Før pressekonferansen hadde
ingen massemedium fylgt opp Teuton sitt blogginnlegg «Rydd opp!» Drapssaka hadde
gjort bortføringssaka uinteressant, og ingen medium hadde kopla dei to sakene
før riksavisa gjorde det. Etterpå vart Teuton alias Ivor Iveland eit brennheitt
namn att, det tok ikkje lange stunda før alle hadde funne ut at han var den
fyrste som hadde peika ut samanhengen.
I sin tur sette det
ny fart i aktiviteten på bloggen, nettsida og Facebookgruppa som til saman
utgjorde nettsamfunnet ”Rein By”. Trafikken hadde vore som lamma etter den
brutale avslutninga på fredagskvelden. Etter innlegget hans tok det seg raskt
opp att.
«Ord i rett tid!» Skreiv Skruball
«Ein lyt hauste som
ein sår – når politiet sviktar må folk sjølve ordne opp!» skreiv Luke S.
«Metodane til mannen frå fredag kan ikkje forsvarast – men
mange deler meiningane hans!» skreiv Anna Karenina.
«Takk Teuton – du gjer som vanleg det uklare klart!» skreiv Svigermor
Nilsen.
Noko av det eg ikkje
kan forstå hos Ivor Iveland, er at han oversåg så totalt at det kunne finnast
ei anna forklaring på det som hadde hendt. Til hans forsvar tenkte eg fyrst at det
er ikkje sikkert at han visste – han kjende jo ikkje nokon av dei involverte,
og dermed hadde han berre informasjonar frå lokalradioen og sosiale medium. I
radioen hadde Kent Karlsen vore heilt aleine om å fortelje sin versjon på
fredagen, og på nett hadde Iveland vore så oppteken med trafikken på «Rein by»
at han ikkje hadde oppdaga sida «Finn Ingrid!» og den versjonen som der vart
presentert.
Men ut over måndagen
vart dette forsvaret tunnare og tunnare. Avisene hadde identifikasjonar av alle
dei drepne, og det vart slått stort opp at Linda Dahlin Loe var mor til den
jenta som skulle ha vore bortført. Dei fleste som tenkte over saka, ville vel
ha funne det underleg om både ho og Olave Mario de la Polvora hadde vore
islamistar. Ho hadde jo luthersk bakgrunn og han var opphavleg chilenar, eit
katolsk land med svært få muslimar. Men det ser ikkje ut til at dette rokka ved
Iveland si oppfatning. Tvert om: Etter at ei hovudstadsavis hadde konfrontert
han med motførestillingar som desse, skreiv han bloggposten «Feministfundamentalistane»:
«Når ein ser det
mønsteret som avteiknar seg mellom dei gamle feministane i byen her, piplar
kaldsveitten fram.
Ingen har vore ivrigare enn feministane til å undertrykkje
informasjonar om korleis systrene deira i hijab vert behandla. Men kan det
verkeleg ha kome så langt at dei vil hjelpe islamistane med kidnapping av sine
eigne døtrer? Er det verkeleg vorte «rasisme» og «framandhat» å motsetje seg
innhylling, omskjering og kvit slavehandel?
Ansvaret for at det har kome så langt må berast av dei som
tilslører at importerte menn frå kulturar som foraktar, undertrykkjer,
utnyttar og misbruker sine eigne kvinner no har begynt å ta seg til rette
mot våre kvinner og jenter òg. Frå England veit me at menn av asiatisk
(typisk pakistansk) opphav heilt systematisk går etter unge jenter i sårbare
situasjonar for å unytte desse seksuelt. Feministane var dei fremste til å
leggje lok på dette på grunn av det etniske eller kulturelle aspektet. Asiatiske
menn som ser på unge, kvite, engelske jenter som verdilause – slikt må då
ikkje kome fram! Det var snakk om fleire hundre jenter i den saka. Men vart
den nokon gong nemnd av media her?
Ingen journalistar ser ut til å ville, eller våge, å ta
fatt i problemet, nøste opp, samle trådane, få fram mønsteret. Då løner det
seg både for politikarane og for politiet å snu seg andre vegar.
Det er ikkje anna råd enn at folk sjølve må ta tak i
problema. Feministane, politikarane og journalistane er nemleg sjølve viruset
som symptomet – lovløysa – spring ut frå. Det er tragisk at det får slike
utfall som det fekk på fredag. Men kritikken må ikkje rettast mot dei som
freista forsvare jentene våre. Kritikken må rettast mot dei som gjorde det
naudsynt!»
Denne bloggposten
fekk ein veldig respons – det hagla snart inn med kommentarar som støtta dette
synet og utdjupa det. Det varte ikkje lenge før Linda Dahlin Loe var namngjeven,
og utfyllande informasjonar om henne var publisert. Ho var dotter av villmannen
Lyder Loe, som hadde laga store problem under krigen. Han hadde òg vore
utanlandsk agent! Det var òg kjent at han hadde eit stort alkoholbruk. Dottera
hadde gått i same bane – ho hadde forfylgt ein av dei fremste heidersmennene i
byen her og skulda han for drap på sin eigen son då ho sjølv køyrde utfor
vegen. Heidersmannen vart frikjend – men ho klarte å sverte han slik at han
likevel fekk eit heilt år i fengsel utan å ha gjort noko som helst. Og no hadde
ho alliert seg med islamistane for å råke han på ny. Som ein reier – så ligg
ein!
Alle som skreiv,
ville jo ta avstand frå det som hende til slutt, men dei fleste forstod det og
vona at det ville vere ein lærepenge for feministar og alle som nektar å sjå
sanninga rundt seg.
Det kom ingen motkommentarar
i «Rein By». Sirkelen fungerte nett slik
Irene Guri Andersen Halvorsen fortalde frå ringane på kyrkjebakken heime på øya
hennar; det vart som ein konkurranse der i ringen om å seie det alle var samde
om, på ein endå meir treffande måte. Teuton sjølv kommenterte ikkje dei andre,
eg veit ikkje om han hadde tid til å lese dei ein gong. Dei vart etter kvart
ganske grove og ganske personlege – det var litt vondt å lese mange av dei når
ein visste at Linda enno ikkje var komen i jorda.
Ut over
måndagskvelden gjekk Ivor Iveland frå redaksjon til redaksjon. Avisene ville ha
bilete av han på stader som var aktuelle for historia, særleg ved
idrettsplassen der han hadde freista stanse kidnapparbilen og så vorte angripen
av ein buss med islamistar som alt hadde samla fleire unge jenter. Etterpå
ville fleire etermedium ha han med i direkte sendingar. Kvar gong han tok opp
att resonnementsrekkja si vart den kortare og meir veleigna for fjernsyn, så
andre vinklar og utfyllande informasjonar vart lagde bort: Det viktigaste var
jo å lage godt fjernsyn og gje sjåarane det dei ville ha.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar