onsdag 18. september 2013

48: Dag 12 kl 17:40 - Facebook

(Samandrag)    
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 17:40
Då Karina  og kommunikasjonsrådgjevaren starta mobiliseringa til det nye folkemøtet tok det ikkje lang tid før dei oppdaga Facebooksida ”Rein By”.
Sjå! Så flott! Der er over tusen medlemmar! Sa Karina .
Kort etter sa kommunikasjonsrådgjevaren: Oj – men sjå kva dei skriv……
Det hadde vore stor aktivitet. Der var bilete frå politiaksjonen ved moskeen, det var mykje diskusjon om biletet av ein mann og ei dame som låg på bakken medan væpna politi sikta på dei.
”Den muslimsk-jødiske mafiaen som står bak drapsbylgja og konkursen på Tekstilen vart avslørte i  byen her i dag – men etter ei hemmeleg ordre frå politisjefen vart dei slepte fri att!” stod der.
Side etter side nedover var der liknande kommentarar. Det var ikkje diskusjon på denne sida, det var ei slags konkurranse om å formulere den same påstanden skarpast.
Men dei er jo inne på noko…. Sa Karina .
Det er bra for Torgmøtet – men me må hugse at det kjem ein dag i morgon og. Me må sikre at ikkje Sentrumsforeininga vert knytt til desse formuleringane. Dei ser flotte ut i dag – men det er ikkje sikkert dei ser like fine ut i morgon!
Kva skal me gjere? Sa Karina . Kor vart det av Kent?
Han kom inn døra i det same. Humøret såg ut til å vere på plass att. Korleis går det? Sa han.
Det er høg aktivitet i sosiale media – men formuleringane ser ut til å ha teke litt av, sa kommunikasjonsrådgjevaren.
Kent las nedover sida, nikka og las.
Det fins heilt sikkert ei motside og! Sa han. Søk på ”Skraphandlar!”
Det tok dei rett til ”Finn Ingrid!”  Øvst stod det om drapstrugsmålet og oppmodinga om å spreie det med nye filnamn. For å sjå diskusjonen måtte dei melde seg inn. Vent! Sa Kommunikasjonsrådgjevaren, ho hadde ein annan profil, sa ho, det var ikkje sikkert dei skulle melde seg inn under eigne namn. Ho bytta – ho vart Fatima Fredriksen – og melde seg inn.
”Bli med å hente ut Ingrid! Me treng folk og bilar!” stod der.
I svartaste steikande helvete! Kva faen er det den negerhora har sett i gang! Sa Kent Karlsen.
Orsak? Sa Kommunikasjonsrådgjevaren. Karina  drog på fliren.
Eg beklagar – men dette er verre enn eg hadde trudd. No går det opp for meg kvifor ho fekk det så travelt!
Kven?
Ho der assistenten din, fandens dumma eller kva ho heiter. Eg trur ho har spionert på meg!
Han tok telefonen og slo eit nummer.
Er alt okey? Sa han. Kva? To mann? Kvifor slapp du dei inn? Trefte du? Du skulle berre ha sikta på dei – var dei utlendingar, seier du? Kor lenge er dette sidan? Ja – då er dei ikkje komne ned til vegen enno. Eg ringer naboen. Berre skyt om dei kjem attende!
Er det noko alvorleg? Sa Karina .
Ja! Sa Kent Karlsen og leitte febrilsk etter eit telefonnummer. Hjelp meg då! Sa han. Aslak Steinstøl! Han fanndet til sist, slo det.
Det er Kent Karlsen – son til naboen din, ho gamle oppe i lia. No treng eg hjelp! Om aldri før! To utanlandske terroristar har vore der oppe og kidnappa dotter mi. Dei er på veg ned lia – du rekk å tappe lufta av hjula på bilen deira om du er kjapp! Skund deg – dei kan vere farlege, men du er ikkje skuggeredd så vidt eg kan minnast! Ja – eg tek alt ansvar om det skulle bli feil!
Han la frå seg telefonen – han var som omskapt til den joviale, sjølvsikre, muntre.
Ja! Sa han. Så har me kontrollen att!
Jøss! Sa kommunikasjonsrådgjevaren.
Skal sei du har handlekraft! Sa Karina  med imponert røyst.
Og no då? Sa kommunikasjonsrådgjevaren.
Dotter mi skal eg ta meg av – no er det attende til torgmøtet. Så du tykkjer ikkje me skal henge oss på denne ”Rein By”-sida?
Det var ein heilt uvanleg energi i sosiale media denne kvelden. Utruleg mange sat tydelegvis framfor skjermane sine og øste seg opp. Dei grupperte seg veldig tydeleg rundt dei to kampanjesidene, og det kan ikkje ha vore mange som såg utviklinga i begge straumdraga. 
Me kan ikkje henge oss på nokon av dei. Men me må sjå om me kan dra nytte av energien i båe to! Sa kommunikasjonsleiaren.  Den viktigaste makta er definisjonsmakta. Me må få folk til å sette fokus på dei rette konfliktlinene! Eg trur me skal lage ei ny side!
På kort tid skapte ho endå ein profil: Sigfrid Bonde vart medlem av Rein By – og nær ven av Fatima Fredriksen. Dei to skapte saman ”Nei til bortføring av born!”  
”INGEN born i byen her skal bli bortført!
INGEN skal sleppe unna om dei gjer noko slikt!
INGEN skal skræme OSS frå å forsvare våre BORN!” 
Dei inviterte alle på ”Finn Ingrid!” Dei aller fleste svara ja utan motførestillingar – det var jo dette dei var samde om alle saman.
Til medlemmene på ”Rein By” skreiv dei: ”To utlendingar har freista bortføre dottera til Kent Karlsen. la oss samle alle gode krefter om å få henne fri! Bli med på den nye sida for å forsvare  byen her!”
Det virka –  medlemstalet på sida steig nærast loddrett. Folk slutta seg til frå båe straumdrag.

Kommunikasjonsleiaren var svært nøgd då ho gjekk ut for å hjelpe til med å regissere det nye spontane torgmøtet. 




Neste avsnitt  fredag 20. sept. 
Nye avsnitt kvar måndag, onsdag og fredag.
Snarveg til starten: http;//start.bloggforteljing.no 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar