Det var som om det hylet klipte
alle utviklingsliner i byen.
Reinhardt Skjetne
vart teken omtrent med det same han kom inn på Torget. Det var fullt av folk
der, sikringsvakta i Teateret hadde ikkje teke sjansen på å la framsyninga gå,
han hadde bede politiet om hjelp med bombehund og metalldetektorar, og publikum
var sendt ut att for å vente. Tilfeldigvis kom Hundepatruljen til å parkere
tjue meter framfor Skjetne der han kom gåande i mørkret. Han var så nær då
hunden vart slept ut, at denne straks fekk ferten av den skotvarme pistolen.
Hunden sprang rett bort til Skjetne og markerte. Ikkje logrande som han brukte
når han hadde funne noko og venta seg hundesjokolade, men så opphissa og
aggressivt at føraren fyrst trudde han måtte vere avleidd av noko.
Orsak, sa
hundeføraren til Skjetne. Kom her! sa han til hunden.
Det er i orden, sa
Skjetne.
Dei var to
politifolk i bilen, han som køyrde, kom ut og sa at dei måtte finne ut kvifor
hunden markerte.
Eg har vore litt
uheldig, sa Skjetne, eg sølte litt på meg.
Me er frå politiet,
sa han som køyrde, kan me undersøke deg?
Om Gud så vil, sa
Skjetne. Då hadde politimannen alt sett at jakka hang skakt, han slo på utsida
av lomma og kjende det var hardt, han stakk handa ned der og drog ut pistolen.
Den er varm, sa han
til kollegaen sin.
Eg har utført eit
oppdrag, sa Skjetne
Kan du løfte
hendene? sa politimannen. Han andre sa at han ville setje hunden inn att i
bilen, han gav hundesjokolade til han og mumla flink bisk, flink bisk.
Har du fleire våpen?
spurde han fyrste.
Nei, sa Skjetne, og
det er berre eit skot att i den der.
Og kva har du gjort
med dei andre?
På Guds befaling har
eg starta eit motåtak.
Ja vel. Vart nokon
skadde?
Fire. Trur eg.
Kor var dette?
Skjetne forklarte.
Den fyrste politimannen rapporterte på radio, den andre fullførte undersøkinga
av Skjetne, sette på han handjern og bad han setje seg inn i bilen. Dei snudde
og køyrde attende den vegen Skjetne forklarte og kom fram til parkeringsplassen
ved AS Reint & Rimeleg.
Ei kvinne kom
springande mot dei medan ho veiva med armane. Eit barn låg på kne og hylte.
Fleire kroppar låg på plassen. Dei rapporterte på radioen, dei bad om
ambulansar og væpna aksjon.
Er de fleire om
dette? spurde han eine.
Nei, sa Skjetne. Eg
fekk oppdraget aleine.
Kven gav deg
oppdraget då?
Gud.
Akkurat. Sit stille
her.
Lenge før fyrste
utrykkingsbil kom, hadde dei to konstatert at alle fire kroppane på bakken var
døde, at det ikkje var sprengstoff på dei eller under dei eller like ved, og at
der ikkje var andre attentatmenn gøymde i dei mest openberre posisjonane rundt
parkeringsplassen. Så kom ein ambulanse, så kom ein politibil, så kom to
ambulansar til, så kom ein minibuss med dei fyrste frå terrortroppen, så kom
den fyrste avisfotografen, og så kom Irene Guri Andersen Halvorsen. Ho sprang
bort til Ingrid, trekte henne inntil seg og sleppte henne ikkje frå seg resten
av den natta, endå ambulansefolk og barnevernsvakt og vaktsjefen i politiet og
ein prest som kom til litt seinare, meinte at dei alle var betre kvalifiserte
til å ta seg av henne.
Eg har kjent henne
sidan ho var sju år gamal. Inntil vidare
blir ho med meg, sa Irene Guri Andersen Halvorsen.
Om laurdagen var
Irene Guri og ryggen av Ingrid på framsida av alle aviser i heile Nord-Europa.
Alle etermedia rapporterte, kommenterte og repeterte. Alle med eit snev av
patriarkalsk aura rundt seg vart spurde ut om kva dei følte og tenkte:
Statsministeren, fleire biskopar, ein historieprofessor med malmklingande
røyst, fleire forfattarar og ambassadøren til USA (han hadde òg ei særleg
uttrykksfull stemme). Lokalt var det ordføraren, skulestyrepolitikaren og Kent
Karlsen.
Dei var godt
samkøyrde. Dei sa at det var frykteleg tragisk, at tankane gjekk særleg til den
unge som hadde mista mor si, at ein gal mann kunne øydeleggje for ein heil by,
at samhaldet i byen her var sterkt, og at ingen skulle verte overlatne til seg
sjølve når ulukke råka. Kent Karlsen sa ikkje på eige initiativ at den unge som
hadde mista mor si, var den same dottera som muslimane hadde kidnappa frå han
sjølv dagen før. Ein av dei lokale journalistane hadde spurt om det ikkje var
så, men då hadde Kent Karlsen sagt at han ikkje måtte blande saman dei to
sakene i ein slik situasjon som denne, og journalisten hadde bede om orsaking.
Det hadde vore åtak
på moskeen om natta. Eit stort vindauge ut mot gata var knust, og det var sett
fyr på ein søppeldunk utanfor veggen. Det var omtala i ein notis i den eine
avisa, men ingen sette hendinga i samanheng med massakren framfor
reingjeringsverksemda.
Ved middagstider på
laurdagen kunne politiet fortelje på ein pressekonferanse at pistolen var av
same merke som dei to tidlegare drapsvåpna og våpenet som vart funne utanfor
moskeen. Dei kunne òg stadfeste at den hadde produksjonsnummeret etter dei
andre tre. Men det var for tidleg å svare på om dei no hadde den skuldige bak
alle drapshendingane.
Om ettermiddagen kom
meldinga om at ein etnograf med same namn som attentatmannen hadde teke til å
publisere ein blogg der han hevda å ha prov for at det protestantiske Europa
var Guds Utvalde Folk, og at det no gjekk mot eit avgjerande oppgjer mellom
dette og andre degenererte folkeslag som i røynda var sataniske krefter.
Om kvelden sa ein
professor emeritus i filosofi at framveksten av ekstreme subkulturar mellom dei
kristne var ein forståeleg konsekvens av fundamentalismen innanfor islam.
Om sundagsføremiddagen
var det ekstraordinær søking til kyrkjene i byen her. Prosten hadde hatt alle
som skulle tale, inne til krisemøte om laurdagskvelden og difor fylgde dei alle
same opplegg for gudstenestene. Dei sa at kristendomen handlar om tru, ikkje om
rase, og at det var viktig å stå saman i sorga og vise kvarandre kjærleik.
Om sundagskvelden
var det endå eit folkemøte på torget: Denne gongen var det svart av folk. Kent
Karlsen heldt ein sterk og svært personleg tale der han sette ord på dei
kjenslene som låg under samhaldet og gjorde det så sterkt. Folk heldt om
kvarandre og gret, så rørte vart dei. I sosiale medium etablerte profilane
Sigfrid Bonde og Fatima Fredriksen eit nytt samfunn som dei kalla: «Me som held
saman», Der kunne folk skrive korte bodskapar og forteljingar om korleis dei
opplevde desse dagane. Før helga var over, hadde det vakse til mange tusen
medlemer.
Den utvalde
Mark S. Mekhar gjekk på jobb med
det same han høyrde om kva som hadde hendt. Slik vart han den fyrste som
avhøyrde Reinhardt Skjetne. Han sette seg ikkje framfor arrestanten, han gjekk
rundt og rydda i avhøyrsrommet, stort sett med ryggen til han.
Kva skal skje no? sa
Skjetne.
Du må forklare deg,
sa Mekhar.
Kven skal avhøyre
meg? sa Skjetne.
Eg veit ikkje, sa
Mekhar.
Ingen sa noko.
Mekhar fomla med papir. Kor kom pistolen frå? mumla han.
Sa du noko?
Det er berre ein
rubrikk her – kor kom pistolen frå?
Spør du meg?
Mnjaaa …, sa Mekhar,
utan å svare.
Den kom frå Gud.
Okei, sa Mekhar. Han
bøygde seg ned over nabobordet og skreiv på eit papir medan han mumla langsamt:
F-r-å G-u-d. Stor G i Gud?
Han låg i fontena på
kulturtorget, nett der som eg sneipa røyken.
Mark S. Mekhar
snudde seg mot han og sa: Det trur eg ikkje.
Han gjorde det!
Det er berre noko du
seier. Du vil berre gjere deg interessant. Eg trur du kjøpte han frå ein
bosniak.
Eg har ikkje teke i
ein pistol sidan militæret! Han låg mellom buskane.
Og korleis kunne du
vete det?
Eg visste det ikkje.
Det var eit teikn frå Gud.
Så det var Gud som
kjøpte han frå ein bosniak og la han mellom buskane?
Du er jo utlending.
Mark sa ingenting.
Er du
reingjeringshjelp?
Mark sa ingenting.
Kvifor startar ikkje
avhøyret?
Mark sa fyrst
ingenting. Så sa han: Du er vel ikkje så viktig.
Skjetne retta seg
opp. Ikkje viktig?
Mark trekte på
skuldrene, tok til å fomle med søppelbytta. Plystra.
Eg vert galen av
dette! sa Skjetne.
Den var god.
Kva meiner du?
Alle kan jo sjå at
du var galen lenge før du kom hit.
Eg er ikkje galen!
Folk som trur at Gud
går og kjøper pistolar frå bosniske bandittar, er galne, sa Mekhar.
Det har eg ikkje
sagt!
Det var jo nettopp
det du sa!
Eg sa at eg fann
pistolen mellom buskane i fontena då eg skulle sneipe røyken.
– for Gud hadde lagt
han der, etter at han kjøpte han frå ein bosnisk banditt.
Det har ikkje eg
sagt!
Kor mange kjøpte han
då?
Kven?
Gud?
Eg har ikkje sagt at
Gud kjøpte pistolar!
Kor fekk han dei tre
andre frå då?
Tre andre?
Dei kjem i små
kassar med fem.
Kva er det du
snakkar om?
Dei kom frå
Kragujevac i det sentrale Serbia i små kassar med treull og fem i kvar kasse
med serienummer etter kvarandre. Antakeleg vart dei stolne i eit eller anna
militærlager og selde, og så har dei vorte selde vidare frå den eine banditten
til den andre heilt til dei kom hit og Gud kjøpte dei frå ein bosnisk banditt
før han gav den eine til deg. Men dei andre då? Kor vart det av dei?
Det er du som er galen.
Mark S. sa
ingenting.
Kvifor startar ikkje
avhøyret?
Det er fredag. Og du
skal vel likevel berre rett på galehus. Det er berre eg som må arbeide.
Tek dei det ikkje
alvorleg?
Kva då?
Det som eg har
gjort?
Neii – det er jo
oppklart?
Kva meiner du at eg
skal på galehus?
Folk som trur at Gud
handlar pistolar frå bosniske bandittar, brukar å verte sende dit.
Eg har starta ein
krig!
Åja. Og eg er snart
ferdig for i dag.
Eg vil ha ein
advokat!
Kvifor det?
Eg har rett på ein
advokat!
Du treng ein lækjar.
Ein psykiater. Du får det på galehuset. Dei er snille der. Dei har god mat om
laurdagane. Du får det så fint atte. Og me kan konsentrere oss om viktigare
ting.
Gud valde meg til å
starte det store opprøret frå hans utvalde folk!
Imponerande gud du
har: Handlar småpistolar frå bosniske bandittar – og startar krig med
tullingar.
Mark S. retta seg
opp og såg på klokka. Nei – endeleg! sa han. No er det berre ein røykjepause så
er eg ferdig. Er du røykjesugen?
Nei. Eg røykjer
ikkje.
Nei, sjølvsagt. Du
berre sneipar sigarettar. Det er slik du finn pistolane frå Gud.
Eg røykte i dag – eg
vart så sint.
Kvifor vart du så
sint?
For bibliotekaren
trudde at ein arabar ikkje var farleg berre fordi han var professor.
Åja.
Ho skuslar bort
fedrearven! Ho – og han skodespelaren!
Gjer dei?
Dei ser ikkje at
arabarar og negrar og asiatar fløymer inn over grensene for å utslette oss! Enn
om eg skyt skodespelaren og professoren, tenkte eg – og vips – der stod eg med
pistolen i handa!
Kor fekk du røyken
frå då?
Skal seie du har syn
for det vesentlege! Eg kjøpte han i kiosken i kjøpesenteret.
Kva merke?
Prince.
Vanleg eller mild?
Reinhardt Skjetne
såg usikkert opp på den uttrykkslause og keitete kroppen som stod ved
nabobordet. Så såg han ned og mumla: Mild.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar