(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka vart 11:15.
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka vart 11:15.
Den kjente
radioreporteren Rudolf Steiner hadde eit
samtaleprogram omtrent på same tid. Det
var ein general i studio, ein
tenestemann frå det politiske politiet,
eit par journalistkollegaer og ein imam. Temaet var terror. Imamen vart
hardt pressa – det er ikkje i tråd med Koranen å drepe uskuldige, sa han om att
og om att, men like repeterande vart han spurt om han tok ansvar for terroren.
Det var dette med at dei to drapspistolane var av same merke og hadde
serienummer rett etter kvarandre som etter fleire si meining gjorde det heilt
klart at dei to morda var utførde av same person eller same organisasjon og at
motivet måtte vere terror.
Kan det vere
tilfeldig at det var den einaste kvite som vart drepen på ein muslimsk
arbeidsplass? Spurde reporteren. Det er berre ein av fleire teoriar, sa
politimannen. Underbetaling fører til sosiale spenningar sa den eine
journalisten, det må vere lovleg å kalle ein spade for ein spade sa den andre.
Generalen forklarte omgrepet asymmetrisk krigføring – og imamen sa at det ikkje
er i tråd med Koranen å drepe uskuldige.
Kan det finnas
religiøse grunnar til angripe psykisk utviklingshemma? Sa reporteren. Slike
synspunkt er ikkje kjende frå før, sa politimannen. I pressa situasjonar går
menneska gjerne til åtak på dei svakaste sa den eine journalisten. Ein må jo
sjå i auga det som hender – det nyttar ikkje å snakke det bort! Sa den andre.
Generalen sa at militærløyvingane hadde gått ned gjennom fleire år, medan imamen
gjorde det klart at alle born er gåver frå Gud og at det er ikkje i tråd med
Koranen å drepe uskuldige.
Ein innringar sa at
det måtte vere høgreradikal terror, for nynazistar var for miskunndrap og mot
innvandrarar. Det starta ei lita runde i
studio der politimannen og journalistane drøfta forskjellane mellom organiserte
nettverk og fanatiske einskildpersonar. Så gjekk dei over til å diskutere
kvinner og bruk av hovudplagg.
Om lag slik sat folk
over heile byen, på arbeidsplassar og kafear, i tilfeldige grupper på
busshaldeplassar, i organiserte møter med dagsorden og møteleiar – og ved
skjermar. Ved arbeidsbord der eit trykk med venstre tommel og peikefinger kunne bringe dei inn og ut av
private og halvoffentlege diskusjonsstraumar,
ved nettbrett og smarttelefonar på dei mest utenkjelege stader: I
busseter, på toalett, i ventesalar og pølsekøar.
Folk spant og spant
på det vesle dei hadde av informasjonar og det veksande mangfaldet av
spekulasjonar. Dei serbisk-produserte pistolane vart til visse om at balkansk
mafia stod bak og at det var krig om marknader for stoff og menneskesmugling.
Dei samanhengande serienummera vart prov på eit organisert terrornettverk, og
det kunne ikkje vere tvil om at det var fanatiske muslimar som stod bak. Medan
samanfallet med konkursen i Tekstilkombinatet gjorde det heilt tydeleg at Malin
Meyer og Angelique Fuglesang vart drepne av jødiske agentar for å dra merksemda
vekk frå dei økonomiske spekulasjonane som hadde sendt tusen mann ut i
arbeidsløyse. Alle desse prova peikte i same lei: Det var innvandrarane si
skuld.
Like etter
studiodebatten etablerte einkvan ei kampanjeside på Facebook som etter kvart
kom til å samle alle dei ulike trådane som diskuterte det som hadde hendt i
byen. Opprettaren kalla sia ”Rein By”. Det var jo det same slagordet som
Renovasjonsvesenet brukte, og sia vart dekorert med bilete av raudt- og
grøntkledde søppeltømmarar.
Litt før klokka tolv
vart den nye leiaren for Sentrumsforeininga – Kent Karlsen – intervjua på
radioen. Han fortalde at han var på veg
til det fyrste offeret si gravferd, han skulle representere byen her og byrådet,
sa han. Han hadde gjort seg mange tankar. Den viktigaste var at ingen – han
gjentok ingen – skulle få øydeleggje særtrekka i byen her, samhaldet,
kulturen, homogeniteten, den
religiøse arven. Han ville ikkje
spekulere for mykje om kvifor sume mektige krefter freista å øydelegge
byen her, men dei fleste forstår jo det av seg sjølve, sa han.
Kent Karlsen meistra kunsten med å få alle til å kjenne seg
lukkelege, sterke og samde når dei stod i ring og ropte i kor. Programassistenten
til Rudolf Steiner la kommentaren hans ut på Facebook, og mange trykte ”Likar!” og spreidde det vidare. Det kom
støttekommentarar både frå folk som dyrka
konspirasjonsteoriane og folk som fekk vond smak i munnen av dei men som ville
markere at dei ikkje var udanna, at dei fullt og heilt stod ved byen her.
Men det andre straumdraget
vaks og i styrke. Det vart ikkje fanga opp av massemedia og fekk inga draghjelp
av kjendisar eller organiserte nettverk. Det hadde vakse seint fyrst, frå Facebookprofilen
til Ingrid Dahlin Loe gjennom eit nett av ungjenteprofilar. Då Faadumo Awale Samakab kopierte og sende lydopptak og åtvaring vidare i nettet til vaksne og middelaldrande
kvinner i Fi-marka, vaks det seg etter kvart utover i krinsane til vaksne
kvinner med liknande erfaringar. Det spant djupare i undergrunnen og det utvikla seg ikkje så
fort, men det auka på då Margrethe Obstaklevic melde at ein mann hadde henta
Ingrid på skulen og at hu trudde det var same mann som han på opptaket. Då Kent
Karlsen vart intervjua på radioen tok
dette straumdraget og til å vekse fortare. Opptaket av trugsmålet hadde no
tallause filnamn og kunne ikkje lenger stoggast.
Kort etter klokka
eitt kom nyhendemeldinga om at det var funnen ein pistol utanfor moskeen. Det
var ein M57 av same merke som drapsvåpna – med serienummer etter dei. Den var
ladd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar