mandag 2. september 2013

41: Dag 12 kl 15:30 - Kartet

(Til samandrag)   
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 15:30
Faadumo kjente og ei stor lette då ho endeleg fekk kontakt med Linda Dahlin Loe.
HAN har teke Ingrid! Sa Linda.
Eg veit det – og eg veit kor dei er, sa Faadumo.
Korleis kan du vite det?
Eg køyrde med han attende frå gravferda. I bilen såg eg meldinga frå Margrethe Obstaklevic  at nokon hadde henta Ingrid – og så fekk eg ein impuls til å legge telefonen i sidelomma i bilen hans. Me kan jo spore dei telefonane – og no har eg sett kor han har køyrt.
Du er fantastisk! Eg står her med ein politimann – me er i fotobutikken – eg skal berre forklare – me kjem me ein gong!
Faadumo hadde laga utskrift av kartet med den blå prikken kvar gong den hadde passert eit vegkryss. Ho hadde fylgt med på den og på aktivitetane på Facebook, ho hadde ikkje flytta seg og ikkje laga ein lyd for ikkje å dra til seg merksemda til Karina . Dei hadde ikkje veksla eitt ord sidan Karina  slo att døra inn til seg sjølv.
Det var Facebookgruppa til Margrethe Obstaklevic og Sheila Hasina som etter kvart var blitt den sentrale for alle som støtta Ingrid Loe. Meldingane der var ikkje akkurat eigna til å roe folk ned – ho tenkte at ho ikkje ville vise denne gruppa til Linda før tidlegast når alt dette var over. Ho skreiv heller noko der sjølv: No var ho for involvert – og ho måtte ikkje røpe kor mykje ho visste om kor Kent sin bil hadde køyrt med Ingrid.
Men uroa hadde stige over å sitje aleine utan å dele informasjonen med andre enn Mehmet. Så for å vere sikker på at den ikkje gjekk tapt sjølv om både ho og Mehmet vart sette ut, så sende ho karta til Sheila Hasina og. Ho hadde lova at ho ikkje skulle publisere dei og på det viset avsløre kor mykje dei visste, men det var den kunnskapen som hadde sett Sheila i gang med å mobilisere til bussen som tenkte å hente Ingrid. Faadumo  ville ikkje sjølv kontakte politiet – heller ikkje då ho såg på gruppa Margrethe hadde etablert at både Ingrid og Kent Karlsen var blitt etterlyst. Ho meinte Linda sjølv måtte gjere det, og ho kunne  ikkje forstå kvifor ikkje Linda slo på telefonen. Men før ho fekk informasjonen frå Mehmet om det nye telefonnummeret, hadde Karina  brått stått attom henne att.
Så? Du er tilbake? Då kjem vel Kent og?
Faadumo kom ikkje på noko å seie før Karina  heldt fram: Politiet vil ha tak i han! Visste du det? Dei trur han har bortført dottera til Linda. Men då hadde jo du sett henne, ikkje sant?. Var ho der?
Faadumo var framleis ikkje sikker på kva ho skulle gjere. Ho visste ikkje om ho kunne stole meir på Karina  no, etter at ho tydelegvis hadde fått desse  informasjonane. Endå ein gong var det intuisjonen som styrte henne.
Eg har ikkje vore der, sa ho.
Var han ikkje heime?
Eg gjekk ikkje.
Men du var der i natt?
Nei.
Kvifor sa du det då?
Eg sa ikkje det. Du sa det.
Du sa at du hadde gløymt telefonen din hos han!  
Eg sa at eg hadde gløymt telefonen min i bilen hans.
Men den var jo heime hos han!
Det var vel bilen som var heime hos han. Men han skulle jo kome attende. Det var ikkje noko poeng å reise ut dit.
Karina  såg mistenksamt på Faadumo. Ho gjekk til fjernsynet og slo det på, skrudde lyden  ned så det berre vart ståande å flimre med kjappe bilete av cocacola, parfymeflasker, hud og raske bilar. Ho såg ikkje på Faadumo sin skjerm. Ho såg ikkje i utmatinga frå skrivaren der bunka med kartutskrifter låg.
Eg trur Linda er med i eit spel, sa ho.
Faadumo sa ingenting, ho venta.
Eg trur ho lar seg bruke av folk som vil byen her vondt.
Korleis då?
Ho hatar Kent. Dette hatet kan gjere henne til ein nyttig idiot. Det er det me treng minst av alt. Kor mykje har du med henne å gjere?
Ho var kollegaen min.
Eg såg at de sat saman i gravferda. De snakka saman. Kva snakka de om?
Men Karina : Det var ei gravferd! Me kunne jo ikkje snakke. Me sa berre hei og hallo.
Karina  såg på fjernsynet og sa ingenting ei stund. Så sa ho: Ta opp Siste Nytt-sendinga når ho kjem. Du kan ikkje gå heim enno, me må sjå om det trengs å jobbe utover kvelden.
Kor lenge då?
Eg veit ikkje sa eg. Kommunikasjonsrådgjevaren kjem straks. Me må ha eit møte med henne og Kent og avgjere korleis me skal gripe sakene an.
Kva for saker?  
Karina  såg på henne, svara ikkje. Gjekk halvvegs inn døra til sitt eige kontor, men snudde att og tok kåpa si.
Nei – eg går over til henne heller. Ring meg når Kent kjem. Få tak i nokre smørbrød, to til kvar. Seks. Skal du og ha? Ta sju då. Gjer klar kaffitraktaren – men ikkje sett han på.
Nett då ho gjekk ut, ringte Mehmet og fortalte om det nye telefonnummeret til Linda. Mindre enn fem minutt seinare stod Linda, Mark S. Mekhar og Irene Guri Andersen Halvorsen i ein boge rundt Faadumo og sa at ho var ei Guds styring.
Ei stund var arbeidsromet til Sentrumsforeininga som ein militær operasjonssentral. Det var dirigert bilar og gjort telefonavhøyr. Prikken frå Kent Karlsen sin bil stod fast på same punktet. Dei fekk med seg kartutskriftene, passordet til Faadumo sin Find-myPhone-konto og telefonnummeret til Mehmet. Så fór dei til Politihuset att.
Faadumo gjekk over i kjøpesenteret. Ho såg menn som stod og røykte utanfor puben, dei hadde alt begynt å heve røystene endå det enno berre var tidleg ettermiddag. Ho såg ein mann som stod og såg seg rundt ved fontena, og ho ante ein kvinnekropp i det opplyste vindauget i biblioteket i andre høgda. Ho kjøpte ni smørbrød på rekning og åt to av dei medan ho gjorde klar kaffitraktar og fjernsynsopptakar. Bortføringa vart ikkje nemnd. Det var hendinga ved moskeen som  fylte sendinga. Dei hadde ikkje funne fleire våpen, sa politileiaren som vart intervjua. Det var funne ein pistol av same merke som dei to drapsvåpna på ein benk utanfor, og difor hadde dei ransaka  moskeen og alle som kom ut derfrå. Men ingenting var funne, og etterforskinga heldt fram for fullt.
Ho stod med kaffitraktaren og tenkte på korleis ord kan tyde heilt andre ting enn det som vart sagt. ”Ingenting var funne og etterforskinga held fram”.  Det kunne hatt som meining at  dei ikkje lenger trudde på teorien om at det måtte vere ein samanheng mellom moskeen og pistolen som vart funnen på ein benk utanfor.  Men både ho sjølv og alle andre ville nok høyre det som det motsette: Samanhengen var der nok, det var berre vanskelegare å finne han enn dei fyrst hadde trudd.
Før hadde ein god muslim vore noko trygt. Ein som ikkje stal og ikkje laug, som aldri var full eller sløva av khat og som bad bøner heller enn å krangle og slost  Men i byen her hadde ”ein god muslim” no vorte meir til eit skjellsord for mange. Det var fleirtal av  kristne her, mange av dei meinte at dei hadde ein annan Gud enn muslimane og dei visste heller ikkje stort anna om islam. Før hadde dei ikkje høyrt stort – no høyrde dei mykje vondt, og dei fleste trudde på det dei høyrde. Det hadde hardna til miljøet mellom minoritetsfolka òg, det var ikkje så fint å gå til moskeen lenger, dei  fekk hatske blikk frå mange ikkje-muslimar på vegen og når dei kom fram var der mange sinte og oppfarande der som tok den minste fleip som ei fornærming mot Profeten.
Det er som ein smitte brer seg, tenkte ho. Når folk sluttar å vere nyssgjerrige på kvarandre, så finn dei heller ikkje ut noko om kvarandre – og så tek dei fantasien i bruk i staden. Folk trur at alle i grupper utanfor sine eigne er like, at alle muslimar driv med vald og undertrykking eller at alle kristne er ærelause, rusavhengige og dumme.
Ho lo med seg sjølv, for ho tenkte på Mehmet som sa han lengta heim til fredelege Bagdad. Det var mest ikkje ein dag utan at Riksnytt synte blodige bilete frå eksplosjonar og hemnaksjonar der. Hende det at det kom bilete frå Somalia, var det og berre av sveltande, blodige eller vettskremde menneske.  Men ho kunne og lengte seg matt heim til de tronge bakgatene i Mogadishu der alle kjende alle av di dei spurde og grov: Kor har du vore? Kva gjorde dei der? Kva sa dei? Kva trudde dei om det som har med oss alle å gjere, som regnet eller krigen eller prisane på marknaden, og kva såg du av slikt som dei har for seg sjølve? Kor mange rom hadde dei? Korleis sov dei der? Var kona med barn?
Ho gjekk til PCen. Ho lasta sida inn på nytt for å vere sikker på at prikken som synte telefonen stod på same plass, ute i terrenget, i forlenginga av ein liten sideveg. Ho såg på Facebook. Sheila Hasina hadde bedt folk om å møte på torget. Ho hadde fått tak i ein buss og ville fylle den med folk som kunne vere med å hente Ingrid.  Faadumo hadde sjølv ikkje skrive noko på Margrethe si side, ho måtte ikkje gjere det for enkelt å finne ut kor mykje ho visste og korleis. Men ho sende ei privat melding til Sheila Hasina der ho sa at politiet og hadde fått informasjonane no, og at dei visst nok var på veg.
Mehmet ringde att. Han hadde funne ein sideveg, og måtte drøfte med henne om ho trudde det kunne vere den riktige. Ho fortalde kva ho såg på kartet – ein bekk, antakeleg ei lita bru, nokre hus oppe til høgre, ein gard kan hende. Han trudde det stemte, han ville fylgje sidevegen og sjå om han fann ei forlenging inn i terrenget, ein som ikkje stod på kartet.
Her er snø. Me vil sjå om det har køyrt folk før oss, sa han.
Ver forsiktige! Sa Faadumo.
Kor langt bak ligg politiet? Spurde Mehmet.
Eg veit ikkje – køyrer dei heilt herifrå vil det nok enno ta ei tid. Skal eg ringe dei og spørje om du skal køyre innover?
Du kan godt fortelje at eg gjer det. Men ikkje spør. Kan hende dei seier nei.
Før ho rakk å ringe Linda, ringte telefonen,
Det var Kent Karlsen.
Er ikkje Karina  der? Sa han.
Ho er gått til Kommunikasjonsrådgjevaren. Dei førebur møtet de skal ha i ettermiddag.
Få tak i henne. Eg kjem snart.
Kor er du?
På veg.
Politiet har spurt etter deg.
Kvifor det?
Dei trur du har bortført dottera til Linda.
Bortført? Mi eiga dotter?
Eg visste ikkje at ho var di dotter?
Eg er stefaren hennar. No skal ho bu hos meg ei tid.
Å…..  Faadumo visste ikkje kva ho skulle seie eller gjere. Men det visste han.
Du får seie til dei politifolka at dei berre får roe seg ned – eg er i min fulle rett.
Dei er ikkje her. Skal eg ringe dei?
Nei – la dei berre kave rundt. Få heller tak i Karina . Eg er tilbake om eitt kvarter.
Ho såg på prikken. Den stod på same staden. Ho ringte Linda. Ho tok mot meldinga om at Kent hadde ringt og sagt at han var attende om eit kvarter, men hadde elles ikkje tid til å snakke for noko var kome opp. Ho ringte Mehmet og fortalde det same.
Han kan jo ha køyrt forbi oss i motsett retning på hovudvegen  - me har jo sett etter sidevegar på høgre sida, ikkje møtande bilar på venstre.
Ho kan jo ha funne telefonen og teke han med seg – det kan jo vere difor han ikkje rører seg.
Fyfan, sa Mehmet. Trur du han kan – at ho….
Kva meiner du?

At det er ho som ligg utan å røre seg?  







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar