mandag 17. juni 2013

8: Vald


(Samandrag) 
Litteraturkvelden på biblioteket skulle  ha tema litteratur og vald. Foredraget skulle haldast av Irene Guri Andersen Halvorsen, politibetjent og litteraturvitar.
Ho var innflyttar til byen og såg strukturane der mykje klarare enn fok som hadde budd der i generasjonar kunne. Sjølv var ho frå ei av dei ytste øyane, ein forblåsen kampestein med horisontar rundt på tre kantar og skum frå steile skrentar på den fjerde. Der ute fanst menneske av alle slag, men berre nokre få hundre i talet i alt, så der var det var lett å sjå kva slags likskapar og særdrag som fordelte seg mellom folk. Byen var ikkje stort annleis, der var berre noko fleire folk der, så det var fortare å bli forvirra og miste oversynet.  Oppveksten på Øya hadde lært henne mykje meir om  kva som kan forventast og kva som er utenkjeleg enn det ho hadde lært på Politihøgskulen. Irene hadde helde fast på referanseramma si, og det var den viktigaste styrken ho hadde.
Faren, Halvor Halvorsen, var ein arketype som Irene Guri alltid hadde brukt som referanse for folk og ferdalag på høgre sida av elva som renn gjennom byen her. Han var smed, slippeigar og småhandlande, styremedlem i Sparebanken, sekretær i Samfunnspartiet og samlar av skuteglas. Han likte best å stå med ryggen mot vinden på kaien og sjå mot bygd og bø og grunne på kva det hadde vore og kva det kunne bli.  
Like arketypisk var mora. Ho var lærar og litteraturvitar, lottlaus og likesæl, lettledd og likandes og leiar i det meste som leiast skulle på øya som ikkje hadde med fisk, båtar eller bøteri å gjere. Ho stod gjerne jamsides med mannen sin på kaien, men motsett vendt. Ho likte når vinden reiv henne i håret og det var teikn på ukjend liv i horisontane. Der kjem eitkvart, sa ho. Ska tru kor det skal? Kjem dei hit vert det fest!
Det som knapt kunne skjønast av alt det underlege som rørte seg på venstre breidd, det skjøna Irene Guri Andersen Halvorsen etter kvart når ho berre kjende etter på det i seg som ho hadde frå mor si.
Ho las litteratur på universitetet til ho var godt i gang med hovudfagsoppgåva om kvinne- og familievald i litteraturen. Men ein dag reiste ho seg frå lesesalen og gjekk. Litteraturen var jamt over for overflatisk – og røynda var for alvorleg til at ho kunne slå seg til tols med å lese om det. Ho tok trikken ned og søkte seg inn på Politihøgskulen i staden. Denne kvelden starta ho foredraget med si eiga forteljing, etterpå fylgde ho opp med å påstå at ho hadde helde seg oppdatert på begge fagområda – og at ingen av dei hadde synt betring.
Der var berre ein forfattar i salen. Han var sterkt provosert av foredraget og ikkje minst av at biblioteket kunne la politiet styre ein diskusjon om litteratur. Han meinte ytringsfridomen var truga av slik medvitsløyse. Det var det same som at ein institusjon som hadde til oppdrag å støtte skrivekunsten heilt motstandslaust hadde opna for ei utvikling der forfattarane skulle gjerast til instrument for Makta.
Ein litteraturprofessor heldt og eit langt innlegg der han peikte på valden sin konstruktive rolle i karakter- og historieutviklinga frå Gilgamesj til American Psycho. Han òg åtvara mot at diskusjonen kunne forfalle til provinsiell snusfornuft om kriminalitetsutviklinga, og han let storsinna vere å kommentere eit hissig innlegg frå ein av aktivistane ved Krisesenter for valdtekne og mishandla kvinner som meinte litteraturen burde interessere seg for slik undertrykking som faktisk eksisterte.
Eva Trotto Moe runda av med å takke for frammøtet og gode innlegg og forsikra at det ikkje var biblioteket si meining at litteraturen skulle tvingast inn i nokon samfunnsrolle. Grunnen til at fru Halvorsen var invitert til å innleie var ikkje at ho var Politi, men at ho var litteraturvitar.
Irene Guri Andersen Halvorsen fekk sjølv eit sluttinnlegg. Det brukte ho til å fortelje om presten på øya heime. Det var jo mest fiskarar der, dei brukte å ferdast på Storhavet og alle som ikkje sjølve var om bord levde i tankar og kjensler med dei som var ute, slik at ingen kunne sove før kvar båt var trygt attom moloen når det bygde opp til storm. Men presten hadde vore på Universitetet og lært seg om ver og fiske på Genesaretsjøen, og alle forstod at det som gjekk føre seg i kyrkja og det som gjekk føre seg i livet ikkje hadde noko med kvarandre å gjere.
Kva meinte ho med dette? Sa litteraturprofessoren irritert.
Det er det vanlege antiintellektuelle, sa forfattaren.


Eva var alltid litt engsteleg då ho skulle låse biblioteket og gå heim etter litteraturkveldane. Ho hadde freista å få Rudolf Steiner til å bli med, men han kom sjeldan. Ho var aleine, ho måtte gå framom røykarane som stod utanføre puben. Denne kvelden var dei fleire enn vanleg, der var høgrøysta diskusjon. Det var tydeleg at det handla om Tekstilkombinatet.
Det vart styrt i dass! Sa ei røyst. Dei skor seg på dette - jævla jødar!
Det er vel ikkje jødane si skuld? Tekstilen har overlevd seg sjølv – det er berre idiotar som ikkje har kome seg derifrå for lenge sidan!
Sa du idiot?
Ja det sa eg! Og idiotar plar skulde på jødane!
Dei barka i hop. Dørvakta ropte. Eva sprang forbi. Ho hiksta.



            Det vart natt - og det vart morgon, det vart fredag, den femte dagen.

Morgonblogg: Nett denne dagen.

Av Passasjer 81:

I dag er Elvis komen attende. Det hadde eg faktisk ikkje trudd han skulle gjere. Eg har freista finne ut kva han skulle – kvifor han kom i dress på onsdag og ikkje kom på torsdag, korkje om morgonen eller om ettermiddagen.  Alle her undra seg jo på det - men det var berre eg som hadde tid til å finne ut av det. Eller freiste, i alle høve. Eg fylgde etter han.  Eg meiner – eg gjekk tilfeldigvis i same retning som han. Han gjekk hovudgata, svinga til venstre og gjekk over brua – men så snudde han vekk frå den vanlege ruta. Han gjekk over Kulturtorget, og i  gata på den andre sida sette han seg inn i ein bil og forsvann.
Eg trudde det var ein køyreskule. Men eg var for langt bak til å sjå det klart. Eg lo for meg sjølv og tenkte at dette ville nok verte eit stort vonbrot for Lady Raud. Han skulle ikkje halde tale, han skulle ikkje hauste ovasjonar for eit uangripeleg framlegg om korleis hovudproblemet skulle løysast. Han skulle få att sertifikatet sitt. Han måtte ta teoriprøve og køyre opp - nett som ein jypling – likevel var det så stort for han at han kledde seg i dress.
Men då var det usannsynleg at han skulle kome attende hit. Elvis med sertifikat ville ikkje sitje på bussen  Han ville pakke ut bilen, rulle ned vindauget, legge armen ut og helse med to fingrar eller tommelen, og det ville vere den siste vanen han la frå seg om tidene skulle bli dårlege. Men no sit han her att og stirer på Lolita med rovdyrkjeften halvopen der ho kjem nedetter midtgangen.
Det er som Mama Harjet sa: Ho vrikkar på seg – berre kikk over kanten på lesebrettet ditt, så ser du det. Eg har ikkje lagt merke til det før. Eg trur framleis ikkje ho gjer det bevisst, eg trur det er ein naturleg gange for henne, særleg når ho skal halde balansen og er engsteleg for å dulte borti nokon medan bussen rykker seg i gang frå stoppet hennar. Elvis glaner og gapar, og damene ser arge på Lolita  Men noko har hendt med henne, noko har målretta henne, noko har lagt seg som eit panser utapå henne. Ho går rett til Alvarez og set seg ved sida hans.
Mamma skal ringe til skulen i dag! Seier ho. Alvarez ser ikkje så glad ut. Det er fint, seier han, men du må ikkje vone for sterkt, for det vert ikkje enkelt for henne aleine å snakke med rådgjevaren og rektor. Ho skulle latt meg bli med henne til dei, seier han. Eller fått nokon annan, seier han.
Sjå på Elvis. Han veit ikkje kva han skal tru eller meine. Han les pornografiske blad av og til, det er eg viss på. Han ser ein og annan film for å få fart på systema som ligg i han og ventar på ho som skal leie han opp i steinrøysa. Djupt i medvitet sitt har han kopla saman synet av Lolita på bussen med scenar og karakterar frå dei forteljingane. Det var den motstandslause utstrålinga hennar som virka på han, som fekk spyttkjertlane til å arbeide, som vrengde auga ut.  Men når ho tek til å snakke med von i røysta om noko mamma skal gjere, og denne svære mannen sit der utan eit einaste teikn på jakt og seier at ho ikkje må vone for sterkt, at mor hennar skulle teke mot tilbodet om hjelp – då dett jaktinstinkta hos Elvis og. Han lener seg over mot Alvarez og Lolita og seier:
Har skulen gjort noko gale? Eg har kome inn i skulestyret.
Alvarez tek poenget med ein einaste gong. Han spør ikkje om parti eller meiningar – han durar berre på: Vesle jente får ikkje gå på skule, må gå på meiningslaus arbeidstrening, dei er ikkje snille med henne der. Elvis må tale med rektor. Med skulesjefen. Med ordføraren. Med presidenten, eller Kongen, eller generalsekretæren i Sameinte Nasjonar.
Elvis kremtar og seier at han skal sjå kva han kan gjere – det må bli på onsdag. Han skal vere i skulestyret kvar onsdag frå no av. Så interessant, seier Lady Raud. Så det var difor du kom i dress på onsdag?
Elvis ser lenge  på henne utan noko uttrykk, som om han har gått i stå. Ho smiler, han er endå meir lamma, ho ler, ho vert ikkje brydd, ho ler, ikkje av han men til han, og så losnar det for han og. Han ler – litt brydd, men på høgda no. Det var offisiell opning – det nye skulestyret. Joda. Og seminar etterpå. Joda. Og middag.
Dette er ein heilag augneblink, tenkjer eg. Ser du – kva tida nett no vart mogen for? Det er underleg og vondt å tenkje på at nett denne dagen som har så mykje godt i seg skal det fyrste slaget kome. Eit uforståeleg lyn frå klar himmel. Bakken skal opne seg og sluke Lolita rett framfor auga våre.  Dette livet som enno ikkje har teke til, dette skræmde kjeet i geiteflokken, dette verjelause med den blinde tiltrua til  den fyrste og beste som ser henne og talar venleg til henne. Denne dødsdømde med den hjarteskjerande trua på at det måtte vere ein plass for henne og i verda. Men der var ikkje det.

Malin Meyer

Korleis kunne denne mannen vite?
Ein kan godt seie at det etter kvart vart eit kjernespørsmål. Kven er han eller var han, og korleis kunne han vite? Eg diskuterte det fleire gonger med Eva Trotto Moe før ho til sist fann ut av det.  Sjølv om han kan ha høyrt om den fryktelege hendinga på Cosy Lamps før han skreiv dei siste setningane i morgonbloggen sin på fredag den 5., så var det framleis uforståeleg at han kunne ta til å skrive om eit jentebarn på arbeidstrening ein tysdag, fylgje opp karakterbeskrivinga på onsdag og torsdag som om han skulle vite at ho skulle bli skoten på fredag.
Etter kvart gjekk det opp for Eva og at det var så stor likskap mellom ho som bloggaren skreiv om og ho som verkeleg vart skoten at det kunne gå kaldt nedetter ryggen på nokon og kvar.
Den verkelege hendinga var på ei verksemd som heitte Cosy Lamps. Ho var mest som ein gamal manufaktur med lange bord der arbeidarane sat jamsides og monterte. Ho var frå tidleg 1930-tal, frå starten heitte ho ”Hyggelamper AS” og produserte for folk som  hadde forstått at den utrulige nye krafta som kom støytande gjennom leidningane frå Lysverket kunne brukas til meir enn berre rein nytte som nakne lyspærer  i stove- eller kjøkentak. Verksemda hadde gått den same syklusen som alt det andre ufattelig nye og fullkomne har gjort under moderniteten: Hyggelampane hadde endra seg frå statussymbol for rikfolk til masseprodukt for Gud og kvarmann og vidare til  eit harry bruk-og-kast-produkt som kunne lagast mykje billegare i India eller Korea. Eigarane klamra seg til vona om at folk skulle få augo oppatt for hyggelampane. Dei bytta til og ut merkenamnet for å konkurrere med indiske lampar. Men verre og verre vart det, og folk flest rekna vel med at det ville ende med konkurs og familietragedie. Men så hadde ei bortkomen dotter vendt heim med ein livsforlengande idé. Ho hadde teke sosialskulen i staden for å løyse handels-  og elektromeisterbrev, og no kom ho med heile rekker av ord og uttrykk som slekta knapt hadde teke i sine munnar -  men som ho hadde lært å veksle om i klingande omsetnad: Rehabilitering, praksisplassar, attføring, arbeidstrening og avklaring av restarbeidsevne.
Lampane vart biprodukt for omsetnad på julemesser og lotteri i frivillige organisasjonar. Dei nye hovudkundane var Velferda, Kriminalomsorga, Russektoren og den tredje linja i Helsevesenet. Denne vinteren hadde dei tre leveransar: Tilrettelagte arbeidsdagar for psykisk utviklingshemma, praksisplassar for unge (mest gutar) med åtferdsvanskar og avklaring av restarbeidsemna til unge (mest jenter) med lærevanskar. Dei hadde målstyring og resultatlønn, kvalitetskontroll på ressursbruken og brukarmedverknad i omdømebygginga.
Dei låg på venstre breidd, ikkje så langt frå dei gamle kaiane, berre om lag ti minutts gange frå Kulturtorget. Rudolf Steiner hadde vore der med sendaren sin fleire gonger, dei var flinke til å kome med tips og intervjuobjekt som gjorde seg på radio. Ein gong var det ein psykisk utviklingshemma som hadde  ein heilt utruleg hukommelse på tal og rekker av tal. Ein annan gong var det ei gripande historie om kva slags konsekvensar det ville få for verjelause menneske om byrådet reduserte kjøpet av praksisplassar der.
Men det var ikkje der han skulle denne morgonen. Han var invitert til ei naboverksemd, eit platestudio som hadde rigga seg til i eit tidlegare skorsteinsbakeri. Dei hadde ringt kvelden før og fortalt at dei skulle spele inn gladsongar. Der hadde vore eit balalaikaorkester i  byen her i meir enn femti år. No hadde dei fått ein dirigent og ei songarinne som hadde drive både kvalitet og tempo til heilt nye nivå. Dei hadde kvitta seg med gamle, melankolske tradisjonar og skulle lage ei samling sprelske gladsongar, og etter alt det som hadde vore av triste meldingar etter konkursen på Tekstilen kunne det vel passe med å muntre byen opp litt neste morgon?
Strengt teke var nyhenda om konkursen berre eit døgn gamal. Men Rudolf Steiner likte å vere i forkant. Ein dag ville byen ha kome seg gjennom dette og. Då ville gleda vende attende. Og kunne han – med hjelp av eit lystig balalaikaorkester – framskynde den utviklinga, då ville han kunne rekne denne veka og som ei god veke i audmjuk teneste for byen sin.
Så han sa ja til å kome. Men på vegen vart han sitjande bom fast i ein uløyseleg trafikkork. Det var så smale vegar inne på det gamle kaiområdet på venstre breidd at det normalt ikkje var tilrådeleg å køyre inn der med store lastebilar. Men denne morgonen hadde ein ukrainsk semitrailer køyrt seg fast. I staden for å lirke seg ut att, hadde dei teke til å losse. Der var jo andre vegar å køyre for småbilar, men det kom store og, slike som akkurat så vidt kom seg gjennom til vanleg. No kom dei verken fram eller tilbake. Og det gjorde ikkje Rudolf Steiner heller. Då sendinga skulle starte, stod han fastlåst mellom  ein Postbil og ein søppelbil som ikkje hadde anna å gjere enn å vente til ukrainarane hadde lossa ferdig.
Rudolf Steiner fekk ikkje nervar av det. Snarare tvert om. Dette var jo eit strålande utgangspunkt for ei direkte sending. Han tok for seg køen frå ein kant.
Nei - det er ikkje det verste i livet, sa han som køyrde postbilen. Ein slik stopp som ein ikkje kan gjere noko med – den gir høve til å tenkje over tilværet.
Så mange dagar blir berre borte i kavet, sa Rudolf Steiner. Det kan hende det er dagar som denne - då alt stoppar opp - som ein hugse når det kjem til stykket?
Det ser eg ikkje bort ifrå, sa mannen på postbilen. Di meir ein rekk, di lenger vert det mellom merkedagane. Og det er jo dei – eg meiner – arbeidet vårt, i Posten, som var så trygt, kor vert det av det? Om ikkje det var for merkedagane…..
Så du – når du køyrer post, då er det altså merkedagar som fyller opp?
Ja det er jula som er den største. Og så er det bryllaup og konfirmasjonar og 40-årsdagar. Men før var det venskap òg.  Og tankar og forteljingar om gras som grodde og sol som kom og gjekk. Og di meir folk kavar, di mindre post vert det og ein dag står me kan hende og der Tekstilen står i dag….
Om ikkje det vert fleire trafikkorkar som denne? Lo Rudolf Steiner, og snakka seg fram til bilen framom, ein pickup med røyr på planet. Det sat ei dame der inne, ho sveiva ned vindauget då ho såg han kom, ho lo.
Så du høyrde kva postmannen sa? Spurde Rudolf Steiner.
Du kan vete – eg høyrer på deg kvar føremiddag, sa ho. Eg tenkte så ofte eg skulle ringe til deg.
Er det for dumt å seie at det var rørande å høyre?
Litt utbrukt må eg jo seie at eg tykkjer akkurat den der er.
Det er altså ein bil med planet fullt av røyr som får meg til å komme på ein  slik blødme, sa reporteren. Du er vel røyrleggar du, kan hende? Det er vel annleis for deg å stå her enn det er for han bak som vonar at du skal bruke tida til å skrive eit brev om graset som gror?
Njjaaa – eg tapar jo arbeidstid og pengar på å sitje her. Men på den andre sida så lever eg jo av strupa gjennomstrøymingar og  tette laup. Så det ville vel ikkje vere rett om eg klaga!
Visdomen blømer når trafikken korkar seg. Eg undrar meg på om dei er like tenksame på søppelbilen framom deg igjen? Men her kjem det visst ein tipstelefon – la oss høyre om det er tankar eller observasjonar – hallo? Rudolf Steiner feedback, ver så god?
Det har hendt ei ulykke,
Oj? Kor då?
Rett over vegen for der du står – på Cosy Lamps – gå inn i monteringa til venstre for porten –Du må skunde deg!
Eg høyrer på deg at dette  er alvorleg – eg vinkar farvel til trafikkorken og beveger meg bortover – kven er det som ringer? Hallo? Nei – her har me visst mista kontakten. Det er ikkje nett kvardagskost å få ei slik melding på direkte radio, men samstundes er jo dette som alt anna med driv med på Medie Osen fyrst og fremst journalistikk. Forteljingar om dagen i dag. Og der høyrer jo både gode og mindre gode meldingar heime – her er porten til Cosy Lamps. Her står nokre gutar – hallo, kor er det det har hendt? Veit de ikkje? Monteringshallen – det har visst vore ei ulukke – der? Ja – eg kan jo minnast det. Eg har jo vore her før – dette er ei verksemd som har som visjon å hjelpe menneske som treng ei handstrekking for å kome seg opp å stå – her kjem eg inn i monteringshallen, her er heilt stille, ingen å sjå. Hallo ? Er her nokon her? Nei, det kan ikkje vere ……… Nei – Gud! Kva er det……. Hallo – kan du høyre meg? Er du skadd?  Du blør – er du – kan du høyre meg?
Folk som fylgde sendinga kunne ei tynn stemme som kviskra:  Eg har ikkje gjort…..
Rudolf Steiner si stemme brast.
Det ligg ei jente her – på golvet – kan nokon kome? Kan nokon ringe etter ambulanse? Ho blør – her er mykje blod – hei – du må ikkje – kan du – kor har du vondt –
---- har ikkje--- mumla den tynne stemma.
Det er farlig – ho er – barnet mitt, du må ikkje gje opp – nei – ver så snill – nei….
Det vart usamanhengande det som kom frå Rudolf Steiner. Det kom nokre knepp og lydar frå at  han la frå seg mikrofonen. Han slutta å fortelje kva han gjorde, men alle kunne høyre at han fortvilt freista å stanse blodstraumen.
Ikkje døy! Sa han. Ikkje døy!
Kan nokon kome? Ropte han. Her må kome ein lækjar! Hallo!
Det gjekk i ei dør. Ei røyst sa at dei hadde ringt, at det kom fleire.
Det brest! Sa Rudolf Steiner.
Gud! Gud! Gud! Ho døyr! Han brast i gråt.  






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar