mandag 10. juni 2013

5: Onsdag, tredje dag: Kva er tusk?

             (Samandrag)

Passasjer 81 – morgonpost: Rett og feil


Sjå: I dag er Elvis kledd i dress. Han er brydd, han sit med regnfrakken knept heile vegen, han har eit skjerf i halsen for å gøyme slipset, men dei svarte skoa avslører han, og alle ser etter, og om ikkje dei ser det, så forstår dei at han har slips på seg. Kvit skjorte. Nyklipt er han òg. Kva er det han skal?

Eg trur du har sett han. I går hadde du pusten hans tett i nakken då alle klumpa seg saman for å få plass til å skuve. Du kunne kjenne kreftene hans tvers gjennom vinterklede og snødrev. Han tok så hardt i – det kan ha vore han aleine som avgjorde kampen mot glatta og bratta. Han er mørk, mest svart i håret, som ein italienar eller ein egyptar. Han kan vere svart i augo, òg når dei ikkje er innvende, det kan vere som om han ser seg rundt etter noko eller nokon å hemne seg på.

Eg veit ikkje om Elvis har bil. Eg har aldri sett han i ein. Dei fleste her har eg sett andre stader òg, eg veit kva slag bilar dei har om dei har, og eg veit om lag kvifor om dei ikkje har. Eg trur Elvis har ein bil ståande, eg trur endåtil det er ein BMW. Truleg har han mista sertifikatet, truleg er det ei straff at han sit her kvar morgon og kvar ettermiddag, truleg vert han aldri meir å sjå her om eller når han får sertifikatet tilbake. Han har vel køyrt for fort, eller han har køyrt i fylla eller han har gjort noko anna gale og mista sertifikatet som ein del av domen.

Han er alltid litt brydd her. Han skulle køyrt BMW, med vindauga opent og armen ut klar til helsingar med tommel eller to fingrar opp og musikk på helseskadeleg styrke, han skulle ikkje ha vore her med lesande kvinnfolk og fnisete ungar og gjerrige innvandrarar som sender halve løna til Valparaiso eller Mogadishu i staden for å kjøpe bil. Men i dag er han ekstra brydd. For det er ikkje det at han trur han er noko, at han tykkjer det er naturleg for han å gå i dress medan me andre sit i dongeri og genser, at han reknar seg i klasse med Lady Raud, det er berre det at han skal noko i dag.

Såg du i går, korleis han såg på Lolita? Ser du i dag – kor brydd han er? I dag ser han henne ikkje, i dag er det han som ser ned.

Eg likar Elvis. Eg trur han er ein stødig kar. Eg trur han har fleire krefter inni seg enn han heilt klarar å styre, eg trur så gjerne at han kan ha trødd litt for hardt på gassen eller teke ein burnout midt i ein fest, men noko vondt trur eg ikkje du finn i han. Ein dag festar ei kvinne taket sitt på han, leier han opp i ei steinrøys og seier: Bygg meg eit hus! Og han kjem til å bygge eit slott til henne, han kjem til å male det rosa og pynte med sukkerspinn, han kjem til å setje barn på henne alt medan han lossar reisverket av sagbruksbilen. Han kjem til å svime av i fødestova og verte ein meister i bleieskift. Om ikkje Elvis er nokon svigermors draum, så er han eit funn for svigerfar.

Eg veit han er verneombod, og at han tek det på djupt alvor. I hans arbeidslag skal ingen risikere liv eller helse, og dei skal pinade ikkje setje noko på spel med eigen dumskap heller. Kameratane hiv på seg hjelm og briller når dei høyrer at han kjem, og dei ristar i rekkverk for å sikre seg at det ikkje er noko å utsetje på slikt. Og sjefane har for lenge sidan slutta å seie han imot. Seier Elvis at dei må setje inn ei vifte til, så ringjer dei til Industriutstyr på direkten.

Han er ingen kløppar i poesi, han er ingen drøymar, han har aldri kjent seg audmjuka. Difor kjenner han heller ikkje nokon rusande blaff når sjefane bøyer hovuda for han og set på seg hjelm og tek opp telefonen og spør kva han har bestemt. I Elvis si verd finst det rett og gale, men det har ingenting med moral eller makt å gjere, det er betre å seie at det finst korrekt og feil. Feil må rettast, og det på timen, medan det som er etter reglane, får vere som det er om ein er for det eller mot det.

Lady Raud såg han for fyrste gong i går tidleg, ho såg korleis han stirde på Lolita, og ho vart sur på floksa. I går ettermiddag såg ho korleis han la kreftene til. Ho høyrde den uanstendige pusten hans. Og i dag sit ho og smiler og ser ned på dei blankpussa skoa og buksepressen som stikk ut under knept regnfrakk, og ho ser han føre seg med ledig gange opp til ein talarstol. Vyrde godtfolk! Eg har løysinga! Det vert som eg har bestemt! Blikket hennar stel seg oppetter den formlause frakken og stansar ved fliken av kvit skjorte mot svart, nyklipt hår. Ho sit og smiler umerkeleg. I dag har ho ikkje instruert nokon om korleis barnet skal gjerast klar til ein ny dag.

Lolita ser òg på Elvis i forte kast. Det kan tolkast på så mange vis, men eg trur nok helst det kan forklarast med samhøyret mellom folk som ser i golvet. Eller er det hakkeordninga, at ho ser eit anna kje som er ulikt, som kan lurast eller stangast ut av flokken og jagast til ulvane slik at ho sjølv vert berga?

Han tek veska si opp på fanget, opnar den, tek ut ei tjukk plastmappe, opnar. Les. Elvis les. Det er umogleg å sjå kva han les. Frå min vinkel kan eg ikkje sjå det. Ikkje ein gong plastomslaget klarar eg å sjå – om logoen til ei av fagrørslene står der, eller eit advokatfirma, eller verksemda han jobbar i. Skal han i forhandlingar? Skal han i rettssak? Skal han i jobbintervju? Er det eit sertifikat han skal prøvast i, eit meisterbrev? Eller har ho rett, Lady Raud, at det er ein tale han skal halde? Ei overtydande rekkje av argument om korleis det kan løysast, det problemet som har samla den flokken han skal tale til?

Det er morgon tredje dag, og Elvis sit i dress og les.


Faadumo Awale Samakab


Eva Trotto Moe kjende berre ein av desse som kom og spurde lågmælt etter arabiske forteljingar, kurdisk historie, somaliske legender, dikt på farsi eller essay på urdu. Det var ein irakar som hadde synt seg å ha så god innsikt i arabisk og jødisk litteratur at ho etter kvart hadde vorte heilt avhengig av han. Kurdisk og persisk hadde han òg god innsikt i. Ho fylgde dei råda han gav, og skaffa brukarane så mykje som budsjettet gav rom for. Ho skulle gjerne hatt ein like god rådgjevar innafor afrikansk og asiatisk litteratur. Men det hadde ho ikkje funne.

Brukarane som ynskte slike framandspråklege bøker, kom stort sett frå Fi-marka. Namnet skreiv seg attende til 1600-talet, då byen her var kringsett. Hovudlægeret til General Fi låg i den marka, akkurat så langt utanfor det som den gong var bymurane på venstre breidd, at muskettkuler og festningskanonar ikkje kunne nå han. I dei fleste av dei seinare krigane låg marka brakk, den vart mykje nytta som leirområde for omfarande folk, og fattige frå byen reiste gjerne ut der for å hogge ved eller krypskyte. Då byen for alvor tok til å vekse etter den store revolusjonen, vart Fi-marka eit område for dei rike. Det var då dei staselege, nyklassiske bygga kom opp, men det var òg då dei fyrste leigegardane for tenestefolk kom. Seinare gjekk bydelen gjennom heile syklusen: Dei mellomrike flytta inn, så kom dei frie arbeidsfolka. Då vart det for simpelt for dei rike, dei flytta ut, alle klassane under rykka opp eit hakk – og slik vart det plass for dei fattige og ulukkelege.

I nyare tid var dei fattige og ulukkelege òg reist, dei som kunne, og slik hadde det til og med vorte plass til ei ny innvandrarbylgje. Dei på si side snudde utviklinga i Fi-marka.

Dei fyrste immigrantane som kom, var arbeidsfolk som nærast var sjanghaia frå landsbygda i Tyrkia og Pakistan. Agentar frå industriselskap som hungra etter arbeidskraft, reiste rundt og fortalde om kor fint det var å flytte til Europa. Lønene var eventyrlege, velferdsordningane var som på kalifatet si tid, der var helse og fred og gode skular for borna.

Nokre år etter at dei fyrste busslastene hadde kome med einslege arbeidsmenn langs dei endelause vegane over Khyber, Persia og Bosporos, kom dei fyrste kvinnene og borna. Dei var skeptiske og motvillige og gjerne litt engstelege – men dei kom. Så kom flokkar av antikommunistiske vietnamesarar, drivne til havs av dei nye makthavarane etter USA og Saigonregimet sine nederlag. Kort etter det kom raude flyktningar frå Chile og dei andre militærdiktatura i Sør-Amerika – og så var det som om verda eksploderte i borgarkrigar. Folk kom frå Balkan, Kaukasus, Midtausten, Afrikahornet, Dei store sjøane, Afghanistan og Sri Lanka. Dei kom ein og ein eller i flokkar, dei kom frå krigar og naud – og dei kom frå vonløyse.

Når eit land eller eit folk kjem i krise, naud eller krig, vert folk flest verande der dei er. Dei flyr frå kampar eller øydeleggingar om dei kan når det står på som verst – og så vender dei heim att når det roar seg. Men elitane deler seg i to. Nokre blir for å kjempe. Andre reiser for å finne lukke. Det var folk i denne siste gruppa som litt etter litt fylte opp att leigegardar og hus i Fi-marka. Det var tidlegare storbønder og embetsmenn, søner og døtrer av kjøpmannsslekter og offisersfamiliar, intellektuelle og kunstnarar. Ein og annan lurendreiar og bandeleiar var der òg mellom dei, men dei fleste var arbeidssame og målretta folk. Dei tok det arbeidet det var lettast å få – dei gjekk gjerne med høge utdanningar og vaska mellom kantineborda til udanna hordar av innfødde. Men dei fekk det til, dei la seg opp pengar og skaffa seg vakre heimar, nokre opna butikkar og verkstader – og dei sende borna på høgare og høgare skular. Fyrste generasjon hadde sjeldan tid til å gå på biblioteket, men andre og tredje ville gjerne vete meir om kva som hadde vore, og kva som var i den kulturen der dei hadde røtene sine.

Fi-marka vart ei verd i miniatyr. Det lukta av krydder og blomar, der var fargar av glede og livsmot, der var høgtalarar med lydar som fekk innfødde heimfødingar til å fryse på ryggen og dei yngre søskena deira til å lengte ut i verda. Søskena drog, dei såg, dei lærte – og dei kom attende og ville bu i Fi-marka dei og. Det vart kunstnarane sin bydel, moteskaparane, trendsetjarane. Snart snudde straumen: Dei rike ville inn att. Dei kjøpte seg kvarte, halve og heile hus, pussa dei opp med minimalistisk postmodernisme attom rustikke fasadar. Snart var det ikkje stigmatiserande å kome frå Fi-marka meir, det vart trendy og kult.

Ein av biblioteket sine lånekundar frå Fi-marka var Faadumo Awale Samakab. Ho kom til byen her på familiesameining då ho var fjorten år. Ho kom frå eit liv som overklasse. Far hennar hadde vore ein av samfunnstoppane i Mogadishu, og onkelen, som ho kom frå då ho kom hit, var mest like sentral i Somaliland. Her kom ho til eit hushald utan familie rundt, utan status og utan pengar. Det skar seg mest med det same ho kom. Ho kasta seg ut i den nye byen som livet hadde gitt henne. Dei – hushaldet – ville verne henne. Ho ville lære seg språket her, både det dei talte, det dei uttrykte med kroppane sine – hender, auge, nakkar og hofter – og det dei sa utan å seie det, det som låg mellom orda, tonelaga og alle bileta frå segn og soger og utgåtte arbeidsreiskapar. Dei ville at ho skulle hugse røtene sine, kulturen, religionen. Ho ville fram og opp. Ho ville verte som far sin.

General Fi svinga pisken over tuskhandlarar som ikkje la korta på bordet, sa læraren. Faadumo forstod dei fleste av orda, men setningane hans var meiningslause. Men dei svarte at han retta bakar for smed, heldt læraren fram.

Kva er tusk? spurde Faadumo.

Dei andre elevane lo. Men då det synte seg at læraren ikkje kunne svare, lo dei av han i staden, og slik lærte Faadumo seg både kva folk visste, og kva dei ikkje visste. Då ho var seksten, tok ho ungdomsskuleeksamen med gjennomsnittlege karakterar både i språk og matematikk. Men ho kom ikkje vidare, ikkje på lenge. Det vart ein veldig konflikt heime, dei var redde for henne, ho tok så fort i veg, dei ville stenge henne inne, få henne på kurs i moskeen, få henne godt og trygt gift før det var for seint – ho sa, ho ropte, ho skreik: Nei!, og så rømte ho.

Ho ville gjerne på skule, men hadde ikkje adresse. Ho ville gjerne ha adresse, men hadde ikkje arbeid. Ho ville gjerne ha arbeid, men hadde ikkje skule. Slik var ho fanga i umoglege sirklar. Velferda kunne heller ikkje hjelpe henne. Ho var ikkje valdeleg, ho var ikkje narkoman, ho var ikkje kriminell, og ho var ikkje offer for familievald. Altså hadde ho ikkje bruk for velferdstenester.

Ho sov hos vener og kjende, ei natt her og tre netter der. Ho fekk svart arbeid med å gjere reint i ein verkstad. Då ho skulle hente oppgjer for den fyrste veka, sa eigaren at ho måtte liggje med han fyrst. Ho gjekk, utan pengar, og ho lærte seg å vere på vakt, men gav ikkje opp. Etter kvart fekk ho seg så mykje vaske- og ryddejobbar at ho kunne leige seg inn i eit kollektiv og få ei lampe der ho kunne lese. Dei var fire jenter i huset. Noreen studerte biokjemi, ho var frå Pakistan. Liana var fiolinlærar – ho var frå Kazan i Russland. Sheila Hasina arbeidde som sekretær i det indiske handelskammeret. Ho var amerikanar, svartare enn Faadumo i huda og mykje dårlegare i språket her, men ein ukueleg optimist og den som var hovudskuldig i alle grillene som dei andre fekk i hovudet etter kvart.

Dei kalla seg eit reir med framande fuglar. «Framand fugl» var eit uttrykk som dei innfødde her brukte. Alle jentene i kollektivet hadde strevd med å finne ut kva som låg i uttrykket, for dei fleste innfødde var høflege menneske som vart stumme eller som snakka det hektisk bort når framande fuglar spurde kva uttrykket betydde. Men dei hadde då funne ut av det – og då Sheila Hasina ein dag kunne fortelje at der fanst ein annan metafor òg – «frie fuglar» – då var biletet vorten komplett.

Noreen, Liana, Sheila Hasina og Faadumo var frie, framande fuglar. Dei var på veg. Dei skulle skaffe seg luft under vengjene. Noreen skulle skaffe seg sitt eige apotek. Liana skulle bygge ein musikkskule. Sheila Hasina skulle verte direktør for eitt eller anna – «leadership is the profession!» sa ho. Og Faadumo? 

Faadumo kunne aldri gløyme gjestene dei hadde fått heime då ho var barn. Menn og kvinner med glade røyster, frå alle kantar av landet og verda: arabiske, etiopiske, indiske og russiske røyster. Lågmælte argumentasjonsrekkjer frå swahililanda, veivande ordflaumar på italiensk. Far hennar arbeidde i Radio Mogadishu, han hadde vore med der heilt sidan starten, og då ho var barn, var han ein høgt respektert leiar der. Etterpå, då bygnadane var øydelagde og utstyret stole og dei sjølve var på flukt, snakka han så drøymande om det som hadde vore og det som skulle ha blitt, at det hadde planta ein avleggardraum i henne òg: Ein gong ville ho starte ein radiostasjon som skulle vere med på å bygge ei ny verd. Ho våga ikkje seie det til dei andre i reiret. Ho måtte ikkje seie det til nokon, det kunne vere farleg. Så ho sa at ho gjerne ville arbeide på kontor.

Of course! sa Sheila Hasina og drog henne til biblioteket inne i sentrum. Les juss, les administrasjon, les samfunnslære og mediefag. Les språk! Og Faadumo las. Arbeidde svart, søkte lovlege jobbar – og las. Ho sat på bussen frå Fi-marka til sentrum og las om arbeidsrett, ho vaska og rydda for folk som ikkje såg at ho var der, og ho skrangla seg heim att til kollektivet medan ho las rekneskapslære. Ho tok til å gå med skaut for å stoppe maset frå alle som trudde dei kunne kjøpe henne, ho gjekk sjeldan ut og aldri i moskeen, ho las og snakka og lo med dei andre. Dei feira Id i lag dei fire, dei hadde alle muslimske røter, men dei strekte seg ikkje lenger enn til festane når det gjaldt praktisering.

Då ho var tjue, kunne ho ta til på vidaregåande skule, og då ho var 23, hadde ho studiekompetanse. Teoretisk sett kunne ho ha teke til på universitetet, men i staden tok ho imot tilbod frå Velferda om hjelp til ein lovleg jobb. Ho fekk ikkje det – men ho fekk verte med på eit tiltak som skulle gje arbeidstrening: Ho fekk vaske og rydde for folk som ikkje såg henne. (Ho tente ikkje nok på det til å betale husleiga, men med eit par svarte jobbar i tillegg fekk ho det til).

Sekretærskule! sa Sheila Hasina. Faadumo tok studielån og gjekk eit halvår på sekretærskule og fekk studiegjeld og nye tiltak frå Velferda: jobbsøkarkurs og ny arbeidstrening.

Mellom innbyggarane i Fi-marka var der mange med grundig opplæring innan jobbsøking og mange veltrente arbeidarar. Likevel var der ei usynleg grense for kva slags lovleg arbeid som var tilgjengeleg for dei som hadde namn som framande fuglar. Noreen fekk seg vikarjobb på apotek ganske kort etter at ho var ferdig utdanna, men sleit med å få fast arbeid. Liana fekk heller ikkje noko fast. Ho fekk timejobbar på musikkskulen og elles måtte ho gje privattimar på tidlege ettermiddagstider heime i Reiret, mest til born av austeuropearar som heller ikkje hadde vanleg, godt betalt arbeid. Sheila Hasina vart sitjande på bakrommet hos indarane med avskrift av uleselege handskrifter og gebrokne diktafonopptak, ingen såg ut til å ha bruk for henne som direktør.

Arbeidstreninga til Faadumo då denne forteljinga tek til, var tilfeldige oppgåver  i eit prosjekt som skulle motarbeide sentrumsdauden og snu handelslekkasjane. Arbeidet gjekk ut på å klippe og lime, brette, telle og staple. Det var lettare enn vaskinga, men keisamt – før Linda òg vart tilsett.

Passasjer 81 – kveldspost: Ritual  

Kor ofte vert det brekk i tralten i ditt liv? Lever du som ein bibliotekar med faste opningstider, møte om bokinntak og formidlingsaktivitetar, ryddereglar på lesesal og datarom og telefonkonferansar med skulebiblioteka?

Eller er kvar side du les, kvar lånekunde du møter blikket til, eit brekk i tralten? Finst der kan hende ingen tralt i ditt liv anna enn som ei ytre ramme av opningstider, rutinemøte og rydding?

Les du dette for at det gjer noko med deg – eller les du det for at ingen skal kunne kome til deg og spørje utan at du kan seie «ja, den kjenner eg godt, den har eg lese»?

Eg kjenner meg naken når eg går fram til bibliotekaren eller assistenten i utlånsskranken. Bøkene eg har plukka ut som eg gjerne vil låne, avslører det inste i meg, kva eg drøymer om, kva eg vil gjere noko med, kva som plagar meg å ikkje vete. Nokre av dei som arbeider på biblioteket, legg boka på ein strekkodelesar og stirer i skjermen og får ei sjekkliste i auga: Godkjend for utlån? Ja. Venteliste? Nei. Skade registrert? Nei. Fordringar på låntakar? Nei. Dei seier «mhm» og tek neste, og til slutt skuvar dei heile bunka bort til meg og seier «ver så god, neste!».

Andre tek opp bok for bok og ser på henne og seier: Denne las eg ei påske. Denne kjem du aldri til å gløyme. Denne inneheld underlege påstandar – eg trur ikkje det finst prov for dei, men dei er interessante. Du veit at han kom med ein oppfylgjar eit par år seinare – eg meiner vi har den òg, vil du at eg skal leggje henne av for deg?

Eg trur du må vere av dette andre slaget. Det er vel difor eg held fram med å skrive til deg. Eg trur du er ein slik som kan seie til dei bak meg i køen at dei skal kome fram så skal du stemple medan du held fram med å diskutere dei underlege påstandane. Og spør eg meir, så ropar du til ein av dei som sit inne på eit kontor, om dei kan ta over i skranken ei stund, og så går du føre meg bort i hyllesystemet og finn oppfylgjaren og blar deg fram til sida der kommentaren til kritikken mot dei underlege påstandane står. Og då legg eg fram for deg dei inste tankane mine om dette.

«Eg trur draumen om Perpetuum mobile er ein variant av draumen om Gud», kan eg seie, og du legg boka sakte saman og seier «ja vel, men då ser du vel Gud som eit element av stillstand eller evig repetisjon medan andre vil binde gudsomgrepet saman med dramatiske omskifte – som skapingssogene til dømes.»

Og då har me båe hatt ein brekk i tralten.

Eller du står på apotek, eller du er blomsterhandlar, eller du sit på kommunen sin tekniske etat og tek imot klager på byggesaker i fortettingsområde. Kor enn du er, trur eg du er ei slik som folk står i kø for, og når dei endeleg kjem fram, knepper dei blygt opp kleda sine og blottar seg for deg, og du kikkar venleg og smiler og seier slikt har du òg under kleda – ja ikkje nett slikt då, men det liknar, og du veit så godt at dette er viktig, og no skal me sjå kva me kan gjere – me lagar ein brekk i tralten så går det så godt det kan. Og me er alle takksame mot slike som deg. Om Elvis hadde stått i køen framfor deg, hadde du fått han òg til å kjenne seg vel, trur eg. Du hadde sagt at du har ein raud ballkjole i skapet heime, med djup utringing og splitt til hofta og sko med høge hælar i same farge, og du ser føre deg korleis det ville vere å kome med dei om morgonen – med ny frisyre òg, høgt oppsett, for sju hundre og femti kroner – nei, du hadde nok òg knept regnfrakken godt om deg.

Det er ikkje alltid ein kan vere kvardagsleg om morgonen.

Eg arbeider ikkje om dagen, eg trur eg har forklart det alt. Eg går berre rundt og ser. Eg freistar skjøne meg på folk, eg betraktar dei, samlar informasjonar om dei og testar dei utan at dei merkar det. Eg stod høgt oppe i eit kjøpesenter i dag og såg ned på to damer som selde blomar. Alle som kom til dei, kom for brekk i tralten: Ein mann raudna og bad om tolv roser. Ei dame la hovudet på skakke og valde lyse liljer. Ein ung gut såg på ein krans og kjøpte ein bårebukett. Ei ung jente rekna og plukka, rekna og plukka. Dei to damene pakka og pakka. Dei batt saman blomane til bukettar, la plast med vatten rundt stilkane, rulla dei skrått inn i cellofan, splitta glinsande band, dei batt og limte butikklogoen sin i raudt og gull som ein medaljong på plasten – så rulla dei kvitt papir utanpå der att og la alt i plastpose før dei tok betaling. Så mykje arbeid, tenkte eg. Men så tenkte eg: Nei – det er ikkje mykje. Det er nett så mykje som dei kan klare seg med på dagar som dette, dei som kjem til dei. Det er eit ritual. Det erstattar velsigninga frå nonnene og hornsignalet frå æresgarden og tromminga natta gjennom i landsbyen.

Elvis skal ikkje heim att, ikkje no. Det var vel ikkje å vente. Han kjem nok seinare i kveld – med taxi kan hende – han har nok ikkje reist nokon stad, han hadde ikkje koffert. Kan hende får me aldri vete kva det var som brekte opp tralten hans.

Lolita såg fort på deg, merka du det? Ho ville sjå om du kjende henne att, om du hugsa henne, om det sat noko att av at du sa «me» i går. Men du las. Du var meir oppteken av kva eg hadde skrive om deg, enn av kva du sjølv hadde sagt til henne. Eg må ta litt av skulda. Eg ville bøte på at du ikkje såg henne, så eg sette mine auge direkte i henne og smilte. Men det vart heilt gale. Ho fór saman som eit dådyr når det høyrer skot, ho snurra rundt og vende den tunne ryggen sin mot meg og såg i golvet.

Folk er som blomar. Ein kan dyrke dei, få dei til å bløme, slik at ein kan sjå på dei. Slik vert det vakkert i verda. Men kva tralt eller kva brekk kan få Lolita til å bløme?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar