Tysdag var den svartaste
mediedagen eg nokon gong har opplevd. Det vart skrike om terrorfare frå alle
kantar. Alle avisene hadde den same vinklinga, det same hadde alle lyd- og
biletkanalane og alle reklameplakatane som oppmoda folk til å kjøpe eller sjå
bestemte media.
«Redningsmann drap
fire»
«Jihad utan
kontroll!»
«Politiet granskast»
«Pass på jentene!»
«Rydd opp!»
Den verste var den
nest største avisa i byen her. Den hadde slått opp biletet av Ingrid som stod
inntil Irene Guri Andersen Halvorsen. Berre ryggen av Ingrid var synleg, men
uttrykket i Irene Guri sitt andlet fortalde tydeleg om dramaet. Over biletet
stod det med store typar:
«Selde du meg, mor?»
Eva Trotto Moe la
dei ut over bordet i lesesalen. Ho ville konfrontere Rudolf Steiner med dei så
snart han kom. Ho var overtydd om at dette var konsekvensane av hans ulukksalege
radioprogram på fredag. Men han kom ikkje. Like før dørene vart opna for vanleg
publikum, samla ho dei saman att og sette dei i hyllene sine. Eg såg det
gjennom glasdøra, eg stod utanfor og venta på at ho skulle opne.
God dag – hugsar du
meg frå i går? sa eg då ho opna.
Nei, sa ho. Eg hadde
fri i går.
Gravferda, sa eg.
Åja! sa ho, og såg
litt mindre bisk ut.
Eg var ein ven av
Linda Dahlin Loe, sa eg. Ja – eg hugsar, sa ho. Kom inn.
Ho hadde eit veldig
behov for å snakke om det som hadde hendt. Ho bad meg inn på kontoret sitt. Av
og til måtte ho ut for å setje dei andre i sving, så var ho attende. Heile
føremiddagen sat me berre der og snakka.
Det meste av det ho
sa, har eg alt fortalt, denne samtalen vart ei av hovudkjeldene til alt eg har
skrive så langt. Ho fortalde om att og om att om den forferdelege
fredagskvelden, og derfrå fortalde om baketter i tid, om Skjetne, om Mehmet
Habini, om Linda (som ho hadde vore så irritert på), om Rudolf Steiner, om Passasjer
81 og om korleis ho sjølv hadde endra seg. Ho sa:
Eg tykte ikkje at eg
hadde noko å gjere med nokon ting anna enn jobben min. Fire menneske døydde på
grunn av det. Og eit barn mista mor si.
Så du kjenner skuld?
sa eg.
Ja. For at eg ikkje
gjorde noko! sa ho.
Du kjenner skuld, og
Rudolf Steiner kjenner skuld, sa eg.
Ja. Han sa så. For
at han lét seg bruke.
Eg undrar om dei
kjenner skuld dei som laga alle fyrstesidene som du rydda vekk?
Såg du det? Eg hadde
lagt dei fram for å vise Rudolf Steiner kva han hadde stelt i stand.
Ja, eg såg det, sa
eg, og venta litt for å vere sikker på at ho hadde overhøyrt eller valt bort å
svare på spørsmålet. Ho hadde det. Eg tenkte at ho visst enno var slik innstilt
at ho ikkje hadde noko med det meste, at skuld, til dømes, berre var noko som
handla om henne sjølv og til nød Rudolf Steiner. Spørsmålet om andre si skuld
distanserte ho seg frå.
Mark S. Mekhar kom.
Det var som om temperaturen i rommet steig med ein gong. Eg vil ikkje seie at
eg er flink til å registrere slikt, men minst ein av dei var meir interessert i
den andre som menneske enn som vitne eller utspørjar. Eva Trotto Moe
presenterte meg, ho sa at eg var ein ven av Linda som hadde flytta til byen på
laurdag. Ho sa at me snakka om hendingane, at eg hadde trong til å vete kva som
hadde hendt.
De vil vel snakke i
fred, sa eg. Eg kan gå.
Nei, nei – sit
berre, sa Mark S. Mekhar. Det er sunt med eit blikk utanfrå. Har du lese
avisene?
Eg har sett
framsidene, og eg har lese Media Osen. Eg er skræmd, sa eg.
Kvifor har alle den
same historia og den same vinkelen? sa han. Er det av di alle har same eigar?
Huh, sa Eva Trotto
Moe. Eg trur det var ei slags støtte til påstanden som låg i Mekhar sitt
spørsmål. Men sjølv var eg ikkje samd i den.
Eg trur ikkje det
fungerer slik, sa eg. Eg trur det er ein kombinasjon av tre krefter som verkar
saman. Det er flokkmentaliteten, dramaturgien og marknadskrafta.
Eg klarte ikkje å
tolke måten som Mekhar såg på meg på, og eg angra litt på at eg hadde sagt
dette. Eg hadde på ein måte gapt over litt for mykje. Eg hadde tenkt mykje i
dei banane, men eg hadde ikkje kunnskapar eller refleksjonar nok til at eg kjende
meg i stand til å utbasunere teorien.
Eg skjønar
flokkmentaliteten og marknadskrafta, sa han. Eller ulveflokken og tivoliet. Men
dramaturgien – den må du forklare meg!
Dei vil gjerne ha
eit mysterium, sa eg. Ein skurk og ein helt – og spenninga om kven som
eigentleg er kva. Mest spennande er det om rollene vert bytta om, slik at den
som fyrst er helt syner seg som skurk i neste kapitel. Og kan det så toppast
med avsløringar av at hendingane berre er toppen av isfjellet og at alt står i
ein større samanheng – då er det heilt perfekt. Då vert det fest, både i
ulvegarden og på tivoliparketten.
Mekhar fekk nokre
uvanlege rykningar i andletet. Truleg var det eit slags smil. Han sa: Så
dramaturgien vert betre då, viss forteljinga utviklar seg slik at Skjetne vert helten,
ofra vert skurkane og hendinga vert ein liten flik av det store slaget om
Europa?
Noko slikt. Normalt
ville ingen teke sjansen på slike spekulasjonar – dei ville i alle høve ha
venta til dei kunne hekte det på nokon andre enn seg sjølve, forsvararen til
dømes, eller eit vitne. Men her vart ofra stempla som skurkar og den gøymde
delen av isfjellet «avslørt» alt før det kom ein mordar på banen.
Er dette faget ditt?
sa Mekhar.
Nei. Berre
kvardagsfilosofi, sa eg. Og røynsle sett i system.
Det såg ut til å
interessere han dette. Sjølv kjende eg meg som sagt ikkje heilt trygg på denne
banen. Eg minna han på at det var Eva Trotto Moe han var komen for å tale med.
Han takka for det, bad meg verte sitjande, og snudde seg til henne.
Han var ute etter detaljar om kor lang tid Skjetne kunne ha vore
aleine med Faadumo før Eva Trotto Moe kom til. Ho fortalde at ho hadde sett han
ved billettluka – så var han borte. Etterpå hadde ho stått saman med dørvakta i
Teateret og sett etter han heilt til alle hadde kome seg inn i salen – kan
hende litt meir enn eitt kvarter – og så hadde ho sprunge oppover mot Reint
& Rimeleg. Ho hadde høyrt skotet då ho hadde om lag femti meter att. Då ho
kom fram, var Faadumo død.
Kan han ha slått
henne i hovud, overkropp og mellomgolv – minst fem kraftige slag – og så knekt
beinet hennar, antakeleg med eit spark, på den tida?
Eva skotta seg.
Huff. Heldigvis har eg inga aning om kor lang tid slikt tek …, sa ho. Mekhar
var uleseleg, men eg rekna med at han hadde eit problem sidan han ikkje berre
bytte tema. Eg tok for gitt at det var obduksjonsrapporten som hadde konkludert
med minst fem kraftige slag og eit spark. Eg hadde heller ikkje mykje erfaring
med slikt – men eg hadde då ein gong vorte banka skikkeleg opp. Då hadde dei
vore tre stykk om det, men dei hadde likevel brukt ganske mykje tid, for kvar
av dei hissa seg opp før kvart slag eller spark.
Det er vel ikkje
berre slaga – det trengs vel tid til psykisk oppbygging òg? sa eg.
Tid – eller sinne,
sa Mekhar. Var han i ubalanse?
Han verka heilt kald
og roleg på meg, både då han gjekk frå biblioteket, og då eg såg han i
Teateret, sa Eva.
Kan nokon ha slått
henne før ho kom dit? spurde eg. Veit de kor ho var?
Ho var her – i
Sentrumbsbygget – til etter vanleg arbeidstid.
Det var eg òg, sa
Eva. Og du – du var innom med nokre spørsmål …
Såg du henne?
Ja. Eg såg henne
litt tidlegare. Ho gjekk over torget til kjøpesenteret og attende. Det var like
før eg fann notata til Skjetne, dei som gjorde at eg fekk mistanke.
Seinare då?
Nei …, sa Eva
og drog på det.
Kan eg spørje kva
slags skader ho hadde? spurde eg.
Ho hadde minst to
kraftige slag mot hovudet. Truleg har ho vorte svimeslått minst ein gong – kan
hende to. Så har ho fått minst eitt slag i mellomgolvet – så hardt at det har
gitt henne indre blødingar. Og så har ho vorte slått minst to gonger mot
brystregionen. Minst ein av gongene har ho vorte slått inn mot ein vegg eller
noko – ho har blodmelter i ryggen etter å ha støytt hardt mot noko.
Det må ha gitt lyd,
sa eg.
Eit slags smell, sa
Mekhar.
Eg høyrde eit dunk! sa
Eva. Akkurat då du hadde gått ut døra og eg låste etter deg. Det kom frå
kjellarkorridoren.
Vis meg, sa Mekhar. Eg
fylgde berre med, utan å spørje. Me gjekk ned til inngangsdøra på gateplan. Eva
demonstrerte kor ho hadde stått, og kva retning ho meinte ho hadde høyrt
dunket. Det var ei trapp ned til ein kjellarkorridor.
Det er i denne
etasjen Sentrumsforeininga har kontor? sa Mekhar.
Ja. Døra i enden av
korridoren går inn til dei, sa Eva,
Mekhar studerte alle
dørene, kjende på dei. Dei fleste var låste. To toalett var opne, eit vaskerom
var opent og eit var låst.
Brukar vaskerommet
vere låst? Sa Mekhar.
Eg anar ikkje, sa
Eva. Men eg kan ringje vaktmeisteren.
Ho hadde nummeret
hans lagra, og han svara straks. Han hadde ei røyst som bar godt, dei høyrde
han lo og spurde om ho hadde tenkt å gå han i næringa. Alle bøttekott er opne,
sa han. Mekhar tok telefonen og presenterte seg og sa at det eine var låst, og
at han veldig gjerne ville sjå inn.
Vaktmeisteren kom.
Du kunne jo ha opna sjølv, sa han til Eva. Det er systemnøklar – dine går til
alle bøttekott, toalett og felles lagerrom. Eg hadde gløymt det.
Bøttekottet var
tomt. Det lukta sterkt av salmiakk.
Jøss, sa
vaktmeisteren. Mekhar var alt i telefonen. Han stoppa vaktmeisteren då han
ville gå inn. I telefonen bad han om at ein kriminalteknikar måtte kome så
raskt som mogleg.
No er eg litt låst.
Eg skulle gjerne ha snakka med nokon, men eg må vere sikker på at ingen går inn
i det rommet før kriminalteknikarane kjem, sa han.
Viss ikkje det tek
lang tid, kan eg gjerne stå her eg, sa vaktmeisteren. Han såg oppglødd ut. Eg
tykkjer berre det er interessant, eg!
Takk, sa Mekhar. Eg
er ikkje langt unna.
Han gjekk bort til
døra Eva hadde peikt ut, opna og gjekk inn utan å banke på. Eg dilta etter. Me
kom inn i eit stort arbeidsrom, der var bord der det låg plakatar, anna papir og
ulike reiskapar. Det var eit bord med pc og glasvegger inn til to andre kontor.
Me kunne sjå Karina Burane og Kent Karlsen bak kvar sin vegg – dei hadde ryggen
til oss.
Mekhar brydde seg
ikkje om dei, tok berre til å leite mellom reiskapane.
Vaskeutstyr og
salmiakk? spurde eg. Han berre nikka.
Eg fann ein pøs og
lukta oppi utan å kjenne nokon salmiakkeim. Han fann ein søppelsekk og rota
nedi den. Karina Burane vart var oss, snudde seg og kom ut.
Kva gjeld det? sa
ho. Ho såg berre meg, og meg hadde ho aldri sett før.
Mekhar reiste seg.
Kor er salmiakken? sa han.
Salmiakken? sa ho,
og var som eit stort spørsmålsteikn.
Ja? sa han. De har
salmiakk her?
Det kan eg aldri
tru, sa ho. Kan hende på vaskerommet ute i korridoren?
Er der vaskerom der?
Ja – der er til og
med to! sa ho.
Men der er låst, sa
han.
Nei då, sa ho. Og om
nokon skulle ha låst det, så kan eg opne. Ho gjekk mot døra. Mekhar gjekk
motsett veg, opna inn til Kent Karlsen.
Kor er salmiakken? sa
han.
Karlsen snudde seg
roleg. God dag, sa han. Er det amatørdetektiven som er attende?
Kvifor har du tømt
og gjort reint det eine vaskerommet?
Det er vaktmeisteren
som ordnar med slikt.
Han veit ikkje
kvifor det er gjort.
Då må det vere ei av
damene. Det kan jo vere ho negerdama gjorde noko nyttig likevel, før ho
fantegjekk?
Mekhar snudde ryggen
til han utan å seie noko meir og gjekk heller mot Karina Burane. Ho stod
undrande i døra og venta, ho trudde framleis dei skulle til vaskerommet.
Eg vil gjerne snakke
litt med deg, sa han. Kan eg by på ein kaffikopp i kafeen?
Du har inga plikt
til å gå med han! sa Kent Karlsen. Han kan avhøyre deg her!
Eg trur ikkje eg har
lyst på kaffi no, sa Karina Burane usikkert.
Då vil eg gjerne at
du går ut, Karlsen! sa Mekhar. Eg vil tale med Burane på tomannshand.
Du har ingen rett
til å vise meg bort frå arbeidsplassen min! sa Karlsen.
Då ser eg berre ei
råd, sa Mekhar og tok opp telefonen sin. Du får få tak i advokaten din, sa han
til Kent Karlsen. I telefonen sa han: Eg treng arrestordre på Kent Karlsen og
eit par mann som kan bringe han inn. Han er mistenkt for grov mishandling av Faadumo
Awale Samakab og nektar å samarbeide på staden. Eg må ha han inn til avhøyr på
Politihuset. Han kontaktar advokaten sin sjølv.
Mekhar såg på klokka
og sa:
Ja vel – då får du
vente på dei som skal arrestere deg, Karlsen. Og du Burane får vente til eg er
attende, eg har nokre spørsmål til deg som eg vil snakke med deg om på
tomannshand. Men fyrst må eg i eit møte.
Kent Karlsen smilte
breitt. Okei – eg gir meg – lat oss ikkje lage noko styr på grunn av slike
bagatellar. Eg ventar i kafeen medan du snakkar med Karina.
Farvel, sa Mekhar,
og gjekk.
Både Eva og eg dilta
etter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar