onsdag 11. september 2013

45: Dag 12 kl. 17:00 - Eksplosjonskunst

(Samandrag)   
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 17:00
Det var ikkje heilt tomt i bygget, for tre etasjar over Sentrumsforeininga sitt kjellarkontor var biblioteket enno ope og der sat Eva Trotto Moe i samtale med Mark S. Mekhar . Han hadde brått  kome inn nett då ho var i ferd med å stenge for kvelden. Det var ho som hadde ringt han, straks ho hadde lese den nye bloggen frå Passasjer 81, den som var blitt publisert same dag om lag klokka 16:30. Han hadde alt lese han, men få minutt etter var han i biblioteket.
Har du kveldsvakt? Sa ho.
Nei. Men eg har ikkje noko spesielt føre, sa han.
Du trur jo eg skriv desse bloggane. Så eg tenkte eg måtte gjere eg merksam på at det var komen ein ny. Der er jo ei slags tilståing der.
Ei litterær tilståing, kan hende.
Eg ville ha undersøkt detaljane her.
Det har me gjort.
Fann de noko?
Nei.
Pistolen ved moskeen vart jo funnen?
Den vart funnen klokka tolv. Bloggen vart publisert etter klokka 16. Det hadde vore interessant om rekkefylgja hadde vore motsett.
Og ved fontena på Kulturtorget?
Der er det ikkje funnen nokon pistol.
Denne Elvis – det kan vel vere Skulestyrepolitikaren? Var nokon hos han og bad han kome i gravferda?.
Nei – ikkje slik det står fortalt i bloggen, seier han. Men det er interessant – det ser ut nett slik som bloggen fortel på arbeidet hans. Der er ei rotasjonsgrind, og han har kontoret sitt plassert akkurat slik bloggen beskriv i forhold til portvakta. Har du nokon gong vore der?
Du gir deg ikkje? Nei – eg veit ikkje kor det er ein gong.
Jo – du har vore der.
Har eg? Kor er det?
Marstein Havnelager.
Å? Ja, der har eg visst vore….For lenge sidan, for å hente ei kasse bøker….
Ja. Antakeleg ein gong før rotasjonsgrinda vart reparert.
Korleis?
Før stengde grinda berre for inngåande. Ut att kunne folk gå fritt. Men for to år sidan vart sikringstiltaka skjerpa – no må portvakta sleppe folk ut att og.
Så den som skreiv har ikkje vore der på to år?
Eg veit ikkje. Litteraturen er fri.
Eg trudde eg skulle sikre at eg var utanfor mistanke.
Du er ikkje under mistanke. Men me har mange opne spørsmål.
Spør i veg.
Er det sant dette med desse kinesiske kunstnarane?
Det ser slik ut for meg. Me har ingen bøker om dei, men eg søkte på nett og fann mykje både om denne  Cai Guo Qiang og utstillinga hans. Han synte den i Venezia i 1999,  New York 2008 og Bilbao i 2009. Tema og tittel ser ut til å vere  korrekt fortalt.
Så det må vere ein kunstkjennar som har skrive dette?
Eg veit ikkje. Eg les ikkje kunstbøker.
Eg trudde du las alt?
Nei. Ikkje kunstbøker.
Er det tenkjeleg at ein kunstnar har drepe Malin Meyer og Agnete Fuglesang som del av eit kunstprosjekt?
La meg seie det slik: Som litterært prosjekt ville det vore heilt mislukka.
Du les jo bloggane med stor interesse?
Ja – dei er vel skrivne. Og  dei interagerer med kontekst. Men det er jo det uventa i kontekst som gjer ein interagerande litteratur levande. Om kontekst skulle vise seg å vere arrangert, ville den litterære antagonismen – eller antagonisten – døy.
Ja vel.
Du forstår kva eg meiner?
Nei. ikkje på ein plass.
Nei vel. Men eg er altså ikkje sikker på om biletkunst eller utøvande kunst i sitt vesen vil resonnere på same vis. Eit litterært prosjekt handlar in essens om å forstå verda. Difor må litteraturen strekkje seg etter å bli omsynslaust ærleg. Visuell kunst kan nøye seg med aning. Den kan setje opp kunstige eller tenkte eller for den saks skyld heilt urealistiske rammer og konstruksjonar utan å  kome i konflikt med sin eigen raison d’etre.
Han – eller ho – Passasjer 81 – trur at aning er viktigare enn sanning.
Eva Trotto Moe såg lenge på det uttrykkslause andletet til Mark S. Mekhar. Ho kjende den same undringa som Irene Guri Andersen Halvorsen hadde kjent tidlegare den dagen, den same uroa over å ha undervurdert denne  mannen.
Gjer han det? Sa ho. Mark S. Mekhar trakk ut ei bunke papir frå handveska si og las: ”Aning er noko ubeskriveleg som ligg mellom undringa og sanninga. Eg kallar aning for liv og sanning for daud undring. Kunsten si oppgåve i den menneskelege organismen har med undring og aning å gjere: Den kjønnslause kunsten handlar om undring. Den potente strevar med  aning.”
Eva Trotto Moe sa ingenting. Ho visste ikkje kva ho skulle seie.
Denne Cai Guo Chiang driv og med noko han kallar eksplosiv kunst, sa Mekhar. Det går ut på å lage lange kjedereaksjonar. Han såg på henne – framleis utan noko uttrykk i andletet.
Det er visst du som må halde kunstforelesing for meg? Sa ho.
Han teiknar eller lagar samanhengande skulpturar innsette med krut – og så tenner han på. Han brukar å filme reaksjonane, så det er visst ikkje heilt sant at det er forgjengeleg  kunst. I ein slik film av ein eksplosjon i New York seier han at tid og rom går opp i eining i ein augneblink med vald og øydelegging, fylgd av ein mystisk venleik.
Interessant! Sa ho.
Heile biletruta vert fylt av gråsvart røyk, så tett at det ikkje er sjatteringar att når han så kjem med ordet som skal beskrive denne mystiske venleiken.
Og kva er det?
Emptiness. Tomheit.
Jøss….
Han såg på henne. Ho såg undrande attende. Etter ei stund sa ho: Ventar du at eg skal seie noko?
Det er ikkje alltid at dei beste svara kjem etter  eit spørsmål, sa han.
Ho såg på han, heilt tom. Han reiste seg.
Takk skal du ha.
Har dette vore eit avhøyr?
Det har vore ein lærerik samtale ein tidleg fredags kveld, sa han. Folk i uniform kan kanskje ikkje diskutere litteratur, dei passar betre til å bry seg med eksplosjonskunst.
Eg vert litt uroleg av dette. Eg forstår ikkje kor du vil hen.
Det er Passasjer 81 som har peikt på dette kunstperspektivet. Eg tykkjer ikkje det er vanskeleg å sjå poenget om han meiner at byen her er midt inne i ein kjedereaksjon. Spørsmålet er berre kven som starta han – og kvifor.
Ho såg ikkje klokare ut. Ho låste opp døra for han og slapp han ut, sa takk for i kveld og kjende eit blaff av varme frå kroppen hans då han gjekk forbi henne i opninga. Han vart ståande å sjå på snøen som hadde teke til att.
Det er eit anna spørsmål og, forresten, sa han.
Til meg? Sa ho.
Nei. Til nattehimmelen nærast. Er det straffbart?
Ho såg på han.
Han såg på dei låge snøvérskyene. Så såg han på henne, og for fyrste gong såg ho eit uttrykk i andletet, eit slags minimalistisk smil.
God kveld, sa han og gjekk.

God kveld, sa sjefsbibliotekar Eva Trotto Moe og let att døra. Ho høyrde eit dunk frå kjellaren og tenkte at det ikkje var noko ho hadde med å bry seg om. 






I sal som bok frå november

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar