Det vart onsdag. Det var den tiande dagen i månaden. Ein ny blogg kom:
Morgonblogg: Prat
Av Passasjer 81:
I dag
har Elvis slips. Ikkje dress, men jakke og slips. Andletet hans er lukka og
innvendt. Lady Raud snakkar til han av og til, men får berre korte svar. Eg
trur ikkje han er sur på henne, han er berre spent – nervøs kan hende – han går
gjennom korleis han skal legge fram spørsmålet han har meldt i skulestyremøtet.
Alle sit som dei brukar. Berre ikkje eg. Eit nytt menneske har kome på bussen.
Ho har teke min plass. Eg gir vel katten i det – for meg betyr ikkje eit bussete
nokon verdas ting. Tvert om – eg set meg hos Mama Harjet.
Det er
jo du jo, seier ho. Skulle ikkje du skaffe noko godver?
Eg har
møtt ein av dei som arbeider for deg, seier eg. Han heiter Habini eller noko
slikt. Ingen hos meg heiter det, seier ho. Nei – han heiter Mehmet og eit eller
anna -ini, seier eg. Å, Mehmet, seier ho. Han er ein pratmakar. Han sa at han
er professor i filosofi? Seier eg. Ja, det er jo det eg seier, seier ho.
Det var i går, etter at eg hadde tala med Lady
Raud. Eg gjekk runda mi og kom forbi det låge huset til Mama Harjet sitt
reingjeringsbyrå. Professoren stod utanfor og venta – døra var låst. Me kom i
prat. Han snakka ikkje så godt norsk – men han hadde eit framifrå engelsk. Han
hadde stukke frå Irak på Saddam Hussein si tid. Han hadde fått tips om at han
var fallen i unåde og hadde kome seg unna og var hamna her i byen til
sist. Det hadde teke to år før han fekk
lov til ta seg arbeid, og då hadde det ikkje vore anna til han enn dette. Han
var ein slags reserve på Mama Harjet sitt arbeidslag og gjekk inn om nokon var
sjuke eller vart kasta ut av landet. Fast jobb fekk han aldri der, han visste
ikkje kvifor.
Det var
han som brukte biletet med basaren på Lady Raud si verksemd. Han sa at det
ikkje var så lett for han å forstå alle dei underlige forholda her i byen, men
ein ting hadde han fått tak på, og det var kor grunnleggande viktig
basarmentaliteten var i alle relasjonar.
Det er som om folk aldri stenger kremmarbuene sine, sa han.
Eg sa at
det var ein ny tanke for meg. Eg trudde mest det var i kommersiell sektor det var slik, men
han meinte at alle sektorar er kommersielle her. Eg ymta frampå om offentleg sektor men då lo han og sa at ingen er vel meir kommersiell
enn dei, for dei er nybegynnarar alle saman. Eg måtte gruble på det ei stund og
drøfte nokre eksempel fram og attende med han – men så måtte eg gje han rett.
Sjukehusa måler kost-nytte, skulane, biblioteka – for ikkje å snakke om
velferdsordningane.
Alle
tenkjer ikkje at kunden alltid har rett, sa eg. Nei, sa han. Men alle tenkjer
at dei må unngå konflikt . Så alle snakkar kvarandre etter munnen – og du kan
ikkje tru på nokon.
Eg ler
litt av Mama Harjet sitt likskapsteikn
mellom filosofen og pratmakaren og seier at ho må ha ein utruleg interessant arbeidsplass. Nei,
seier ho, eg får ikkje tak i folk som gjer som eg seier. Dei er for dovne
- eller så er dei for dumme til å skjøne
kva eg seier til dei.
Er
professoren og dum? Seier eg. Ja, seier ho, han
kan ikkje bone.
Han
fortalde om fleire av dei andre som arbeider der, seier eg, han sa at mange har
underlege opplevingar og uvanlege kunnskapar
å fortelje om. Ja – prate kan
dei, seier ho, men berre på apespråk.
Eg held
fram med spørjinga mi, sjølv om eg kan
sjå at ho heller vil sitje i fred med sine eigne tankar. Han sa at folk her er
redde for konfliktar, seier eg, at dei pratar kvarandre etter munnen. Men det
gjeld visst ikkje deg? Kva meiner du ? Seier ho skarpt. At du ikkje går av
vegen for ein konflikt – at du ikkje er redd for å seie kva du meiner?
Hos meg
finst ingen konfliktar! Seier Mama Harjet med ettertrykk. Om han påsto noko
slikt, så er det rett ut!
Nei,
nei, nei, seier eg, professoren sa ikkje noko som helst om deg, det er eg sjølv
som undrar meg på det. Eg var i to diskusjonar i går som begge handla om at
folk snakkar kvarandre etter munnen her i byen. Det er kan hende mykje i det
- men du er eit unntak. Du har karakter
– du står for noko, seier eg.
Eg
snakkar ikkje nokon etter munnen. Og eg har ingen konfliktar. Seier Mama
Harjet.
Nei.
Me sit
ei stund. Eg har lyst til å le, men ho vil jo ikkje forstå kvifor, så det vil
vere uhøfleg. Der er ein tunnel på vegen, det vert mørkt i bussen og ganske
mykje støy så det passar fint å ta ein pause og bytte tema der. Eg tenkjer at
Mama Harjet er eit enkelt, sjølvrettferdig menneske som antakeleg vert overgått
på alle skalaer av dei fleste som arbeider for henne. Likevel er det ho som er
sjefen, og det finst ingen teikn på at det går mot noko endring av det.
Det vart
ikkje bruk for den praksisplassen hos deg, seier eg når vi er ute i dagen att.
Kvifor det? Seier ho. Har du ikkje høyrt at det var den jenta som vart skoten?
Seier eg. Å? Var det det? Seier ho. Og eg tenkjer du, kor feil den er, denne
førestellinga om at verda er lita. Mama Harjet har ikkje fått med seg at den
same jenta som ho irriterte seg over, sikla på og tilbaud praksisplass brått er borte og skal gravleggast til fredag.
Det der
med han radioreporteren? Seier ho. Det var eg ikkje klar over. Jaja. Eg har no
aldri likt han.
Denne dagen – onsdag
den 10. i månaden - fekk Ingrid sin fyrste mens. Dei hadde så vidt snakka om
det, ho visste at mor hennar blødde kvar månad. Likevel var det dramatisk for
henne at ho vakna med blod senga.
Eg tenkte på mord
med ein gong! Sa ho, då ho var komen til hektene sånn nokon lunde. Ho hadde
hatt vondt, men hadde ikkje sagt noko, der hadde vore problem nok å snakke om
dei siste dagane. Men no hadde ho ein veldig trong til å snakke. Det tok tid.
Eit lynkurs i kunsten å bytte bind tok tid. Ein refleksjon omkring det at ho no
kunne få barn tok tid. Når alt dette var unnagjort var der ikkje att tid til å
sykle. Så Linda Dahlin Loe gjekk på bussen og fann eit ledig sete kort attom
midtgangen. Ho gjekk forbi den nye sjefen sin på vegen attover, ho helste, men
fekk inga helsing attende. Ho sat vel i si eiga verd.
Ho fylgde ikkje
toget av menneske frå busstasjonen, opp hovudgata, over brua og utover langs
kaiane. Ho hadde ikkje spesielt lyst å gå distansen saman med den nye sjefen,
og dessutan skulle ho jo ikkje møte før tre kvarter etter dei andre. Den tida
ville ho bruke til å freiste å melde frå om jobbskiftet på Velferda ein gong
til. Ho måtte gje det opp etter ein halv time, men no fekk ho i alle høve
lovnad om at ei melding ho hadde lagt i lukka konvolutt skulle bli gitt vidare
til Karl Gustav Solberg.
Aziza var ei livlig
dame. Ho var glad for å få hjelp, og ho var glad for å få med seg ei som kjente
Faadumo.
Faadumo er ein helt!
Sa ho. Ho vart skoten – men trur du ho ville døy? Nei! Ho kom seg! Ho kom til
sin onkel i Hargeisa. Han forstod ingenting – plutselig var der ein jentunge på
døra – min far, din bror, Abdul er død, min bror, din brorson, Ghedi, er død.
Eg – din bror si dotter – døyr om ikkje du tek meg til ein god lækjar. Og no er
ho her! Ingen kan knekke Faadumo!
Ja – no er ho her
med si mor, sa Linda.
Aziza såg fort på
henne og sa ja.
Si mor – som har
budd her i mange år! Sa Linda.
Ja, sa Aziza.
Saman med ein mann
som ikkje er Linda sin far.
Jo! sa Aziza.
Nei – for han døydde
jo på vegen til Hargheisa, sa Linda.
Ja – men det var ein
annan far!
Åja! Sa Linda, og lo
hjarteleg. For i Somalia er det nett som i Europa – kvinner bytter menn like ofte som dei bytter truser.
Nei – ikkje Somalia
– berre i Somaliland! Sa Aziza, og lo like godt. Etterpå sa ho at Linda ikkje
var dum og at det var litt vanskeleg, for ho likte helst å vere saman med dumme
folk. Det er mykje enklare, sa ho.
Men ikkje så
morosamt, sa Linda.
Nei! Ikkje så
morosamt!
Dei gjorde unna
vaskinga i eit veldig tempo, slik at dei var ferdige og hadde god tid då
bebuarane kom frå jobben. Dei kom i
drosje, fekk hjelp med kvar sin ryggsekk – og sprang opp trappene til kvar sitt
rom.
Arnt Helge heitte
han som Linda helst ville bli kjend med. Ho var på hans rom, sjølv om ho var
ferdig med vaskinga der. Han sprang forbi henne utan å helse og inn til stova.
Der sette han seg framfor eit akvarium han hadde der.
Sjå! Sa han. Fisk!
Linda sette seg ved sida
av han og såg.
Blå fisk! Sa han, og
peikte.
Rød fisk! Sa Linda,
og peikte. Han lo.
Dei sat slik til dei
hadde peikt ut alle fiskane. Då peikte Linda på ei plante og sa: Grøn fisk!
Han lo stort, snudde
seg, fekk sjå Aziza, ropte på henne og lo og peikte på planten og sa: Ikkje grøn
fisk! Går ikkje an! Og Aziza slo hendene saman og lo og lest som ho kjefta
på Linda.
Då han var ferdig,
sa Linda: Hei Arnt Helge – hugsar du meg?
Vaskedame! Sa han.
Ho tok fram caps’en frå Eit levande sentrum. Det gjekk ikkje noko lys op for
han, men han såg seg rundt, studerte Aziza og sa: Ikkje syngedame.
Linda tok fram ei
bilde av Faadumo og viste han. Han lo høgt og sa: Syngedame! Sjå! Sa han til Aziza
. Syngedame!
Aziza lo. Han hugsar ikkje deg – berre Faadumo! Arnt
Helge og Linda lo med.
Linda hadde fleire
bilete. Han tykte et var moro å sjå på dei. Ho hadde klippa dei fleste frå
avisa. Det var ordføraren, ein skodespelar, ei dame frå eit reklamebilde –
Malin. Han såg uinteressert på dei fleste, sa berre «humm» og rista på hovudet.
Men då han såg Malin sette han seg på huk og ulte, nett som han hadde gjort på
gardsplassen fyrste gong ho såg han.
Nei men – Arnt
Helge? Kva er det? Sa Linda.
Pang pang! Farlig
mann! Sa han.
Ho viste han eit
bilde frå ein kinoreklame, ein mann med pistol. Sånn? Sa ho.
Humm! Sa han og rista
på hovudet. Film! Sa han.
Ho viste ei ku. Mjølk!
Sa han og lo. Og dermed for han ut på kjøkkenet for å finne mjølk i
kjøleskapet. Mø! Mø! Mø! Sa han. Og lo.
Dei pakka saman
utstyret sitt, sa farvel til han. Han fylgde dei til døra, peika på Aziza og sa: Ikkje syngedame! Og lo.
Eg trur han såg kva
som hende – og eg trur han kan fortelje oss kven som gjorde det, sa Linda då
dei var i bilen. Me treng berre å få tak i eit bilde av han som gjorde det – så
kan han fortelje oss om det er rette mannen.
Men då er det jo
ikkje noko problem! Sa Aziza . Kor mange menn finst i byen her? For det kan jo
ikkje vere nokon frå ein annan by?
Då dei kom attende
til parkeringsplassen var døra til kontor- og lagerbygget låst. Mehmet stod utanfor.
Linda var glad for å sjå han.
Korleis
var First day in service of Purity and Dignity? Sa han.
Linda fekk ein sterk
trong til å fortelje han om kva ho var så oppteken av. Aziza sa at når sjefen ikkje var til stades, kunne
dei berre sleppe nøklane i brevsprekka og dra heim. Ho takka for i dag – og
slik vart Mehmet og Linda ståande og snakke.
Han hadde sjølvsagt
høyrt om drapet. Det hadde undra han korleis det vart omtalt i det offentlege
romet: Media skreiv side opp og side ned om den påkjenninga det hadde vore for
radioreporteren, medan sjølve drapet såg ut til å vere ferdig etterforska så
fort nokon hadde lansert ein teori. Det kunne vere handlinga til ein
utilrekneleg – ei ulukke – noko som aldri ville kunne
oppklarast.
Eg har sjølv mista
eit barn. Eg trur det er grunnen til at dette opptek meg så sterkt. Det vart
heller ikkje oppklart – eller: Det vart handsama som ei ulukke. Sjølv om eg
hadde sett kva som hende – sjølv om han hadde freista drepe meg og medan sonen
min døydde – så vart han frikjend. Eg orkar ikkje tenkje på at noko liknande er
i ferd med å hende om att.
Dette gjer meg svært
vondt å høyre. Tvilar du på at politiet finn ut kva som hende?
Ja. Og sjølv om dei
finn det ut, så tvilar eg på om retten dømer i samsvar med det.
Så du har tenkt å
finne bevis sjølv?
Nei – eg har ikkje
tenkt. Men eg får ikkje ro. Eg må berre gjere noko.
Kva slag teoriar har
du – så langt?
Anten hadde einkvan
fordel av om Malin vart borte. Ho hadde ein far som ikkje visste om henne –
eller ikkje skulle vite om henne. Eller så var ho det einaste offeret i noko
som skulle ha vore ei større terrorhandling. Einkvan skulle drepe mange – så
fann dei berre henne der då han kom.
Kven var faren?
Det veit eg ikkje.
Antakeleg veit berre mor hennar det – og ho vil ikkje fortelje det. Ikkje enno
i alle høve.
Besteforeldra då?
Det har eg ikkje
tenkt på. Det var ein god idé. Takk skal
du ha!
Og terrorsporet –
kva slags tanke kunne ligge bak det?
Det kunne sjølvsagt
vere ei høgreradikal gruppe, ei som meiner som nazistane at psykisk sjuke må
drepast for at ikkje rasen skal
degenerere. Men eg har aldri høyrt nokon hevde noko slikt. Dei brukar å vende
aggresjonen mot innvandrarar.
Kan det vere ein
intuisjon du har – at det er same mann som drap ditt barn som og har drepe
dette?
Linda kjende
underlivet sleppe taket att eit sekund. Ho kom til hektene før det gjekk gale –
denne tanken hadde ho ikkje våga å sjå i auga. Men ho hadde hatt den heile
tida, det kjende ho no.
Det kan ikkje
finnast slike intuisjonar? Det er jo heilt overtruisk?
Eg trur menneska
sansar mykje meir enn me klarar å gjere oss bevisst. Det me ikkje kan forstå
eller vite eller sjå klart, det kan erfaringsbakgrunnen vår fylle ut slik at me
får ei aning av samanhengar som me ikkje kan forklare. Det er intuisjon. Det er
ikkje overtruisk. Ofte kan ein kome fram til kunnskap gjennom å fylgje
intuisjonar. Det er som når ein skriv ein vitskapeleg artikkel der ein startar
med konklusjonen og så resonnerer seg fram til bevisrekka bakfrå. Det er i
røynda slik den naturvitskapelege metodikken er. Ein hypotese er jo ikkje noko
bevis – nokre gonger er den sett på rein intuisjon. Så får undersøkingane
avgjere om den held – eller om den ikkje held.
Kva er bakgrunnen
din?
Eg er filosofilærar
frå universitetet i Bagdad.
Kvifor er du
reservearbeidar her?
Av di vår store
leiar ikkje ynskjer å gje meg fast arbeid. Men ho vil gjerne ha meg som ein
ståande reserve – bokstaveleg talt.
Kvifor er ho ikkje
her?
Ho er vel ute om
målar opp nye lokalar for å gje anbod på reingjering.
Eg får lyst til at
du og skal bli med å finne ut ting om Malin Meyer. Ein tidlegare arbeidskamerat
er med frå før. Ho har og vore utsett for drapsforsøk, ho mista far sin og bror
sin. Ho kjenner same uroa som eg – og me arbeider godt saman.
Eg har nok ikkje
kvalifikasjonane. Eg kom meg unna i tide – ingen har skote på meg eller slått
meg helselaus. Men det gjekk slik med fleire av dei som sa eg var dum som stakk
frå ein god jobb på universitetet. Det var ikkje sikkert eg ville få nokon like
god jobb der eg kom, sa dei. Og dei fekk langt på veg rett. Men eg lever. Det
gjer ikkje dei.
Kan du kome til meg
i kveld? Sa Linda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar