(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 16:45
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 16:45
Kent Karlsen var i
eit strålande humør då han slo opp døra til Sentrumsforeininga. Det smitta over
på Karina Burane og
Kommunikasjonsrådgjevaren med ein gong. Dei lo til kvarandre, og spøkte i ein
slags krigssjargong om det avgjerande slaget som nærma seg.
Det er tre store
saker som ligg bak, sa Kent Karlsen:
Ferjesaka, straumsaka og finanssituasjonen. Dei andre byane vil ha
ferjesambandet over til seg, Tekstilen vart køyrt konkurs for at dei vil ha
krafta – og til sjuande og sist handlar det om å få dei statlege og private
investeringane i byen her ned til eit minimum – og for at det skal bli meir på
dei andre. Men det overraskande er kor hardt dei køyrer, kor omsynslaust og
primitivt dei fer fram!
Dei freistar å ta
sentrale einskildpersonar i staden for å spele med opne kort, sa Karina .
For mindre enn ein
time sidan var eg etterlyst som barnekidnappar! Sa Kent Karlsen.
Kan me gå ut med
dette? Eg meiner – kan me bruke det? Sa Kommunikasjonsrådgjevaren. Det
synleggjer jo veldig godt korleis dei freistar å sverte deg?
Faadumo gjekk rundt
bordet og skjenka kaffi i koppane til dei tre. Ho merka korleis Karina fylgde henne med auga, vakta på om det var
spor av løyndomar mellom henne og Kent Karlsen.
Har du funne
telefonen din? Spurde ho.
Nei – sa Faadumo, ho
drog på det, såg på Kent Karlsen og smilte. Eg trur eg må ha lagt han i frå meg
i bilen din då vi drog frå gravferda, sa ho.
Han mørkna brått i
andletet. Det var som ein iskald vind for gjennom romet. Karina såg interessert på dei –
Kommunikasjonsrådgjevaren fekk eit engsteleg drag over dei regelmessige trekka
i andletet.
Gløymde du telefonen
i bilen min? Sa han. Kor då?
Eg veit ikkje – det
kan like gjerne ha vore i gravferda, då eg slo han av. Han kan ha blitt
liggande på benken.
I baksetet? Sa Kent.
Eg kan gå ned og sjå
– om eg får låne nøklane, sa ho.
Det kan eg gjere
sjølv, sa han. Vent her.
Dei såg undrande
etter han, både Karina og
Kommunikasjonsrådgjevaren. Faadumo sitt hjarta banka så ho tenkte dei måtte
høyre det. Ho gjekk ut til arbeidsromet og sette seg med PCen sin. Brått var
det teke til å haste. Om ikkje det var Kent som hadde funne telefonen, så måtte
det vere Ingrid. Då måtte ho kunne låse han opp.
Ho gjekk til ”Find My
Phone”-sida. Ho kunne ikkje låse han opp der, men ho kunne sende melding til
telefonen sjølv om den var låst:
Ingrid –
telefonkoden er KT4gqM83, skreiv ho.
Ho ville ringe til
Linda og fortelje at det kunne vere at Ingrid hadde telefon, men før ho rakk
det slo det i døra og Kent Karlsen stod framfor henne. Ho bytta skjermbiletet
til reknearket ho heldt på med.
Der var ingen
telefon, sa han trugande.
Då ligg han nok i
kapellet, sa Faadumo. Ho bøygde seg ned,
trykte inn startknappen på datamaskinen og heldt han inne for at straumen
skulle kuttast og maskinen slåst av.
Eg skal stikke bort
i bydelshuset og spørje om dei har funne han. Der er nok folk – det føregår
ting heie tida der, særleg på fredagskveldar.
Allah Akbar. Der
gjekk straumen ut. Skjermen vart svart med eit klikk. Karina og Kommunikasjonsrådgjevaren hadde kome etter.
Men – du kunne jo
sjå på PCen kor telefonen var? Sa ho.
Kva? Sa Kent
Karlsen. Kva meiner du?
Det er eit
sporingssystem på telefonane våre – ein kan logge seg inn på ei sporingsside og
finne ut kor dei er. Ho såg jo at du hadde køyrt heim då du gjekk herfrå.
Ka faen? Få sjå!
Å – eg har slått av
maskina, sa Faadumo.
Så sjå til helvete å
få maskinen på att då!
Faadumo slo på. Det
tok tid. Kommunikasjonsrådgjevaren tok til å bli utålmodig. Har vi tid til å
styre så mykje med ein tapt telefon? Sa
ho.
Kent Karlsen la
handa på skuldra hennar og sa med ei merkeleg låg røyst: Eg likar ikkje at folk
plasserer spionsendarar i bilen min! Eg veit ikkje kva denne dama har funne på –
og eg veit ikkje kven ho har delt det med, det ho fann. Men du og må vel forstå
at det kan vere svert ubehageleg om me har ein spion midt i hovudkvarteret vårt!
Kommunikasjonsrådgjevaren
såg usikkert på Karina . Ho hadde og blitt alvorleg, men ho hadde ein annan
tone då ho snakka, ho var varm i røysta, inderleg – mest kurrande.
Me klarar fleire
ting på ein gong – me kan få mobiliseringa i gang til eit nytt spontant
torgmøte samstundes som me finn ut kva
slags lureri du og Faadumo har i hop.
Okey – sett i gang
de to. SMSar, Facebook og telefonar. Kulturtorget klokka 18:30. Mot terror og
bakvasking. Ring fjernsynet og. Eg skal til botnas i det her før eg kjem!
Dei to kvinnene –
dei var begge kledde i raudt – for inn på møteromet og bøygde seg over kvar sin
skjerm.
Kent Karlsen bøygde
seg over Faadumo og sa lågt og trugande inn i øyret hennar. Kven har du delt
med? Kven veit kor eg køyrde?
Eg veit ikkje kor du
køyrde – eg såg berre at sporinga virka
og då var du heime hos deg men du skulle jo komme tilbake.
Har du delt med
Linda?
Eg har ikkje delt
med nokon.
Du lyg. Start opp
programmet!
Kvifor er dette så
viktig? Har du ein løyndom?
Hald kjeften din, di
svarte hore! Start opp programmet sa eg!
Faadumo reiste seg
brått opp. Dette finne eg meg ikkje i! Sa ho høgt, så høgt at dei andre to
skulle høyre det, men dei såg ikkje ut til å reagere.
Sett deg ned! Start
programmet! Sa han, tok tak i henne og ville tvinge henne ned.
Slepp meg!
Kommunikasjonsrådgjevaren såg opp, men så såg ho ned att. Karina reagerte ikkje. Faadumo freista å skuve han
vekk og kome seg forbi. Fyrst heldt han henne igjen – men så endra han taktikk,
slapp henne opp, let henne gå. Ho gjekk mot døra, gjekk gjennom og tok til å
springe. Men ikkje hadde ho slept døra før han var etter henne. For seint
forstod ho kor dumt det var å gå ut i korridoren. Det var fredag, tidleg kveld,
i kjellaren i eit offentleg bygg. Det var ikkje eit menneske der.
Han tok henne att,
snudde henne rundt og slo så hardt at det svartna for henne. Ho datt, ho kjende
at han tok tak i henne att, løfta henne opp og slo igjen. Han mumla medan han
gjorde det, bannord og skjellsord og om att og om att at han ikkje var redd
henne, at ho ikkje skulle få øydelegge han.
Så langt veit eg med
rimeleg visse kva som hende med Faadumo, og på det grunnlaget tek eg meg den
fridomen å sjå føre meg korleis ho tenkte og kva ho sa fram til der. Men derifrå
ligg lagnaden hennar i mørkret. Eg trur at Kent Karlsen mista fatninga og slo
henne til ho var medvitslaus, og at han så gøymde henne inne i eit av dei roma
som ikkje var låste i kjellaren. Då ho seinare vart funnen hadde ho spor av
grov vald mot hovud og øvre del av kroppen og spark mot ryggen og eit brekt
bein. Korleis ho hadde kome seg – eller blitt frakta – frå kjellaren på Kulturtorget
til plassen framfor AS Reint & Rimeleg er det enno ingen som veit.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar