Morgonblogg: Førebuingar.
Av Passasjer 81:
Lady
Raud sit ved vindauget. Ho held i den eine handa til Elvis og fylgjer halvvegs
med i samtalen mellom han og Alvarez. Alvarez sit på setet framfor dei,
sidelengs slik at han held blikkontakten med Elvis.
Dei vil
gjere noko i dag. Dei vil gå saman til Cosy Lamps. Elvis vil sjå med eigne
auger korleis det er der, han vil høyre meiningane til skuleungdomane der
om kvifor dei er der, kva dei lærer og
om dei er nøgde med det. Alvarez får ikkje ro for kva som hende med Lolita. På laurdag og
sundag var avisene fulle av det, på måndag stor berre ein liten notis og i dag
står ingenting i avisa. Alvarez er redd for at etterforskarane skal miste
interessa like fort som journalistane. Han vil sjå om det er noko han kan gjere
sjølv.
Avisene
har fortalt den same forteljinga så mange gonger at den har blitt til ei slags
sanning. I nokre dagar hadde dei psykisk utviklingshemma moroa seg med ein
pistol. Ingen hadde aning om kor han kom frå, men ingen brydde seg heller for
alle trudde det var ein leikepistol. Dei
var jo som born. Så må pistolen brått
has gått av, og ei jente var blitt
dødeleg såra. Berre ho og han eller ho som skaut var til stades då det
hende. Det hadde teke tid før nokon
reagerte – og då ho vart funnen var ho aleine
der inne. Pistolen låg på bordet.
Den
fyrste utanfrå som var komen til var den kjende radioreporteren. Han hadde vore
like i nærleiken på eit intervjuoppdrag og hadde fått tipset på telefonen. Det
hadde vore ei sterk oppleving for han, ho levde endå då han kom men døyde så å
seie for open mikrofon. Det var djupt tragisk og uhyggeleg – det var ei hending
mellom menneske som verken kunne oppfatte alvoret eller forklare korleis det
hadde hendt. Ein av dei var truleg blitt drapsmann – utan å vete det, utan å
forstå.
Reporteren
hadde gjort seg mange tankar om liv og død etter det, han hadde fått
post-traumatiske reaksjonar, men kollegaene hans og folk som arbeidde i andre
verksemder rundt Kulturtorget hadde teke seg svært godt av han – han hadde
kjent varmen strøyme mot seg og meinte nok at dette var eit prov på den
særskilte mentaliteten som herskar i vår by. Her vert ingen gløymd eller
overlaten til seg sjølv når ulukke eller urett rammar. Han hadde no tenkt å
skrive bok om saka – ikkje berre denne traumatiske hendinga, men heile det
tidsbiletet som ligg konsentrert i henne
– men fyrst måtte han fullføre eit kriseterapeutisk program som redaksjonen hadde hatt i
beredskap sidan ei endå verre hending for nokre år sidan.
Dei
fleste avisene hadde og oversyn over endå verre eller like vonde hendingar dei
siste tjue åra. Særleg den store barnedrapssaka, då fleire journalistar fekk
varig men.
Det var
ikkje spor av fingeravtrykk på pistolen. I lampemonteringa var det påbod om
både briller, hjelm og hanskar, og det gjorde leiting etter tekniske spor
vanskeleg. Ingen av dei utviklingshemma hadde gitt forklaringar med meining, og
ingen av dei skuleelevane som hadde arbeidstrening der hadde vore til stades då
det hende. Dei var ute og røykte.
Elvis
ville reise spørsmål i skulestyret om korleis skulesjefen ville forklare at
elevar utan fylgje av lærar vart sende til ein stad der dei kunne risikere
livet mellom utilreknelege menneske. Kor i opplæringslova det fanst heimel for
slikt, og kva for resonnement som låg til grunn for praksisen. Men han ville
ikkje gjere det før han sjølv hadde vore på staden og tala med ungdomane om det
som hadde hendt og om korleis dei hadde det der. Han var ganske viss på at
skulesjefen sjølv ikkje hadde vore der – og det ville gje han ein ekstra
autoritet når han la fram saka.
Det
høvde han godt at Alvarez ville vere med. Så slapp han gå aleine. Alvarez
ringde meg i går kveld og spurde om eg og ville kome, men eg sa som sant var at eg ikkje hadde tid.
For ein gongs skuld hadde eg ein avtale. Eg fortalde ikkje om kva eller med
kven, men eg sa – og det var like sant – at eg var lei for det. Eg skulle
gjerne vore med å snakke både med ungdomane, dei som dreiv verksemda – og dei
psykisk utviklingshemma.
Alvarez
var oppteken av pistolen. Korleis kunne ein ladd pistol ha hamna inne i ein
verna verkstad? Kunne verkeleg psykisk
utviklingshemma ha leika med den i fleire dagar utan at nokon hadde sett nærare
på han? Ei av avisene hadde og stelt desse spørsmåla. Dei hadde hatt bilete av
pistolen og intervju med ein militær ekspert. Det var ikkje ein Luger, sa han,
det var ein kopi av den sovjetrussiske Tokarev TT, produsert i Serbia for
militært bruk. Den heitte M57, og under borgarkrigane i gamle Jugoslavia vart
den seld i kassevis over heile Europa. Det var vel knapt den småbanditt som
ikkje hadde eit par tre stykk i kjellaren, meinte han. Leiketøyskopiar florerte
og i store mengder. Eksperten trudde ikkje det ville vere lett å få ein familie
til sjølv å melde frå at dei hadde kome i skade for å sende ein ekte, ladd
pistol med den utviklingshemma sonen
eller dottera si. Dei ville nok heller sitje musestille og vone at ståket roar
seg. Og kriminalsjefen bekrefta. Dei kunne ikkje godt ransake alle heimane – og
uansett ville det nok vere for seint no.
Men
kanskje det var plan? Sa Alvarez. Kanskje nokon la leikepistol der – og så,
seinare – kom han og skaut vesle jente og tok leikepistol og la ekte pistol på
bord?
Eg
høyrer han seier det til Elvis og. Han snakkar med store fakter, Alvarez. Og
Elvis jattar med. Det kan jo hende. Seier han. Det er ein teori som politiet må
sjekke ut. Men det gjer likevel ikkje saka lettare for skulesjefen. Eg hadde jo tenkt å undersøke dette alt før
den tragiske hendinga. Ja – du og, så vidt eg kan hugse? Du var samd med meg då og du?
Eg kan
sjå på Lady Raud at ho nærmar seg byen. Ho kjæler ikkje med Elvis meir. Ho ser
ut av vindauga, sjekkar leppene og håret. Høyrer ikkje etter – har vel kanskje
hugsa planen sin om å førebu seg på bussen. Førebur seg kanskje på praten ho
skal ha med meg. Ho ser meg ikkje.
Reinhardt Skjetne
Når ein sit i ettertid med kunnskapen om kva som
hende er det lett å døme urettferdig om kven som såg, tenkte eller gjorde kva. Eva
Trotto Moe var den einaste av dei som eg har trekt fram her, som såg Reinhardt
Skjetne. Ho hjelpte han, ganske mykje og, for han var ein krevjande kunde. Men
det fall henne ikkje inn ein einaste gong at ho hadde méd det som han
førebudde.
Han kom fyrste gong til biblioteket i august.
Han likte seg visst og kom att. Han hadde openbert ikkje så mykje anna å gå
til, så han kom oftare og oftare. Sidan oktober hadde han vore der kvar dag.
Han kom når dei opna dørene – ofte stod han utanfor og venta – og han sat til
klokka fire, ganske nøyaktig. Han reiste seg innimellom og gjekk ut på torget
eller ein runde i gatene – men sjeldan meir enn ein halv time. Så var han på
plass att. Han hadde niste med som han åt i tolvtida, enten i lesesalen der han
sat eller ute på ein benk på torget.
Han var lågmælt og høfleg, men hadde underleg
stirande auge når han kom og bad om hjelp. Han var interessert i gamle utgåver
av Bibelen, apokryfiske skrifter, og bøker om gamal historie. Han var uvanleg
på det viset at han først var interessert i globalhistorie og seinare på vinteren
fokuserte meir og meir lokalt. Dei fleste andre som sat slik som han gjekk
motsett veg. Dei brukte å ta til med slekta si, gjerne på det offentlege
arkivet, og når dei ikkje kom lenger i det som kunne dokumenterast så kom dei
til biblioteket for å nære spekulasjonane sine. Dei enda som regel opp med å vere
etterkomarar av Napoleon eller Spartakus eller Karl eller Peter dei store. Ein hadde til og med dokumentert grundig at
han nedstamma direkte frå Frans av Assisi. Munken hadde nemleg synda,
han hadde ikkje berre drøymt om det. Granskaren var jo sjølv eit bevis på det.
Men Reinhardt Skjetne såg ut til å vere meir
oppriktig interessert i historia. Han hadde nikka med stort alvor til utsegner
som at det er viktig å forstå fortida om ein skal forstå notida, og han hadde
sjølv kvittert med at kvar tidsepoke har laga seg si eiga forhistorie. Ho hadde
tenkt at det var det som var grunnen til at han var så interessert i gamle
bøker som enten låg heilt innerst i magasinet eller som ho måtte skaffe frå
Riksbiblioteket.
Utanom eksotiske bøker snakka dei ikkje om noko.
Aldri såg ho han snakke med andre heller. Ho visste ikkje kor han budde, kvar
han gjekk etter klokka fire eller om han gjorde andre ting enn å lese og notere
i skrivebøkene som han hadde med seg.
Denne bloggaren, Passasjer 81, som etter kvart
formulerte seg inn i ein slags overnaturleg observasjonspost der han kunne sjå
inn i hovuda til folk, i heimane deira og til og med inn i framtida, han såg
heller ikkje Reinhardt Skjetne. Slik
sett var Passasjer 81 sjølv eit døme på det som eg trur er hovudproblemet i byen her.
I ettertid har det
synt seg at Reinhardt Skjetne arbeidde med eit stort prosjekt. Han skulle finne
kjeldestoffet som dei ikkje kunne tale seg bort frå, alle dei som hadde gjort
seg rike og mektige på å fornekte sanninga om det store spelet som går føre seg
i verda. Han skulle skrive eit litterært verk som skulle få Guds utvalde til å
reise seg.
Om nokon hadde
interessert seg for han, kan hende berre teke ein kaffipause saman med han, så kan
det godt tenkjast at han hadde fortalt kva
han gjorde klokka fire kvar dag. Det var jo ingen grunn til at han
skulle halde det hemmeleg, for frå starten hadde han ingen planar om noko
kriminelt eller valdeleg. Han gjekk heim til hybelen som han leigde i kjellaren
til ein av dei som seinare vart oppsagde på Tekstilen. Der sette han seg til
bordet der for å skrive eit nytt kapitel i eposet om det vonlause opprøret i
Gaza og på Vestbreidda i året 722 før Kristus, det som fekk til utgang at kong
Sargon den andre deporterte ti av dei tolv israelske stammane til Assyria og
områda rundt det Kaspiske havet.
Den fredagen då alt
toppa seg hadde han skrive trettito kapitel ferdig. Det siste han gjorde før
han vart mordar var å setje publiseringsdatoar på dei, slik at det skulle kome
eit nytt kapitel annan kvar torsdag i meir enn eit år framover. Det siste han skreiv skulle
publiserast fyrst. Der lova han å knuse verdshistorias største løgn og å
avsløre kva som låg bak. Løgna var at dei tapte stammane vart borte. For det vart
dei ikkje! Sanninga var at dei hadde vandra inn i Europa. Dei var Europa sine fyrste kvite, blåøygde,
høgreiste, lyshåra og intelligente stammefolk. Det var dei som vart kalla germanarar
under dei store folkevandringane. Løgnarane
sin plan var å forvirre dei europeiske
folkeslaga slik at dei sataniske kreftene no – meir enn to tusen sju hundre år
seinare – kunne fullføre den utryddinga som kong Sargon ikkje makta.
Dei tapte stammane
frå Israel hadde slite og arbeidd på karrig jord i alle desse hundreåra og
makta det utrulege å gjere Europa til verdas sentrum og herskar. Men sidan
hadde overmot og sløvsinn lagt seg over dei, og no var dei i ferd med å gje frå
seg alt fedrane hadde bygd opp til degenererte folkeslag som flauma inn over
grensene.
Skjetne såg nok på
seg sjølv som noko heilt spesielt, og den store ambisjonen hans fylde livet
hans slik at han ikkje kjente einsemd eller lengt etter vener eller kvinner.
Han hadde eit slags miljø rundt seg, det var ikkje folk han kunne ta på, men
det var folk: Det var andre medlem av
ulike nettsamfunn som var opptekne av dei same løgnene og dei same store
spørsmåla som han sjølv. Ikkje alle hadde sett den same raude tråden gjennom
historia som han, men mange var opptekne
av konsekvensane av den store løgna.
Dette at Skjetne og
dei virtuelle venene hans hadde datamaskinar og lange fiber- eller koparliner
mellom einannan, gjorde at dei kunne filtrere bort alt som ikkje var behageleg i
kontakten seg i mellom. Ingen lukta spesielt, ingen var irriterande høgrøysta
eller så snakkesalige at andre ikkje kom til orde – og ingen sovna ved
bordet. Dei brukte harde ord mot alle
som ikkje var samde med dei – men seg imellom diskuterte dei i røynda ikkje,
dei berre supplerte kvarandre med forteljingar og spekulasjonar om det same. Om
godtruande eller korrupte politikarar som bygde ned militærvesenet og opna
grensene for innvandring av framande rasar, religionar og kulturar. Eller om at
kyrkja og kristenfolket sjølve likestilte heidenske religionar med den sanne,
Bibelske, protestantiske læra. Eller den
utbreidde vrangførestillinga at det var restane av den degenererte og utvatna
judeiske stammen som var ”Guds folk”.
Konkursen på
Tekstilkombinatet fall ganske fort på plass i forklaringsmodellane mellom desse
virtuelle kjenningane. Ein av dei – han kalla seg Teuton, men heitte eigentleg
Ivor Iveland –lagsa eit eige
nettsamfunn. Han stal både namnet og fargane til Renovasjonsvesenet i byen her.
”Rein By”, i raudt og irr grønt. Der førte han fram ulike bevis for at
konkursen var del av ein hemmeleg plan styrt av den jødiske finanslobbyen i
USA. Andre supplerte med utfyllande informasjonar. Skjetne hadde antakeleg og
eitt innlegg der han skreiv at avsløringa var eit godt døme på den målretta
utslettingsstrategien som gjekk føre seg. Han underteikna som ”Oppdagaren”
Han hadde eit rikt
indre liv, Reinhardt Skjetne. Hadde det vore normalt å dele forvirring i byen her, så hadde han møtt motstand og fått
høve til å justere tekstane sine – det kunne ha blitt ein spanande serieroman
eller ein vellukka MMO. Men ideologien her var Rein By. Her skulle alt sjå likt
ut og fint ut og rett ut, her var det umoralsk å spørje eller sjå etter kva
folk hadde i sine eigne dunkar. Så han kom kvar dag, nikka til Eva Trotto Moe
og dei andre i skranken, og nikka igjen til slektsgranskarane og
lokalhistorikarane og eviggangskonstruktørane i lesesalen før han sette seg med
notisbøkene sine der det stod øvst på fyrste side med snirklete bokstavar:
Carpe Diem
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar