onsdag 30. oktober 2013

66: Teuton

Før pressekonferansen hadde ingen massemedium fylgt opp Teuton sitt blogginnlegg «Rydd opp!» Drapssaka hadde gjort bortføringssaka uinteressant, og ingen medium hadde kopla dei to sakene før riksavisa gjorde det. Etterpå vart Teuton alias Ivor Iveland eit brennheitt namn att, det tok ikkje lange stunda før alle hadde funne ut at han var den fyrste som hadde peika ut samanhengen.
I sin tur sette det ny fart i aktiviteten på bloggen, nettsida og Facebookgruppa som til saman utgjorde nettsamfunnet ”Rein By”. Trafikken hadde vore som lamma etter den brutale avslutninga på fredagskvelden. Etter innlegget hans tok det seg raskt opp att.
«Ord i rett tid!» Skreiv Skruball
 «Ein lyt hauste som ein sår – når politiet sviktar må folk sjølve ordne opp!» skreiv Luke S.
«Metodane til mannen frå fredag kan ikkje forsvarast – men mange deler meiningane hans!» skreiv Anna Karenina.
«Takk Teuton – du gjer som vanleg det uklare klart!» skreiv Svigermor Nilsen.
Noko av det eg ikkje kan forstå hos Ivor Iveland, er at han oversåg så totalt at det kunne finnast ei anna forklaring på det som hadde hendt. Til hans forsvar tenkte eg fyrst at det er ikkje sikkert at han visste – han kjende jo ikkje nokon av dei involverte, og dermed hadde han berre informasjonar frå lokalradioen og sosiale medium. I radioen hadde Kent Karlsen vore heilt aleine om å fortelje sin versjon på fredagen, og på nett hadde Iveland vore så oppteken med trafikken på «Rein by» at han ikkje hadde oppdaga sida «Finn Ingrid!» og den versjonen som der vart presentert.
Men ut over måndagen vart dette forsvaret tunnare og tunnare. Avisene hadde identifikasjonar av alle dei drepne, og det vart slått stort opp at Linda Dahlin Loe var mor til den jenta som skulle ha vore bortført. Dei fleste som tenkte over saka, ville vel ha funne det underleg om både ho og Olave Mario de la Polvora hadde vore islamistar. Ho hadde jo luthersk bakgrunn og han var opphavleg chilenar, eit katolsk land med svært få muslimar. Men det ser ikkje ut til at dette rokka ved Iveland si oppfatning. Tvert om: Etter at ei hovudstadsavis hadde konfrontert han med motførestillingar som desse, skreiv han bloggposten «Feministfundamentalistane»:
«Når ein ser det mønsteret som avteiknar seg mellom dei gamle feministane i byen her, piplar kaldsveitten fram.
Ingen har vore ivrigare enn feministane til å undertrykkje informasjonar om korleis systrene deira i hijab vert behandla. Men kan det verkeleg ha kome så langt at dei vil hjelpe islamistane med kidnapping av sine eigne døtrer? Er det verkeleg vorte «rasisme» og «framandhat» å motsetje seg innhylling, omskjering og kvit slavehandel?
Ansvaret for at det har kome så langt må berast av dei som tilslører at impor­terte menn frå kul­tu­rar som for­ak­tar, under­tryk­kjer, utnyt­tar og mis­bru­ker sine eigne kvin­ner no har begynt å ta seg til rette mot våre kvin­ner og jenter òg. Frå Eng­land veit me at menn av asia­tisk (typisk pakis­tansk) opphav heilt systematisk går etter unge jen­ter i sår­bare situa­sjo­nar for å unytte desse sek­su­elt. Feministane var dei fremste til å leggje lok på dette på grunn av det etniske eller kul­tu­relle aspek­tet. Asia­tiske menn som ser på unge, kvite, engelske jen­ter som verdi­lause – slikt må då ikkje kome fram! Det var snakk om fleire hundre jen­ter i den saka. Men vart den nokon gong nemnd av media her?
Ingen jour­na­lis­tar ser ut til å ville, eller våge, å ta fatt i pro­ble­met, nøste opp, samle trå­dane, få fram mønsteret. Då løner det seg både for politikarane og for politiet å snu seg andre vegar.
Det er ikkje anna råd enn at folk sjølve må ta tak i problema. Feministane, politikarane og journalistane er nemleg sjølve viruset som symptomet – lovløysa – spring ut frå. Det er tragisk at det får slike utfall som det fekk på fredag. Men kritikken må ikkje rettast mot dei som freista forsvare jentene våre. Kritikken må rettast mot dei som gjorde det naudsynt!»
Denne bloggposten fekk ein veldig respons – det hagla snart inn med kommentarar som støtta dette synet og utdjupa det. Det varte ikkje lenge før Linda Dahlin Loe var namngjeven, og utfyllande informasjonar om henne var publisert. Ho var dotter av villmannen Lyder Loe, som hadde laga store problem under krigen. Han hadde òg vore utanlandsk agent! Det var òg kjent at han hadde eit stort alkoholbruk. Dottera hadde gått i same bane – ho hadde forfylgt ein av dei fremste heidersmennene i byen her og skulda han for drap på sin eigen son då ho sjølv køyrde utfor vegen. Heidersmannen vart frikjend – men ho klarte å sverte han slik at han likevel fekk eit heilt år i fengsel utan å ha gjort noko som helst. Og no hadde ho alliert seg med islamistane for å råke han på ny. Som ein reier – så ligg ein!
Alle som skreiv, ville jo ta avstand frå det som hende til slutt, men dei fleste forstod det og vona at det ville vere ein lærepenge for feministar og alle som nektar å sjå sanninga rundt seg.
Det kom ingen motkommentarar  i «Rein By». Sirkelen fungerte nett slik Irene Guri Andersen Halvorsen fortalde frå ringane på kyrkjebakken heime på øya hennar; det vart som ein konkurranse der i ringen om å seie det alle var samde om, på ein endå meir treffande måte. Teuton sjølv kommenterte ikkje dei andre, eg veit ikkje om han hadde tid til å lese dei ein gong. Dei vart etter kvart ganske grove og ganske personlege – det var litt vondt å lese mange av dei når ein visste at Linda enno ikkje var komen i jorda.

Ut over måndagskvelden gjekk Ivor Iveland frå redaksjon til redaksjon. Avisene ville ha bilete av han på stader som var aktuelle for historia, særleg ved idrettsplassen der han hadde freista stanse kidnapparbilen og så vorte angripen av ein buss med islamistar som alt hadde samla fleire unge jenter. Etterpå ville fleire etermedium ha han med i direkte sendingar. Kvar gong han tok opp att resonnementsrekkja si vart den kortare og meir veleigna for fjernsyn, så andre vinklar og utfyllande informasjonar vart lagde bort: Det viktigaste var jo å lage godt fjernsyn og gje sjåarane det dei ville ha. 



Til avsnitt 67

Boka er no i sal