fredag 14. juni 2013

7: Torsdag - fjerde dag: Straumar

              (Samandrag)

Passasjer 81 – morgonpost: Krigarar

Sjå dette som har hendt: Alvarez har teke ein annan veg – ein omveg, sikkert, men slik at han har gått på bussen eit tidlegare stopp og på det viset har han erobra setet sitt attende. Han sit og troner, brei og uovervinneleg, du må aldri seie det til han – men sjå: Han har lagt armane i kross over bringa nett slik som General Pinochet på det avskyelege biletet frå september 1973. Eit kupp har han gjort. Han har støvsuga universitetet og arbeidarkvartera for aktivistar og låst dei inne på ein fotballstadion, og no ventar han sigersikker på Lady Raud sitt motkupp. Men ho klatrar berre over eit ambassadegjerde, og det vert ingen omkamp. Ho søker asyl ved sida av Mama Harjet, Der har ho kome til ei som er godt trent i å handame inntrengarar.
Du lyt få deg universalkort. Kva er det? Det løner seg for dei som reiser kvar dag. Å – eg veit ikkje om eg kjem til … Du må på billettkontoret, du kan ikkje kjøpe det her. Å? Det var jo brysamt. Du må ha med bilete òg. Ja vel? Det kan du få på Politistasjonen, der er ein fotoautomat. Er det? Du har vel ikkje noko imot å gå på politistasjonen? Nei for all del – eg er ikkje ettersøkt. Ein kan aldri vete i våre dagar. Nei, du seier noko. Du sparar meir enn tjue prosent. På Politistasjonen? Nei – på universalkortet. Det gjeld på alle ruter. Åja. Eg får tenkje på det. Dei har langdag i dag. Akkurat. Dei har opent til seks. Ja vel. Eg seier det berre for å hjelpe eg. Ja ja – tusen takk. Det er vel ingen grunn til å bruke tjue prosent meir enn ein treng. Nei – det er jo berre dumt. Men det er litt dyrt på Politistasjonen. Å? Og automaten tek berre myntar. Å? Så det må du ta med, for dei vekslar ikkje. Nei vel. Tikroningar er tryggast. Ja vel. Ja, det er berre for å hjelpe. Tusen takk. Eg reiste fleire månader eg, før nokon fortalde meg om universalkortet …
Og slik held ho på. Ho gjer alltid det. Det er slik ho får behalde setet for seg sjølv heilt til me er nesten framme. Lady Raud kjem aldri til å setje seg der meir, og Mama Harjet kjem til å sjå forakteleg på henne kvar morgon heilt til Lady Raud ein dag har kjøpt seg universalkort, og då kjem ho til å seie høgt så alle kan høyre det – uansett kor Lady Raud har sett seg – at eg ser du gjorde som eg sa – ja ja, eg gjorde det no berre for å hjelpe!
Alvarez har fått både revansje og hemn og har vendt attende til notida, og slik får han òg omsider auge på Lolita. Vesle jente – du kan sitje her! seier han, og klappar på setet ved sida av seg. Ho nøler, han byd – ho gir seg og kjem. Han snakkar til henne.
Du er dotter av fru Meyer, trur eg, seier han. Ja, seier ho. Ho vaska før, på skulen, saman med mi Carmencita, seier han. Åja, seier ho. Før – kan du hugse? Du passa min vesle Nieto! seier han. Nieto? Men …, seier ho. Han ler og seier: Ikkje papa – bestefar! Eg er Nieto sin bestefar! Du var veldig flink til å passe! seier han. Då smiler ho for fyrste gong sidan ho tok til å reise her kvar morgon. Dei to damene som sit og talar om universalkort, vert stumme, dei stirer fiendtleg.
Han – Nieto – han var ein liten Torero – og du var ein veldig flink Toro! seier Alvarez og ler, og Lolita ser opp på berget av mage og musklar og ler med. Litt av lyset som du fekk fram i auga hennar, blenkjer til att.
Har du ny skule? seier han. Lyset i auga sloknar. Arbeidstrening, seier ho. Ka’ det for noko? seier han. Arbeidstrening? Eg er ikkje flink nok til vanleg skule, seier ho. Ka’ det for vas? seier han. Det er ikkje eg – det er læraren som seier det, seier ho. Kem lærar? seier han. Eg vil snakke med han! Nei, nei, nei – seier ho. Han snur seg opprørd mot henne. Du skal ikkje arbeidstrening. Du skal verte barnepleiar, seier han. Eller gamlepleiar. Eg skal snart på sjukeheim. Du skal passe meg. Og så demonstrerer han med tunn damestemme og viftande peikefinger kva slags arbeid ho trengs til: – Non! Non! Non! Gamle mann, ikkje røykje! Ikkje banne! Ingen Aquadente på hybel! Nei, nei, nei!
Lolita ler endå ein gong. Du har mista tråden i det du les, du ser skrått bort på dei og ler med. Dei to med universalkortet sit som potter. Eg vert rørt.
Dei held fram å snakke seg imellom dei to, heile resten av turen. Han får ut av henne at det var som eg trudde: Ho står med lampeskjermane. Der er nokre psykisk utviklingshemma der, og resten er gutar med åtferdsvanskar og jenter med lærevanskar. Ho tykkjer ikkje nokon er snille der, og ho likar seg ikkje, og ho vil helst ikkje vere der. Han seier han vil snakke med si Carmencita, at han vil ta henne med og besøke mor til Lolita, at han tykkjer det er feil, at ho må kome innom dei om ho har lyst. Han kan hjelpe henne. Med skulearbeidet. Trur ho han kan hjelpe? Kanskje i norsk? Eg lærar – du super elev! seier han.
Eg tenkjer: Alvarez er ein krigar. Han er ikkje noko rovdyr. Han tek ansvar når snødriver stoggar Transportselskapet og vanetankar stoggar eit barn. Han tek kommandoen og manar oss andre til innsats: Un’ – dos – treees!
Fleire har høyrt. Det er som med tørkestativet i fyrrommet hos Lady Raud – det vert til noko alle berre veit, anten det dukkar opp noko høve til å bruke det eller ei. Slik har han endra Lolita frå eit ulikt kje som kan skiljast ut av flokken og slaktast utan risk, til eit barn som lir urett, og derfrå har han endra henne vidare til ei oppgåve å ta tak i for vaksne menneske som kjenner på gneisten i sin eigen botn. Ho vert ei utfordring for flokken.
Mama Harjet bøyer seg over mot dei like før me er framme, og seier at om Lolita skulle ha arbeidstrening, måtte det vel vere betre å få det i ei verkeleg verksemd med vaksne normale menneske, slik som eit reingjeringsselskap til dømes, og det kunne nok ho ordne, trudde ho. Og det sa ho berre for å hjelpe, altså. Det var ikkje meir enn rett og rimeleg. Men om det var gneisen i botnen av henne som slo gneistar, eller om det var rovdyret som lokka, – sjå det er eg jaggu ikkje sikker på.

Tekstilkombinatet

Det var mildvêr att, slapset låg i gatene og la seg som søylestraumar etter folk som valsa ubestemt rundt mellom hyllene i biblioteket. Det var uvanleg mykje folk der, frå tidleg om morgonen. Rudolf Steiner hadde funne ut at det kanskje var staden å sende frå denne morgonen, men det gjekk trått. Dei som var uvande med staden og mikrofonen hans, såg ned for seg og svara med einstavingsord. Fleire stadfesta at dei arbeidde på Tekstilkombinatet, at konkursen kom som eit sjokk, og at dei ikkje var sikre på korleis livet no ville bli. Men han fekk ikkje nokon til å male ut kvifor dei hadde stått opp til vanleg tid den fyrste dagen i arbeidsløysa for å gå på biblioteket, kva som gjorde at dei søkte til litteraturen og poesien på ein dag som denne.
Så var det ikkje kunst og opplysning dei kom for, dei kom for å lese aviser, stillingsannonsar. Dei gjekk berre der og valsa mellom hyllene og lest som dei var interesserte i bøker, medan dei venta på at avisene skulle verte ledige. Dammar med vatn, asfaltstøv og strøsand la seg etter dei. Eva Trotto Moe svara dei iskaldt når nokon vågde seg bort til henne for å spørje om å få kopiere ei annonseside eller låne papir og blyant. Og midt oppi dette kom dama frå dassen.
Det er vel for mykje å forlange at folk skal tørke av seg på beina, sa Eva Trotto Moe.
Linda såg uforståande på henne. Rudolf Steiner fylgde blikkretninga til Eva og snakka inn i mikrofonen sin:
Her er ei underleg stemning i byen denne råkalde morgonen, sa han. – Hender som skulle vore travle, heng gjerandslause. Rutinar sit i kroppane til kvardagsmenneska på Tekstilen, driv dei opp og ut av husa sine – men kvar skal dei gå? Ganske mange har teke vegen her, til Hovudbiblioteket. Dei går rundt – uvande, mange av dei, med tid til å lese – dei leitar. Etter von? Etter visdom? Etter tankar om nye livsvegar? Du, til dømes – kva leitar du etter?
Han stakk mikrofonen opp under haka til Linda Dahlin Loe.
Bror min, sa ho.
Han venta ei stund, han nikka oppmuntrande for å få henne til å seie meir, men ho såg berre taust attende. Han retta mikrofonen mot seg sjølv att, og sa: Ei vakker kvinne, i sin beste alder, har kome inn frå snøslapset til varmen frå tusen bind verdslitteratur for å leite etter ein bror. Er han kan hende ein av dei som er råka av konkursen?
Ja. Han vart snudd i porten då han skulle på nattskift i går.
Rudolf Steiner heldt fram:  Så brutal kan røynda vere. Dei økonomiske lovene er som straumar i havet, usynlege – til dei brått stig som ei flodbylgje og knuser kvardagen. Veit du at han er her? Eller søkjer du rundt av di du veit at han treng deg?
Eg veit ikkje …
Slik er det vel med oss alle. Kven kunne vete? Det kom som eit sjokk på oss alle seint i går. Og kven kan vete kva framtida vil gi? Kva skal du seie til bror din når du finn han?
Eg trur det får verte mellom oss.
Er det ikkje opprivande korleis det private og det offentlege flyt saman nokre gonger: Nær tusen familiar er råka av den same plutselege hendinga – men likevel har kvar einaste familie sin særskilte, private dimensjon. Og i kvar av familiane er det på same vis: Ein far – ein son – ei dotter, ei mor. I same situasjon – likevel så ulikt. Så vanskeleg å snakke om, å finne dei rette orda til. Er det kanskje fleire av dine næraste òg som er knytte til Tekstilen?
Ja.
Du sjølv?
Eg arbeidde der før.
Fleire òg?
Både far vår og mor vår. Men dei er pensjonistar no.
Ei slektssoge – og eit stort kapitel i soga om byen. Kva heiter du?
Det kan eg ikkje seie.
Det råkar oss alle det her, direkte eller indirekte, me treng kvarandre, det er ikkje tida å gøyme seg i det private, sa Rudolf Steiner, og såg ut til å ha fått inspirasjon til ein lang tirade som skulle få henne til å fortelje kven ho var, og korleis slektssoga var knytte til fabrikken. Men ho sa:
Farvel.
Espen hadde gått ut medan ho stod med radioreporteren. Ho tok ein runde for å vere sikker på at Rudolf Steiner ikkje fylgde etter henne, så gjekk ho ut i kjøpesenteret til han.
Kva var det han ville? spurde han.
Du veit korleis han er. Han ville ha nokon å snakke til.
Intervjua han deg?
Det var mest det at han snakka til meg. Han ville vete kva eg heitte – men då gjekk eg.
Du heiter jo namnet ditt no?
Men eg har ikkje tenkt å kringkaste det!
Han driv berre med tomsnakk.
Det er jo jobben hans. Folk høyrer på.
Jobben hans er å få folk til å slutte å tenkje. Ingen kritiske spørsmål – ingenting av alt som finst attom kulissane.
Det er rift om avisene der inne. Alle vil lese stillingsannonsar.
Det er berre bortkasta tid. Eg går heim.
Ikkje ver dum. Klart det nyttar. Eg har jo fått jobb!
Men du har Velferda i ryggen. Det er ikkje farleg for deg. Det kostar ikkje noko å gi deg jobb. Skulle tru du var ein innvandrar.
Det var ikkje difor! Det var av det at eg stod på. Eg tok nokre kurs og eg var frampå og eg nytta dei høva eg fann. Det var det som førte fram – ikkje lønstilskotet. Det gjeld berre for ei tid. Etter eit halvt år skal dei sjølve betale meg. Eg trur du òg kan få til noko slikt, no når du er arbeidslaus.
Kva er det du gjer der, eigentleg?
Det er eit slags reklamearbeid. Me er tre stykk som skal hjelpe til med å få fart i noko som heiter «Eit levande sentrum». Det er byrådet og Sentrumsforeininga som vil ha meir folk til å trivast i sentrum.
For noko vas. Ingen kan leve av å trivast i sentrum.
Jau – det er nett det dei lever av! Butikkane og restaurantane og kinoen – alle saman.
Treng folk klede, så går dei vel og handlar, anten dei trivst eller ei!
Det trur ikkje Sentrumsforeininga. Og difor har eg jobb!
Det er vel folk med skular og greier.
Eg har berre eit datakurs. Ei av dei andre har sekretærskule – men det er berre eit halvår. Sjefen har kanskje litt meir – men det er haldningane det kjem an på. Du må sjå lyst på det – då ordnar det seg. Slike jobbar handlar om å sjå lyst på ting. Du kjem ingen veg med å gå og sutre.
Det er vel berre kvinnfolk.
Ok – men det er berre tilfeldig.
Og innvandrarar.
Ja vel – ho eine er innvandrar – men det er berre det at ho har stått på!
Korleis då stått på?
Det er ho som har sekretærskulen.
Høh. Eit halvt år på sekretærskule. Det skal ikkje mykje til for å stå på om du er kvinnfolk og svart!
Linda vart sint. Ho gjekk ifrå han. Ho hadde ikkje meir tid å kaste bort.
Det var torsdag, den fjerde dagen i månaden, det var mildt med snøslaps og regn i lufta. Folk i byen ved elveosen trudde dei levde kvar – eller kvar familie – for seg, men dei var bundne til kvarandre i ein tett vev. Linda Dahlin Loe gjekk med hissige steg ned til arbeidsrommet i kjellaretasjen der Faadumo Awale Samakab sat og høyrde på radiosendinga frå biblioteket medan ho ordna Sentrumsforeininga si utklippsbok.
Espen stod og såg etter syster si og kjende på refleksar i kjensler og tankar då Kent Karlsen kom for å levere «Byen i hjarto våre». Kent såg han ikkje, eller såg rett gjennom han, og Espen kjende eit blaff av sorg eller sakn der han i fem år berre hadde kjent sinne og redsle. Sjølv om det var gamalt no, det som hende, så var det ein sirkel som ikkje berre kunne brytas. Det særskilte med Kent Karlsen var at han aldri var i tvil. Difor var han ein å vende seg til når noko truga. Men det kunne ikkje Espen D. Loe gjere.

Og om lag på same tid må denne underlege karakteren som kalla seg Passasjer 81 ha vore innom biblioteket medan han spekulerte på korleis byen dett frå kvarandre.

Passasjer 81 – kveldspost: Byen

Eg går ein fast runde kvar dag. Eg tek avstikkarar frå den ofte – det er mangt eg har lyst til å sjå og prøve – men så vender eg attende til runden. Eg går fyrst opp hovudgata. Det er Lady Raud sitt område – alle der liknar på henne. Dei har kledd seg, dei går som i fjellet, dei har god balanse i kroppane sine og pustar ledig og lett. Eg går over brua til venstre breidd. Folk er yngre der, for dei vert ikkje så gamle. Dei går keitete og rart – dei hoppar bortetter på måtar som syner at dei ikkje har full kontroll over kroppane sine: Dei er ikkje vande. Dei sit om dei kan, dei rører seg berre om dei må. Dei kastar bort tida si om dei må gå, dei hadde teke taxi om dei hadde hatt råd.
Det er der du er om dagane, er det ikkje?
Så tek eg ei lang stripe utetter langs kaiane. Der er det mest ikkje folk å sjå, alle sit inne i deksel av stål og plast: I bilar, kranhus, truckar, kontrollrom. Dei går med brikker på seg, det pip, og dører opnar seg når dei kjem – men fylgjer eg etter, smekker døra att. Det er eit område for klarerte menneske, for dei sertifiserte iblant oss. Det er Elvis sitt område. Eg veit kor han held til – eg har fylgt han fleire gonger. Han dreg brikka si gjennom ein lesar ved ei rotasjonsgrind. Han slepp gjennom – men ikkje eg. Eg gjorde ein test ein gong. Eg hadde ikkje før teke tak i grinda og kjent at ho var låst, før eg høyrde ei metallisk røyst:
Kven skal du til? Eg såg ingen – men eg såg eit kamera etter ei stund. Eg vinka og snudde meg for å gå.
Hallo? Kven er du? Kva vil du? sa røysta.
Eg sa at eg er ein som går og ser og freistar å skjøne meg på folk.
Kven skal du til? spurde røysta om att.
Ingen spesiell, sa eg. Folk.
Du lyt ha ein avtale, sa røysta. Du kan gå inn på heimesida. – Ve-ve-ve! Kva-gjer-du-eigentleg-her-din-dott-enno?
Tusen takk. sa eg, det var til stor hjelp, farvel.
«Klikk» sa høgtalaren.
Frå dette området svingar eg til høgre inn i ein ørken av låge murhus. Du kan lese tomteprisane på hushøgdene i denne byen. Det er Mama Harjet sitt område. Ho har ei grøn dør, og ein parkeringsplass utanfor med seks bilar med det same grøne skiltet. Der står «Rettferd er reingjering» eller noko slikt, «Rett – rimeleg – reint» eller kva det no er. Om morgonen kjem eit tjuetal kvinner og nokre menn dit, dei bukkar for henne, tek mot instruksjonar utan motstand, berre nokre lågmælte spørsmål frå dei som ikkje skjønar – dei har lite sams språk der, men desto meir kvar for seg. Dei har heile bukettar av brikker på seg når dei køyrer ut.
Eg gjekk innom der i dag. Mama Harjet stod på troppa utanfor den grøne døra og røykte. Eg sa: God dag! Ho saug på sigaretten, trekte inn eit langt drag, bles ut at medan ho studerte meg og så sa ho: God dag. Eg kjenner deg ikkje. Eg brukar vere på bussen, sa eg. Jaha, sa ho. Ja, sa eg.
Eg snudde meg og stod ved sida av henne og såg ut over den tomme parkeringsplassen. Ingen av oss sa noko. Så sa ho: Du arbeider ikkje, du. Nei, sa eg. Er du sjuk eller galen? sa ho. Nei, sa eg. Å nei, sa ho. Ikkje sjuk og ikkje galen. Kva er du då? Eg er kunstnar, sa eg.
Ho sprakk så fort ut i lått at ho mista sigaretten og vart sur. Ho banna, fann ein ny og tende på. Ho banna ein gong til. Og så sa ho: Tryllekunstnar, då vel?
Noko slikt, ja, sa eg. Så sa eg: Nei – eg må vel vidare.
Du får trylle fram noko godvêr, sa ho.
Forresten, sa eg. Meinte du det du sa om ho jenta – at ho kunne få arbeidspraksis her?
Kva har du med det å gjere? sa ho.
Berre det same som deg, svara eg, eg høyrde på bussen, det dei snakka om – ho jenta og han chilenaren.
Han kunne ha halde seg der han kom frå, sa ho.
Eg trur han har budd her det meste av livet sitt, sa eg.
Han går vel på sosialen, sa ho. Kvifor dreg han til byen kvar morgon då? spurde eg.
Han arbeider i alle høve ikkje for meg! sa ho skarpt.
Nei visst, sa eg. Ha ein god dag!
Ho kunne godt arbeide her ja, sa ho. Men då måtte ho arbeide – ikkje gå rundt og vrikke på seg for karane!
Brukar ho å gjere det då? sa eg. Du har vel sett korleis dei glaner på henne! sa ho. Adjø.
Derfrå går eg bakgatene attende mot sentrum. Hushøgdene veks att, men ikkje jamt. Nye hus er høge og ganske fine – gamle er låge og dårleg skjøtta. Den verna verkstaden som Lolita arbeider i, ligg i eit av dei låge. Eg har ikkje vore inne der enno, så eg veit berre korleis der ser ut frå utsida. Der er stille – ingen dur frå maskinar eller sleggjer. Der står ikkje så mange bilar utanfor, dei fleste som arbeider der, kjem i drosje. Det står alltid nokon og røyker på utsida, mest unge gutar med mange rørsler: Dei sparkar i gjerdet og knuffar på kvarandre. Om eg glaner for lenge, vert dei var meg, og då får dei òg dette uttrykket i rekkja av andlet: «Ve! Ve! Ve! Kva gjer du eigentleg her din dott, enno?»
Det var ikkje før eg sjølv slutta å arbeide, at eg fekk høve til å ta desse rundane. Før trudde eg at byen var ei verd for seg sjølv. Det var feil. Den er mange verder, og dei liknar ikkje på kvarandre. Dei har glidd frå kvarandre – nei, dei har rast frå kvarandre i stor fart. Desto meir som hender i handlegata til Lady Raud, på kulturtorget ditt, i produksjonsanlegga til Elvis, tenestebasaren til Mama Harjet eller skuleverda til Lolita, desto mindre veit dei om kvarandre. Dei lever slik som dei sit på bussen: Dei ventar, lukka og innvende, når dei er i den store flokken, når dei er i tida si. Dei går gjennom livet og ventar på at dei skal kome til sine eigne att, dei som dei er med om nettene og dei som dei er med om dagane. Heilt til det snør. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar