mandag 21. oktober 2013

62: Ingrid - dag null.

Skal eg ikkje på skulen? sa Ingrid Loe den same måndagsmorgonen.
Eg tykkjer du skal vente til etter gravferda, sa Irene Guri Andersen Halvorsen.
Skal ingenting verte som før?
Jau. Mest mogleg skal verte som før. Men mamma kjem aldri tilbake.
Nei.
Ingrid sat ved kjøkenbordet i Irene Guri Andersen Halvorsen sin leigebustad. Det lukta kaffi der. Det var ikkje som før. Mamma brukte alltid å lage te til frukost. Det var ei klokke der som heime, men den var ikkje spanande. Den var ikkje i kamp med tida. Den delte ikkje morgonen i to, i ein del med smøring av nistepakke og te og snakk og ein del til å kappsykle til skulen for å gje kvarandre fem til avskil.
Ikkje Faadumo heller. Og ikkje Mehmet, sa Ingrid.
Nei, sa Irene Guri.
Eg tenkte at dei skulle bu hos oss.
Begge to?
Faadumo hadde alt sove der. Ho passa på oss. Så tenkte eg at Mehmet skulle verte kjærast med mamma.
Hadde Linda tenkt det då?
Eg veit ikkje. Ho ville ikkje snakke om det.
Dei smilte båe. Dei hadde gråte og ledd heile helga. Det var som eit knust glassmaleri i hovudet til Ingrid, det singla brot av fargerike minne der inne. Synet av mamma i sprang, full av kraft og fart og vilje veksla med synet av smellet som brått omskapte henne til ein livlaus klump, og alle dei andre bileta: Mamma i akebakken. Mamma i regnet. Mamma på kafé. Mamma som ler. Mamma si lukt. Mamma som kjeftar. Mamma som trøystar. Irene Guri gret og. Ein gong på laurdagen mumla ho at det var uprofesjonelt. Men på sundagen sa ho at ho ikkje ville vere profesjonell, ho ville vere med Ingrid.
Skal ikkje du på jobb heller?
Eg vil vere med deg.
Ja.
I hovudet på Irene Guri var der hav. Stormar på havet laga stormar inni menneska, angst, skrikande redsle og sorg utan botn. Etterpå tok det lang tid før det fall til ro. Når vinden og regnet var gått, slo bårene framleis som brautande kjemper mot berga. Når sola kledde av seg og fløymde over bakkane, dundra og dura det framleis i mange dagar. Vrakgods dreiv i land.
Har du bestemt om du vil sjå henne?
Eg trur eg vil.
Eg skal ringje.
Irene Guri reiste seg for å ringje. Ingrid reiste seg og gjekk inn i stova. Ho lét fingrane gli over alle bokryggane. Det var lyd som springande føter, som hestar, som flyktningar gjennom brusteinsgater, som trommer i eit orkester. Der var bokstavar, små som stod rett veg og store som stod på høgkant slik at ho måtte bikke på hovudet for å kunne lese.
Bury my heart at Wounded Knee, las ho.
Me kan kome klokka to, sa Irene Guri. Eg må ringje jobben òg.
Ingrid sette seg i stolen og tenkte at dette var eit hus for eit menneske som berre las og ikkje hadde nokon rundt seg. Det var berre ein god stol. Der var leselys og fjernkontrollar og eit lite bord med ein uvaska kaffikopp. Ingen sofa. Berre eit bord med pinnestolar. Ho kunne ha folk der til middag, men ikkje til kaffi, tenkte Ingrid. Ho slo på fjernsynsapparatet og kom rett inn i bileta frå i går.
«… ikkje stadfesta meldingar at gjerningsmannen ikkje er muslim …» sa ei stemme over bilete av flakkande blålys frå plassen utanfor mamma sin nye jobb. Ho slo av.
Eg blir med henne til det er avklart kor ho skal, sa Irene Guri i telefonen.
Ingrid reiste seg att og studerte eit bilete av ei øy. Det var eit flyfoto. Det var hav rundt på alle kantar, små hus, brygger og båtar, åkerlappar, berg, myr og hei.
Eg skal drøfte det med henne – i så fall må eg ta henne med, sa Irene Guri.
Er det derifrå du kjem? spurde Ingrid då telefonsnakkinga var slutt.
Ja – det er mi verd. Det er vårt hus. Det der er vår båt.
Eg har lyst til å reise dit.
Har du? Eg vil gjerne ha deg med. Kan hende til sommaren?.
Kan eg vere med deg i sommarferien?
Ja.
Ingrid sa ingenting. Ho såg rundt seg i stova.
Du har så mange bøker.
Eg har aldri bestemt meg om eg helst vil arbeide med bøker eller helst vil vere politi.
Du må vere politi.
Kvifor det?
Eg veit ikkje. Mamma hadde ingen bøker.
Men ho var veldig klok.
Kjende du henne godt?
Både ja og nei. Eg kjende henne gjennom jobben. Den gong Sander døydde og etterpå, då de måtte reise vekk. Og så – når de kom attende.
Var de vener?
På eit vis. Politifolk skal liksom ikkje verte vener med folk som me arbeider med. Eg kan hugse at eg tenkte det var synd at eg var politi, for elles kunne eg tenkt meg å verte nær ven av Linda.
Men om ikkje du var politi, hadde du sikkert aldri vorte kjend med mamma?
Nei – det kan du ha rett i.
Derfor må du vere politi.
Irene Guri smilte. Det var eit veldig godt argument, sa ho.
Kor skal du ta meg med?
Irene Guri såg spørjande på Ingrid.
Du sa i telefonen at du måtte ta meg med?
Å – det er ein pressekonferanse. Dei vil gjerne at eg skal vere der når dei held pressekonferanse om det som hende.
Kva tid må me gå?
Orkar du det då? Du kan sitje i eit anna rom og teikne eller noko imens. Den skal vere klokka tolv.
Kan me sjå korleis det ser ut heime fyrst?
Ja. Me kan gå der og vere der så lenge du vil. Så må me sjå om me får tid til å gå til Velferda, og viss du framleis meiner det, kan me gå på pressekonferansen – og så skal me til sjukehuset. Og så skal me lage middag.
Kven er Velferda?
Det er dei som skal finne ut kor du skal bu.
Kan eg ikkje bu heime?
Men du må jo bu med nokon.
Eg kan bu som Pippi.
Ei ny tåre pipla fram i auget til Irene Guri Andersen Halvorsen. Eg har høyrt henne seie fleire gonger seinare at ho ikkje var klar over kor mykje ho hadde tenkt på dette spørsmålet, det hadde ikkje vore bevisst. Ho hadde ikkje kalkulert reint rasjonelt ein einaste gong på det ho sa då ho tørka vekk den tåra, men ho sa det, og det endra livet hennar for alltid:
Kan eg bu med deg?
Fint, sa Ingrid. Men då må du flytte til oss.
Må eg det?
Du kan ta bøkene med deg, og stolen. Men du får ikkje kaste ut sofaen.
Då dei sprang ned trappene, tenkte Irene Guri at dette var ei Pippi-jente. Det var gått berre to og eit halvt døger etter den største katastrofen eit barn kan oppleve – og Ingrid var alt i ferd med å rekonstruere livet sitt. Ho gret og ho lo. Ho såg bakover – og ho såg framover.
Ho gjekk rett til Linda sitt rom – ikkje sitt eige.
Det luktar mamma, sa ho. Ho gret, ho bora andletet ned i Linda si pute og hulka. Så løfta ho hovudet og sa: Du kan bu her.
Dei rakk Velferda. Dei la det fram der – Ingrid sa fast at ho ikkje kunne bu hos bestefar og bestemor og ikkje hos onkel Espen og ikkje på nokon måte hos Kent Karlsen, ho ville bu med Irene Guri og ho hadde sagt at ho kunne. Og Irene Guri stadfesta det. Det hadde ikkje vore tid å tenkje det gjennom, sa ho, men intuisjonen sa – og nokre gonger i livet må ein berre ta ei avgjerd, og dette var eit slikt høve. Og Velferda – det var ei dame med briller og rynke i panna og store truskuldige auge – såg ut til å vere letta. Ho kom med papir som Irene Guri måtte fylle ut, og bestilling av papir som ho måtte kome attende med: Vandelsattest og fødselsattest og særskilt erklæring frå politiet om at ho ikkje hadde vore innblanda i sedeligheitssaker.
Etterpå lo Ingrid og sa: Kvifor fortalde du ikkje at det er du som er politi?
Irene Guri lo òg. Ho sa at ho ikkje visste, at det var som om nokon andre hadde teke styringa over henne, som at ho gjekk på auto og berre var tilskodar til kva som hende med henne. Men at ho var glad midt i all den gruelege sorga.
Det ser ut til at det blir deg og meg! sa ho.

Gimme five! sa Ingrid.


Neste avsnitt: Onsdag 23. oktober

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 

Snarveg: www.bloggforteljing.no 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar