(Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 17:30.
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 17:30.
Men der hadde vore ein fjerde pistol i fontena
på Kulturtorget.
Den hadde lege inne i buskane der, og den vart
funnen av Reinhardt Skjetne då han skulle sneipe røyken sin tidleg den
ettermiddagen. I prinsippet var han mot røyking. Det var ikkje sunt, og det var
ikkje nordisk, det var amerikansk, utanlandsk. Men han røykte litt av og til,
særleg når han vart hissig. Og det hadde han blitt om lag klokka tre denne
dagen, då Eva Trotto Moe hadde kome inn døra og fortalt med høg røyst at ho hadde
vore til avhøyr hos politiet. Dei hadde kalla henne ”kulturmarxist” av di ho
hadde teke ein professor i forsvar då dei la han i bakken ved moskeen.
Skjetne hadde vore
midt inne i ein stabel med bøker om arkeologiske funn i Kaukasus og Azerbadsjan
med tydelege prov på at Odin var ein israelsk høvding på veg nordover. Han
hadde nett lent seg attende i stolen for å slappe litt av med avisa. Der stod ein
stor artikkel om ei propagandaframsyning på Teateret med ein skodespelar som
sausa kristendom saman med judaiske og muslimske trussetningar. Skjetne hadde
begynt å hisse seg opp over dette, då biblioteksjefen kom og klaga høglydt over
politiet.
Han hadde fått lyst
å gripe inn. Han kunne ha tenkt seg å
hogge til med hard røyst og seie noko slikt som at det vel var større grunn til
å tru at den muslimen var terrorist når han attpåtil var professor, at det var
på tide å setje foten ned, at ho ikkje måtte vere så grenselaust naiv, at han
var heilt samd med denne politimannen som hadde kalla ho det ho retteleg var:
Kulturmarxist. Multikulturalist. Jødebolsjevik!
Men han gjorde det
ikkje. Han hadde sine grunnar. Han måtte vente til hans tid kom. Han reiste seg, brått og demonstrativt, han
klarte ikkje å gjere det mjukt og stillferdig som han brukte. Han nærast marsjerte
forbi skranken og ut. I korridoren trampa han til og med. Han kjende at han måtte ha røyk, han gjekk
innom kiosken i inngangshallen til senteret og skaut ut eit einstavingsord:
Prince!
Prince vanleg eller
Prince Mild? Sa jenta i kiosken.
Mild! Skaut han ut,
og angra med det same.
Han hadde marsjert
tvers over plassen, gjort venstre om og trampa rundt fontena med buskane før han stogga.
Enn om eg gjekk på
den framsyninga og skaut skodespelaren? Hadde han tenkt.
Eg veit alt dette,
for han fortalde det utan skam etterpå, fyrst i avhøyr og seinare i rettssaka.
Han pynta på mykje av det han fortalde, men ikkje på det som er viktigast for
den som vil freiste å fatte kva som hender inni eit menneske som er i ferd med
å bli massemordar. Han fortalte at han lenge hadde tenkt på dette med å finne
den rette måten å gripe timen på.
Eg kunne skyte den
arabiske professoren, hadde han tenkt. Eg kunne endåtil gjere det medan dei tok
bilete av meg. Det kunne syne ein av Guds utvalde, med rett rygg, løfta hovud,
klart og sigervisst åsyn – og offeret, ein av dess krypande, aulande,
krelande kreka som smiskar og snuskar seg inn overalt i byen her, liggande på bakken framføre,
bedande, blødande.
Guds Utvalde Folk.
Den Kvite Rasen.
Han hadde trekt inn
igjen så margen av sigaretten hadde blitt som ein lysande lansespiss. Så hadde
han teke restane mellom fingrane i
høgrehanda og stukke han inn i busken – og så stod han brått med den fjerde
pistolen i handa.
Han hadde sett undrande på våpenet, sett rundt
seg om nokon skulle ha merka det, og så hadde han stukke pistolen i jakkelomma.
Der hadde Reinhardt Skjetne stått. Det var
fredag, den tolvte dagen i denne forteljinga, det var vinter med våte snøfiller
som klaska i bakken. Det var i byen her.
Liva til menneska gjekk for full fart rundt om han. Gode og vonde drama toppa
seg eller jamna seg eller løyste seg på
alle kantar. Hendingar som ikkje betydde noko gjekk føre seg, og hendingar som
skulle endre livet til heile generasjonar gjekk føre seg. Der var lått og gråt
og keisam venting.
Eva Trotto Moe hadde stått og ete eit eple og
sett på han frå vindauget i biblioteket. Nokre av dei oppsagde karane frå Tekstilen hadde sett fråverande på han
frå røykekroken utanfor puben. Leiar av Prosjekt Levande Sentrum, Karina Burane, hadde kasta eit blikk på han då ho var
på veg over Kulturtorget for å treffe kommunikasjonsrådgjevaren. Til og med Faadumo Awale Samakab kan ha sett han litt seinare, då ho skulle handle smørbrød til
Sentrumsforeininga sitt arbeidsmøte. Der stod han.
Han var utvald av Gud. Timen var komen.
Pistolen var heilt sikkert tung. Han må ha kjent
det som at jakka hang skakt. Han fortalde seinare at han vart fylt av eit
underleg velvære. Det hadde likna på noko han hugse frå den våren då han var
sju eller åtte år gamal. Han hadde fått ein krutlappspistol av metall av ein
onkel. Den såg ekte ut, den var tung og vakker, den smakte kaldt stål og lukta
frå krutlappane var eimen av makt og død. Det var ei liknande kjensle han hadde
fått der og, sjølv om han enno ikkje hadde lukta på våpenet
Reinhardt Skjetne såg på seg sjølv som ein
Rettferdsmann. Han brukte ikkje å snakke stort, men det hadde ikkje noko å
gjere med at han ikkje hadde ting å bringe fram. Han hadde store kunnskapar og
store tankar og planane hans var det ingenting å seie på. Han hadde aldri
brauta seg fram, han hadde venta på det rette høvet til å stå fram som den han
var.
Carpe diem, hadde det stått øvst på framsida i
notatbøkene hans i fleire år alt. Det stod og på dei ferdig skrivne bloggane
som berre venta på publisering. Mottoet var ikkje noko han levde etter – det
var planen hans.
Han hadde nok sår inni seg som ingen visste om.
Heller ikkje no, så lenge etterpå, har han letta på sløret om kva slags sår det
handlar om. I rettssaka kom det fram forteljingar både frå foreldra hans og
syster hans som gir ein peikepinn, men det er ikkje mogleg å vere sikker. Det
er heller ikkje så lett å dikte, det kan så fort bli sjåande ut som
livserfaring utan å vere anna enn spekulasjon.
Men eg skal likevel freiste å setje meg inn i kva som gjekk føre seg
inni han. Hugs berre at det eg no skal fortelje er dikting, det er ikkje noko
eg veit.
Eg trur at han lenge må ha bore på ein draum om
å bli viktig. Opp gjennom gutedagane har han sikkert – som gutar flest -
sett seg sjølv som Robin
Hood eller Spiderman eller Luke Skywalker eller The Terminator for den saks
skuld. Han kan ha sett føre seg korleis
alle ein dag skulle snu seg etter han –fyrst gjerne i redsle, så i grenselaus
beundring og heltedyrking. Så gjekk det aldri over hos han som hos andre. Han
opplevde aldri å bli ledd ut eller gjennomskoda ved at ein eller annan kjende
att sin eigen barnslege naivitet i han. I staden trekte han den med seg inn i
seg sjølv.
I røynda hadde han
så langt ikkje fått det til. Ikkje på skulen, ikkje i militæret, ikkje som
forretningsmann. Han hadde drøymt seg bort, uansett kva han tok til med, og det
hadde alltid enda med at folk snakka han etter munnen ut gjennom porten: Nei du
kan skjøne – det vert for simpelt dette for deg – du er overkvalifisert
– du høyrer heime på heilt andre lønsnivå enn det me kan by deg…..
Desse feige
tilbakemeldingane frå folk som berre ville ha han ut av livssirklane sine, som
ikkje ville ha noko med han å gjere, vart for han - naturleg nok - til gjentekne stadfestingar av sjølvbildet
hans. Han hadde særlege kvalitetar og var tiltenkt særskilte oppgåver. Når
timen ein gong skulle kome.
Han hadde planlagt lenge
at han skulle skrive bok. Fyrst om farane ved å tillate veikskap. Så hadde
prosjektet endra seg, han hadde blitt meir oppteken av løgner og løynde
sanningar. Han hadde funne mange løgner å opprøre seg over, men aldri hadde han
kjent eit så sterkt kall som då han oppdaga den store tilsløringa av soga om
Israels tapte stammar. Han tok til med skrivinga i august. Sist i september
bestemte han seg for å stykke bokverket opp i betar som kunne publiserast med
jamne mellomrom når tida var inne, ei lang rekke med ugjendrivelege prov skulle
det bli.
Og no var timen
komen.
Han fortalte i
rettssaka at han framleis den morgonen hadde tenkt at det var langt fram før
arbeidet var ferdig. Oppgåva var jo nærast uoverkommeleg. Bodskapen var jo
ikkje ny. Dei eldste skriftlege prova han hadde funne (med god hjelpt av Eva
Trotto Moe) var frå høgmidalderen. Men gjennom heile historia – og særleg
gjennom det siste hundreåret - hadde
sanninga vore undertrykt på finurlege måtar. Alle som fekk professortitlar
måtte no til dømes skrive under på at dei ikkje skulle fortelje sanninga.
Genforskarane skulle seie at det ikkje var forskjell på rasane. Historikarane
skulle seie at germanarane kom frå India. Mytologane skulle halde hemmeleg at
den norrøne gudelæra i røynda var forteljingar om dei germanske stammane sitt
opphav. Valhall var Israel. Teologane skulle fremje den største løgna av alle,
nemleg at det var dei som kallar seg jødar i dag som stamma frå det gamle
Israel. Og meininga med alle desse løgnene var å undergrave identiteten og
makta til den kvite rasen, det verkelege Israelsfolket. Guds utvalde.
Han fortalte i
rettssaka om korleis kjenslene hadde veksla inni han over det teiknet han hadde
fått som ikkje var til å ta feil av. Redsle og angst hadde stridd med opprømt
glede og overmod. No skulle det kome for ein dag. Handlingane som han skulle
gjere var gjort klare for han, verktøyet han skulle bruke var gitt han, dagen
og timen var bestemt.
Han skulle skrive
ferdig den siste bloggen, setje publiseringstider for heile rekka frå og med
neste dag. Og så skulle han gå for å skyte ein professor og ein
skodespelar, Minst ein av dei – helst
båe. Han hadde teke ein sigarett til, stått og tenkt ei stund over alvoret i
det som hende, kjent på at livet hans no skulle ta ei ny retning. Han hadde
gått ut av torget, nedover langs elva, over ei av bruene, og opp att til Kulturtorget.
Der hadde han stått og sett på at politiet kom og saumfor buskane der pistolen
hadde vore. Han hadde tenkt at det var underleg, at Guds vegar er uransakelege
men at han ikkje hadde noko med å spørje korleis politiet kunne vite at det
hadde vore eit våpen der. Han hadde fått sitt teikn. Korleis Gud hadde gjort
det i praksis fekk vere ein sak mellom Han og politiet.
Han hadde gått opp i
biblioteket att, samla saman bøkene han hadde lånt, gått til skranken med dei
og sagt takk for lånet,
Skal du ha dei att i
morgon? Hadde Eva Trotto Moe spurd.
Nei takk, eg trur eg
er ferdig, hadde han sagt, høgtidsamt .
:Med heile
arbeidet? Då må eg gratulere!
Eg høyrde det du
fortalde om den arabiske professoren, hadde han sagt. Kor bur han?
Eg veit ikkje kor han
bur, hadde ho svart. Men han arbeider på ei reingjeringsverksemd. Den
heiter AS Reint & Rimeleg og ligg i
det gamle kaiområdet. Det er berre ti minutt herfrå. Kva skal du med han?
Eg må treffe han.
Han er viktig i prosjektet mitt.
Ja – det han ikkje veit
om Midtausten-historie, det trur eg vanskelig du kan finne andre stader heller,
hadde ho sagt.
Så hadde han gått
heim og sett seg til å skrive ferdig den siste artikkelen som skulle bli den
fyrste. Etterpå tok han til med å sette publiseringsdatoar og klokkeslett på
dei einogtretti andre. Han leita opp kva tid teaterframsyninga skulle begynne
og bestemt seg for at han skulle prøveskyte eit einaste skot før han tok til på
sjølve dei handlingane han var kalla til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar