mandag 11. november 2013

71: Fengslingsmøter

Mekhar gjekk direkte til retten. Eg heldt fram med å dilte etter. Det var smekkfullt der, der var seks eller sju journalistar og minst tre tilhøyrarar. Lokalet var ikkje berekna på så mange tilhøyrarar, men dommaren overhøyrde forslag om å finne eit større lokale.
Retten er sett! sa han berre.
Det var Leirfall fyrst. Ein fullmektig las opp siktinga og tilståinga som Leirfall hadde signert, og sa at Mark S. Mekhar kunne avgje forklaring om det var ynskjeleg. Dommaren såg på forsvararen. Me aksepterer to veker varetekt, sa denne. Me påstår fire veker med brev og besøksforbod, sa politifullmektigen.
Fire veker – to med brev og besøksforbod, sa dommaren, og såg frå forsvarar til aktor og attende før han slo klubba i bordet og sa: Retten er heva.
Leirfall, forsvararen og dei to tenestemennene som fylgde Leirfall, toga ut. Dommaren og politifullmektigen snakka lågt saman og såg på klokka. Silje Sjusete kom inn med ein stor koffert og tok til å lesse papir opp på pulten. Dommaren gjekk ut. Skjetne og to politimenn kom inn. Dommaren kom inn att og alle reiste seg. Ingen tok opp att dette med trengsla.
Retten er sett! sa dommaren att.
Den same politifullmektigen las opp siktinga mot Reinhardt Skjetne. Den var kort og omtalte fire drap, at sikta hadde vedgått dei faktiske tilhøva, og at det var to augevitne til alle drapa, ein hadde vore i avhøyr og signert forklaring vart lagt fram, det andre augevitnet var mindreårig og hadde ikkje vore avhøyrt så langt. Her ville gjerne aktoratet leggje fram etterforskingsleiaren si munnlege forklaring. Påstanden var fire veker med brev og besøksforbod.
Silje Sjusete fekk ordet og sa at Skjetne vedgjekk dei faktiske tilhøva, men meinte seg ikkje straffskuldig, og at det ikkje var fare for øydelegging av prov og heller ikkje var fare for gjentaking, og at påstanden derfor var lauslating.
Så slapp Mekhar til. Med ein gong han begynte, tenkte eg at han snakka til journalistane, ikkje til Retten.
Eg er nøydd til å begynne med eit forhold som kan vere ei anna sak, men som òg kan vere nært knytt til denne. Det gjeld grov mishandling og innelåsing av Faadumo Awale Samakab og seinare frakting av henne i medvitslaus tilstand fram til drapsstaden der tiltala her er sikta for drap på henne pluss Mehmet Habini, Linda Dahlin Loe og Olave Mario de la Polvora.
Det er grunn til å tru at Samakab vart mishandla i lokala til Sentrumsforeininga av leiaren der, ein mann med namn Kent Karlsen. Det er ein patrulje på veg for å hente han inn til avhøyr no. Årsaka til mishandlinga kan ha vore at Samakab hadde avslørt kor Kent Karlsen hadde gøymt dotter til Linda Dahlin Loe.
Kent Karlsen hadde bortført denne dottera om morgonen. Kvelden før hadde han kome med eit drapstrugsmål mot Linda Dahlin Loe. Samakab og Loe var tidlegare kollegaer og truleg vener, og Samakab var kjend med trugsmålet. Det kan ha vore årsaka til at Samakab tok bortføringa så alvorleg at ho plasserte ein sporbar telefon i bilen til Karlsen. Dermed kunne ho dirigere Linda Dahlin Loe og to vener av henne fram til staden der Kent Karlsen hadde låst barnet inne i ein kjellar.
Me har grunn til å tru at Karlsen fann ut kva Samakab hadde gjort, og at dette var årsaka til mishandlinga. Ho har truleg vore medvitslaus og ute av stand til å kome seg bort etter mishandlinga. I tillegg er det grunn til å tru at han låste henne inne i eit vaskerom i kjellaren i Sentrumsbygget fram til han – eller ein medhjelpar – frakta henne fram til drapsstaden.
Karlsen gjekk så i radiostudioet til Media Osen og lanserte den røvarhistoria som alle dei karane som sit her bakarst gjekk fullstendig ukritisk på, nemleg at det var mora og dei som hjelpte henne, som var kidnapparane. Og for å sprite historia ekstra opp, sa han at dei var ei muslimsk terrorgruppe. Eg er ikkje imponert over media i denne saka – dei har avslørt ein verdssensasjon utan å skjøne det sjølve – for dette må vere den fyrste muslimske terrorgruppa som har fleirtal av kristne medlemmer.
Eg må be om at aktoratet held seg til saka, sa dommaren. Men han flirte bredt.
Orsak, sa Mekhar. Basert på historia om denne terrorgruppa vart det organisert tre forsøk på å stanse bilen med mor og dotter. Reinhardt Skjetne som sit her, var den tredje og siste. Han stod i skuggen ved muren då dei kom fram. Planen var at dei skulle bestille ein pizza medan det vart undersøkt om det var trygt for mor og dotter å reise heim. Skjetne kom fram frå gøymestaden sin og skaut fyrst Mehmet Habini. Linda Dahlin Loe sprang så på han for å freiste å stoppe han. Han skaut henne i hovudet på kloss hald. Olave Mario de la Polvora freista også å hjelpe Loe. Han var den siste som vart skoten.
I avhøyr har sikta fortalt at det var Gud som hadde bede han å drepe Habini av di muslimane skal ha planar om å utslette den kvite rasen. Han skulle òg drepe ein skodespelar av same grunn. Han hevdar at dei andre tre måtte drepast for å få utført dette oppdraget. Etterforskinga så langt har ikkje avklart kva motiv han hadde, og korleis samanhengen er mellom han og trugsmålet som Kent Karlsen sette fram mot Linda Dahlin Loe. Det vert krevjande å avdekkje dette, og det er inga tvil om at Skjetne kan øydeleggje bevis om han vert lauslaten. Som nemnd har han òg sagt at Gud har bede han å drepe ein til, og det er ingen grunn til å tvile på Skjetne si religiøse inderlegheit. Så gjentakingsfaren er uvanleg stor. Takk.
Det var hektisk aktivitet på pressebenken. Dei skreiv så lyden var plagsam. Dommaren sat ei stund og såg på dei, heilt til dei tok til å gløtte opp for å sjå kvifor det vart så stille.
Eg minner om at det er referatforbod frå fengslingsmøte! sa han.
Smokk – så slo dei att notisbøkene sine og sat som uskikkelege skulegutar, tekne på fersken.
Forsvarar? sa dommaren.
Der er mykje å seie! sa Sjusete. Mykje! Men hovudsaka er: Kan Skjetne øydeleggje prov? Kva prov skulle det vere? Det fins jo ikkje eit einaste prov å øydeleggje! Alt aktoratet har lagt fram, er spekulasjonar. Det finst berre eit augevitne, og ho har stadfest at dei som diverre omkom, gjekk til åtak på min klient. Kva denne Kent Karlsen skulle ha sagt eller gjort, vedkjem ikkje denne saka i det heile teke! Men den demonstrerer kor panikkarta politiet no kjempar for å fri seg frå stempelet om å vere nyttige idiotar for internasjonale terrororganisasjonar!
Dette er inga straffesak. Dette er eit fengslingsmøte. Me har fått demonstrert at politiet sin taktikk er reine spekulasjonar og eventyrforteljingar for galleriet. Det kan ikkje øydeleggjast – i alle fall ikkje av ein forskar som Skjetne. Me krev lauslating her og no.
Fire veker – brev og besøksforbod! sa dommaren, såg på forsvararen. Ho trekte på skuldrene, og han slo klubba i bordet. Retten er heva! sa han.
Det var sanneleg journalistane òg, i same sekund.
Alle ville vete korleis han stava namnet sitt, om han kunne verte med utanfor for eit bilete, om han kunne repetere det han hadde sagt.
Nei, sa han.
Er Kent Karlsen arrestert? sa han eine.
Ingen kommentar.
Men du sa det jo nettopp?

Det var i fengslingsmøtet – og der var det referatforbod. Farvel! sa Mark S. Mekhar.


Til avsnitt 72 

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 


Boka er no i sal 



Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar