(Samandrag)
Det var framleis tysdag, den åttande dagen. Klokka var mest tre då Linda kom ut frå Politihuset. Det hadde teke mest heile dagen, desse to ærenda. Ho sykla langs kaiene medan ho tenkte på kor store forskjellar ein effektiv statsadministrasjon skapar mellom dei som er i straumen av det vanlege og dei som er sett utanfor. Hadde folk flest vore nøydde til å bruke heile dagen på å gje frå seg to informasjonar, hadde det vorte opprør i landet.
Det var framleis tysdag, den åttande dagen. Klokka var mest tre då Linda kom ut frå Politihuset. Det hadde teke mest heile dagen, desse to ærenda. Ho sykla langs kaiene medan ho tenkte på kor store forskjellar ein effektiv statsadministrasjon skapar mellom dei som er i straumen av det vanlege og dei som er sett utanfor. Hadde folk flest vore nøydde til å bruke heile dagen på å gje frå seg to informasjonar, hadde det vorte opprør i landet.
Det tok ei stund å
finne Reingjeringsbyrået.. Det heldt til i eit lågt hus inne i virvaret av
verkstads- og lagerverksemder attom industribeltet ved elva og sjøen. Det var
ein parkeringsplass utanfor med plass til seks bilar og store skilt om at dei
var reserverte for verksemda sine eigne bilar. Ho sykla forbi slik at ho kunne
studere bygget frå begge sider. Ho kom ikkje bak det – det låg inn mot tomta
til naboverksemda og ho kunne ikkje sjå om det var utgang bak. Så då ho sette
frå seg sykkelen hadde ho berre sett ei dør midt på kortsida ut mot
parkeringsplassen. Men det var vindauge på begge langsidene, og huset hadde
berre ei høgd.
Ho kom inn i ein
hall med hyller og ulike reingjeringsmaskinar. Det lukta sterkt av reingjeringsmiddel.
Ein svak sigaretteim blanda seg inn. Ho forstod straks at kontoret var som
ein liten boks til venstre, men ho gjekk
likevel inn i hallen og såg rundt hjørnet av boksen. Der stod maskinar og
utstyr framfor rekka av vindauge, men minst eitt på kvar side kunne brukast for
ein som brått måtte fly. Ho gjekk tilbake til kontordøra, banka på og gjekk
inn.
Ei kraftig dame sat
med ryggen til og snakka i ein telefon.
Men oppfattar du
ikkje kva eg seier? Ikkje tørke av bord! Njet bord! Dei har ikkje betalt for
det. Be dei ringe til meg. Du skal berre bruke tre kvarter hos dei. Forstår du?
Tre kvarter – fortyfive minutes – finito. Ikkje tørke bord. Berre golv. Only
floor. Okey? Så – presto! Presto!
Ho la frå seg
røyret, banna lågt, noterte noko i ei bok ho hadde framfor seg, snudde seg.
Så? Kva er det du
skal klage på?
Linda lo. Er det berre
det folk kjem hit for?
Kvinna såg ut til å
like det svaret. Ho smilte. Svarte folk kjem her for å få jobb, kvite kjem for
å klage på jobben dei gjer, sa ho.
Eg er ein av dei
svarte, sa Linda.
Å? Er du på
jobbjakt? Du passar ikkje inn. Eg har ikkje råd til å hyre kvite.
Eg har ein kjenning
som arbeider for deg. Viss eg kan arbeide saman med henne, kan eg godt tenkje
meg å freiste korleis det er. Eg kan antakeleg ta med meg lønstilskot frå
Velferda. Det betyr at du treng berre
betale halve løna mi.
Bondefangeri, sa
kvinna. Slike tilskot gjeld berre til oppseiingsvernet slår inn. Så trekk dei
det attende – og der sit eg med ubrukelege folk til dobbel pris.
Okey. Takk for
praten, sa Linda.
Vent litt. Kven er
denne kjenningen?
Ho heiter Aziza
Murish. Ho vaskar på bustadane for psykisk utviklingshemma.
Kjenner du henne?
Kor kjenner du henne frå?
Ei felles venninne.
Frå den gamle jobben min. Eg likte Aziza – og eg likar å arbeide med psykisk
utviklingshemma.
Jaså? Det er det
ikkje mange som gjer. Dei fleste er redde for å bli smitta.
Nei – det gjer dei
vel ikkje? Det går jo ikkje an?
Aziza gjer ein god
jobb. Eg skal snakke med henne. Vil ho ha deg, så kan ho få deg. Men berre i
seks månader. Eg vil ikkje bli hengande med deg utan lønstilskot.
Eg har sans for klar
tale, smilte Linda.
I morgon – klokka
ni, sa kvinna.
Men skulle du ikkje
tale med Aziza?
Det gjer eg klokka
åtte.
Linda lo. Den er
grei, sa ho. Eg heiter Linda Dahlin Loe. Eg tek med skattekort og dei
papira som trengst for lønstilskotet i morgon.
Kom med papira klokka
halv ni. Nei – kvart på ni. De køyrer ut klokka ni.
Ho lo framleis då ho
kom ut. Det var tydeleg at denne arbeidsgjevaren lar folk finne ut sjølve kva
ho heitte eller kva slags vilkår ein jobb skulle gjerast på. Det var kan hende ikkje så rart at ingen
«kvite» ville arbeide der.
Då ho kom ut stod ei
mann og lente seg opp etter veggen ved sida av sykkelen.
Det er ikkje mange
som syklar her, sa han.
Det er ingen god
sykkelveg heller, sa ho. Her er mykje tung trafikk.
Men eg trur ikkje
det er difor – det er ikkje betre å gå. Men her viklar folk seg inn i ei slags
sorg over at dei ikkje har bil, og så ser dei ikkje etter andre måtar å flytte seg på. Det er ein slags
fattigmannsdeterminisme.
Linda såg undrande
på han. Han hadde ikkje så godt språk, men det var ei særskilt verdigheit over
han. Altså – at dei trur det er slik det skal vere? At det er bestemt?
Det høver ikkje med
resten av liva deira. Og det høver – på same tid. Ein av dei som arbeider her –
han er frå Indonesia – han har krossa utrulege hindringar for å kome hit. Han
har reist rundt halve jorda – det tok han mange år. Draumane hans var her: Her
skulle han finne rikdom, venleik, lukke. Bil var berre ein detalj. Men kva har
han oppnådd? Ikkje ein gong ein bil. Han lar seg jage rundt av den – la meg
seie enkle – kvinna der inne, han klarar så vidt å betale leiga for eit lite
rom der han kan koke seg litt ris og litt grønsaker og resten av det han tener
sender han heim til slekta. Draumane
hans har flytta seg: Dei har reist heim att. Der er han ein rik og høgt respektert mann på grunn av desse
pengane som kjem kvar månad. Alle talar vel om han, alle veit kor gåvmild han er. Dei sender brev fulle av vørdnad og
von. Men sjølv opplever han aldri noko
av dette, han veit berre om det og kan drøyme om det, lese om det i breva: Her
går han i ring og kjem seg ikkje ut.
Eg heiter
Linda Dahlin Loe. Eg
skal ta til å arbeide her i morgon tidleg.
Det er meg ei stor
ære! Sa han, tok av seg huva og votten,
trykte den framstrekte handa og
bukka djupt. Eg heiter Mehmet Habini. Eg er reservearbeidar her, eg får arbeid
når Fru Fuglesang manglar andre folk.
Kan hende me får
høve til å arbeide saman ein dag?
Det vonar eg sterkt.
Eg ser at De har lite tid. Tusen takk for at De ville tale med meg. Farvel.
Eg har ei dotter som
ventar på meg. Eg gler meg til å treffe Dykk att! Sa Linda, og var fylt av ei
slik undrande glede som nokre menneske kan fylle ein med berre med å vere det
dei er.
Er du forelska,
Mamma? Sa ei storøygd Ingrid då ho hadde høyrt slutten på forteljinga om
korleis dagen hadde vore. Linda lo og sa nei – ho var berre glad, ho hadde
funne så mange flotte menneske, ho var så glad for å vere seg sjølv igjen, at
ho ikkje var ”Lise” lenger og at Ingrid ikkje var ”Inger”! At dei kunne vere ekte menneske mellom andre,
utan å lyge!
Ja mamma – det er
det største av alt! Sa Ingrid, og fortalde om sin dag, ein heilt normal dag i
livet til ei elleve år gammal jente. Det høyrdest ikkje ut til at ho hadde fått
ein einaste skade etter den lange samtalen om mord og mordarar kvelden før.
Eg kjem til å tene
endå dårlegare i den nye jobben, sa
Linda.
Eg kan snart gå med aviser! Sa Ingrid.
Dei var på veg ut i
ein akebakke i nabolaget, då Faadumo brått kom.
Eg kom så fort eg
kunne, sa ho. Eg måtte fortelje deg at Kent Karlsen har blitt ny styreleiar for
Sentrumsforeininga!
Er du galen?
Han hadde imponert
alle så sterkt på Omdømeseminaret at dei hadde bede han om å ta over
leiarskapet på timen. Han begynte i dag. Eg sa til Karina at ho ikkje måtte nemne namnet ditt med eitt
ord, men eg anar ikkje om ho har gjort det. Ho er heit forgapt i han og seier
at endeleg har me fått ein sjef som det går an å tru på.
Då veit han det alt.
Ja. Eg er redd for
det.
Skal me snu? Sa
Ingrid.
Linda såg på henne.
Det var som andletet hennar hardna til i lampelyset. Tykkjer du me skal gå og
gøyme oss?
Neii – men eg gjer
som du vil.
Du har faen sprette
meg same rett som andre til å ake! Sa Linda. Faadumo: Kom – vis oss korleis dei
styrer akebretta i Somalia!
Så enkelt kan ei krigserklæring formulerast. Tre
musketerar lo seg frå lykt til lykt bortetter mot akebakken. Dei hadde berre to
brett, men dei klarte seg lenge med det. Dei køyrde litt med Ingrid og litt
Ingrid aleine og dei to vaksne på eitt brett. Dei velta og kasta snø på
kvarandre og lo og kjende urkreftene boble i seg. Tre menneske som hang saman –
to av ubrytelege blodsband og den tredje
som innvigd i systerskapet av forfylgde som ikkje har tenkt å la seg kue
meir.
Dei hadde auga med
seg, alle tre. Men dei såg ingen som lurte inne i skuggane, mellom trea langs
bakken eller attom hjørnet på vegen heim att.
Der det er folk –
masse folk – der er det farleg for han, men ikkje for oss, Sa Ingrid.
Og der det ikkje er
folk – berre oss – der er det endå farlegare for han! Sa Faadumo.
Eg har tenkt meg på
kondolansebesøk til Malin Meyer si mor, sa Linda. Dei diskuterte det – og det
enda med at dei ville vere med alle saman. Dei gjekk til fots – det var ikkje
så langt – dei kjøpte blomar og eit kort som dei skreiv ferdig i blomebutikken,
dei gjekk og ringde på. Ein mann kom ut. Eg trur ikkje det passar, sa han. Kan
me berre få gje henne desse blomane? Sa Linda. Eg trur ikkje – eg skal høyre,
sa han, og til sist kom mor til Malin ut i gangen.
Eg heiter Linda Loe.
Eg har og mista eit barn i drap. Dotter mi og venninna mi har mista kvar sin
bror. Me hadde så lyst berre å gje deg desse. Me kjenner så med deg.
Takk...... sa mor
til Malin, og tok langsamt mot blomane, såg på dei, las kortet, såg på Linda
utan å seie noko, såg på Ingrid, såg på Faadumo, såg på Linda att og sa: Mista
du eit barn?
Han blødde i hel.
Som Malin.
Kom.
Dei gjekk inn.
Mannen mumla noko om at han skulle ha sett på fjernsyn, men så gjekk han ut på
terrassen for å røyke. Mora gjekk rundt, ho leitte antakeleg etter ein vase til
blomane, men var så ukonsentrert at ho
berre gjekk rundt. Dei tre sette seg i sofaen.
Alt det som hende
med meg og sonen min velta opp i meg då dette hende med Malin. Eg trudde det
var kome på avstand – men det var ikkje det.
Kjende du henne?
Nei. Men eg måtte
gjere noko. Eg måtte snakke med nokon som kjende henne. Eg gjekk på verksemda
der det hende.
Eg skulle ringe og
seie at ho ikkje skulle vere der meir....
Eg veit det. Ho hadde fortalt det til ei av dei andre
jentene der.
Det er mi skuld.....
Eg tenkte og at det
var mi skuld. Av og til tenkjer eg enno slik. Men no meiner eg at det er
å hjelpe mordaren å tenkje slik.
Mor til Malin såg
spørjande på Linda.
Han som drap sonen
min nekta all skuld – til og med for seg sjølv nekta han. Han kjenner seg
ikkje skuldig. Men han får meg til å kjenne skuld. Eg trur at han som
drap dotter di er av same slag.
Dei seier at det var
ein av dei galne.
Det trur ikkje eg.
Eg har snakka med dei. Eg trur ein av dei såg kven som gjorde det. Men han får
ikkje til å forklare det.
Dei seier at dei
ikkje kan snakke?
Seier dei så, er det
dei som ikkje kan høyre. Dei snakkar ikkje som andre – men dei snakkar! I morgon skal eg begynne å arbeide med han
som kan hende såg det.
Kvifor det?
Eg måtte ha ein ny
jobb uansett – og no kan eg bli skikkeleg kjend med han og lære å snakke med
han. Eg kjem ikkje til å få fred før denne saka er oppklart.
Mora til Malin såg
på Ingrid. Var det din bror?
Ja. Om ikkje mamma
hadde gøymt meg vekk, så hadde eg og vore død nå. Ho var på veg for å gøyme
vekk han og då det hende.
Kva heitte han?
Han heitte Sander.
Han var tre år.
Tusen takk, sa mor
til Malin. Og takk for blomane.
Kan eg få spørje om
ein ting? Sa Linda. Mora til Malin såg spørjande på henne.
Trur du nokon ville
det? Mor til Malin rista sakte på hovudet.
Kven er far hennar?
Han visste ikkje om
henne......
Kva om han hadde
funne ut ?
Eg kan ikkje dette –
de må gå. Ver så snill.
Dei reiste seg, tok
henne i handa. Linda såg henne i augo, trekte henne inn til seg. Dei brast i
gråt båe to og stod litt og heldt rundt kvarandre.
Takk. Takk for
blomane – sa mora til Malin ein gong til.
Utanfor sa Faadumo:
Me skulle kanskje ha gitt henne eit telefonnummer?
Det kan me gjere neste gong, sa Linda.
Det kan me gjere neste gong, sa Linda.
Neste gong?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar