onsdag 10. juli 2013

18: Om makt

             (Samandrag)
             Det var onsdag, den tiande dagen i månaden. Om ettermiddagen publiserte Passasjer 81 dette:

Ettermiddagsblogg: Makt 

Av Passasjer 81 (Onsdag 10.):

Eg hadde mest ikkje trudd dei ville dra heim att til vanleg tid i dag, verken Elvis, Lady Raud eller Alvarez. Ikkje eg sjølv heller, i grunnen. Men makta til vanen er visst sterkare enn me trur. Elvis har gått gjennom eldprøven i skulestyret. På det fyrste ordinære møtet sitt  reiste han kritikk mot skulesjefen. Er det lovleg å stuve bort problematiske born  – saman med utilreknelege -  utan fylgje frå skulen - med så dårleg oppfylging frå verksemda at dødsulukker hender – og dei veit det ikkje før dei høyrer det på radioen?
Alvarez var der. Han og eg sat på tilhøyrarbenkene bakarst i lokalet. Lady Raud var der og. Ho sat på flanken, berre eit par meter frå  Elvis. Skulesjefen sa at kommunen ville avslutte avtalen med Cosy Lamps med det same – og finne andre løysingar for ungdom med særskilte behov.  Alvarez sa så høgt at ordstyraren slo klubba i benken og såg hardt på han: Ka då særskilde behov? Men ingen fylgde opp det. Ikkje Elvis heller. Det vart meir enn nok ståhei ut frå det han sa, både under møtet og etterpå då han vart intervjua  av Medie Osen både til lokalradioen og avisa. Lady Raud støtta han, både med råd og moralsk støtte. Eg høyrde ho seie at verksemda hadde hatt sjansen til å få profesjonell hjelp, men hadde lete sjansen gå frå seg – og då måtte dei ta fylgjene av det sjølve.
Det er det dei snakkar så – kva skal eg seie – engasjerte om no.  Alvarez har trudd at målet med turen til Cosy Lamps og spørsmålet i Skulestyret har vore ein slags oppvask etter Lolita sitt tragiske liv og  meiningslause død.  Han skjønar ikkje at Elvis slett ikkje bomma på målet – han sikta ikkje den vegen Alvarez trudde heller.  Eg tek ikkje del i diskusjonen mellom dei - eg berre høyrer og ser og skriv -  men for meg er det tydeleg at Elvis jattar med og chattar rundt for å snakke seg bort frå at målet hans var noko heilt anna. Han har tenkt å bli lagt merke til  i skulestyret. Han har ikkje tenkt å bli verande der – han skal vidare. Han skal i formannskap og fylkesting og kan hende i parlamentet ein gong. Han har den beste  rådgjevaren og den mest langsiktige strategien og han får det til å høyrast som at det er Alvarez som har dårlege fatteevner.
Eg tykte eg såg mønsteret alt då eg sat på tilhøyrarbenken. Elvis hadde ikkje tenkt å stille seg til for hogg. Han skulle ikkje påstå noko – han skulle berre  spørje om det var i samsvar med reglane. Alle veit jo at Lolita vart drepen – det var det som gav kraft til spørsmålet hans, det var det som utløyste konflikten mellom skulesjefen og Cosy Lamps. Han stod der som den offensive kritikaren – og som sigerherren  skulesjefen la seg flat for – utan at han hadde teke sjansen på å stå for noko som helst,  utan å binde seg den møllesteinen rundt halsen som det hadde vere å la seg identifisere med åtferdsvanskelege ungdomar. Eller var det lærevanskelege. Whatever.
Eg veit kva eg gjer! Seier Elvis, og lar det vere usagt at det veit ikkje Alvarez. Denne tek det til seg og snur seg bort. Han er i opprør og snur seg til meg. Men eg sit og skriv og han veit ikkje kva han skal gjere.
Kva tykkjer du Alvarez skal gjere?  Han har meld seg som vitne og forklart korleis det gjekk til då han snakka med dei utviklingshemma. Det var berre to av dei som ville tale med han – dei andre rømde. Vesle jente daud, sa Alvarez. Pang – pang – farleg mann! Sa den eine. Pang pang – farleg mann? Gjentok han. Pen dame – masse blø, sa den andre. Leikepistol, sa Alvarez.  Farleg mann ta pistol, sa den andre. Pang pang – pistol på bord, sa Alvarez. Nei nei – farleg mann ta pistol, sa den fyrste. Pang pang på bord.
Dette tolkar Alvarez inn i sin teori om at det hadde vore ein leikepistol i verkstaden. Det måtte ha vore del av ein kynisk plan om å kome attende, skyte nokon, legge frå seg den ekte pistolen og ta leikekopien  og slik få det til å sjå ut som eit tragisk uhell mellom utilreknelege personar.  Han hadde vore på og fortalt dette like etter skulestyremøtet, men dei hadde ikkje tid å avhøyre han – dei skulle ringe om dei hadde bruk for han, sa dei.  Han blør i hjarta, han snakkar med mor til Lolita kvar dag, han organiserer gravferda og stefaren til Lolita vert surare og surare på han. Han viklar seg lenger og lenger inn i eit virvar av konfliktar og same kva han gjer så ser det berre ut til å drive Lolita sin sak lenger og lenger ut av merksemda.
Du har jo lese mykje før dette. Du har lese Kafka til dømes, har du ikkje? Du har lese korleis den makteslause Joseph K. vikla seg inn i ein byråkratisk labyrint der han verken visste kva han var klaga for eller korleis han kunne forsvare seg. Eg anar ei omsynslaus makt ein stad bakarst i den forteljinga, ein eller annan vilje som ikkje brydde seg med å forklare seg for offeret, men som likevel stod for noko, var på veg ein eller annan stad .Men Alvarez er ikkje forfylgd av noko byråkrati. Han kjempar ikkje mot nokon vilje. Han kavar i ein desperasjon som liknar meir og meir på Joseph K. sin, men Alvarez sin labyrint  går mellom stolane til alle dei som ikkje har noko med saka å gjere – eller som har så mykje viktigare saker å ta seg av: Elvis, skulesjefen, skrankebetjenten hos politiet, ungdomane med åtferdsvanskar, radioreporteren. Meg.
Eg trur Alvarez er skarpare enn nokon andre i denne vesle verda som omgir meg. Eg trur han er meir heilstøypt, sterkare,  modigare og betre – rett og slett betre. Men kva hjelper det han? Kva skal han gjere?
Eg får avslutte og setje meg bort til han. Han treng nokon å tale med. Elvis sit i lågmælt diskusjon med Lady Raud. Du sit og les. Mama Harjet er ikkje her – ho er visst den einaste som ikkje reiser heim til vanleg tid i dag.  Ho og Lolita.
Eg set meg bort til han. Kjem du så langt som dette før me er gått av kan du løfte blikket og sjå kven eg er. Om det skulle ha interesse.

Om retten til liv.

På bussen heimover vart Linda brått vár at to menn sat og snakka om Malin Meyer. Ho fekk ikkje tak i kva dei snakka om, men den eine var opprørd og framoverlent, den andre var i ein slags forsvarsposisjon. Ho fanga opp eit og anna ord – skulesjefen, leiketypistol og «pang pang – farleg mann». Ho vart grenselaust nyfiken og tenkte på å gå fram til dei, men fekk seg ikkje til det. Ho venta heller til det var på tide å gå av, og merka seg korleis dei såg ut.
Ingrid sat i sofaen med eit stort ullteppe rundt seg. Ho hadde tent stearinlys og det låg krølla serviettar rundt henne. Ho hadde eit fjernt, drøymande uttrykk då Linda kom inn.
Stakkars deg – har du gråte?
Det er så vondt.....
Du skal få ein Paracet. Det er lov med Paracet når du har mensen. Skal du ha te?
Trur du eg kan bli vakker nokon gong?
Kan bli? Du er den vakraste jenta i verda!
Det er eg ikkje det. Stemma var alt litt lettare. Eg har ikkje pupper.
Men du er berre elleve år! Det hadde ikkje vore normalt om du hadde pupper no.
Dei har vekst litt.
Du! Sexbomba! Drikk dette. Er du svolten?
Eg veit kanskje kven som er faren til Malin Meyer. Det går rykte på skulen at det er ein av lærarane. Han heiter Richard Ruge og han har ikkje visst om det. Men det har vore folk som har visst det, og no klarte dei ikkje halde tett lenger og lærarane har visst det i fleire dagar og no veit alle det og Richard er sjukmeldt.
Kjenner du han?
Eg har aldri hatt han. Men han er visst grei. Veldig skikkeleg. Gift i hundre år. Om han er faren, så har han vore med mora medan han har vore gift. Det er ganske pinleg for han!
Og no er han sjukmeldt?
Ja. Det var slik det kom fram. Brått fekk klassen hans vikar og alle lurte og så var det nokon som ikkje klarte å halde munn. Me spurte læraren vår. Ho ville ikkje seie noko fyrst, men så i siste time fekk alle høyre den same historia. At det kunne vere han som var far til Malin, at han ikkje hadde visst det og at han skulle ta fri nokre dagar for å ordne opp.
Ordne opp kva då?
Det sa dei ingenting om. Ingen kom på å spørje heller.
Sjå her er teen din ferdig. Vart det mindre vondt?
Eg er så glad i deg, mamma. Og så er eg så sint på deg nokre gonger.
Det har du etter meg. Eg har hatt lyst å kaste deg ut for verandaen i alle dei trassaldrane du har hatt, men enno har eg ikkje gjort det berre for at du er så god.
Og no er det snart for seint! Sa Ingrid, og rekte tunge Snart er eg sterkare enn deg!
Ha! Det blir lenge til! No har eg starta trening i ein ny kampsport. Den heiter Langkost-ondo. Og så har eg starta detektivbyrå. Eg har fått med ein ny superdetektiv frå Bagdad. Både han og Faadumo kjem i kveld.
Er det han du er forelska i?
Det er eg slett ikkje? Slutt å tøyse med det!
Oj oj oj – kvifor så hissig? Trefte eg eit ømt punkt?
Tøys på deg. Dei kjem klokka sju. Eg tenkte me kunne ete då.
Kvifor får du berre utanlandske vener?
Gjer eg det? Ja – det gjer eg visst. Eg veit ikkje. Men dei er veldig okey, begge desse.
Linda sette seg til PCen og tok til å søke på Kent Karlsen. Ho hadde aldri gjort det før, ho ante ikkje kva han hadde gjort eller kor han hadde vore. Det var ikkje lett å finne det ut no heller. Det såg ut til at over hundre hadde same namn. Om det stod noko om han der, drukna det i mengda av informasjon om eller frå alle dei andre.
Ho ringde Karina . Måtte berre beklage endå ein gong at ho vart så brått borte, sa ho. Ja det var leit – men det hadde gått betre enn Karina hadde trudd det skulle. Den nye leiaren av Sentrumsforeininga var så fantastisk. Eg visste ikkje at det var komen ein ny, laug Linda. Jau – han heitte Kent Karlsen og han var her frå byen, han hadde vore ute av byen nokre år og bygd ut eit større selskap men akkurat no var han ledig og han var ein stor kapasitet – alle var så glade for å få han. Kva han hadde bygd opp? Det var noko med informasjonsteknologi. Ein stor internasjonal suksess. Du kjenner han jo – han seier mykje fint om deg.
Fortalde du han om meg?
Han var full av forståing. Det hadde ikkje vore lett å vere deg opp gjennom, sa han. Han sa at me heller skulle finne ei løysing enn å pukke på kontrakten. Så har han sjølv gått inn i det praktiske arbeidet. Det er så morosamt å arbeide med han.
Linda tok sats. Her var ikkje tid til gjennomtenking.
Han drap sonen min. Han ville drepe meg og – medan sonen min låg døyande og såg på.
Ikkje sei slikt, Linda, sa Karina  med sorgtung røyst.
Hadde det ikkje kome folk hadde han klart det. Han ville kamuflere alt som ei ulukke.
Linda – hald opp. Eg veit at det ser slik ut for deg. Men dette har jo vore etterforska og behandla i retten og det er ikkje slik. Du må freiste å kome vidare i livet.
Han har fått makta over deg, forstår eg! Sa Linda. Er det berre krafta hans som har blenda deg – eller har han alt treft deg med dei såre sidene sine og?
Eg trur ikkje me skal snakke meir no.
Det trur ikkje eg heller. Men takk for åtvaringa. Og pass no godt på deg sjølv!
Ingrid hadde høyrt alt. Ho satt stiv i sofaen.
Er det farleg? Sa ho. Må me reise att?
Nei – dette er krig! Sa Linda. Eg lar meg ikkje jage ut av byen ein gong til!
Eg er redd.
Det er eg og. Men kjenn her om du vil – eg er ikkje pissredd lenger!
Før Faadumo og Mehmet kom, hadde dei snakka grundig gjennom fluktruter og gøymeplassar. Dei hadde repetert lista av innvigde, besteforeldra Lyder og Della, onkelen Espen, vener ho kunne dra til, telefonar ho kunne ringe. Signal dei skulle rigge: Den som kom fyrst heim skulle henge ein lapp ut på døra om der var trygt. Hang ikkje lappen der, skulle den andre ringe før ho låste seg inn. Mellom anna.
Faadumo gjekk rett på sak og fortalde at Kent Karlsen hadde fått snusen av Linda  med det same han kom: Det hadde teke han mindre enn eitt kvarter av det fyrste møtet med  Karina  at ho hadde vore der men at ho brått hadde stukke av fordi ho hadde sett ein som ho meinte var farleg.
Karina  er alt fanga i garnet hans. Eg freistar å føre meg slik at han trur han har kontroll på meg og. Eg trur ikkje han mistenkjer oss for å ha kontakt framleis.
Dei måtte forklare Mehmet den kompliserte stoda som hadde utvikla seg. Han høyrde roleg på, han spøkte med at dette var litt for komplisert for ein filosof og at han tok til å lengte heim til trygge, gode Bagdad,  Men han høyrde interessert  på analysane til dei to kvinnene og Ingrid – både det dei så langt hadde funne ut om mordet på Malin Meyer, den gamle historia til Linda og refleksjonane til dei sterke og svake punkta til mordarar av det slaget som meiner dei er i sin rett til å drepe.
Umåteleg interessant! Sa Mehmet. Som eg nemnde for deg tidlegare i dag så har eg mindre personleg erfaring med dette slaget mordarar enn de to – orsak – tre. Men eg ser ikkje bort frå at nokre av dei som drap mine vener hadde noko av dei same karaktertrekka. Eg meiner – det kan vere eit fellestrekk for kulturen her, i kusjittisk Afrika og på den arabiske halvøya.
Dei spøkte med  alt det farlege som hadde vakse så fort rundt dei.  Linda og Ingrid hadde laga til ei couscousgryte til ære for nykomaren. Han sa at han tykte maten var god – men han kunne godt tilrå ein utmerka  husmorskule i Bagdad om dei hadde tenkt å lage den endå betre i framtida. Dei hadde det godt. Ingrid sa at ho nokre gonger tykte det var skummelt å sjå mot vindauga når det vart mørkt ute – men ikkje i kveld.
Linda sette fram ei stor tekanne etterpå. I kveld trur eg terrorteorien står sterkast, sa Linda. Superdetektiven Ingrid har jo oppklart dei private relasjonane rundt Malin Meyer. Eg har og ringt rundt litt – eg kjenner folk som kjenner han. Ingen trur han har hatt verken motiv eller ein karakter som ville vere i stand til å gjere noko vondt mot henne.
Så la oss legge bort den teorien ei stund og konsentrerer oss om den andre, sa Faadumo. Ein mann hadde tenkt å lage eit blodbad med å skyte eit stort tjuetal psykisk utviklingshemma og ungdomsskuleelevar. Men så bomma han heilt på tida – han kom seg usedd inn, men han fann ingen der. Berre ei einaste jente.
Og ho har ikkje skrike opp, ikkje freista rømme – ho har berre motstandslaust lete seg skyte. Sa Linda. Og så har han gått att.
Men ein utviklingshemma såg han kan hende? Sa Ingrid. Han du fortalde om?
Ja – sjølvsagt. Minst ein. Det må tyde at mordaren har slurva.
Eller så har han vorte redd og teke til å skunde seg, sa Faadumo.
I så fall slår han snart til på ny, sa Mehmet. Er han del av ein organisasjon så har han tapt andlet for dei andre på grunn av den klønete aksjonen. Er han aleine, kan han sitje med ei kjensle av å vere uferdig. I begge tilfeller vil han slå til ein gong til.
Mot dei same?
Nei. Mot heilt andre. Men like uventa. Like rått.
Ein barnehage – ein aldersheim – eit sjukehus....
Fy faen.
Det vart kaldt i rommet. Ingen sa noko. Det for uhyggelege bilete gjennom hovuda.
Ta teorien din ein gong til, Faadumo, sa Linda. Den om de sterke og svake sidene til mordarar som meiner dei er i sin rett til å drepe?
Den eine styrken er at dei spreier redsle. Den andre er at dei spreier medynk. Svakheita er at dei ikkje står for noko, at dei ikkje kan forsvare seg – kan dei ikkje angripe, vert dei lamma.
Dei måtte oversetje «medynk» - dei snakka om compassion og compassione, mercy og miseracordia. Mehmet syntes dette var rart, og bad dei forklare.
Det gjeld i alle fall Kent Karlsen! Sa Linda.  Han ser på seg sjølv som ein forfylgd mann. Han meiner han gjer det gode – at han er hard, men rettferdig – men at han ikkje vert forstått. I førstninga var det ein så oppsiktsvekkande kontrast til den krafta som var førsteinntrykket av han, at eg vart heilt fjetra. Han trefte meg på tre viktige sider i kjenslelivet – fyrst vart eg imponert, så vart eg full av medynk – og så vart eg redd for han. Då eg ville slå meg fri, kjente han det som at eg gjekk til åtak på han. Men han hadde ikkje evne til å forsvare seg, berre gå til motåtak. Han stakk mot dei såraste punkta eg hadde. Og til slutt drap han Sander.
Eg kjenner att desse trekka frå dei som reiv Mogadishu frå kvarandre og, sa Faadumo. Ikkje alle – men dei som ikkje hadde motførestillingar mot å drepe. Dei såg seg sjølve som dei rettferde og ofra sine som vantru og umoralske og agentar for Vesten. Tenk - dei meinte at dei hadde rett til å plyndre, drepe og valdta for å forsvare moralen! 
Heile livet mitt har eg har strevd med å forstå tenkinga til menneska, sa Mehmet. Frå dei gamle klassiske filosofane til dei store straumane i vår tid. Men no sit eg med tre kvinner som har kjent på kroppane sine at det ikkje er tenkinga, men ein slag dyriske kjensledrifter som styrer, Det kjennes som at eg har bygd verdsbiletet mitt på ei misforståing,,,
Kanskje det er det som forklarar manglane i tradisjonane innafor tenkinga? Sa Faadumo . At dei som har sett dei sterkaste spora etter seg i filosofien er folk som har sloppe lammande redsle, landevegsstøv og død? Sa Faadumo.
Filosofar brukar vel ikkje pisse på seg? Sa Linda med rå røyst. Dette måtte ho forklare – ho fortalde med forsiktige ord om kroppslege reaksjonar på djup redsle.
Nei. Sa Mehmet. Dette kan eg ikkje hugse at nokon filosof har reflektert over.
Så – altså – avanti! Sa Faadumo.
Eg kan nok realitetsorientere meg som filosof – men det er langt fram til eg kan bli nokon hærførar, smilte Mehmet.
Taktikken skal me ta oss av – du kan vakte på oss så me ikkje taper måla av syne, sa Linda.
Og kva er måla?

Å finne han som drap Malin Meyer – og å drive han som drap Sander ut av byen! 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar