mandag 18. november 2013

74: Ingrid

Ei kvinne på tretten år snudde fram og attende på ein kontorstol medan bilete for gjennom hovudet hennar. Biletstormen tok til då Irene Guri Andersen Halvorsen spurde om det var nokon dei skulle invitere spesielt til minnestunda. Ingrid sa bestemor og bestefar, og så onkel Espen – så vart ho stille, innvend.
Det var bilete av ho og mamma på tur etter tyttebær der nord. Ho og mamma i lånt båt. Ho og mamma på ski oppover tunge bakkar og kast i kast utfor. Ho og mamma i vegkanten for å vente på buss. Ho og mamma under paraply. Ho og mamma i telt. Alltid berre ho og mamma.
Men så kom Faadumo. Og så kom Mehmet. Og så var dei brått borte, alle.
Margareta, sa ho. Irene Guri skreiv. Nye bilete kom: Mamma kom med kakao. Mamma sa at dei måtte ut i det fine vêret. Mamma stod med ryggen til ved komfyren og Ingrid sat på bordet og Margareta sat under bordet og dei kunne spørje om alt, absolutt alt dei kom på: Korleis kan blomane vete at det er vår? Har hestar draumar? Finst det frisørar som klipper skjegg? Dei og mamma.
Mamma var ein flyktning, sa ho. Der nord var alle redde for oss. Og her – her var det berre Faadumo. Og Mehmet.
Ingen andre?
Irene Guri vart ikkje overraska då Ingrid brått skifta emne. Alt på laurdagen hadde ho lagt merke til at jenta hadde vanskeleg med å konsentrere seg. Særleg viss emnet var vanskeleg.
Kor mange app-ar har du?
Ikkje så mange, er eg redd. Det har vel du?
Har du Skype? Og då Irene Guri nikka, spurde ho: Kan eg prøve?
Ho var lynrask på tastaturet. Det var så vidt Irene Guri registrerte kva ho gjorde – men det gjekk opp for henne at jenta logga seg inn på mora sin skypekonto og tok opp ei kort kontaktliste. Der var ikkje mange der, men eg var ein av dei.
Han der, sa Ingrid og kalla meg opp. Mamma snakka med han nokre gonger.
Eg vart heilt fælen då det hende. Eg var på veg ut frå puben Korridoren. Eg har Skype på telefonen, men det er svært sjeldan nokon kontaktar meg, og det siste året hadde det vel berre vore Linda som gjorde det av og til. Og då eg fekk telefonen opp av lomma, så stod det at Linda ynskte videosamtale. Eg trykte på «Godta» og må ha sett veldig rar ut då biletet kom opp på skjermen hos dei. Eg høyrde Ingrid si røyst: Ja – det er han! Så såg eg henne og forstod samanhengen.
Hei! sa eg.
Hei, sa ho, du kan kome i minnestund om du vil.
Ja – det vil eg gjerne, sa eg.
Irene Guri kom i biletet. God dag, sa ho, presenterte seg og forklarte at dei planla ei minnestund etter gravferda, men at dei ikkje visste kven det var naturleg å invitere. Me snakka litt om det, eg måtte innrømme at eg ikkje hadde så mykje å bidra med, eg hadde inntrykk av at Linda hadde mista nettverket i byen her og at ho aldri hadde fått noko nytt medan dei budde der nord.
Men eg kjem gjerne, og eg hjelper gjerne til, om det er noko eg kan gjere, sa eg.
Kan du halde ein liten minnetale?
Alt i meg skreik «nei»: Eg kunne ikkje, eg kjende henne ikkje, eg visste ikkje kva ved henne som var draum, og kva som var røynd. Men endå høgare skreik det i meg at eg ikkje kunne svare nei til eit slikt spørsmål. Så eg sa ja.
Fint. Ha det! sa Ingrid. På sin kant gjekk dei vidare med Linda si kontaktliste. På min kant fekk eg den fyrste nærkontakten med Kent Karlsen sin terrormetode. Han slo meg hardt på den eine skuldra, og då eg snudde meg den vegen, snakka han til meg frå den andre sida. For andre må det ha sett ut som eit møte mellom gamle vener.
Det var lenge sidan! sa han. Er du i stallen til Nattmust no?
Eg returnerte ikkje det breie smilet han sende meg. Men dei uglade og iskalde auga – dei returnerte eg så godt eg kunne. Nattmust inviterte meg med, sa eg.
Kva er meininga med å kline ut detaljane i ryktemakeriet til han der mulla-purken?
Eg kjende Linda, sa eg.
Hah! Eg visste det var noko slikt! sa han hardt. Det var du som dirigerte henne då, forstår eg!
Eg kjende Malin Meyer òg! sa eg.
Jaså du? Det var då mystisk!
Og eg kjende Fuglesang.
Handa hans hadde lege på høgreskuldra heile tida. No klemde han hardt til mot skuldra samstundes som han gav meg eit slag i mellomgolvet, ikkje så hardt at eg knakk saman, akkurat hardt nok til at det gjorde vondt medan det framleis kunne sjå ut som røff, men venskapeleg dulting mellom gamle kjende.
Så fint – det er jo ein slik samanheng politiet har leita etter! sa han. Så bøygde han seg fram og sa lågt inn i øyret mitt at han òg kunne kunsten med å setje ut rykte, men at han meistra best kunsten med stoppe sleivkjeftar.
Eg gjorde meg fri og sa – utan å dempe røysta – at eg aldri hadde høyrt han skamslå andre enn forsvarslause kvinnfolk og ungar. Han lo og vende attende til dei andre medan han sa over skuldra:
Ja, ja – me snakkast, gamle gut!
Det er ting Irene Guri seinare har fortalt – Ingrid òg, forresten – som gjer at eg har så klare bilete av korleis tysdagen såg ut hos dei. Ingrid gjekk inn og ut av sorga heile den veka og lenge etterpå – eg trur aldri ho kjem til å leggje det bort. Det går berre lenger tid mellom kvar gong ho går inn i det. Irene Guri og Ingrid knytte seg så sterkt til kvarandre den veka at eg trur aldri nokon vil kunne dra dei frå kvarandre, uansett kva Velferd eller Fylkesnemnd eller framtidige private konstellasjonar måtte tilføre.
Ein gong slo eg kneet, sa Ingrid. Det gjorde så vondt at eg trudde eg skulle døy. Men så gjekk det over litt etter litt, men ikkje heilt. Går dette over òg?
Eg veit ikkje om det går over, sa Irene Guri. Men du kan leggje det til side og kvile deg litt iblant. Og så kan du leggje det til side litt lenger. Du kjem til å klare å leve med det.
Møtet i Fylkesnemnda hadde kome alt den føremiddagen, berre eitt døger etter opphavleg plan. Korkje Kent Karlsen eller advokaten hadde stilt opp, det hadde berre kome ei kort melding om at kravet om samvær var trekt attende på grunn av nye omstende. Leiaren av nemnda problematiserte det, han tykte det var underleg at kravet vart trekt når barnet sitt behov for stabil vaksenkontakt hadde vorte større. Men sakshansamaren frå Velferda sa at det ville vere bra for Ingrid å sleppe lojalitetskonflikt. Nemnda var skeptisk til at ei einsleg kvinne skulle vere fosterheim, men dei lét seg overtyde av gode skotsmål for Irene Guri Andersen Halvorsen.
På vegen ut la ho band, både på glede og angst. Ho visste ikkje om Ingrid hadde oppfatta at møtet skulle endre livet for dei båe to, men ho gjekk ut ifrå at dei fekk vente med å markere glede ved det. Fyrst skulle sorga få plass og smerta få trykkje. Og når Linda var i jorda skulle dei saman freiste å lempe til ein ny start. Det einaste utanfor sorga i denne veka var dei praktiske førebuingane til gravferd og minnestund.
Eva var på radioen! sa Ingrid då dei møttest etter møtet i Fylkesnemnda. Kva er eit mikrofonstativ?
Det er ei sånn stang som held mikrofonen så den som snakkar ikkje treng å halde den sjølv.
Dei sa at mamma selde meg.
Det er så stygt! Eg er så sint på avisene!
Kvifor sa dei det?
Dei forsvarar mordaren.
Å…, sa Ingrid.
Dei drog på seg jakkene. Møtet bestemte at me skal bu saman, sa Irene Guri.
Å, sa Ingrid. Dei gjekk ned trappa. Ingrid lét Irene Guri ta handa hennar.
Kvifor forsvarar dei mordaren?
Eg veit ikkje. Eg fattar det ikkje. Eg trur ikkje dei forstår kva som er viktig, og kva som er tull.
Er det mi skuld? Viss mamma ikkje hadde henta meg – hadde ho levd då?
Nei, Ingrid! Han som har skulda, heiter Reinhardt Skjetne, og han er i fengsel, og der kjem han ikkje ut att før du er ei gamal dame.
Kor gamal då?
Irene Guri rekna fort etter og kom til at Ingrid berre ville vere i fyrste halvdel av tjueåra med mindre Skjetne fekk forvaring.
Haug-gamal, laug ho. Så tok ho seg i det: Ho måtte ikkje lyge. Tjuefem, minst! sa ho.
Å, sa Ingrid. Så gamal!
Eg tykkjer Ingrid sin dimensjon av denne forferdelege historia er den verste å gå inn i. Denne vinteren skulle vore hennar gladaste. Eit av dei største skila i eit kvinneliv låg alt attom henne. Ho hadde ein uendeleg veg framfor seg. Det var hennar medfødde rett å vere grenselaust lukkeleg. Så låg samstundes alt i grus, og inni henne gjekk biletrekkja om att og om att natt og dag: Mamma som ropte: Faadumo! Mehmet som datt saman. Mamma som sprang på ein skugge. Ein arm – ei hand – eit smell – og ho sokk saman. Og Olave. Og nye smell. Og stilla. Og ei likesæl røyst som sa «Gud har gitt meg eit skot til». Og skriket, hennar eige skrik. Og så om att. Og om att. Og om att.
Me kan få gravferd på fredag, sa Irene Guri.
Kan ho få liggje ved sida av Faadumo? sa Ingrid.
Trur du ikkje ho heller vil liggje hos Sander?
Jau.
Det var derifrå dei hadde teke til å snakke om minnestunda. Gravferd klokka tolv og minnestund klokka eitt. Akkurat som Malin Meyer. Det hadde vorte til ei liste på ti namn då dei hadde snakka med alle som stod på Skype-kontaktlista. Facebookvenene var jo borte.
Klokka tre fekk Irene Guri telefon frå vaktsjefen. Det var han same som hadde vore på på fredagen.
Eg tenkte berre å tipse om at me ventar uro under den andre muslimske gravferda i dag, sa han. Det er ikkje sikkert at det er så bra for jentungen å fylgje.
Oi! sa Irene Guri. Eg trur ho er veldig innstilt på å gå! Ho var veldig glad i Faadumo.

Hm, sa vaktsjefen. Me får stille mannsterke …
  


Til avsnitt 75

Nye avsnitt kvar mandag, onsdag og fredag. 


Boka er no i sal 



Norli Galleriet bokhandel, Bergen  

Bokkkilden

Tanum nettbokhandel 

Haugen Bok 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar