onsdag 26. juni 2013

12 - Menneskenaturen

             (Samandrag)

            Om ettermiddagen den dagen Linda rømte, publiserte Passasjer 81 ein av dei underlegaste bloggane sine:

Ettermiddagsblogg: Menneskenaturen.

Av Passasjer 81 (Måndag 8.):
Der er mange underlege meiningar om kunst. Endå fleire om kunstnarar. Eg høyrer til dei som meiner at kunsten heng på den same organismen som vitskap, filosofi, religion, undring og lengt, lyst, rettferdstrong  (i all si glødande inkonsekvens) og avundsjuke. Det er den menneskelege organismen. Mange meiner framleis at kunsten heng på det guddommelege. Så vidt eg kan forstå er det ganske vanleg å legge bort Gud men behalde den guddommelege verdsordninga, slik at kunsten framleis kan vere opphøgd og bestrålt av eit himmelsk lys. Det gjer det attraktivt å vere kunstnar. Så sjølv om eg personleg tykkjer at det er ei latterleg oppfatning, så brukar eg ikkje motseie folk som får eit slør over auga av di dei ser meg bestrålt på ein slik måte. Det er litt verre med folk som Mama Harjet, som ser meg som den eg er, og som sprutar ut i lått når dei trur eg ser på meg sjølv som opphøgd.
Den menneskelege organismen som kunsten heng på er ein komplisert del av naturen. Det vert ikkje betre av at resten av naturen er endå meir kompleks. Eg tykkjer det er svært forståeleg at menneska heilt sidan urtida har laga forteljingar for kvarandre som forklarar naturen inn i ein slags menneskeleg rasjonalitet: Ting må ha ei byrjing og ein slutt, og om ikkje dei må ha ei meining så må dei i alle høve ha ei forklaring. Lenge sa dei «Skaparverket». No seier dei «Big Bang».
Vanlegvis freistar dei fyrst å forklare med religion: Det tornar og det lyner – det må vere ein gud med enorme krefter, med ein frykteleg hammar, med ei mektig stridsvogn – hjula må vere slått med gnistrande jarn – og dyra som dreg kan ikkje vere hestar, ikkje oksar – det må vere geiter, mektige geiter som fer rett opp stupbratte fjellsider, gjennom lufta og bort i neste fjell!
Så kjem vitskapen. Det tornar og det lyner – det må vere elektriske utladingar med enorme krefter – vassdropar og iskrystallar gnura mot kvarandre i toreskyer med mektige luftstraumar – positiv og negativ ladning i kvar sin ende av systemet – og så den mektige utladinga: Tjue tusen ampere, femti tusen – hundre og femti tusen  nokre gonger! Ei ti centimeter tjukk stråle hakkar seg bortetter eller nedetter mange kilometer til den finn kontakt med motsett ladning. Tretti tusen grader varm vert lufta! Og så – før eit  kvart sekund er gått – er alt over. Berre eit ti kilometer langt vakuum er att etter den bråoppvarma lufta – og med mektige drønn klappar atmosfæren saman igjen og lyden rullar frå fjellside til fjellside som ei stridsvogn trekt av geiter!
Så kjem filosofien. Kor små me menneske er! Seier den. Så stort det er at nokon av oss kan erkjenne dette – og sitere kvarandre på det!
Og til slutt kjem kunstnaren: Sturm und Drang! Seier han.
Religionen vert oppglødd – Allah Akbar!  Vitskapen vert oppglødd – Nullius in Verba! Og filosofien vert oppglødd: Je pense – donc je suis! Og slik går no dagane.
Problemet er at dei tek feil heile tida. Dei er jo berre menneske – uansett kor mange sitat dei kan hugse. Dei kan reflektere flikar av universet oppi hovudet sitt, og nokre av refleksjonane kan leie dei til erkjenningar, og nokre av erkjenningane kan vise seg nyttige i arbeid, krig eller kjærleik. Men dei kan aldri slutte å leite. Dei må aldri tru  at svara er funne, at sanninga er festa til ord. Dei må aldri tru på seg sjølve om dei vert smitta av trongen til å predike slike tankar – og dei må aldri tru på andre som preikar slikt vrøvl.
Eg trur aning er viktigare enn sanning. Aning er noko ubeskriveleg som ligg mellom undringa og sanninga. Eg kallar aning for liv og sanning for daud undring. Kunsten si oppgåve i den menneskelege organismen har med undring og aning å gjere: Den kjønnslause kunsten handlar om undring. Den potente strevar med  aning.
Ein bukk veit aldri kva for knull som vert til kje, og sjeldan veit han kva som hender med dei som kjem. Om det keisarlege og kongelege dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn hadde lukkast i å kvele draumane om fridom, likskap og brorskap då dei melde krig mot Frankrike den 24 april 1792 hadde  Claude Joseph Rouget de Lisle lugge i ein ukjend soldat si grav og ingen av oss hadde nokon gong høyrt songen hans som vart til på ei natt av ei  aning om avgjerande slag for menneskeslekta:  
Allons enfants de la Patrie
Le jour de gloire est arrivé !
Contre nous de la tyrannie
L'étendard sanglant est levé
Min kunst strevar med aning. Det var difor eg bestemte meg for å bli ein slik som går og ser,  ein som freistar å skjøne seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det, ein som dyrkar folk og får dei til å bløme slik at eg kan sjå  på dei. Det er ikkje opphøgd. Men det må vere fritt.

Eg blandar meg aldri i diskusjonar om kunsten sin fridom. Eg tek den fridomen eg treng for å gjere det eg anar at eg må. Så får tida avgjere om eg skal ende i ein ukjend soldat si grav eller om heile verda skal synge mine songar. 













Nå har jeg registrert meg på Bloggurat.
blogglisten_b75d7ef1e515e0ef9d8110560b70776f

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar