fredag 7. juni 2013

4: Gneisen i botnen

             (Samandrag)

Passasjer 81 – kveldspost:Grunnfjellet

         Når det regnar og bles, kjem folk nærare kvarandre. Bokstaveleg talt. Dei har meir klede på, men dei kjem nærare likevel, for det vert trongare. Dei er våte. På turre dagar ville dei vore redde for væte frå kvarandre. Men når det regnar og bles, kjem dei nærare, dei ser endåtil på kvarandre, og dei ler.
Har du sett for vêr! seier dei.
Godt at det ikkje er snø! svarar dei.
Glede er andre stader enn der draumane peikar. Gleda er i kvardagen når vêr eller andre utfordringar samlar flokken. Er det likevel snø og dei ikkje kjem av flekken, ler dei til kvarandre, dei kjenner seg levande. Dei fortel kvarandre kor lite det betyr det dei ikkje rekk, kor kreativ det går an å vere når ein berre må gjere ting på andre måtar, kor komisk det kan verte når ein ikkje har kommunikasjon. Kanskje me må ut å skuve? seier dei, og dei gler seg over tanken. Og må dei ut å skuve, så ler dei, og om dei kunne, ville dei ha sunge ein shanty.

Kom i saman – høg og låg – skubbe fram or vanden
Gløymt er alt me ikkje såg – komen er forstanden
Skubb i hekken, skubb i rygg og skubb i hytt og pine
Skubbesongar er til lyst, og skubbarar er fine!

Eg veit ikkje om du har nokon du kjem heim til når du kjem heim til deg sjølv? Fortel du dei då om kva du har arbeidd med denne dagen, eller fortel du at me måtte ut å skubbe på vegen heim att? Sjølvsagt fortel du fyrst om skubbinga, shantyen, dirigeringa til Alvarez og Mama Harjet, kreftene til Elvis og skoa til Lady Raud.
Mange gonger tenkjer eg: Kva er det med denne tida der så mange kavar rundt med så uvesentlege ting og trur det står om livet mest, sjølv om dei innimellom får oppleve at det er mykje rikare å skubbe i lag for å meistre snøen?
Men du les i alle fall. I alle høve les du. Endåtil skubbing i snø les du om, på heilt vanlege kvardagar, og eg kan sjå eit lite smil i munnviken din, eit drøymande kast ut vindauget. Ja, sant nok, tenkjer du. Me gløymer så lett det viktige i livet, i kvardagen sitt kav og mas.
Eg ser det – både det umerkelege smilet og augekastet. Men eg vert ikkje så glad. Det var ikkje det eg skreiv. Eg skreiv at det er i kvardagen det viktige i livet er – men at så mange har vondt for å få auge på gleda ved det. Dei ser det ikkje før utfordringar samlar flokken.
Du er i fleire flokkar. Du har ein flokk i huset ditt – og du har ein annan flokk der du reiser kvar morgon, der du kjem frå kvar ettermiddag. I begge dei småflokkane finst der viktig og uviktig, samla og fragmentert, glede og leie. Men det er her du er i den store flokken, det er her du er i tida di. I dine lukka rom ville du aldri møtt Lolita. Du ville aldri gått sidelengs med henne, med eine handa frametter mot hekken og den andre på skuldra hennar, med tungpusten frå Elvis i nakken og takten frå Alvarez i kroppen: Un’ – dos – treeees, un’ – dos – treees! Du ville aldri mista fotfeste med henne, vorten liggjande i ei mølje med henne, ropt og klappa med henne og dei andre og juble over siger, over hjul som får feste, over ein topp som vart erobra. Du ville aldri fått sjå lyset i augo hennar då du slo henne på skuldra og sa: Me klarte det!
Eg trur det kjem til å synge i henne i dag, dette. Ho kjem til å begynne ei forteljing om det når ho kjem heim. Mykje snø, kjem ho til å seie. Alle måtte ut. Alle måtte skuve. Ho kjem til å fortelje med uvanleg mange ord, men prøvande og på vakt. Så kjem det an på korleis dei er, dei ho fortel til. Om dei er fulle av vanetankar og trur at ingenting nytt hender i verda, og at dei kjenner til alt som kan hende i snø frå før, og at dei har mykje meir å fortelje henne enn det ho kan fortelje dei, så at dei ikkje høyrer meir når ho har sagt snø. Då får dei aldri høyre meir heller, dei kjem til å miste dei viktige orda som kom frå deg. Men inni seg vil eg tru ho kjem til å gøyme dei.
Og du? Anar du kor viktig det var? Eller må du lese det fyrst? Kjem du heim og fortel om ei jente – du veit jo heller ikkje kva ho heiter – som gjorde fullgod jobb som skubbar då det gjaldt, og som fekk eit lys i auga då du slo henne på skuldra og sa «me klarte det»? Eller fortel du berre at du gleid og datt?
Når det regnar og bles og snør og Transportselskapet sitt materiell ikkje strekk til og normaliteten vert sett til side og rutetabellane ikkje gjeld og alle må ut å skuve, då er det Kvardagen som stikk grunnfjellet sitt opp gjennom drivande løss. Alle kjenner det att, alle kjenner slektskapen med gneisen i botnen av seg sjølve, og det er det som kallar låtten fram. Det ligg der under kjenslene og hatet og motløysa og draumane og kjærleiken, lang langt under dei lukka, innvende andleta utan blikkretning. Du må kjenne det av og til i livet for å vete at det er der, at det finst fast grunn. Det var difor det var så viktig for Lolita. Det var kan hende fyrste gong.
Neste gong kan det vere ho seier: Har du sett for vêr!
Godt det ikkje er snø!

Radioreporter Rudolf Steiner

Eva Trotto Moe var god ven med radioreporter Rudolf Steiner. Hadde ein av dei hatt kjønnsdrift, hadde dei sikkert vore kjærastar òg, men det vart aldri noko slikt med dei.
Rudolf hadde bruk for alt Eva visste om litteratur. Takka vere henne kunne han slå om seg med blomstrande sitat frå kjende og ukjende verk i reportasjane sine. Han brukte å kome inn til henne før dørene opna om morgonen, for å drikke eit krus indisk te, bla gjennom avisene, snakke litt om dei planane han hadde for dagen, og spørje henne om nokre passande sitat. Ho fekk alltid assosiasjonar til bøker ho hadde lese, av det han hadde føre. Skulle han på høgre breidd, tenkte ho sakprosa, skulle han på venstre breidd, tenkte ho fiksjon.
Det minner meg om …, sa ho. Og han noterte frå det ho hadde lese og lagra, til dømes at «kvardagen stikk grunnfjellet sitt opp gjennom drivande løss når det snør, slik at alle kjenner slektskapen med gneisen i botnen av seg sjølve».
Øh – ja. Eg brukar nok ikkje alt, sa han.
Det er frå ein førebels ukjend bloggar som kommenterer samtida, sa ho.
Han noterte «Passasjer 81» og spurde etter meir kjende forfattarar.
James Joyce, sa ho, Orhan Pamuk. Hos den fyrste er snø bilete på dauden. Hos den andre på revolusjonære endringar.
Sitat? sa han.
«Sjela hans svann sakte, medan han høyrde snøen leggje seg vart gjennom universet som stille la seg for siste gong over dei levande og dei døde». James Joyce, frå kortforteljinga «Dei døde», sa ho. «Der han stod og såg på snøflaka i ljoset frå ei av gatelyktene, la han merke til at nokre av dei sokk sakte nedover, medan einskilde andre steig bestemte oppover mot mørkret att», Orhan Pamuk, frå Snø. Så vidt eg minnest skreiv han òg i same romanen at «einsemd handlar fyrst og fremst om byrgskap».
Romanen Snø, tok han opp medan han noterte. Så gjekk han ut i vintervêret med sendaren på ryggen.
Rudolf Steiner kom frå hagebyen Bellevue midt i ein av åsane som vart bygd ut på sekstitalet. Der var ikkje stort til system på noko i dei nye forstadane. Dei rikaste hadde sjølvsagt teke dei finaste tomtene der òg, når det var tid for dei å bygge. Dei var jo alltid fyrst, dei tok sjøtomtene, åstoppane og dei flataste slettene. Så fylgde middelklassen, etter dei kom arbeidsfolk med sine blokker og rekkjehus på det som var att av grunn. Fattigfolka vart att der dei andre flytta frå, helst i utkantane av sentrum venstre.
 Rudolf Steiner var kalla opp etter faren sitt store ideal og hadde lidd under det heile livet. Guten var heller ikkje heime nokon stad, han var ikkje fin nok for foreldra til ungane på toppen av åsen, og han var for fin for dei som krydde rundt blokkene i botnen. Ikkje ein gong på skuleveg eller i skulegard fekk han prøve seg, for lenge før dei andre tok til å somle og more seg av garde dit, vart han skyssa i minibuss til Steinerskulen. Den låg på venstre breidd, så langt frå sentrum at dei måtte lære seg om sprøytespissar og dørlåsar lenge før dei kunne ta til med fyrste ringdans. Gjennom heile barndomen og den tidlege ungdomstida vart han verna mot verda utanfor dei antroposofiske sirklane. Det grunnla ein lengt i han som gjorde han til noko heilt for seg sjølv då han vart journalist.
Den fyrste jobben hans hadde vore å skrive om skulestart. Det er ein av lokaljournalistikken sine maredraumar. Skulestart er kliss lik kvart einaste år, det har ikkje hendt noko nytt der sidan Rosseau. Men for kvar einaste barnefamilie er det ein milepåle i livet, og dei meiner alle at samtida tenkjer som dei, og dekker ikkje avisa noko så viktig, så er det betre å sjå seg om etter ei anna avis. Så jobben må fint gjerast. Det går ikkje an å trykke den same artikkelen kvart år heller, for dei fleste får framleis meir enn eitt barn, og før ein veit ordet av det, er dei besteforeldre, og då les dei skulestartreportasjar igjen.
Rudolf Steiner vart forelska på den skulestarten. Han hadde jo aldri vore med på nokon fyrste dag i offentleg skule sjølv – på Steinerskulen kjende jo alle kvarandre frå Steinerbarnehagen og alle slags selskap og antroposofiske arrangement. Han vart send på Folkeskulen i Fi-marka. Og der var der angst i opprømda. Fremst stod ubrente born, oppspilte og glade med doble sett av byrge foreldre. Attom stod dei brente og deira mødrer eller tanter. I andletet til ei av mødrene såg han ei sorg og ei otte. Då han bøygde seg ned, såg han det same under håpet i barnet sitt åsyn. Han veksla nokre få ord med kvar av dei to, og svara deira brente seg inn i han, alt som låg – eller kunne tenkjast å liggje – i dei korthogde svara og dei mørke augo til mora. Dette skreiv han om, så lesarane gret og sa at dei aldri hadde sett noko så innsiktsfullt om det store som hadde hendt dagen før.
På utruleg kort tid vart det kjent som særpreget hans. Han fann noko stort i kvart einaste menneske han vart send ut for å intervjue, sa folk – i alle fall så fann han ei historie der. Måtte han, så la han vel til eit og anna for eigen del. Vanlegvis fekk det intervjuobjektet til å trivast og historia til å vekse. Han vart diktar, like mykje som journalist, når sant skal seiast. Men han var så snill av seg at han gjekk fri den skarpe sensuren som lesarane elles brukar å stå for. Dei sat med varme kjensler og sa til kvarandre – dei som visste betre – at det han her skriv, kan jo ikkje vere riktig, men det er jo godt sagt. Ho eller han som det handlar om, kan vel fortene litt ekstra blomar for ein gongs skuld.
Då avisa kjøpte lokalradiokonsesjonen til Santalmisjonen, viste det seg at han vart endå meir folkekjær som levande røyst enn han hadde vore som skrivande. Etter kvart utvikla han eit føremiddagsprogram som vart radiokanalen sitt flaggskip. Han tok med seg mobilt sendarutstyr og gjekk ut i byen klokka ni – med eller utan ein plan. Kvar einaste dør stod open for han, han hadde alltid bunkar av invitasjonar, og heile tida medan sendinga stod på, ringde folk inn nye tips og forslag. Dei einaste som ikkje høyrde på sendinga hans, var dei som hadde han på besøk. Dei måtte slå ned radioen slik at det ikkje vart feedback, at lyden gjekk i ring og laga piping. Dermed vart det namnet på programmet: Rudolf Steiners Feedback.
Redaktøren nekta plent då Rudolf slo frampå at han ville endre namnet sitt for at ikkje folk skulle blande han og programmet hans med den gamle filosofen. For noko tøys, sa redaktøren. Du er ti gonger meir kjend enn han!
Ofte gjekk han inn att på biblioteket mot slutten av dagen. Han visste at Eva Trotto Moe høyrde på sendinga hans, og var ho der, hadde ho ofte godord om det han hadde fått til. Ho hadde og interessante tilbakemeldingar og nye litterære tips. Denne tysdagen vart særs lang for Eva, for ei av damene som skulle hatt ettermiddagsvakt i hovudboksamlinga, hadde køyrt seg fast i snøen. Så ho var der då han kom, men ho var irritert. Mest på snøen – men det fekk òg opp att morgonirritasjonen mot denne dama som brukte biblioteket som eit offentleg toalett.
Folk tek seg til rette, sa ho. Dei har ikkje respekt for offentleg eigedom.
Tenkjer du på sendinga i dag? sa han.
Eg tenkjer på tendensane i tida, sa ho.
Kva er det med denne tida – at det er rikare å skubbe i lag for å meistre snøen? sa han. Ho såg irritert på han.
Eg snakkar ikkje om litteratur no, sa ho.
Kva snakkar du om no? sa han.
Damedassen, sa ho. Folk trur dei kan bruke damedassen til gjennomgang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar