Faadumo kom. Ingrid falt
fullstendig for henne, dei vart perlevener, dei åt kyllingsalat og drakk te og
veksla tre dramatiske livsforteljingar.
Ingrid kunne hugse
at mor låg på sjukehus. Ho hadde vore med besteforeldra, ho ville heim, men ho
fekk ikkje lov. Dei ville ikkje sei kva det var, ho fekk ikkje greie på det før
ho kom på sjukehuset og såg mor si ukjenneleg vikla inn i bandasjar.
Fyrst sa ho at
Sander var død. Så sa ho at det var stefar min som hadde gjort det. Og at ho
ikkje kunne vere med heim enno.
Det var vage minner
dette, dei var litt sterkare dei minna ho bar om då ho fekk nytt namn. Då var
ho sju år gammal, og måtte lære seg at ho skulle heite Inger, ikkje Ingrid. Ho
kunne ikkje møte dei gamle venene sine meir, og ho kunne ikkje fortelje dei nye
venene kor ho kom frå eller kvifor dei
hadde kome.
Eg måtte lyge kvar dag. Eg ville ikkje vere Inger Lie!
Eg ville heim – sjølv om eg ikkje kunne hugse korleis det var heime, så drøymde
eg om det. Eg var sint på mamma som
lærte meg å lyge.
Men ho vart og ein
slags ven med mor si på ein annan måte enn nokon annan ho visste om. Dei sjekka
utgangar saman – dei gjekk aldri på ein kafé utan at der var bakdører der, dei
sette seg alltid med rygg mot vegg og fullt oversyn. Då mor hennar til sist
gjekk med på at dei skulle reise heim, lærte Ingrid seg alle alarmsystema, alle
telefonnummera, korleis ho skulle lade valdsalarmen, utløyse han – eller stoppe
han og ringe om han vart utløyst ved eit uhell.
Men når me kom heim
att kunne eg heller ikkje fortelje nokon om korleis me hadde det. Eg fekk heite
namnet mitt – men eg kunne ikkje fortelje nokon om det viktigaste i livet vårt!
Eg måtte og lære å
lyge, sa Faadumo. Men min far var snill, han visste ikkje kva godt han kunne
gjere. Krigen kom til byen vår då eg var åtte. Den kom brått – eg var på skule,
så tok skyting til. De må gå heim, sa læraren, her er ikkje trygt.
Ho hadde sprunge
gjennom gatene, smell og skrik vart verre, ho var livredd, ho ville heim, ho
sprang over eit torg og ho kunne høyre smell frå alle sider og kvining i lufta
rundt seg. Då ho kom inn i ei trong gate vart ho gripen av ein arm frå ei dør:
Du må ikkje springe ute – du vert drepen! Sa ein mann, han hadde teke henne inn
i huset, ho hadde lege på golvet med heile familien der, ho gret og ville heim
og ut på dagen hadde dei sloppe henne. Alle var uskadde heime hos dei .
Skytinga flytta seg rundt i byen og tok slutt ut på kvelden. Men om natta
høyrde dei skot frå stranda og om morgonen såg dei døde som låg der.
Min far sa at me
skulle reise. Tre gonger reiste me – tre gonger kom me attende. Fyrst til
slekta hans ved kysten. Han trudde det var blitt fred og tok oss heim att, så
tok det til igjen. Andre gong fekk han plass på eit skip til Yemen. Det var eit
frykteleg skip – der var så varmt, det lukta så fælt. Berre nokre få fekk kome
i land – mange døydde før skipet måtte dra attende. Mange blei skotne der.
Tredje gong ville han ta oss til Somaliland. Då vart me røva på landevegen.
Både han og bror min vart skotne, og eg vart treft av skot i beinet. Men eg fekk
gøymt meg og kom meg vekk, og eg kom til ein onkel i ein by som heitte
Hargeisa, og ein dag sa han eg skulle reise til syster mi men eg måtte aldri
seie til nokon at det var syster mi: Eg måtte sei at det var mor mi.
Kor var det? Sa
Ingrid.
Det var her .Og du
er flink å lyge, du veit korleis det er å vere forfylgd og du må aldri seie til
nokon at ho som eg kallar mor mi berre er syster mi, for då må eg kan hende
reise att, sa Faadumo.
Eg skal aldri seie
noko! Sa Ingrid, og dei to slo hender som gamle samansvorne og lo.
Og Linda fortalde –
utan å løyne noko for Ingrid – om Sander, kjærleiksbarnet ho hadde fått du ho
var nitten og om mannen ho hadde fått han med. Han hadde vore så
fantastisk, han tok både henne og guten til seg. Han var gift – men ville skilje seg og gifte
seg med henne i staden - han måtte berre
alltid bli ferdig med noko fyrst. Men han skaffa bustad til henne og Ingrid då
ho vart gravid og Sander var på veg, og han vedsto seg farskapet både i høve
til Folkeregister og Bidragsfut.
Men litt etter litt
hadde det vakse fram ei sorg i han når ho snakka med nokon av sine eigne –
vener, slekt eller kven det var. Han kjende seg såra av det, han hadde skulda
ho for å meine at han ikkje var fin nok for henne. Gradvis hadde sorga endra seg til sinne, og
ein dag hadde han slått. Etterpå hadde han stengt henne inne. Frå den dagen
hadde bustaden meir og meir vorte som eit fengsel. Ho ville ikkje bu der meir –
han hadde spora henne opp, mishandla henne og drege henne attende. Han hadde
sjølv vakta på henne, og han hadde fått andre til å vakte. Ho vart ein fange.
Til sist hadde ho
lagt ein plan for å kome unna. Ho hadde fyrst fått sendt Ingrid til
besteforeldra. Så hadde ho fått lånt ein bil og var på veg for å få vekk
Sander. Då hadde brått HAN dukka opp i
spegelen. Ho køyrde i panikk. Han hadde fylgd etter dei i sin bil. Han
hadde pressa dei inn på vegar bort frå byen, bort frå folk – og til sist ut frå
vegen, ned ei bratt fjellside. Sander vart klemd i vraket – han ropte, men før
ho fekk han laus hadde HAN kome. Han hadde rive henne ut, slått henne, han hadde ropt at han skulle drepe henne av
di ho hadde øydelagt livet hans.
Ho hadde lagt seg
daud, hadde lest som om ho var bevisstlaus eller som om livet var ute. Det
hadde fått han til å stanse, til å vare at andre folk var på veg ned fjellsida.
Han hadde gått imot dei. Då hadde ho krype inn til Sander. Slik hadde ho fått
helde om han medan dei siste restane av liv rant ut av han.
HAN kom attende. Men
no var der andre folk med. Dei hadde sett bilen hans der oppe og spora etter
utforkøyringa. Han sa han hadde freista
berge, men at dei var begge daude. Heilt
til ein av dei andre som kom hadde sagt – men kvinna lever jo!
Linda slo i meir te,
det var alt seint. Ingrid sat med store auge.
Eg er så lei for at
du må vite dette! Sa Linda.
Tenk - så kom han på
besøk på sjukehuset og! sa Ingrid.
Ja. Han sa han var
så glad i meg, og han ville ordne gravferda til Sander og at han hadde
gjort alt som stod i hans makt for å
berge meg. Eg trur han trudde det sjølv. Eg var så redd, eg sa han ikkje i mot
på noko anna punkt enn eitt: Han ville hente Ingrid. Eg sa du var på
Kanariøyane med syster mi. Han fann fort ut at det var løgn, men han våga ikkje
dra til far og mor og hente deg.
Det var ikkje før
rettssaka kom opp at det gjekk opp for han at Linda ikkje hadde stadfesta hans
historie om bilulukka og hans redningsinnsats. Ho sa ho hadde kome frå ulukka
ganske uskadd, at ho hadde arbeidd med å få laus Sander då han hadde kome,
dratt henne ut og ropt at han skulle drepe henne – og så teke til å slå. Han
hadde slått henne før og – men aldri så brutalt. Ho var viss på at han hadde
meint alvor med at han ville drepe henne, og ho hadde ikkje sett anna råd enn å
legge seg daud. Då hadde han roa seg, litt – så pass at han hadde høyrt
røystene frå dei andre som kom nedover.
Han er verdas mest
sjarmerande og overtydande mann, sa Linda. Han takla rettssaka meisterleg.
Men i pausen sa han til meg: Dette skal du angre. Dette er slutten for deg.
Han hadde ikkje
endra forklaring – berre justert litt. Han hadde sagt at han vart så fortvila og opprørd over den uvettige
køyringa mi at han ikkje hadde klart å styre seg: Det hadde svartna for han då
han såg at hans kjære Sander var død. Han var så lei seg for at sorga hadde gjort
han medvitslaus av kjensler. Han hadde endåtil
bede om at Retten ikkje måtte gjere same feil – å fordøme henne for det
ho hadde gjort og sagt.
Han fekk eitt års
fengsel for lekamsskading. Eg fekk inndratt sertifikatet for uansvarlig
køyring. Til retten sa han at han ville sone si straff og gjere opp for seg –
til meg sa han at han skulle drepe meg for det er hadde gjort.
Var det berre snakk?
Sa Faadumo.
Nei: I hans
verdsbilde er han ein redningsmann som vart uskuldig dømd på grunn av falskt
vitnemål frå meg. Han tilgjev aldri – men han er klok nok til å få meg drepen
på ein måte slik at han går fri endå ein gong.
Han sa det til avisa!»
Sa Ingrid. Ho gjekk i skuffen og fannfram eit gammalt utklipp. Det var ei
heilside frå eit laurdagsmagasin. «Stayeren» var overskrifta.
Den var frå
laurdagen etter rettssaka. Kent Karlsen stod fram med namn og bilete og
fortalde om eit liv i evig kamp mot rykte og fordømming. Far hans hadde vore
ein ærleg skraphandlar, men fordomane mot slike yrker hadde vore rota til at
han gjennom heile livet hadde fått skulda for alt mogleg som andre hadde gjort.
Slik var det på skulen, slik var det i militæret – og slik var det no. Berre at no var andre motiv blanda inn: Det
hadde gått bra for han i livet, han hadde vore arbeidsam og heldig, mange var
ute etter verdiane hans og andre var ute etter forretningane.
Han var nok ein
latinartype - det gjorde ikkje sakene
enklare. Han måtte vedgå at han hadde hatt ei elskarinne ei tid. Det var ikkje
riktig mot kona, men ho kjende jo til urkreftene i han og ho hadde tilgjeve
han. Men denne elskarinna var ikkje nøgd med det ho hadde fått, verken av
menneskelege eller materielle godar, for å seie det slik. Han hadde gitt henne hus og bil – men ho ville ha
meir. Ho hadde både truga og lokka, og etter kvart hadde han ikkje visst si
arme råd. Då han ville gjere det slutt, hadde ho truga med å ta livet både av
seg sjølv og borna. Ho hadde teke bilen og køyrt villmann utover – han hadde fylgt
på god avstand for å freiste å snakke henne frå det. Men så hadde han sett
bilen hennar forsvinne utfor kanten. Det latinske temperamentet hans hadde nok
fått det til å svartne for han då han såg at guten var død medan ho sjølv berre
var forslått. Han hadde nok klemt henne
litt for hardt då han kom ned til dei. Men at ho – medan guten framleis var
varm - skulle freiste å presse han endå ein gong, det gjekk ut over all hans
forstand og dei aller verste aningar. Då han ikkje ville svike kona, hadde ho
hemna seg med desse urimelege påstandane om at han hadde slått henne – at det
ikkje var utforkøyringa men han som skadd henne så hardt. Han visste
ikkje om han nokon gong kunne få tiltru til ei kvinne etter dette. Det var så
ille, at han strevde med tankar om at om ho nokon gong skulle få sertifikat
igjen og køyre like uansvarleg – så
trudde han ikkje han ville søgge om det skulle vere ho sjølv det gjekk ut over.
Artikkelen slutta
slik: ”All gamal forbitring og nyrestaurert familielukke til trass: Han
overausar journalist og fotograf med flatterande kompliment då vi tek farvel.
Vi er begge kvinner. Latinaren
fornektar seg ikkje.”
Så naive dei er? Sa Faadumo.
Dei formidlar jo eit drapstrugsmål – og så flørtar dei etterpå!
Dei sat lenge og
talte om dette groteske temaet: Korleis tenkjer - og føler – mordarar av det
slaget som er overtydd om at dei er i sin rett til å drepe? Har dei noko svakt
punkt?
Dei snakka om dei som ser på seg sjølve som
reiskapar for ei større sak, ei slekt, ein klan, ein ideologi eller ein
religion. Dei snakka om dei som ser på seg sjølve som noko større enn andre
menneske, noko viktigare, ein som har rett til å leie, som ein stabsoffiser –
eller ein med uerstattelege kunnskapar. Og dei snakka om dei som er for dumme
til å sjå menneskeverdet til andre enn seg sjølve og sine eigne næraste, dei
som ikkje har evner til å bry seg, dei likeglade og uinteresserte, dei
indifferente.
Eg trur at dei alle
har same sjuka, sa Faadumo. Dei har to eigenskapar som gjer dei sterke – og dei
har eitt svakt punkt.
No er eg verkeleg
spent! Sa Linda. Ho og Ingrid såg på kvarandre og sa utan ord til kvarandre at
dei begge hadde fått ei stor gåve denne kvelden, for aldri hadde dei kunna tale
med nokon slik som dei kunne med denne nye venen.
Den eine styrken er
at dei blendar folk rundt seg, sa Faadumo. Dei strålar ut kraft og overtyding,
og folk flest lar seg imponere eller skræme av det. Den andre er at dei vekker
omsorgstrongen i folk rundt seg: Med ein gong nokon tek til å tvile på dei,
viser dei noko som ser ut som sår, noko som får kjenslene og samvitet til å
velte seg i folk.
Linda lo. Du har
nett forklart kvifor han fekk makta over meg! Sa ho. Eg vart blenda – eg vart redd - og han fekk meg til å tykkje
synd i seg. Det var berre eg som forstod han i heile verda, sa han. Men då eg
ikkje forstod han lenger, slo han....
Og det er nett der
det svake punktet ligg, sa Faadumo. Dei treng ikkje skjøne det, men reint
intuitivt veit dei at om dei vert avslørte, misser dei makta si. Det er like
farleg om det er krafta deira som blir
avslørt eller om det er – kva heiter det – compassionevoli - misericordioso...
Medkjensla?
Ja – nei – denne trongen
til medkjensle som dei fleste menneske har.
Du meiner avsløringa
av at det stakkarslege er like mykje eit falsk spel som det kraftulle?
Essatamente! Nettopp.
Her fekk Ingrid litt
vanskeleg for å fylgje med. Ho spurde om ho skulle koke meir vatn, og om ho
kunne ta fram iskrem. Ja sa Linda, gjer det. Du er snill, Ingrid, sa Faadumo.
Men kan det svake
punktet brukas til anna enn å hemne? Spurde Linda. Kan det brukast til forsvar?
Eg trur det kan
brukast til forsvar. For om ein slik mann innser at han kjem til å tape, stikk
han frå kampen.
Og for ein slik mann
er tap det same som avsløring?
Eg trur det. Eg
meiner at eg har sett det virke slik. Men det er ikkje lett. For dei forsvarar
seg ikkje – dei gjer som din mordar gjorde: Dei angrip motstandaren sitt samvit
og sitt omdøme.
Slik han gjorde med
meg – i rettssaka og i avisa: Han vedgjekk at han klemde kan hende litt for
hardt – medan han fekk retten til å dømme meg for å køyre uansvarleg og
bere skulda for at Sander døydde!
Den som tek kampen
opp mot ein slik mann, må ha eit sterkt omdøme.
Eller så må ho ha
ingenting å tape!
Men du har då mykje
å tape?
For meg er det berre
eitt omdøme som er viktig- og det er denne unge dama! Sa Linda og trakk til seg
Ingrid då ho kom med iskrem. Så lenge Ingrid trur på meg, så kan andre seie kva
dei vil.
Eg trur på deg
mamma! Sa den unge og lo. Men du treng ikkje ordne opp alt i verda!
Eg treng å gjere
verda trygg for deg!
Og eg treng ei mamma
som er heil og glad!
Ho er berre elleve
år! Sa Linda til Faadumo. Ho snakkar som ein vaksen, ho tenkjer som ein vaksen.
Eg er kry av henne – og eg er full av sorg. Ho skulle ha rett til å vere barn
enno i mange år!
Men mange
elleveåringar må leve i den verda som finst, sa Faadumo.
Kva hende då du var
elleve? Sa Ingrid.
Då vart me stoppa på
vegen av ti menn med masse våpen. Den eine av dei var ein slik som var overtydd
om sin eigen rett til å drepe. Han skaut far min. Då me sprang derifrå skaut
han bror min og meg. Bror min døydde ved sida av meg. Eg er her.
Hm. Sa Ingrid. Ho
henta tevatnet som kokte, kom tilbake og sa: Og eg er her.
Er det desse gamle
historiene som gjer at akkurat me vert så opptekne av drapet på Malin Meyer? Sa
Linda tankefullt. At me vert så redde – og så klarar me likevel ikkje å la vere
å bry oss?
Kan hende? Sa Faadumo.
Eg tykkjer i alle høve eg kan sjå ein mann av det slaget som eg har sett før.
Ein som kom inn bakdøra der me gjekk ut.
Det stod i avisa at
pistolen kunne ha vore der i fleire dagar og at ein av dei utviklingshemma
kunne ha skote henne utan å forstå kva som hende. Men det trur eg ingenting på,
sa Linda.
Ingen kan skyte eit
menneske eller sjå eit menneske bli skoten utan å forstå kva som hende, sa Faadumo.
Eg ser og føre meg
ein mann. Med ein vel førebudd plan om å drepe. Eg veit ikkje om planen berre
var å drepe Malin Meyer eller om han hadde tenkt å skyte fleire. Men han skaut
i alle høve henne.
Det gjekk an å høyre
noko ho sa – kva var det?
Ho sa «har ikkje
gjort det», sa Ingrid. Nett som ho ville seie at det ikkje var hennar skuld. At
det ikkje var ho som hadde skote!
Ja – tenk, det sa
ho. Noko så frykteleg!
Det kan tyde på at
ho kjende han som gjorde det, sa Faadumo brått.
Korleis?
Om det var ein slik
mann som me snakkar om, og ho kjende han, så er det sannsynleg at ho ville ha
forsvart han. Sjølv om ho låg der og blødde i hel, ville ho sei at han ikkje
hadde gjort det.
Linda såg lenge på
den nye venninna si. Du er klok, Faadumo! Sa ho til sist. Hadde det vore meg før
eg hadde avslørt Kent Karlsen, så hadde eg heller teke skulda sjølv enn å
risikere at han skulle bli avslørt. Men hadde det vore etter at Sander
døydde, ville eg ikkje ha skydd noko for å få handlingane hans fram i lyset.
Slike som alltid får
skulda brukar å seier det, - ”har ikkje gjort det”, sa Ingrid.
Gjer dei det? Sa Faadumo.
Korleis?
Nokon er slik, om
noko hender. Det var ikkje meg, seier dei, har ikkje gjort det. Sjølv om ingen
trur at det er dei, så har dei dårleg samvit. Så difor får dei ofte skulda og,
om ikkje dei finn nokon andre.
Kven?
Eg har ei i min
klasse her. Ho heiter Helene.
Men kven gir henne
skulda – berre av di ho seier at ho ikkje har gjort det?
Læraren, dei andre i
klassen. Kanskje av mora og. Eller faren.
Eg snakka med ein av
Malin Meyer sine lærarar i går, sa Linda.
– Og ei bestevenninne. Det kan og vere som Ingrid seier. Ho kan godt ha
vore ei slik jente som var vand med å få skulda, slik at det siste ho ville
seie her i livet var at det ikkje var ho som hadde søla til golvet med blod……
Det vart stille ei
stund. Alle tre sat og såg føre seg det grufulle biletet. Så sa Faadumo :
Så er der endå ei
tredje tolking: Mordaren kan ha skulda henne for noko. Det kan ha vore eit svar
til han. Det er jo ikkje sikkert at ho forstod at det var ein annan mann som
var komen inn i romet.
Eg veit ikkje, sa
Linda. Eg veit berre at eg ikkje får fred før politiet har funne ut av dette.
Ingrid lo av dei og
sa at dei kunne starte detektivbyrå og dei tøysa med tanken. Men Linda måtte
nok heller tenkje på meir realistiske levebrød sa ho – ho hadde jo fantegått
frå eit arbeid ho hadde trivest godt med.
Men det er jo ikkje noko problem – eg har jo alt
snakka med ho som vaskar! Du skal jo begynne der i morgon! Sa Faadumo.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar