mandag 1. juli 2013

14: Trongen til forteljingar

             (Samandrag)

             Det vart morgon den niande dagen, det var tysdag..

Morgonblogg: Førebuingar.

Av Passasjer 81:

Lady Raud sit ved vindauget. Ho held i den eine handa til Elvis og fylgjer halvvegs med i samtalen mellom han og Alvarez. Alvarez sit på setet framfor dei, sidelengs slik at han held blikkontakten med Elvis.
Dei vil gjere noko i dag. Dei vil gå saman til Cosy Lamps. Elvis vil sjå med eigne auger korleis det er der, han vil høyre meiningane til skuleungdomane der om  kvifor dei er der, kva dei lærer og om dei er nøgde med det. Alvarez får ikkje ro for  kva som hende med Lolita. På laurdag og sundag var avisene fulle av det, på måndag stor berre ein liten notis og i dag står ingenting i avisa. Alvarez er redd for at etterforskarane skal miste interessa like fort som journalistane. Han vil sjå om det er noko han kan gjere sjølv.
Avisene har fortalt den same forteljinga så mange gonger at den har blitt til ei slags sanning. I nokre dagar hadde dei psykisk utviklingshemma moroa seg med ein pistol. Ingen hadde aning om kor han kom frå, men ingen brydde seg heller for alle trudde det var ein leikepistol.  Dei var jo som born.  Så må pistolen brått has  gått av, og ei jente var blitt dødeleg såra. Berre ho og han eller ho som skaut var til stades då det hende.  Det hadde teke tid før nokon reagerte – og då ho vart funnen var ho aleine  der inne. Pistolen låg på bordet.
Den fyrste utanfrå som var komen til var den kjende radioreporteren. Han hadde vore like i nærleiken på eit intervjuoppdrag og hadde fått tipset på telefonen. Det hadde vore ei sterk oppleving for han, ho levde endå då han kom men døyde så å seie for open mikrofon. Det var djupt tragisk og uhyggeleg – det var ei hending mellom menneske som verken kunne oppfatte alvoret eller forklare korleis det hadde hendt. Ein av dei var truleg blitt drapsmann – utan å vete det, utan å forstå.
Reporteren hadde gjort seg mange tankar om liv og død etter det, han hadde fått post-traumatiske reaksjonar, men kollegaene hans og folk som arbeidde i andre verksemder rundt Kulturtorget hadde teke seg svært godt av han – han hadde kjent varmen strøyme mot seg og meinte nok at dette var eit prov på den særskilte mentaliteten som herskar i vår by. Her vert ingen gløymd eller overlaten til seg sjølv når ulukke eller urett rammar. Han hadde no tenkt å skrive bok om saka – ikkje berre denne traumatiske hendinga, men heile det tidsbiletet som  ligg konsentrert i henne – men fyrst måtte han fullføre eit kriseterapeutisk  program som redaksjonen hadde hatt i beredskap sidan ei endå verre hending for nokre år sidan.
Dei fleste avisene hadde og oversyn over endå verre eller like vonde hendingar dei siste tjue åra. Særleg den store barnedrapssaka, då fleire journalistar fekk varig men.
Det var ikkje spor av fingeravtrykk på pistolen. I lampemonteringa var det påbod om både briller, hjelm og hanskar, og det gjorde leiting etter tekniske spor vanskeleg. Ingen av dei utviklingshemma hadde gitt forklaringar med meining, og ingen av dei skuleelevane som hadde arbeidstrening der hadde vore til stades då det hende. Dei var ute og røykte.
Elvis ville reise spørsmål i skulestyret om korleis skulesjefen ville forklare at elevar utan fylgje av lærar vart sende til ein stad der dei kunne risikere livet mellom utilreknelege menneske. Kor i opplæringslova det fanst heimel for slikt, og kva for resonnement som låg til grunn for praksisen. Men han ville ikkje gjere det før han sjølv hadde vore på staden og tala med ungdomane om det som hadde hendt og om korleis dei hadde det der. Han var ganske viss på at skulesjefen sjølv ikkje hadde vore der – og det ville gje han ein ekstra autoritet når han la fram saka.
Det høvde han godt at Alvarez ville vere med. Så slapp han gå aleine. Alvarez ringde meg i går kveld og spurde om eg og ville kome,  men eg sa som sant var at eg ikkje hadde tid. For ein gongs skuld hadde eg ein avtale. Eg fortalde ikkje om kva eller med kven, men eg sa – og det var like sant – at eg var lei for det. Eg skulle gjerne vore med å snakke både med ungdomane, dei som dreiv verksemda – og dei psykisk utviklingshemma.
Alvarez var oppteken av pistolen. Korleis kunne ein ladd pistol ha hamna inne i ein verna  verkstad? Kunne verkeleg psykisk utviklingshemma ha leika med den i fleire dagar utan at nokon hadde sett nærare på han? Ei av avisene hadde og stelt desse spørsmåla. Dei hadde hatt bilete av pistolen og intervju med ein militær ekspert. Det var ikkje ein Luger, sa han, det var ein kopi av den sovjetrussiske Tokarev TT, produsert i Serbia for militært bruk. Den heitte M57, og under borgarkrigane i gamle Jugoslavia vart den seld i kassevis over heile Europa. Det var vel knapt den småbanditt som ikkje hadde eit par tre stykk i kjellaren, meinte han. Leiketøyskopiar florerte og i store mengder. Eksperten trudde ikkje det ville vere lett å få ein familie til sjølv å melde frå at dei hadde kome i skade for å sende ein ekte, ladd pistol  med den utviklingshemma sonen eller dottera si. Dei ville nok heller sitje musestille og vone at ståket roar seg. Og kriminalsjefen bekrefta. Dei kunne ikkje godt ransake alle heimane – og uansett ville det nok vere for seint no.
Men kanskje det var plan? Sa Alvarez. Kanskje nokon la leikepistol der – og så, seinare – kom han og skaut vesle jente og tok leikepistol og la ekte pistol på bord?
Eg høyrer han seier det til Elvis og. Han snakkar med store fakter, Alvarez. Og Elvis jattar med. Det kan jo hende. Seier han. Det er ein teori som politiet må sjekke ut. Men det gjer likevel ikkje saka lettare  for skulesjefen.  Eg hadde jo tenkt å undersøke dette alt før den tragiske hendinga.  Ja – du og,  så vidt eg kan hugse?  Du var samd med meg då og du?
Eg kan sjå på Lady Raud at ho nærmar seg byen. Ho kjæler ikkje med Elvis meir. Ho ser ut av vindauga, sjekkar leppene og håret. Høyrer ikkje etter – har vel kanskje hugsa planen sin om å førebu seg på bussen. Førebur seg kanskje på praten ho skal ha med meg. Ho ser meg ikkje.

Reinhardt Skjetne

Når ein sit i ettertid med kunnskapen om kva som hende er det lett å døme urettferdig om kven som såg, tenkte eller gjorde kva. Eva Trotto Moe var den einaste av dei som eg har trekt fram her, som såg Reinhardt Skjetne. Ho hjelpte han, ganske mykje og, for han var ein krevjande kunde. Men det fall henne ikkje inn ein einaste gong at ho hadde méd det som han førebudde.
Han kom fyrste gong til biblioteket i august. Han likte seg visst og kom att. Han hadde openbert ikkje så mykje anna å gå til, så han kom oftare og oftare. Sidan oktober hadde han vore der kvar dag. Han kom når dei opna dørene – ofte stod han utanfor og venta – og han sat til klokka fire, ganske nøyaktig. Han reiste seg innimellom og gjekk ut på torget eller ein runde i gatene – men sjeldan meir enn ein halv time. Så var han på plass att. Han hadde niste med som han åt i tolvtida, enten i lesesalen der han sat eller ute på ein benk på torget.
Han var lågmælt og høfleg, men hadde underleg stirande auge når han kom og bad om hjelp. Han var interessert i gamle utgåver av Bibelen, apokryfiske skrifter, og bøker om gamal historie. Han var uvanleg på det viset at han først var interessert i globalhistorie og seinare på vinteren fokuserte meir og meir lokalt. Dei fleste andre som sat slik som han gjekk motsett veg. Dei brukte å ta til med slekta si, gjerne på det offentlege arkivet, og når dei ikkje kom lenger i det som kunne dokumenterast så kom dei til biblioteket for å nære spekulasjonane sine. Dei enda som regel opp med å vere etterkomarar av Napoleon eller Spartakus eller Karl eller Peter dei store.  Ein hadde til og med dokumentert grundig at han nedstamma direkte frå Frans av Assisi. Munken hadde nemleg synda, han hadde ikkje berre drøymt om det. Granskaren var jo sjølv eit bevis på det.
Men Reinhardt Skjetne såg ut til å vere meir oppriktig interessert i historia. Han hadde nikka med stort alvor til utsegner som at det er viktig å forstå fortida om ein skal forstå notida, og han hadde sjølv kvittert med at kvar tidsepoke har laga seg si eiga forhistorie. Ho hadde tenkt at det var det som var grunnen til at han var så interessert i gamle bøker som enten låg heilt innerst i magasinet eller som ho måtte skaffe frå Riksbiblioteket.
Utanom eksotiske bøker snakka dei ikkje om noko. Aldri såg ho han snakke med andre heller. Ho visste ikkje kor han budde, kvar han gjekk etter klokka fire eller om han gjorde andre ting enn å lese og notere i skrivebøkene som han hadde med seg.
Denne bloggaren, Passasjer 81, som etter kvart formulerte seg inn i ein slags overnaturleg observasjonspost der han kunne sjå inn i hovuda til folk, i heimane deira og til og med inn i framtida, han såg heller ikkje Reinhardt Skjetne.  Slik sett var Passasjer 81 sjølv eit døme på det som eg trur er hovudproblemet i  byen her.
I ettertid har det synt seg at Reinhardt Skjetne arbeidde med eit stort prosjekt. Han skulle finne kjeldestoffet som dei ikkje kunne tale seg bort frå, alle dei som hadde gjort seg rike og mektige på å fornekte sanninga om det store spelet som går føre seg i verda. Han skulle skrive eit litterært verk som skulle få Guds utvalde til å reise seg.
Om nokon hadde interessert seg for han, kan hende berre teke ein kaffipause saman med han, så kan det godt tenkjast at han hadde fortalt kva  han gjorde klokka fire kvar dag. Det var jo ingen grunn til at han skulle halde det hemmeleg, for frå starten hadde han ingen planar om noko kriminelt eller valdeleg. Han gjekk heim til hybelen som han leigde i kjellaren til ein av dei som seinare vart oppsagde på Tekstilen. Der sette han seg til bordet der for å skrive eit nytt kapitel i eposet om det vonlause opprøret i Gaza og på Vestbreidda i året 722 før Kristus, det som fekk til utgang at kong Sargon den andre deporterte ti av dei tolv israelske stammane til Assyria og områda rundt det Kaspiske havet.
Den fredagen då alt toppa seg hadde han skrive trettito kapitel ferdig. Det siste han gjorde før han vart mordar var å setje publiseringsdatoar på dei, slik at det skulle kome eit nytt kapitel annan kvar torsdag i meir enn eit  år framover. Det siste han skreiv skulle publiserast fyrst. Der lova han å knuse verdshistorias største løgn og å avsløre kva som låg bak. Løgna var at dei tapte stammane vart borte. For det vart dei ikkje!  Sanninga var at dei hadde vandra inn i Europa. Dei var Europa sine fyrste kvite, blåøygde, høgreiste, lyshåra og intelligente stammefolk. Det var dei som vart kalla germanarar under dei store folkevandringane.  Løgnarane sin plan  var å forvirre dei europeiske folkeslaga slik at dei sataniske kreftene no – meir enn to tusen sju hundre år seinare – kunne fullføre den utryddinga som kong Sargon ikkje makta.
Dei tapte stammane frå Israel hadde slite og arbeidd på karrig jord i alle desse hundreåra og makta det utrulege å gjere Europa til verdas sentrum og herskar. Men sidan hadde overmot og sløvsinn lagt seg over dei, og no var dei i ferd med å gje frå seg alt fedrane hadde bygd opp til degenererte folkeslag som flauma inn over grensene.
Skjetne såg nok på seg sjølv som noko heilt spesielt, og den store ambisjonen hans fylde livet hans slik at han ikkje kjente einsemd eller lengt etter vener eller kvinner. Han hadde eit slags miljø rundt seg, det var ikkje folk han kunne ta på, men det var folk: Det var andre medlem av ulike nettsamfunn som var opptekne av dei same løgnene og dei same store spørsmåla som han sjølv. Ikkje alle hadde sett den same raude tråden gjennom historia som han, men  mange var opptekne av konsekvensane av den store løgna.
Dette at Skjetne og dei virtuelle venene hans hadde datamaskinar og lange fiber- eller koparliner mellom einannan, gjorde at dei kunne filtrere bort alt som ikkje var behageleg i kontakten seg i mellom. Ingen lukta spesielt, ingen var irriterande høgrøysta eller så snakkesalige at andre ikkje kom til orde – og ingen sovna ved bordet.  Dei brukte harde ord mot alle som ikkje var samde med dei – men seg imellom diskuterte dei i røynda ikkje, dei berre supplerte kvarandre med forteljingar og spekulasjonar om det same. Om godtruande eller korrupte politikarar som bygde ned militærvesenet og opna grensene for innvandring av framande rasar, religionar og kulturar. Eller om at kyrkja og kristenfolket sjølve likestilte heidenske religionar med den sanne, Bibelske, protestantiske læra.  Eller den utbreidde vrangførestillinga at det var restane av den degenererte og utvatna judeiske stammen som var ”Guds folk”.
Konkursen på Tekstilkombinatet fall ganske fort på plass i forklaringsmodellane mellom desse virtuelle kjenningane. Ein av dei – han kalla seg Teuton, men heitte eigentleg Ivor Iveland –lagsa  eit eige nettsamfunn. Han stal både namnet og fargane til Renovasjonsvesenet i byen her. ”Rein By”, i raudt og irr grønt. Der førte han fram ulike bevis for at konkursen var del av ein hemmeleg plan styrt av den jødiske finanslobbyen i USA. Andre supplerte med utfyllande informasjonar. Skjetne hadde antakeleg og eitt innlegg der han skreiv at avsløringa var eit godt døme på den målretta utslettingsstrategien som gjekk føre seg. Han underteikna som ”Oppdagaren” 
Han hadde eit rikt indre liv, Reinhardt Skjetne. Hadde det vore normalt å dele forvirring i  byen her, så hadde han møtt motstand og fått høve til å justere tekstane sine – det kunne ha blitt ein spanande serieroman eller ein vellukka MMO. Men ideologien her var Rein By. Her skulle alt sjå likt ut og fint ut og rett ut, her var det umoralsk å spørje eller sjå etter kva folk hadde i sine eigne dunkar. Så han kom kvar dag, nikka til Eva Trotto Moe og dei andre i skranken, og nikka igjen til slektsgranskarane og lokalhistorikarane og eviggangskonstruktørane i lesesalen før han sette seg med notisbøkene sine der det stod øvst på fyrste side med snirklete bokstavar:
Carpe Diem