og formulerte seg slik at det handla om Litteraturen, ikkje om Livet eller byen her. Ho var eit barn av opplysningstida, barnebarn av rennessansen – og oldebarn av den klassiske greske danninga.
Men ho var ikkje annleis enn andre på den måten at ho gjerne ville vere fyrst til å oppdage komande stjerner. Difor fylgde ho nye bloggarar som ho kom over med interesse – så lenge dei var interessante. Og Passasjer 81 var interessant.

Passasjer 81 – kveldspost: Ein som ser

Eg kan sjå at du har denne uroa i deg att, over kor livet ditt vert av. Er det difor du les?
Den tid eg hadde vanleg arbeid, tenkte eg stundom: Korleis kan dei som betalar løna mi, ha tent på det eg har gjort i dag? Eg hadde ikkje alltid noko godt svar. Men eg vart aldri sagt opp. Det var eg sjølv som til sist gjekk til personalkontoret med avgjerda.
Kva skal du ta til med no, da? spurde Ingvild på Personal. Ho var ei framifrå kvinne – ingenting gale å seie om henne. Ho var litt rund og triveleg. Ho var ikkje spesielt snill, og kom du i konflikt med henne, var ho kald og hard som stein – ho vann alltid. Men hadde du fredeleg ærend, var ho hyggjeleg og spurde om ting som dei ikkje brukar å kome på, dei som inst inne gir katten i deg.
Eg skal tenkje, trur eg, sa eg.
Å? sa ho. Så du har ikkje fått ein annan jobb?
Nei, sa eg. Eg skal ta ein, kan hende.
Ho forstod jo ikkje noko av det, men ho spurde ikkje meir heller. Eg kunne jo godt ha spurt henne om kvifor ho ikkje spurde meg, men kvifor skulle eg det? Du må gje om du skal få. Om eg skulle ha fått henne til å interessere seg for mine draumar, måtte eg ha spurt om hennar. Eg kunne ha spurt henne om blomar, for det var ikkje vanskeleg å sjå at Ingvild på Personal levde med blomar. Ho sat inne i ein boks. Me som skulle snakke med henne, måtte stå på utsida og snakke gjennom ei luke. Ho sat høgt oppe og såg ned på denne luka, og der var blomar på begge sider – ho var rama inne av blomane. Kom me i ein pause, stod blomane framfor luka. Ho flytta dei til side og sa «ver så god» når pausen var slutt. Jamvel der me stod, var der blomar. Det var vel forresten ein boks det òg. Ho sat i ein boks, me stod i ein annan. Der var blomar i begge boksane og ei luke imellom. Så Ingvild på Personal var glad i blomar, det var ikkje det.
Eg kunne ha sagt at eg ville verte ein som ser, ein som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det. Eg kunne ha sagt at folk er som blomar; eg vil dyrke dei, få dei til å bløme, slik at eg kan sjå på dei. Eg kunne godt ha sagt at eg ville lukte på dei òg, men det hadde eg nok ikkje sagt. Det høver seg ikkje, trur eg. Ikkje til ei dame, ikkje til ei dame som attpåtil er rund og triveleg og sikkert ganske sanseleg.
Eg skulle òg gjerne slutte i arbeid og berre stelle blomar, ville ho sikkert ha sagt. Men eg vågar ikkje berre kaste meg ut i det. Eg er nok for feig.
Ja, kunne eg ha sagt, du lever livet ditt i boksar. Men der er luke mellom dei, ville vel ho sa sagt då, og så ville eg ha sagt at ja, ja visst – og blomar er der både i den eine boksen og i den andre.
Men eg spurde ikkje etter hennar draumar, og difor spurde ikkje ho etter mine heller. I staden sa ho:
Då kan du få feriepengane med det same, om du vil?
Nja? sa eg, og tenkte på det som eit filosofisk spørsmål: Når du sluttar å arbeide for å berre gå rundt og sjå og tenkje – er du då på ferie? Når du studerer folk, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det – er det då arbeid eller fritid? Er det mogleg å ta ferie om ein ikkje har arbeid?
Eg smilte litt skrått og spurde om eg kunne kome med eit litt underleg spørsmål, og ho smilte tilbake og sa «ver så god», og eg spurde:
Kva er arbeid?
Kraft ganga med veg, sa ho. Newton sin lov. Ta noko opp, gjere noko med det – og så ferdig. Min jobb er å ta opp løn, betale ut til dei som gjer arbeid for denne verksemda – og ferdig med det. Med unntak av sluttoppgjer – då er der eit moment til: Feriepengane med det same – eller i juli?
Eg ser meir filosofisk på det, sa eg.
Greitt. Då seier me juli, sa ho.
Det kjem an på, tok eg til.
Så slepp du skatt òg, sa ho.
Greitt, sa eg.
Det er med andre ord ikkje feriefantasiar eg held på med når eg ser deg og ser at du har ein av desse dagane der du undrar deg over kor livet vert av. Det er ikkje arbeid heller, akkurat, eg tek det opp, men eg gjer ikkje noko med det, eg berre ser på det. Enn så lenge.
Men dette livet ditt då som vert borte? Kva er det? Forbrenning – formeiring – tilpassing? Potetene vert borte, middag for middag? Borna vart ungdomar og vaksne før du nådde å verte skikkeleg kjend med dei? Kvart knep du lærte deg vart avleggs med nye maskinar? Ja. Nei. Det er ikkje det. Det er draumane. Det som skulle verte ein gong, det vart ikkje slik. Eller: Den gongen det skulle verte, den kom og den gjekk, utan at det kom nye draumar. Det var vel helst det at du tok til å sjå attende på draumane, som gjorde at du fekk den kjensla av at livet vart borte, var det ikkje?
Så du les.
Og eg skriv. Ser du: Lady Raud skal heim att. Ho slit på ein svær handlepose og saknar bagasjerommet på bilen sin. Den er òg raud. Alvarez kom ikkje. Men berre ta det med ro, han kjem med neste.

Kent Karlsen

På høgre side av elva levde borna av det amerikanske hundreåret, the free and the brave, slitarane, oppfinnarane, fiksarane, barneborna av dei som ikkje migrerte vest over havet, oldeborna av dei liveigne. Ein av dei, Kent Karlsen, son av skraphandlar Gunnar Karlsen og soneson av reisande isenkramhandlar Carl Jacob Mesenius Frantzén, kom ein dag inn på biblioteket og spurde om dei hadde ei tunn bok om byen sitt særpreg.
Eva opna munnen for å trykke han ned att i dei skoa han nær hadde gått av seg berre ved å kome inn i hennar verd. Ho skulle til å spørje om han då tenkte på biologiske, geologiske, antropologiske, økonomiske, historiske eller kulturelle særpreg, men eit blaff av omsorgskjensle slo opp i henne, og i staden sa ho:
Det trur eg nok – kan eg spørje kva du skal bruke henne til?
Eg skal halde eit innlegg, sa han. Om korleis byen kan rette opp ryktet sitt.
Ja vel …, sa Eva og drog på det. Ho var i villreie om kva han meinte.
Har byen så dårleg rykte, då? spurde ho.
Du skal ikkje reise langt før du høyrer vondord frå alle kantar, sa han. Eg veit korleis det er å vere uglesett. Eg kjenner det att med ein gong. No har eg budd i andre byar i fire år, og eg har sett det verte verre og verre. Eg veit korleis me kan slå tilbake. Men eg må lese meir om kva me kan halde fram om byen sine gode sider.
Då forstår eg, sa Eva Trotto Moe. Ei bok om kva byen kan vere stolt av. Ei tunn skrytebok!
Ho tenkte med ein gong på ei av dei mest latterlege bøkene i samlinga, «Byen i hjarto våre» av gamleprosten, Jesper «Jippie» Jebsen. Den var så svulstig og patetisk i si lovprising av likt og ulikt i det han kalla «Vårherre sin augnestein» at boka helst vart brukt til høgtlesing i lystige lag på venstre breidd. Eva våga ikkje nemne denne boka særskilt, men tok henne med i bunka då ho gjekk og samla eit utval av lokalhistorisk og lokalpolitisk sakprosa. Men Kent Karlsen plukka henne sjølv ut med det same, mest av di ho var den tunnaste kanskje.
Denne ser bra ut, sa han. Ikkje rart at den er sliten!
Den er mykje utlånt, sa ho, utan å nemne kvifor.
Ingen hadde så langt skrive noko om Kent Karlsen. Difor visste ikkje ho noko om han – og difor interesserte han henne ikkje heller.
Ho lo litt i lunsjen då ho fortalde om bokvalet til harryen som skulle halde innlegg om byen sitt rykte, så gløymde ho han. Ho kopla heller ikkje dette då avisene seinare vart fulle av artiklar om han. Så dette som eg etter kvart fann ut om Kent Karlsen, byggjer på heilt andre kjelder enn henne.
Han vaks altså opp på skraphandlartomta der gamle Carl Jacob Mesenius Frantzén til slutt hadde slått seg ned og vorte bufast. Då Kent var liten, låg tomta for seg sjølv ved eit jorde attom skura lengst vekke frå høgre breidd, men alt då han tok til på skulen, hadde byen lagt seg i ein boge rundt tomta. Kvar ettermiddag vart vesle Kent overaust med oppgraderte og tilspissa versjonar av dei forteljingane som dei andre borna hadde høyrt foreldra utveksle ved middagsbordet, om rotet, støvet og luktene frå skraphandlartomta. Dei vaksne spekulerte i kor lurvete økonomien til fantane var, og kor skammeleg det var med alle uteliggarane som samla seg der for å selje flasker, stolne kopparleidningar eller bilvrak. Etterpå stod Kent i ein ring av leande og pirkande gutar og jenter og måtte forsvare seg. Ein kveld kom han grinande heim. Då tok bestefaren han hardt i armen og sa:
Grin ikkje, gut, det hjelper deg ingenting. Du skal skjelle! Og held dei framleis ikkje kjeft, skal du kaste stein!
Sidan gjekk alt mykje betre. Han vart ein meister med steinar og stokkar, det gav han sjølvtillit, og det grov under dei andre sin. Med det utgangspunktet vart han og ein meister i å sjå sprekkane i det klassekameratane hans tenkte, trudde og sa. Han forstod at dei kjende seg lukkelege, sterke og samde når dei stod i ring og ropte i kor, om det var godt eller vondt det dei ropte. Men han lærte òg at om han tok dei ein og ein, så var dei tvilande og formelege. Han kunne truge og få dei til å krype av redsle – og han kunne ta dei med det gode og få dei til å krype endå meir medgjerlige av takksemd for at han ikkje slo eller ikkje steina eller ikkje sa det stygge dei var reddast for at han skulle seie. Då kunne han få ut av dei alt dei hadde høyrt av aktløyse, vondord og fordomar om kvarandre og kvarandre sine foreldre. Etter kvart hadde han noko på alle. Han vart den fremste til å rope når dei stod i ring, og han vart den sterkaste og den som visste mest – når han var med ein og ein.
Når han tok dei med det gode, var han og ein meister til å vekkje medynk. Best verka det på bestefaren. Den gamle elska guten over alt på jord. Han trudde alt guten sa, og heldt seg ikkje for god til å kaste stein sjølv når han vart oppøst nok av Kent sine forteljingar. Nokre av desse strengane som klang så sterkt i bestefaren, kunne finnast hos dei fleste menneske – særleg hos kvinner – og Kent vart ein meister til å få dei òg til å vibrere med når han tok folk med det gode.
Medynk har den underlege verknaden at den i tur vekkjer det dårlege samvitet i folk. Ikkje berre kjennest det vondt å stå framfor ein stakkar – mange kjenner seg skuldige òg. For ei stund i alle fall. Om Kent Karlsen forstod dette, eller om han berre tok det reint intuitivt, skal vere usagt. Uansett lærte han seg å spele på alle tre kjenslene. Han vekte medynk, verkande samvit og redsle i folk rundt seg, ei kjensle om gongen eller alle tre samstundes. Slik hadde han lært seg dette med å skaffe seg makt. Han kunne dominere einskildmenneske, han kunne stilne samla flokkar – og han kunne få dei til å snu seg mot andre enn han sjølv.
Han ville ikkje ta over skraphandlarverksemda då han vart vaksen. Men handle ville han: Han handla bilar frå han var fjorten, seinare vart det teppe, videoar, mobiltelefonar, aksjar og eigedomar. Han steig, og han datt, han var høgt oppe og djupt nede etter konjunkturar, hell og uhell. Aktløyse, vondord og fordomar svinga like sterkt – dei var på topp når butikken var på botn, og når pengane rulla inn att, bleikna fantestempelet.
Kva anna enn sjølvskryt er det byen må slå tilbake med, då? spurde Eva.
Angrep er det beste forsvar! sa Kent Karlsen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar