Det som dreiv hendingane framover frå no og fram til dramaet fredagen etter, fann stad utanfor livssirkelen til Eva Trotto Moe. For henne virka alt normalt. Folk kom og gjekk, dei bad om hjelp med dei underlegaste spørsmål og morgontéen med Rudolf Steiner var den viktigaste kontaktpunktet ho hadde med medieverda og verdsbiletet til folk flest – eller ”Fru Olsen i forstadsblokka” som han brukte å kalle dei.
Ho høyrde reportasjen hans frå Cosy Lamps på ein
radio som stod med svakt volum inne på kontoret hennar. Ho kjende eit blaff av
kjensler for han då ho høyrde stemma hans brast. Ho tenkte at ho måtte finne
fram til nokre litterære sitat som kunne gjere det lettare for han å handtere
det han hadde opplevd – og då det trakk ut før han kom innom att, gjekk ho til
og med ut og kjøpte blomar til han.
Når eg analyserer det eg har funne ut i
ettertid, seg eg at hendingane på eitt vis har bevegt seg innom biblioteket
heile tida. Men det oppdaga ikkje ho, så ho levde vidare i dagevis med
illusjonen om at ho ikkje hadde noko med det.
Heilt annleis var det tre etasjar under henne,
i kjellaren i det same bygget, i arbeidslokala til Sentrumsforeininga. Der
arbeidde både Faadumo Awale Samakab og Linda Dahlin Loe, to kvinner som Eva
berre så vidt visste om: Den eine var lågmælt lånekunde, den andre var berre flittig
brukar av biblioteket sitt toalett. Dei
var begge innleigde medarbeidarar i eit prosjekt som skulle snu tendensane til butikkdaud i
området rundt Kulturtorget.. Saman med teamleiaren, Karina Burane, hadde dei vore opptekne med å montere
rollups og pakke T-skjorter til eit planlagt lanseringsmøte på Torget same
føremiddagen. Men alt arbeidet stansa opp på grunn av dramatikken som utvikla
seg på radioen.
Linda Dahlin Loe reagerte så sterkt at ho ikkje
makta å halde på vatnet då ho høyrde at jenta på AS Cosy Lamps døydde.
Gamle bilete velta opp i henne: Eit barn sine auga
før dei brast. Klagemålet i dei – ”Du skulle verna meg!”. Ein
liten knyttneve som visna seg open. Musklane i heile kroppen vart som lamma og ho
vart våt då ho høyrde den svake mumlinga til den døyande jenta. Ho sette seg,
konsentrerte seg om å knipe att – og om å høyre alt.
Etter den lammande kjensla kom skakande
skjelving. Så kom eit hulk.
Ho ville ikkje dette!
Ho reiste seg, sa ingenting til dei andre, gjekk
berre til toalettet, tok heilt av seg, vaska seg, la ei remse papir i skrittet
og kledde på seg att, Ho vaska trusa i handsåpe, vrei så godt ho kunne og pakka
henne inn i handklepapir. Det var ingen reserve i veska.
Då ho kom inn att vart redaktøren intervjua om
presseetikken. Det var ikkje normalt å sende slikt direkte, sa han, men
reporteren var særs dyktig og hadde gjennomført det på ein fin måte. Litt etter
litt kom det fram kva om hadde hendt:
Ein eller annan hadde ringt direkte til Rudolf
Steiner – det var ikkje vanskeleg, det var ein del av programkonseptet og
nummeret vart opplyst heile tida. Det var ringt frå ein uregistrert
kontant-telefon. Einkvan hadde sagt at det hadde hendt ei ulukke på den verna
verksemda rett over gata frå der han var – at han skulle gå inn der det stod «Påbod
hjelm og briller» på døra. Då han og arbeidarane kom inn, fann dei ei ung jente som blødde sterkt. Ho døydde
kort etter.
På bordet ved sida av jenta låg ein pistol.
Elles var der ingen.
Linda slost med kvalmen.
Er du dårleg? Spurde Karina Burane .
Nei, sa Linda. Jo. Eg er ikkje heilt god. Eg
trur eg må ein tur på apoteket som snarast.
Karina var ambisiøs og vanlegvis ganske kravstor, med
lite interesse for dei andre to sine private greier. Men no sa ho okey, ver snar. Linda gjekk over
i kjøpesenteret, fann truser, bind og våtserviettar og droppa tanken om ei ny
bukse. Det fekk gå. På veg attende over torget såg ho Rudolf Steiner. Alle
visste kven han var, dei aller fleste hadde høyrt sendinga, no var han nok på
veg attende til redaksjonen. Ei dame
sprang bort til han og klemde han. Fleire kom til.
Då ho hadde fått ordna seg, hadde ho kome
i balanse att og gjekk inn til dei andre. Dei var i full sving
att med reklamemateriellet.
Det er berre ein time til me skal vere på
torget! Sa Karina .
Linda sette armane i sida og sa: Det er vel
ikkje akkurat dagen å lansere dette slagordet?
Faadumo og Karina stod og monterte liner på hovudbanneret. «Eit
levande sentrum!» stod det med glade fargar og muntre fontar. Det såg ikkje ut til at nokon av dei andre
hadde tenkt på korleis det ville virke på ein dag der alle snakka om mord for open mikrofon. Faadumo slo handa for munnen og lo, Karina stivna til og sa Gud! Nei – det passar seg jo
ikkje! Kva skal vi gjere?
Lat oss heller sjå om vi kan gjere noko for dei
som er att der borte, sa Linda.
Eg må drøfte med sjefen, sa Karina og for inn til telefonen.
Kom! Sa Linda. Faadumo såg frå den eine til den
andre – så fylgde ho Linda.
Det var knappe ti minutt å gå. Byen vart fort
gråare og meir uflidd, dei gjekk med
Hovudgata og Kulturtorget i ryggen. Mykje støy var der og, frå store og tunge bilar, det var vanskeleg å
snakke. Dessutan gjekk dei fort. Eg er litt redd, sa Faadumo. For Karina ?
Spurde Linda. Mest for våpen, sa Faadumo.
Har du vore i krig?
Ja. Sjølvsagt. Det er jo derfor eg er her.
Vart du skoten på?
Ja.
Vart du treft?
Ja.
Døydde nokon?
Ja.
Kven døydde?
Bror min og far min.
Linda stansa, tok Faadumo i skuldra og såg på
henne. Eg mista sonen min i vald. Han som gjorde det ville drepe meg og – han
slo meg mest i hel. Alt dette velta opp i meg då eg høyrde det som hende på
radioen. Eg vart så redd at eg pissa på meg.
Kvifor vil du gå dit? Sa Faadumo.
Kvifor fylgjer du meg? Sa Linda.
Dei gjekk vidare. Litt saktare, litt meir
tankefulle.
Det er
slike som du og eg som trengst der, sa Linda etter ei stund.
Ja, sa Faadumo.
Der var kaos på Cosy Lamps. Den ukrainske
lastebilen var borte, og det same var den opphavlege køen, men i staden hadde
det kome politibilar og ambulansar frå kvar sin kant og no stod det ein endå
tettare kork i den tronge gata. Politiet
drog ut sperreteip rundt heile verkstadbygget. Dei psykisk utviklingshemma stod
med hjelmar og briller i ei klynge på gardsplassen. Skuleungdomane stod i to
andre klynger, den eine med røyk og rå
lått, den andre tett og tagal.
Her kjem ingen inn! Sa ein politimann. Me skal
ikkje inn, sa Linda, og gjekk forbi han inn på gardsplassen, dei gjekk til
flokken av skræmde jenter og sa hei, kva dei heitte, at dei kom for ikkje noko
spesielt, for å vere med dei berre. Dei stod ei stund og var der, berre. Ei av
jentene var somalisk som Faadumo. Ho fraus. Faadumo tok sjalet sitt og la om
henne. Linda spurde om dei var redde. Smått om senn kom ein liten samtale i
gang. Gutane bråka. To av dei leikeslåst, flokken ropte høgt og banna. Linda
såg at dei utviklingshemma var endå reddare enn jentene.
Kvifor er ingen med dei?
Alle er med politiet, sa ei av jentene.
Kan hende det er me som må trøyste dei? Sa
Linda.
De? Sa jenta.
Nei – me: Du og. Kom!
Ho gjekk sakte over til dei. Ho som hadde
veksla ord fylgde usikkert etter, det same gjorde Faadumo og ho som hadde fått
låne sjalet – og så kom så mange av dei andre at dei vart i mindretal dei som
ikkje kom, og så kom dei og. Ein av dei utviklingshemma hadde sett seg på huk.
Han såg i bakken og ulte. Linda sette seg ned med han og snakka til han. Han
såg opp på henne og sa: Pang – pang – farleg mann!
Men no er han borte. No er det ikkje farleg meir, sa Linda.
Farlig mann! Pang pang! Tok han opp att.
Ikkje no lenger, sa Linda. Politiet har kome for å hjelpe.
Mannen såg opp: Politi ta farlig mann! Sette fengsel!
Bom! I fengsel! Sa Linda, og rista i innbilte sprinklar med begge
hendene. Han lo og reiste seg opp, peikte på Linda og sa: Sjå! I fengsel med
farlig mann!
Då ho hadde reist seg kom ein av dei andre bort og tok tak i henne. Pen
dame – masse blø, sa han. Såg du det? Spurde ho. Masse blø, sa han. Vart du
redd? Sa ho. Masse blø – pen dame! Sa han. Såg du og farleg mann? Sa ho. Slem,
sa han. Masse blø!
Det var tydeleg at jentene ikkje var vande med å snakke med dei
utviklingshemma. Dei visste ikkje korleis dei skulle te seg. Men det såg ut til
at dei utviklingshemma likte at dei var der. Faadumo tok til å synge, ho trakk
til seg den unge somaliske jenta og om litt vart ho og med i songen. Ein
framand, vakker song. Alle dei utviklingshemma trengde seg saman rundt dei, ein
som framleis hadde hørselsvern på seg tok det av - og då dei var ferdige klappa
dei alle saman.
Meir! Meir song! Ropte dei. Dei to mørke jentene – den vaksne og barnet
– song ein song til. Dei var vakre, dei svinga med ledige kroppar og store drøymande uttrykk i
brune auga. Meir! Meir! Ropte flokken. No får de ta ein song herifrå, lo Faadumo
til Linda. Skal me ta ein som alle kan? Sa denne. Ja! Einerbærbusk! Sa ei
stemme ein stad inni flokken – og slik gjekk det til at då toget av vaksne
medarbeidarar endeleg vart slepte ut av politiet, så stod heile jenteflokken,
alle dei utviklingshemma og to damer med «Eit levande sentrum» på jakkene sine
og bøygde og strakk seg og song:
Og så gjer me så når me henger opp vårt tøy,
henger opp vårt tøy – henger opp vårt tøy!
Jamvel guteflokken var blitt rolegare. Dei stod med ryggane til og lest
som dei verken høyrde eller såg. Men dei hadde gløymt kva de slåst om eller
krangla om eller lo av eller kva det var.
Dei kjem vel til å avhøyre dei utviklingshemma og? Sa Linda til
politimannen som stod i porten då dei gjekk.
Eg sa jo at ingen fekk kome inn! Sa han.
Me har ikkje vore inne heller, sa ho.
Karina Burane var pottesur då dei kom attende. Heilt aleine
hadde ho gjort alt klart – det kom ikkje på tale å utsetje lanseringa.
Sentrumsforeininga ville ha alt etter planane: Stand på Kulturtorget frå klokka
tolv – offisiell opning med ordføraren og formannen i Sentrumsforeininga klokka
to. Radioen skulle kome – kanskje
fjernsynet og. Ordføraren var ein oppteken mann, ein kunne ikkje rekne med at
han kunne endre planane sine utan vidare, og mange av forretningane hadde lagt
opp eigne reklamekampanjar etter prosjektplanane.
Det var ikkje mykje moro å gå midt ut på Kulturtorget med plakatar og
banner med dette respektlause slagordet medan alle kafeane rundt var fulle av
folk som hadde lunsj med diskusjon om bråd død i sentrum.
Me får ligge lågt i fyrstninga. Me få tenkje pull og ikkje push! Sa Karina
. Så dei stod der berre, i ein trekant rundt hovudbanneret, og veksla ord om
vêr og vind med folk som stoppa opp av seg sjølve.
Linda Dahlin Loe var høg, mørkblond, velbygd. Stod ho stille, stod ho
som på eit skipsdekk, med svakt skrevande bein. Men mest gjekk ho ledig fram og attende. Kampanjejakkene var
halvlange, kvite og gule, dei hadde capes i same fargar medan buksene var
private. Ho hadde vanlige dongeribukser og lette skinnstøvlar. Ho såg alt og alle rundt seg, blikket var
sjeldan eller aldri innvendt.
Ho hadde ein innarbeidd vane med å sjå seg ut tre, fire fluktruter med
det same ho kom på ein ny plass. Kulturtorget hadde ho analysert for lenge
sidan, no kontrollerte ho berre at fluktrutene var opne som vanleg: Den eine
gjekk gjennom kjøpesenteret, ut mot elva, og derfrå vidare i tre moglege
retningar. Den andre gjekk ut opninga i husrekka rundt torget og derfrå i to
retningar. Den tredje gjekk ned i parkeringshuset og derfrå gjennom fire ulike
utgangar – to for bilar og to for gåande. Den fjerde var forklaringa på kvifor
Eva Trotto Moe var irritert på henne. Den gjekk opp i Helse og sosialsenteret,
inn på kvinnetoalettet som dei hadde saman med biblioteket slik at ho kunne ta
seg ut der att, gjennom utlånskranken og vidare ut i kjøpesenteret eller
gjennom lesesalen til kontorbygget med radioredaksjonen og alle
konsulentselskapa og derfrå ned trapp eller heis til gata langs elva. Den siste
vegen sjekka ho siste gong dagen før, då ho skulle treffe bror sin og vart
intervjua av Rudolf Steiner.
Faadumo var mest like høg, mest like vaktsam. Håret hennar var langt og
småkrøllete, men oftast gøymde ho det under eit tunt sjal. Det gjorde ho no og,
caps'en hadde ho oppå. Ho var så brei over kinnbeina, Faadumo, at det gav eit
særleg uttrykk for auga. Ho såg alltid så blid og venleg ut, så morosam, som om
ho alltid var rett ved å bryte ut i lått. Det var ho og – ho hadde eit lyst
sinn. Ingen ville tenkje på krigsskade når dei såg henne. Ho sto, ho gjekk
ikkje fram og attende som Linda. Om ho gjekk, så var det uvanleg vakkert å sjå
på, ho gjekk slik dei har lært dei som
har gått mykje frå dei var veldig små, over lange flater der kreftene kan sparast
på roleg og mjuk gange. Ho fanga alle som såg på henne med blikket, og gav dei
alle eit varmt smil – sjølv om ho ikkje alltid fekk eit att.
Karina var den tettaste av dei.
Ikkje så høg, ikkje så balansert. Ho styrte heile tida med det dei hadde med
seg. Ho omorganiserte brosjyrane, flytta på rollups'ane, stramma bannerlinene,
slakka dei. Måtte støtt og stadig ringe for å avklare eller organisere eitt
eller anna. Ho likte ikkje å stå på gata som ein annan grasrotaktivist eller
pengetiggar. Men var det naudsynt, så
gjorde ho det likevel.
Klokka eitt kom ein flokk jenter inn opninga i husrekka rundt torget.
Det var jentene frå AS Cosy Lamps . Dei gjekk som ein middelalderisk armé i
angrepsformasjon: Fremst gjekk to modige – så kom resten, gruppert etter angst
og sjenanse, aller bakarst kom dei usynlege.
Det var du som song! Sa den eine modige. Hei! Sa Faadumo.
Er du frå Somalia? Sa den andre. Er du omskåren?
Faadumo rynka panna. Det er ikkje fint å spørje om slike private ting!
Sa ho.
Kvifor har du slør? Sa den andre. Får du ikkje lov å gå utan?
Har de fått fri? Spurde Faadumo.
Vi måtte gå – dei stengde verkstaden. Dei skulle etterforske.
Linda gjekk langsamt bort til dei. Kven var ho som vart skoten? Sa ho.
Ho heitte Malin. Ho sa aldri noko. Ho var sur.
Hadde ho ingen vener?
Begge dei modige trakk på skuldrene. Linda såg over resten av flokken.
Dei stod som dei hadde gått. Aller bakarst stod den somaliske jenta og såg ned.
På rein intuisjon gjekk Linda bort til henne. Oj – du frys enno du! Sa ho. Veit
du – du kan få ei T-skjorte av oss! Jenta såg med store, usikre auge på henne,
tok i mot med alvorleg uttrykk – så smilte ho.
Eg vil og ha T-skjorte! Sa dei modige i munnen på kvarandre. Faadumo lo
og ga dei kvar si. Ho og! Sa den eine av dei – og snart stod heile jenteflokken
i kø for å få T-skjorter. Karina stod med
stram mine og såg på, ho mislikte det sterkt.
Snakka du med Malin? Spurde Linda.
Ja, sa den somaliske jenta. Ho var snill. Ho var redd.
Kva var ho redd for?
Alle. Gutane. Dei sjuke. Lærarane og. Ho ville ikkje vere der. Mamma’
hennar skulle ringe i dag og seie at ho skulle tilbake til skulen.
Det er meininga at skjortene skal vere for vaksne! Sa Karina stramt.
Dette er jentene som arbeider saman med ho som vart skoten i dag! Sa
Linda. Sjefen vart usikker, mest komisk i uttrykket. Er dei det? Sa ho. Kvifor
er dei her?
Fordi ingen vil ha oss! Sa den eine modige. Me passar ikkje inn nokon
plass!
Den andre lo høgt: Ja – dei tykte det var for lite at berre ein vart
skoten! Dei sende oss ut for å finne mordaren!
Fy deg! Sa Linda. Korleis er det du snakkar! Men ho lo, ho og.
Kan du synge meir? Sa den eine modige – og Faadumo song.
Slik såg det ut på Kulturtorget då ordføraren kom: Ti unge jenter i
T-skjorter med «Eit levande sentrum» stod i ring rundt to somaliske kvinner – ei
pure ung og ei vaksen – som song ein urgammal nubisk song om ei lang reise og
månen som stig over ørkenlandet og kallar fram lengt. Dei song lågt, og
jenteflokken stod tett. Karina gjekk mot
ordføraren, handhelste og sa at det var jentene frå verksemda der det hadde
vore ei ulukke om morgonen – dei skulle snart gå.
Ettermiddagsblogg: Flokkdyrnaturen.
Av Passasjer 81 (Fredag 5.):
Orsak
meg – eg ser at du har hatt sterke kjensler i dag. Du har vore rørt. Du har
gråte. Det framkallar djup respekt. Eg høyrde
frå eit nabobord i ein kafé eg var innom korleis de hadde handla då det
fryktelege hende. Eg var sjølv vitne til det på eit vis: Eg var innom i ein
blomsterbutikk der radioen stod på, dei skrudde opp då det hende. Me vart
ståande som nagla alle saman der, over dette dramatiske som gjekk føre seg på
direkte radio.
Det er jo som me kjenner denne reporteren alle. Han fortel om livet i
byen kvar dag, om sorger og gleder. Så hender dette grufulle like i nærleiken,
og han stormar til og tek oss alle med seg. Stemma hans brast då han fekk sjå
kva som hadde hendt. Før politiet, før ambulansefolka. Kan hende før
gjerningsmannen hadde lagt frå seg våpenet! Med mikrofonen i hand freista han
finne ut om der var von. Men livet stod ikkje til å redde.
Han vart teken av lufta då ambulansefolka kom. Då hadde andre
journalistar rukke fram, han kunne tillate seg å gje etter for kjensler og nervar.
Men heile dagen hadde opptaka blitt spelt om att og om att, han vart intervjua,
det same vart lækjaren hans, krisepsykologen, leiaren av presseforbundet,
redaktøren.
Men mest hadde det sjølvsagt å seie at de som var han nærast stilte opp.
Dei sa på kafébordet – det var ikkje vanskeleg å høyre, for dei snakka høgt så
at alle som ville kunne ta del – dei sa at det var godt å sjå korleis de alle
hadde samla dykk om han for å støtte. Ein sa at han mest var litt misunneleg.
Det var jo ikkje passande, og det fekk han høyre. Alle dei andre var samde om
at det er ei medmenneskeleg plikt å stille opp når nokon vert utsett for slike
trauma i arbeidet sitt.
På det same kafébordet diskuterte dei om det er eit særskilt kulturtrekk
med denne byen at folk stiller opp når ulykker og illgjerningar hender? At folk
samlar seg rundt den som vert råka, at dei liksom vil ta litt av hans eller
hennar bører?
Du les ikkje i ettermiddag. Det vert vel ikkje før i kveld eller i
morgon at du les dette. Du er oppteken med alle dei som vil spørje deg om ikkje
det var så at du kjende han, korleis det var gått med han, om han hadde fått
blomar, om sjefen hans hadde gitt han nokre dagar fri. Om ikkje det hadde vore
hardt for deg og, han var jo ganske nær.
Alvarez sit med store auger og spisse øyrer og ser din veg. Elvis står
og talar med Lady Raud. Mama Harjet ser etter nokon å snakke til. Eg vik unna
auga hennar – men Alvarez lar seg fange. Det var nok ein av dei galne, seier
ho. Eller ein av rampegutane. Det var ikkje anna å vente. Ein reporter må tåle
slikt. Eller så får han finne seg noko anna å gjere. Alvarez seier ein lyd som
ingen kan tolke- ikkje han sjølv heller vil eg tru. Han vil ikkje tale med
henne og snur seg vekk.
Medan ho levde, såg ingen på Lolita som anna enn eit rovbytte før
Alvarez sette seg til å snakke med henne. No er ho brått borte. Ei lita
morgonstund vart ho endra til ei utfordring for flokken – så var ho borte, og
for andre enn Alvarez ser ho alt ut til å vere gløymd. Kjenslene til ein
reporter som såg henne medan dei siste restane av liv rant ut har teke plassen
hennar. Kjenslene til dei som høyrde reportasjen på radio.
Eg kjenner meg litt kvalm. Dette er ikkje noko grunnfjell som stig opp –
dette er ikkje noko gneis i botnen av kvardagsmenneske. Dette er kakkel. Dette
er eit glimt av den andre sida ved menneskenaturen, den som er i slekt med
flokkdyra sine instinkt. Trongen til å halde seg inne med flokken, til å overgå
kvarandre i dei kjenslene og meiningane som alle har – til å halde seg nær den
som er mektig, kjend, høgrøysta. Og trongen til å smyge seg vekk ifrå og vende
ryggen til dei som kan skiljast ut. Det er ikkje noko særskilt kulturtrekk med
denne byen, dette. Det er slik
menneskenaturen er hos alle som ikkje er
herda til noko betre. Dei spring i
armane på kvarandre, lukker auge og øyrer
og freistar rope høgast det same som alle dei andre.
Alvarez, seier eg. Skal du til mor hennar?
Talar du til meg? Seier han – han heiter jo ikkje Alvarez andre stader
enn i sinnesbileta mine – Ja, eg skal til mor hennar, seier kan. Kan eg få lov
å bli med? Eg vil så gjerne kondolere. Takk, seier han. Ja – kom. la oss gå
direkte dit straks me kjem fram.
Eg reiser meg i bussen, kremtar, og seier høgt: Om fleire vil vere med
heim til familien for å kondolere, så kan dei vere med oss. No. Med det same me
kjem fram. Det tek berre nokre minutt.
Det vart stille i bussen. Dei næraste såg på klokkene sine og mumla noko
til kvarandre. Dei litt lenger borte spurde kvarandre kva eg hadde sagt. Lady
Raud reiv seg laus frå samtalen med Elvis og sa høgt:
Det får no vere måte på. Han har
jo berre hatt ein dramatisk dag på jobben?
Han har jo berre det, og det må han tåle, sa Mama Harjet. Det er ikkje
meir enn rett og rimeleg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar