(Samandrag)
Snøen var ganske godt rydda på tysdag morgon. Linda sykla. Ho valde sykkelstiar og bakgater, unngjekk trafikkerte vegar der det kunne hende ulukker – eller der drap kunne kamuflerast som ulukker. Tysdag morgon sykla ho fyrst til Velferdskontoret der ho bad om møte med ein bestemt saksbehandlar. Det fekk ho ikkje – det var ikkje nokon frisørsalong dette, sa dei: Ho fekk ta den saksbehandlaren som hadde tid eller så fekk ho gå nokon annan stad. Ho var ikkje uvant med slikt, så ho sette seg og venta med køen av andre som av ulike årsaker hadde blitt sette utanfor den normale økonomien. Dei sat på rekke utan å snakke saman og knepte kvar sin kølapp i handa for å kome inn til Staten.
Snøen var ganske godt rydda på tysdag morgon. Linda sykla. Ho valde sykkelstiar og bakgater, unngjekk trafikkerte vegar der det kunne hende ulukker – eller der drap kunne kamuflerast som ulukker. Tysdag morgon sykla ho fyrst til Velferdskontoret der ho bad om møte med ein bestemt saksbehandlar. Det fekk ho ikkje – det var ikkje nokon frisørsalong dette, sa dei: Ho fekk ta den saksbehandlaren som hadde tid eller så fekk ho gå nokon annan stad. Ho var ikkje uvant med slikt, så ho sette seg og venta med køen av andre som av ulike årsaker hadde blitt sette utanfor den normale økonomien. Dei sat på rekke utan å snakke saman og knepte kvar sin kølapp i handa for å kome inn til Staten.
Staten er kvinner og
menn i forsvarsposisjon som ser i skjermar, ikkje på folk dei talar med. Dei
fleste eig dyrekjøpt kunnskap om at angrep er den beste måten å gripe dagen på.
Kvifor meiner du at
du må ha spesialservice? Sa han som endeleg kom og henta henne tre kvarter
seinare.
Eg er eit Kode
6-tilfelle, sa ho. Eg har vedtak på at berre ein saksbehandlar – Karl Gustav
Solberg - skal kjenne detaljane i saka mi.
Det står at Kode
6-vedtaket er oppheva, sa Staten og myste inn i skjermen.
Eg har ikkje tenkt å
fortelje deg noko meir. Kan du skaffe meg møte med Solberg?
Det står endåtil at
vedtaket er oppheva på ditt eige initiativ, fortsette han.
Ho sa ingenting.
Du er på arbeid med
lønnstilskot. Det er berre å møte opp kvar dag, så får du løn frå
arbeidsgjevaren. Du treng ikkje kome hit.
Ho sa ingenting.
Så kva er det du
vil? Sa han.
Kan du skaffe meg
ein avtale med Karl Gustav Solberg?
Han vende seg mot
skjermen att, studerte lenge. Meiner du Karl Gustav Solberg?
Ja.
Eg kan ikkje sjå at
der er noko sak å kjenne. Den er jo opphevd. På ditt eige initiativ. Og no har
du arbeid med lønnstilskot. Meir kan du ikkje få. Det er mange som ikkje får
det ein gong. Det er berre å møte på arbeid kvar dag, så får du løn av
arbeidsgjevaren. Du treng ikkje kome hit.
Ho sa ingenting.
Så kvifor kjem du
då?
Veit du kva Kode 6
er?
Ja – sjølvsagt veit
eg det? Trur du eg sit her utan å vite kva eg arbeider med? Trur du eg sit her
på lønnstilskot eller?
Kan du ordne meg ein
avtale med Karl Gustav Solberg?
Du må forklare meg
kvifor.
Men eg kan ikkje
forklare deg kvifor! Eg er ei Kode 6-sak.
Nei – det er du
ikkje. Ikkje no lenger. Den er opphevd. Etter ditt eige initiativ. Det står
her.
Og slik heldt det
fram enno ei god stund. Det er ikkje
relevant for den tråden me fylgjer her på anna vis enn at det
demonstrerer den livssituasjonen Linda Dahlin Loe stod i denne vinteren. Ho hadde i prinsippet ein Stat i ryggen: Ho
hadde valdsalarm og prioritert linje til Politihuset og lønnstilskot og
særskilt vedtak i Velferdssystemet. Men ho måtte gå gjennom eit
fornedringsritual kvar gong ho måtte gje eller be om informasjonar i saka si.
Denne dagen hadde ho bestemt seg for å gå gjennom to: Fyrst til Velferda for å
melde frå at ho ikkje kunne halde fram i det prosjektet som hadde fått
lønnstilskot for å engasjere henne, men at ho trudde ho kunne skaffe seg ein
annan arbeidsgjevar dersom ho kunne få med seg lønnstilskotet over dit. Etterpå
ville ho gå til politiet og informere om at Kent Karlsen var dukka opp att.
Fornedringsprosessen
på Velferda tok henne tre timar. Då hadde ho ikkje oppnådd meir enn eit løfte
om møte med den innvigde saksbehandlaren neste morgon.
Hos politiet var det
ny runde. Der hadde ho og ein særskilt saksbehandlar, men ho var ikkje
tilgjengeleg. Kva gjaldt saka? Valdsalarm? Var det batteriet? Var det
bruksrettleiinga ho ikkje forsto? Skulle
ho melde noko? Ny informasjon – kunne ho sende det skriftleg? Nei, nei – då
fekk ho berre sitje og vente.
Der var ikkje
kølappar på Politihuset, og der var heller inga synleg rettferd i kven som fekk
respons og kven som måtte vente vidare. Klokka to fekk ho kome inn.
Rett skal vere rett:
Då ho endeleg var komen over vollgravene, vart ho teken på alvor. Irene Guri
Halvorsen Andersen hadde vore involvert i saka heilt sidan Sander døydde. Ho
hadde alltid gitt inntrykk av å tru meir på Linda enn på domarane i Tingretten,
og ho tok drapstruslane på djupt alvor. Ho hadde ikkje likt at Linda kom
attende til byen ho var kjend i, men ho hadde sagt frå dag ein at ho godt kunne
forstå det. Det er djupt urimeleg at den som trugar skal kunne gå fritt rundt
og eige byen, medan den som vert truga må reise der ifrå og utslette seg sjølv,
bryte venskaps og kjennskapsband og leve i forvising. Ho tok opplysningane om
at Kent Karlsen var attende på stort alvor. Ho var samd i at Linda kom seg ut
av Sentrumsforeininga sitt prosjekt, og noterte den nye arbeidsgjevaren og dei
nye adressene som ho rekna med å arbeide
på. Så sa Linda:
Det kan vere at eg
har opplysningar i saka om drapet på Malin Meyer. Trur du dei som arbeider med
den saka er interesserte i å snakke med meg?
Det trudde Irene
Guri Andersen Halvorsen ganske sikkert. Kva var det? Linda fortalte kortast råd
om dei to besøka på verksemda, om han
eine utviklingshemma som lar til å ha sett det som hende, om dørene og teorien
om at ein drapsmann kunne ha kome utanfrå, om Malin Meyers spesielle veremåte
og «appell» og om den biologiske faren som ho ikkje visste noko om.
Det var da veldig,
sa politikvinna. Ho ville skrive eit
notat om dette og gje det til etterforskingsleiaren, så kunne dei ringe Linda om dei fekk bruk for
meir informasjon.
Det høyrest mest ut
som at du har sett i gong etterforsking på eiga hand?
Nei nei. Eg berre
dumpa over det.
Interesserer saka
deg spesielt?
Ja. Sjølvsagt. Det
liknar på det som hende med Sander.
Korleis likna det på
det som hende med Sander?
Eg veit ikkje
sikkert. Men det fekk alt det gamle til å velte opp meg att. Eg trudde eg hadde
fått det på avstand. Det var så hjarterått og hjartelaust – ikkje berre sjølve
drapet men like mykje dette at heile byen var meir opptekne av at ein radioreporter
hadde sett blod på jobben enn av kva som hende med ho som blødde seg i hel.
Eg ser parallellane,
sa Irene Guri tankefullt.
Eg har helde rundt
mitt eige barn medan han blødde i hel. Eg bar sorga aleine. Sorga og
skuldkjensla over at eg hadde lete meg fange i et slikt nett. Medan folk
flest rundt meg tykte synd om han som
pressa oss ut av vegen og trudde på alt han sa.
Me gjorde så godt me
kunne.....
Ikkje alle! Men du
gjorde, trur eg. Det heldt berre ikkje. Han var for sterk og for kynisk. Eg vert sjuk om denne saka og vert lagt bort
på grunn av bevismangel.
Trur du han er
involvert i denne saka og?
Det har eg ikkje eit
einaste haldepunkt for å tru. Men det er jo uhyggeleg at han dukkar opp att
nett no? Nei. Eg trur ikkje det er han. Men eg trur det er ein med dei same
karaktertrekka – ein som oppriktig
meiner at han har rett til å drepe.
Gå no ikkje meir opp i dette enn det som sunt
er! Sa Irene Guri Andersen Halvorsen, og lova å gje notatet til han som leia
etterforskinga. Ho la til at dei fekk mange tips, Linda måtte ikkje tru at dei
ikkje tok opplysningane hennar på alvor om ikkje dei ringte.
Ettermiddagsblogg: Det
viktigaste.
Av Passasjer 81 (Tysdag 9.):
Du er
eit velorientert menneske. Eg meiner - du er meir oppdatert enn dei fleste. Du
får med deg det meste av det som kan lesast om kva som hender rundt deg. Men
sjølve hendingane er du ikkje like observant på. Eg er slett ikkje sikker på
om du hadde fått med deg dramaet som utviklar seg på bussen om ikkje du hadde
lese denne straumen frå meg. Du sit midt oppe i det – og les. Og eg sit her og
skriv. Den tida som eg treng på å gjere det leselig – det er den same
tidslengda som du ligg attom hendingane. Nei – nei – nei – dette er ikkje
kritikk! Det er berre eit av desse draga ved vår tid som eg går rundt og undrar
meg over. Det er enkle menneske – som meg – som lever I tida. Dei meir
sofistikerte – slike som du – lever etterpå.
Slik er
Lady Raud og. Ho ser meg framleis ikkje. Ho lyttar litt meir interessert til
praten mellom Elvis og Alvarez no. Men ho fortel dei ikkje kvifor. Trur du ho
vil fortelje det til kjærasten sin i kveld?
Eg
trudde ho selde klede. Eg såg meg vel blind på elegansen hennar, eg trudde vel
at ho knapt kunne ha andre talent som overgjekk det. Men ho sel noko heilt anna
– ho sel råd. Om kommunikasjon,
marknadsføring og handtering av
media. Eg laug for henne – eg ringde og sa at eg var tillitsvald på Cosy Lamps
og at eg tykte leiinga skulle kjøpe profesjonelle råd og spurde om eg kunne
kome og få nokre argument for det hos henne. Eg var hjarteleg velkommen – det
ville ikkje koste noko, det var eit innsal, sa ho.
Det var
som eg trudde – ho hadde aldri sett meg tidlegare då eg kom på kontoret hennar.
Eg sa at eg meinte eg hadde sett henne før, men ho vifta det bort med at det
sikkert var på fjernsyn eller på eit bilete i avisa.
Eg likte
veldig godt å tale med henne. Ho fekk meg til å kjenne meg viktig, klok, til og
med vakker! Og ho klara opp mange ting for meg som eg på eit vis visste, men
som ho fekk meg til å erkjenne. Ein grunnleggande setning må aldri gløymast,
uansett kva ein driv med, sa ho: Det er alltid kunden som har rett. Det står
fast og er utanfor diskusjon. Utfordringa ligg i dette med at ein alltid har fleire kundar, og at det som er
rett for den eine er ikkje alltid rett
for den andre på same tid. Det er her ein treng råd!
Ho
spratt opp og teikna ein ring på ei tavle ho hadde på veggen. Det var Cosy
Lamps, sa ho. Kven er kundane? Jo – det var kommunen, det var velferdssystemet,
det var familiane til dei utviklingshemma, det var dei utviklingshemma sjølve –
ein måtte ikkje gløyme dei! Og det var skuleelevane, skulane som sende dei,
skulesjefen som hadde ansvaret, skulestyret som hadde siste ordet,
foreldra – og så var det media. I denne
situasjonen så var det vel og politiet ein slags kunde, var dei ikkje?
Viktigast
er å unngå konflikt! Sa ho. Ingen andre enn media tener på ein konflikt. Gje
alle det dei ber om – og helst litt meir enn dei forventar.
Men det
går vel ikkje an å gjere alle til lags? Sa eg. Til dømes – ein elev som ikkje
har lyst å vere der, og ein skule som har lyst å bli kvitt eleven?
Om ikkje
alle kan gjerast til lags, så må ein manøvrere slik at konfliktlinene går
mellom andre! Sa ho, og teikna ei pil mellom skulen og eleven, ei mellom foreldra
og skulesjefen og endå ei mellom dei utviklingshemma og kommunen. Det ser ikkje
lett ut, sa eg. Det er her ein treng råd! Sa ho. Og så fekk eg ein stabel med
papir og visittkort med mobiltelefonnummeret hennar.
Velkommen
igjen, sa ho. I kriser er me klare på kort varsel!
Og no
sit eg og høyrer og ser korleis ho har fått ny interesse for Elvis og Alvarez
sin dag.
Skal eg
seie mi ærlege meining så var dei nokre drittungar, seier Elvis. Dei har
sikkert vanskeleg bakgrunn, seier Alvarez. Og dei er redde. Ja, seier Elvis. Eg skjønar godt at skulane
ikkje vil ha dei. Alvarez trur ungdomane
reknar med at mordaren kjem attende. Ja,
seier Elvis, men det er likevel for enkelt – dei skulle i det minste hatt
lærarar med seg. Alvarez freistar fortelje at han snakka med to utviklingshemma
og. Ja, seier Elvis og snur seg til Lady Raud. Og korleis har din dag vore?
Å – du
veit. Som vanleg, seier ho og smiler. Eit kav etter nye oppdrag, heile tida.
Eg sit
og skriv. Du sit og les. Mama Harjet sit aleine på setet sitt i fred, mellom
alle dei andre med lukka, innvendte andlet. Lady Raud har aldri sett nokon av
oss før.
De står
i ulike tradisjonar, du og ho. Dine har røter i det opplyste eineveldet. Hennar
har røter i basaren. Ingen av dykk ser det. Du trur du står i ein folkeleg
sosialistisk tradisjon, at det kom nedanfrå dette kravet om bibliotek,
kunstmuseum, konserthus, teater, trykkefridom og himmelsk bestråling. Men det
gjorde det jo ikkje – det var berre dei nye tidene som definerte gamle idear på
nye måtar og brukte dei til å skilje menneska som før: Før var det adel og
tredjestand, no er det kulturmenneske og harry.
Lady
Raud trur og at ho står i ein overklassetradisjon, at rådgjevinga hennar er i slekt med danning, karakter og
opplysning. Men det er jo ikkje det. Det er opportunisten og juggelkremmaren
sine kunster ho fører vidare. Ho snuser kor vinden bles og snur kappa kjapt som
katten, ho jattar og chattar og får alle til å kjenne seg vel medan ho pratar
dei rundt og smigrar og sel.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar