Det var måndag, den femtande dagen
Så vidt eg kan
forstå, var Mark S. Mekhar like uttrykkslaus å sjå til når han var med sine
eigne på Politihuset, som når han var ute på åstader eller vitnebesøk. Han kom
på jobb til vanleg tid på måndagen etter arrestasjonane av Reinhardt Skjetne og
Randulf Leirfall.
Gratulerer, sa
krimsjefen. Ho heitte Vera Vidreid og var ei slik som telte resultat. Tre saker
oppklart, sa ho. På ein sundag.
Han nikka, sa
ingenting, gjekk forbi henne, inn i boksen sin der han starta maskinen, sette
seg i stolen og såg ut vindauget. Maskinen togg og togg på prosedyrane og
sikringssystema sine. Før den var ferdig, stod Vera i døra att.
Vil du fullføre alle
tre? sa ho.
Ja takk, sa han.
Då tek det lengre
tid, sa ho.
Ja, sa han.
Kan du ikkje gje
sjølvmordet og barnedrapet til to andre – så tek du hovudsaka sjølv?
Nei takk, sa han.
Har du ein god
grunn?
Det er ikkje tre
saker. Det er ei sak – og den er ikkje oppklart.
Vera Vidreid sa
ingenting. Ho såg på han, såg ut til å ville seie han imot, såg nølande ut, såg
ut til å vere i villreie. Ho kunne trenge ein diskusjon – men ikkje med han,
heller med einkvan som forstod kravet om å stykkje opp dei store samanhengane i
verda slik at dei passa med kriteria i statistikkane.
Okei – du tek alle
tre, sa ho.
Det var eit
kompromissforslag. Ho kunne føre opp tre saker under «Oppklart» – han kunne
halde fram og leite etter forklaringa på at fem drap, eitt sjølvmord og eitt
gateoppløp på ei veke var forårsaka av fire heilt like pistolar med serienummer
etter kvarandre.
Fint, sa han.
Det er
pressekonferanse klokka tolv, sa ho. Han grein på nasa, ho sa at han ikkje
behøvde seie noko om han ikkje vart spurd direkte. Så gjekk ho.
Det var visst ikkje
noko hjarteleg tilhøve mellom dei, men så vidt eg kan forstå må dei ha vore
ganske like. Båe tenkte veldig analytisk, båe vog dei alle funn opp mot krava
til bevis. Det var gått i blodet på dei, om lag som hos forsøksingeniørar eller
naturforskarar, dei levde med ein raud strek gjennom tilværet, på den eine sida
var det berre indikasjonar, teikn, tendensar og indisium, på den andre sida var
det prov, sikker kunnskap og bevis. Båe hadde lært det grundig i retten, på
kroppslege reaksjonar når forsvarsadvokatar nagla dei til svake punkt i
bevisrekkja, eller når faderlege dommarar stempla arbeid som sjuskete med vakre
og høgtidelege, men fordømt svidande formuleringar. «… kan ikkje reknast som bevist …»
Men medan Mark S.
Mekhar framleis hadde trekantdramaet i rettssalen langt framme i medvitet, så
hadde ein fjerde dimensjon teke større og større plass i Vera Vidreid sitt verdsbilete
etter kvart som ho klatra oppover karrierestigen. Det var kravet om resultat.
Politimeisteren sine krav om oppklaringsprosent, visepolitimeisteren sine krav
om kostnadseffektivitet, journalistane sine krav om heltar og skurkar.
Han likte å sjå ned
på henne for det. Men han hadde ikkje noko behov for å demonstrere. Han stod
henne ikkje etter jobben eller glansen eller æra, han hadde meldt seg ut av det
spelet ein kveld i den Haag då ein amerikansk jypling hadde stole resultata frå
eit langt og farefullt arbeid på Balkan – og kvittert med å framstille «sin
gode ven Max» som den beste assistent ein kunne ynskje seg. Den kvelden hadde
han stått ganske sigen framfor ein hotellspegel og sagt til seg sjølv at somme
gjer det godt i marknadskonkurransen, og at han sjølv ikkje var og heller ikkje
ville verte ein av dei. Og det hadde han klart å leve etter. Men altså ikkje
utan å unne seg å sjå ned på dei som ikkje klarte det.
Ho såg nok ned på
han òg. Eg vil tru at ho såg på han som ein fargelaus fagidiot. Eit stykke
arvegods frå førre kriminalsjef som ho ikkje godt kunne kvitte seg med utan
bråk. Ho kunne ikkje ein gong forfremje han vekk, for han søkte aldri på noko,
han var visst nøgd med å gå og grave i gørra mellom taparane i samfunnet. No
hadde tilfellet gjort at han var saksbehandlaren i tre saker som alle hadde høg
medieinteresse. Han var ein fin representant for avdelinga sin standard, men
han hadde ikkje dimensjon til å forstå større samanhengar, til dømes dette at
kvar oppklaring kunne og måtte vekslast om i gode medieoppslag, auka prestisje
og betre løyvingar i neste budsjett.
Vera Vidreid gjekk i
stabsmøte. Mark S. Mekhar gjekk i fengselet for å avhøyre stefaren til Malin
Meyer.
Er du sugen på røyk?
spurde han.
Nei – kan eg røykje
då? spurde stefaren.
Ikkje her. Men me
kan gå ut.
Kan me det? sa
mordaren og barnevaldtektsmannen med eit takksamt og audmjukt uttrykk, som ein
hund som uventa har fått sjokolade og ein ven for livet.
Dei gjekk berre ut i
luftegarden. Det var ikkje stort å vere takksam for, men det verka. Dei snakka
om tobakksmerke. Mark S. fortalde at han hadde brukt å røykje ferdigsigarettar
frå han var ung. Dei diskuterte merke og prisar, og dei var innom den store
diskusjonen om ferdig- eller heimerulling av røyk. Midt inni der sa Mekhar:
Forresten – kor var
det du sa at du fann pistolen?
Stefaren vart
tilspent att, såg etter ein plass å rømme, trekte eit langt drag av røyken sin.
Men det hadde verka. Han veik unna med blikket og freista unngå – men svara
kort før dei gjekk vidare på dette med kor vanskeleg det hadde vorte for dei
som røykte.
Den låg øvst i søppeldunken
då eg kom ut om morgonen, sa han.
Tre røyk hadde dei
der ute før dei gjekk inn att. Då fann Mekhar fram ei notisblokk og ein
opptakar som han berre starta utan forklaring.
Har du snakka med
advokat? spurde han.
Det skulle visst
kome ein i dag.
Okei – men me kan
vel berre begynne så smått. Det der er berre ein opptakar. Og no har du fått
stilt røykjesuget. Okei?
Jau. Eg veit ikkje.
Eg har ikkje stort å seie.
Nei. Men fyrst: Ta
namnet ditt?
Randulf Leirfall.
Kor kjem det frå?
Det er norsk …
Okei. Så du er
norsk.
Ja.
Ikkje svensk.
Nei.
Men du ser svensk
ut?
Ja. Kan hende far
min var svensk.
Å? Kven var det?
Eg veit ikkje.
Fekk du aldri vete
det?
Nei.
Mor di då?
Ja.
Kva sa ho?
Ikkje så mykje. Jo
forresten – ho snakka mykje.
Med deg?
Nei. Med alle.
Om kva?
All slags.
Til dømes?
Om klede. Og hår. Og
prisar.
Prisar på kva då?
Mat. Og frisør. Og
taxi.
Køyrde ho mykje
taxi?
Nei. Litt.
Kvifor er du her?
Her?
Ja?
Du sa jo eg måtte?
Men kvifor?
Eg vart jo
arrestert.
Men kvifor?
Randulf Leirfall såg
usikkert på Mark S. Mekhar, trekte fram tobakksdåsen sin og såg mot døra, såg
mot Mark S att og bøygde seg over tobakksdåsen og tok til å rulle.
Er du feig?
Nei, nei. Nei!
Korleis då?
Kvifor vil du ikkje
seie grunnen til at du er her?
Du veit jo det? Det
var jo du som …
Trur du eg gjorde
det for min eigen del? Trur du det er ein hobby eg har?
Nei då …
Det er for dommaren.
Du skal dømast.
Ja.
Før hadde du vorten
dømd til å hengjast. Eller fått hovudet hogd av.
Ja …
Kva meiner du om
det?
Kva då?
Om dødsstraff?
Nei – eg veit ikkje …
Der eg stammar ifrå,
har dei dødsstraff enno.
Ja …
Der er ikkje som
her.
Nei
Det er lovane som er
ulike.
Ja.
Men mordarane – dei
er ganske like.
Eg veit ikkje.
Du er ein slik
mordar?
Nei!
Men då har du ein
faens jobb framfor deg! For slik saka di står no, er det berre strake vegen
fram til rettssalen, og der vert du dømd som mordar. Kor trur du domaren kjem
frå?
Kan eg ta ein røyk?
Nei.
Å nei. Er det lenge
til?
Kven kan ha lagt han
der?
Kva då?
Pistolen?
Eg veit ikkje.
Skaut du Malin?
Det var eit uhell!
Forklar kva som
hende.
Eg gjekk inn – eg
skulle berre spørje om noko.
Kva skulle du spørje
om?
Kvifor ho hadde –
kvifor ho gjekk til chilenaren.
Kva var gale med
det?
Ho bakvaska meg. Ho
snakka vondt om meg.
Det har ingen andre
sagt.
Men ho gjorde det.
Eg veit det!
Korleis kan du vete
det?
Ho sa det sjølv!
Kva sa ho?
At ho skulle attende
til skulen!
Var det å bakvaske
deg?
Dei spør så mykje
der! Om ting dei ikkje har noko med!
Som at du låg med
henne?
Det var ho som
ville!
Okei – så ho låg med
deg, men du var uskuldig?
Ja!
Så skaut du henne?
Nei! nei! Eg skulle
berre vise henne …
Du skulle truge
henne?
Nei! Eg sa at eg kom
til å skyte meg sjølv.
Kva slags idé var
det?
Om ho svikta meg
ville eg ikkje leve meir!
Men kvifor i herrens
namn gjorde du ikkje det då?
Kva meiner du?
Kvifor skaut du deg
ikkje?
No vart Randulf
Leirfall heilt stum. Han hadde ikkje tobakksdåsen å gøyme seg attom lenger, han
hadde rulla ferdig ein røyk. Han vrei seg på stolen, stakk røyken i munnen, tok
han ut att, kasta eit fort blikk på Mark S. – liksom for å sjå om han var der
enno – la røyken ned i tobakksdåsen, trekte fram eit nytt sigarettpapir.
Det var berre
tomsnakk!, sa Mekhar.
Kva då?
Du meinte det ikkje
eit einaste sekund!
Kva då?
Kva sa ho då?
At ho ikkje brydde
seg om det.
Då skaut du henne?
Nei. Eg vart så
ulukkeleg. Eg fekk ein slags krampe.
Og så?
Så sprang eg!
Du fekk krampe – og
så sprang du.
Ja.
Pistolen då?
Den gjekk av.
Heilt av seg sjølv?
Ja.
Akkurat. Trefte han
noko?
Eg veit ikkje. Eg
berre sprang.
Oi, oi, oi. Då er
det jo pistolen som er mordaren! Ikkje du!
Ja. Nei.
Sprang du heim?
Nei – eg var jo på
jobb.
Ja visst – det hadde
eg gløymt. Du var jo på jobb du! Rett utanfor!
Ja.
Men du må fortelje,
mann! Skal dommaren forstå kva som hende, så må du jo fortelje det – ikkje
berre svare ja og nei!
Eg sprang ut att i
bilen.
Var det nokon andre
der?
Berre hjelpemannen.
Kva sa han?
Han var ikkje der –
han var attom, på tømmeapparatet.
Kva gjorde han der,
då?
Han trudde han
skulle verte intervjua. På radioen.
Forklar.
Det var ein
radiomann der – han der Rudolf Steiner. Hjelpemannen høyrde på han i
øyreklokkene. Radioen stod på framme i førarhuset òg. Steiner intervjua alle i
køen attom oss.
Og då tenkte du at
det var best å få han vekk før han fortalde heile byen – og chilenaren – at han
fann deg berre femti meter frå der Malin låg og blødde i hel?
Nei – eg tenkte at
ho måtte få hjelp. Der var jo ingen andre der!
Så omsorgsfullt! Det
var edelt tenkt!
Ja.
Eg vert heilt rørt!
Ja, sa Randulf
Leirfall. Og brått tok han til å gråte. Fyrst rann det berre ei tåre, så hiksta
han, så var det som det brast ei demning inni han, og han bøygde seg fram over
bordet og gret med kraftige hikst.
Mark S. Mekhar sat
uttrykkslaus og venta. Han såg ikkje på klokka, viste ingen teikn korkje til
medkjensle eller mangel på tolmod.
Det var lenger
mellom hiksta, gråten stilna langsamt av. Men Leirfall reiste seg ikkje opp
att, han vart liggjande over bordet, som om han hadde funne eit hol der å gøyme
seg i.
Kva ringde du med
då? spurde Mark S.
Telefon.
Telefonen i bilen?
Nei.
Kva for ein telefon
ringde du med?
Min.
Din?
Ja. Men eg hadde to.
Akkurat. Ein
registrert – og ein uregistrert?
Ja.
Og kva for ein
brukte du?
Den uregistrerte.
Seier du det? Berre
sånn tilfeldigvis?
Ja. Det var den eg
brukte til Malin.
Nettopp. Slik at
ikkje mor hennar skulle finne ut kor mykje du snakka med henne?
Litt slik …
Så kva hende?
Eg skulle ringje til
Malin for å høyre om ho var i orden – så sa dei telefonnummeret til Rudolf
Steiner på radioen – så ringde eg dit heller. Eg kom ikkje til han, berre ei
dame som svarte på telefonen for han. Eg sa at han måtte gå rett over vegen for
det hadde vore ei ulukke der, på Cosy Lamps.
Og så?
Så kunne me brått
køyre – køen losna.
Men du visste jo kva
som hende? For radioen stod på?
Eg måtte slå han av.
Oi, oi. Så du måtte
slå radioen av.
Eg var jo på jobb.
Ja visst, ja visst –
så då kunne du jo ikkje verte forstyrra av at stedottera di blødde i hel?
Nei.
Og hjelpemannen då?
Han var på
tømmeapparatet.
Så han sa ingenting?
Han sa det då me
hadde fullt lass og skulle køyre for å tømme.
Så då fyrst fekk du
greie på at Malin var død?
Ja.
Så leitt.
Ja.
Var det chilenaren
som la pistolen der?
Det kan godt vere.
Kvifor skulle han
gjere det?
Til ho, kan hende?
Til Malin?
Ja.
For at ho skulle
skyte deg?
Det kan godt vere.
Ho var farleg,
Malin?
Ja – på ein måte.
Alle andre seier at
ho var motstandslaus – føyeleg og utan kraft?
Ho var lur. Veldig
utspekulert.
Brukte ho deg?
Ja! Det gjorde ho!
Forklar kva ho
brukte deg til.
Ho hadde ein måte å
styre meg på, til å få meg til å gjere som ho ville.
Kva ville ho då?
Det …
Du må seie det rett
ut!
Ho ville … elske… At
eg skulle ta henne.
Hardt?
Ja.
Slå?
Ja.
Piske?
Ja.
Rauvpule?
Ja.
Pule med kvelartak?
Ja.
Meir?
Nei … berre …
Berre?
Binde.
Ho ville at du
skulle binde henne, slå henne, piske henne, ta kvelartak på henne og rauvpule
henne?
Ja.
Gjorde du det då?
Eg måtte jo …
Stakkar. Det var nok
hardt.
Ja …
Du må berre gråte
att. Det brukar å gjere inntrykk på juryen, det.
Eg veit ikkje …
Er det ei lette å få
sagt det?
Ja …
Du får diskutere med
advokaten din om dette er formildande. Jobben min er berre å få fram kva som
faktisk hende. Eg er korkje for deg eller mot deg – eg er bere ein
saksbehandlar, kan du seie. Det er mellom aktor og din advokat at slaget kjem
til å stå. Du og eg må berre syte for at alle fakta kjem på bordet. No skal eg
høyre med ei kontordame her på huset om ho kan skrive ned det du har forklart
så langt, så kan me få underteikna i same slengen – og så kan du og eg gå ut og
røykje medan me ventar.
Ja, sa Randulf
Leirfall takksamt. Han såg tillitsfullt på den nye venen sin og gledde seg til
sjokoladebiten i luftegarden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar