(Samandrag)
Irene Guri Andersen Halvorsen enda opp med å ta Ingrid Dahlin Loe heim til seg. Ho heldt mykje rundt den unge, lét henne gråte ut mot brystkassa si. Etter kvart lét ho henne få senga si, ho sat og strauk henne over håret til ho sovna.
Irene Guri Andersen Halvorsen enda opp med å ta Ingrid Dahlin Loe heim til seg. Ho heldt mykje rundt den unge, lét henne gråte ut mot brystkassa si. Etter kvart lét ho henne få senga si, ho sat og strauk henne over håret til ho sovna.
Ho hadde snakka med
besteforeldra hennar, Lyder Loe og Della Dahlin. Dei ville gjerne ha henne dit,
men dei vedgjekk at det ikkje passa så godt, dei var gamle etter kvart, og
Lyder hadde teke godt for seg, det var jo fredag. Onkelen hennar, Espen, var
heller ikkje i form etter ein lang ettermiddag på puben Korridoren.
Ho sat og kjende på
den rivande sorga inni seg, på skuldkjensla: Kvifor hadde ho ikkje teke dei med
på Politihuset? Kvifor hadde ho ikkje skaffa dei hotellrom? Kvifor hadde ho
ikkje nekta dei å kome attende til byen? Ho vart glad då Max Mekker ringde og
spurde om han kunne kome oppom.
Kunne eg ha hindra
det? sa ho.
Han såg på henne
utan å seie noko.
Eg veit at det er
uprofesjonelt å tenkje slik, sa ho.
Eg har hatt eit
førebels avhøyr med han som gjorde det, sa han.
Kva er det for ein?
Ein tulling. Han
påstår at han fekk i oppdrag frå Gud å starte ein krig mot arabarar, negrar og
asiatar.
Er han gal?
Nei. Ikkje etter det
eg veit om galskap. Eg tippar at me vil avdekkje eit isolert verdsbilete i han
i avhøyra framover, eit slags fantasiunivers der han sjølv er ein slags høvding
innsett av Gud eller noko slikt.
Det høyrest ganske
psykiatrisk ut.
Berre for folk som
går i tronge sirklar.
Eg går ikkje i
tronge sirklar.
Nei. Du blir berre
forvirra av at han snakkar om Gud. Er det ikkje same slags fantasiunivers dei
fleste valdsmenn går rundt i?
Irene Guri såg på
han og tenkte at ho hadde undervurdert han ein gong for mykje, at ho måtte ta
til med å fylgje med i det han sa, for det kunne liggje mykje i korte
setningar. Ho sa:
Du må ta opp att det
du sa om fantasiuniverset?
Eit isolert verdsbilete,
eit fantasiunivers der han sjølv er ein slags høvding med ein naturleg eller
overnaturleg eller guddommeleg autoritet.
Mjo …
Eg trur Reinhardt
Skjetne er ein stakkar som lagar seg ei slik verd til erstatning for den
verkelege. Eg reknar den saka for oppklart – det står berre att nokre månader
med keisamt arbeid for å skaffe fram det retten treng for å kunne oversjå
rettspsykiatrane. Det er samanhengen eg ikkje skjønar.
Dei andre drapa?
Ja. Han seier at han
fann pistolen i buskane ved fontena på torget.
Tilfeldig?
Han ser det slik at
det var Gud som hadde lagt han der som teikn på at han skulle skyte
skodespelaren og den arabiske professoren. For min del trur eg meir på at ein
utspekulert jævel har lagt han der.
Kven skulle det
vere?
Mekhar trekte opp ei
krøllete utskrift og sette fingeren på ei setning han hadde markert med gult, og
las: «Ein som ser, ein som
skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei
utan at dei merkar det.»
Kva er det?
Mekhar fortalde om
Passasjer 81 sine bloggpostar, korleis han hadde skrive om Malin Meyer og
Angelique Fuglesang i fleire dagar før dei vart skotne, og så bloggposten same
dag der han skreiv at han hadde lagt ein pistol utanfor moskeen og ein i
buskane ved fontena på Kulturtorget.
Pistolen ved moskeen
vart funnen klokka litt over eitt. Buskane ved fontena vart gjennomsøkte litt
over klokka fire utan at noko vart funne. Men no seier altså denne Skjetne at
han fann sitt drapsvåpen der tidlegare.
Kva tid?
Det veit eg ikkje
nøyaktig enno. Men eg trur eg skal finne tidspunktet innafor eit eller to
minutt. Han seier han kjøpte røyk like før.
Så du ser eit mønster
der ein jævel, som du seier, har lagt ut ladde pistolar på stader der han trur
nokon kan ha bruk for dei? At der ikkje fins nokon organisert samanheng mellom
drapa – berre ein som spelar på spenningar som alt er der?
Ja.
Jøss.
Difor hamna Malin
Meyer hos meg og ikkje hos deg.
No fylgjer eg ikkje?
Obskure drapsmenn
utan spor hamnar hos meg. Kvinnelege valdsoffer hamnar hos deg. Kan hende det
har vore eitt av momenta som denne jævelen har mora seg med – at det var
Krimmen som kava med Malin Meyer, ikkje Valdsavdelinga. Kva ville du ha gjort
om du hadde fått hennar sak?
Eg kjenner saka berre
frå avisene og frå det Linda fortalde.
Ja?
Eg ville ha sjekka
stefaren.
Akkurat. Han har
ikkje eg ofra ein einaste tanke.
Han har vore
påfallande usynleg. Linda nemnde han så vidt. Ho sa at han var ein dott som
ikkje møtte auga hennar og som unngjekk alle situasjonar som kunne vere
krevjande – han stod berre utanfor og røykte. Ingen aviser har nemnt han,
ingenting er sagt på jobben.
Ta det sakte for meg:
Kvifor ville du ha sjekka han?
Du har nett sagt det:
Eit feigt og unnvikande ytre kan dekkje over eit isolert indre verdsbilete. Det
kan godt vere eit fantasiunivers der han sjølv er ein stor autoritet med ein
naturgitt rett til å få tilfredstilt sine drifter og lengslar.
Kvifor har du ikkje
sagt dette før?
Me er ikkje
organisert slik at du og eg skal utveksle kunnskap eller refleksjonar. Me har
ikkje noko med einannan sitt arbeid å gjere. Ein av mine måtte døy – ein av
mine måtte miste mor si før du og eg fekk denne diskusjonen.
Indifferent
likevekt, sa han.
Men kunne det ha
hindra dette? Sa Irene Guri Andersen Halvorsen, og nikka mot
soveromsdøra si.
Laurdagen gjekk Mark
S. Mekhar til teknikaren som hadde arbeidd med å restaurere bileta på Linda
Dahlin Loe sin telefon. Det hadde gått bra, bileta var berga, og teknikaren
hadde laga utskrifter av kvart einaste andlet som var synleg på dei. Mekhar
fann fram til kven som var hjelpeverje for Arnt Helge og fekk henne til å verte
med å avhøyre han. Det vart ikkje så vellukka, men til slutt hadde Mekhar sett
alle fiskane i akvariet, og Arnt Helge sett alle bileta utan å gje inntrykk av
å ha sett nokon farleg mann.
Det var skuffande.
Men han seier òg at det var til pass, han hadde brote eitt av sine eigne
prinsipp, så å seie: Mark S. Mekhar meiner at ein aldri skal dra teoriar for
langt før ein testar dei. Det at Arnt Helge hadde sett noko på eitt av Linda
sine bilete som fekk han til å hugse drapsmannen, var ikkje det same som at han
hadde sett eit andlet. Det kunne jo ha vore noko anna han reagerte på, noko som
var fanga opp gjennom vindauget eller i ein spegel. Han seier no at det var
dumt å ikkje ta med dei originale bileta.
Han drog til Meyer
og sambuaren, stefaren.
Mor til Malin hadde
gråte. Ho tok straks til å snakke om Linda Loe. Ho kjende og Olave Mario de la
Polvora.
Dei var dei einaste
som kom, sa ho. Då Malin vart borte. Fyrst Olave, så Linda. Dei var i
gravferda. Dei var her. Og no – no er
dei sjølve …
Mannen hennar reiste
seg frå fjernsynsstolen då dei kom inn, henta røykjesakene, gjekk mot
terrassedøra.
Nei, nei, nei – sit
berre, sa Mekhar. Det er deg eg vil snakke med.
Meg?
Ja. Eg er lei for
det – det har vore så mykje. Me skulle sjølvsagt ha snakka med deg òg for lenge
sidan. Eg fann ikkje telefonnummeret ditt.
Å – eg har berre
kontanttelefon …
Malin var stedotter
di?
Ja. Stedotter …
Var de gode vener?
Jada. Jau. Ganske
så.
Det må ha vore litt
av eit slag for deg òg?
Ja. Uff. Jau – det
var vel det …
Kor var du då det
hende?
På jobb.
Nettopp. Kor jobbar
du eigentleg?
I kommunen. Ja,
eller – for kommunen. Det er eit privat selskap. Me jobbar for kommunen.
Tekniske ting og slikt.
Akkurat. Og meir
konkret?
Eg køyrde. Eg har
sertifikat for stor bil, eg køyrer ofte. Me høyrde det då me kom inn i
tolvtida. Alle dei andre hadde høyrt det på radio. Men eg visste ikkje at det
var Malin. Ikkje før ho ringde. Han såg mot kona si.
Eg vil gjerne tale
med deg på tomannshand, sa Mekhar brått.
Meg? Kvifor?
Det er somme ting
som me menn talar best om slik.
Eg kan gå, sa fru
Meyer. Eg kan handle …
Ho reiste seg,
spurde om ho skulle koke kaffi fyrst. Mekhar sa at han gjerne kunne setje i
gang kaffitraktaren – han hadde same merke sjølv. Stefaren spurde om det var okei
at han tok ein røyk. Fru Meyer gjekk. Mannen hennar kom ikkje inn att. Då
kaffien var ferdig, helte Mekhar opp to krus og gjekk ut til han. Han såg
overraska ut, han såg ut som han hadde trudd at Mekhar hadde gått.
Du –, sa Mekhar
lågt. Han der chilenaren. Var han ein dritsekk, når sant skal seiast?
Stefaren såg
usikkert på han. Korleis då?
Eg har det berre på
gefühlen. Ein slik som var veldig flink til å gjere seg populær hos folk – men
som du ikkje kunne snu ryggen til?
Han var litt slik …,
sa stefaren.
La han seg etter
kona di ?
Han gjorde vel det –
litt –
Fy faen. Mens ho var
i djup sorg! Vart du ikkje forbanna?
Ja – nei – jo …
Nei – så klart. Du
kunne jo ikkje det i ein slik situasjon! Men desto verre! La han seg etter
Malin òg?
Ja, det gjorde han.
Sette han henne opp
mot deg?
Ja – han gjorde vel
eigentleg det …
Fy faen. Det er
ikkje alle som veit kor farlege små, utspekulerte kvinner kan vere, sa Mekhar.
Det er heilt sant! sa
stefaren.
Og så vanskelege dei
kan vere å forsvare seg mot! sa Mekhar.
Stefaren hadde nær
fått farge i andletet då han svarte bekreftande på dette siste. Dei gjekk inn,
sette seg ved salongbordet.
Det er eigentleg
berre ein ting eg undrar meg på: Var her nokon saman med chilenaren?
Nei? Berre den siste
gongen, då dei arbeidde med gravferda.
«Dei» – var ikkje du
med?
Eg er ikkje så god
med slikt, det vart best om ikkje eg hadde noko med det …
Veit du kven
Passasjer 81 er?
Nei – kven er det?
Det er ein som skriv
blogginnlegg, ein slags artiklar, på internett. Han skreiv at han hadde vore
her saman med chilenaren.
Her var ingen.
Er det du som er
Passasjer 81?
Stefaren såg så
overraska ut at Mark S. Mekhar berre sette eit kryss over det sporet. I staden
tok han farvel, køyrde bilen rundt hjørnet og tok til å ringje etter folk på
arbeidsplassen til stefaren. Han fann sjefen hans som kunne fortelje at
stefaren var fast sjåfør på ein av renovasjonsbilane, at han ikkje kunne hugse
kor dei køyrde den dagen Malin Meyer vart drepen, men at hjelpemannen sikkert
kunne. Hjelpemannen hugsa godt at dei stod i kø rett utanfor der drapet hadde
hendt. Radioreporter Rudolf Steiner hadde vore på veg bort til dei då han fekk
den berømte telefonen om at det hadde vore ei ulukke.
Takk, sa Mekhar. Han
hadde ikkje bruk for å sjå originalbiletet frå Linda sin telefon. Han hugsa
godt at ein eller annan i Renovasjonsvesenet sin raude og grøne arbeidsdress
hadde stått med ryggen til i midtgangen på bussen. Han ringde til Arnt Helge si
mor ein gong til og til teknikarane på krimmen og berre tre kvarter seinare
ringde han på hos Meyer ein gong til og sa:
Det er berre nokre
detaljar. Kan du vere med på ein rekonstruksjon?
Dei henta
renovasjonsbilen, arbeidsdressen og hjelpemannen. Dei køyrde ruta. Dei stogga
utanfor Cosy Lamps, der trafikkorken hadde vore. Hjelpemannen synte korleis han
hadde stått på stigbrettet bak og venta på Rudolf Steiner. Dei såg korleis det
synet såg ut frå førarhuset der stefaren sat med den uregistrerte mobiltelefonen
sin.
Kom – eg vil syne
deg noko, sa Mark S. Mekhar.
Stefaren sveitta,
men gjekk viljelaust med over den låge fenderen, framom dunkane, inn bakdøra og
bislagsdøra, inn gjennom det fyrste arbeidsrommet og inn der Malin Meyer vart
skoten.
Då høyrde dei eit
hyl frå naborommet:
Farleg mann! Farlig
mann!! Pang, pang – farleg mann!!!
Til avsnitt 57
Boka kan tingast hos bjorn@enes.no
Boka kan tingast hos bjorn@enes.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar