mandag 12. august 2013

32: Dag 12 kl 11:15 - Radiodebatt

            (Samandrag)
            Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka vart 11:15.
Den kjente radioreporteren  Rudolf Steiner hadde eit samtaleprogram  omtrent på same tid. Det var ein general i studio,  ein tenestemann frå det politiske politiet,  eit par journalistkollegaer og ein imam. Temaet var terror. Imamen vart hardt pressa – det er ikkje i tråd med Koranen å drepe uskuldige, sa han om att og om att, men like repeterande vart han spurt om han tok ansvar for terroren. Det var dette med at dei to drapspistolane var av same merke og hadde serienummer rett etter kvarandre som etter fleire si meining gjorde det heilt klart at dei to morda var utførde av same person eller same organisasjon og at motivet måtte vere terror.
Kan det vere tilfeldig at det var den einaste kvite som vart drepen på ein muslimsk arbeidsplass? Spurde reporteren. Det er berre ein av fleire teoriar, sa politimannen. Underbetaling fører til sosiale spenningar sa den eine journalisten, det må vere lovleg å kalle ein spade for ein spade sa den andre. Generalen forklarte omgrepet asymmetrisk krigføring – og imamen sa at det ikkje er i tråd med Koranen å drepe uskuldige.
Kan det finnas religiøse grunnar til angripe psykisk utviklingshemma? Sa reporteren. Slike synspunkt er ikkje kjende frå før, sa politimannen. I pressa situasjonar går menneska gjerne til åtak på dei svakaste sa den eine journalisten. Ein må jo sjå i auga det som hender – det nyttar ikkje å snakke det bort! Sa den andre. Generalen sa at militærløyvingane hadde gått ned gjennom fleire år, medan imamen gjorde det klart at alle born er gåver frå Gud og at det er ikkje i tråd med Koranen å drepe uskuldige.
Ein innringar sa at det måtte vere høgreradikal terror, for nynazistar var for miskunndrap og mot innvandrarar.  Det starta ei lita runde i studio der politimannen og journalistane drøfta forskjellane mellom organiserte nettverk og fanatiske einskildpersonar. Så gjekk dei over til å diskutere kvinner og bruk av hovudplagg.
Om lag slik sat folk over heile byen, på arbeidsplassar og kafear, i tilfeldige grupper på busshaldeplassar, i organiserte møter med dagsorden og møteleiar – og ved skjermar. Ved arbeidsbord der eit trykk med venstre tommel og  peikefinger kunne bringe dei inn og ut av private og halvoffentlege diskusjonsstraumar,  ved nettbrett og smarttelefonar på dei mest utenkjelege stader: I busseter, på toalett, i ventesalar og pølsekøar.
Folk spant og spant på det vesle dei hadde av informasjonar og det veksande mangfaldet av spekulasjonar. Dei serbisk-produserte pistolane vart til visse om at balkansk mafia stod bak og at det var krig om marknader for stoff og menneskesmugling. Dei samanhengande serienummera vart prov på eit organisert terrornettverk, og det kunne ikkje vere tvil om at det var fanatiske muslimar som stod bak. Medan samanfallet med konkursen i Tekstilkombinatet gjorde det heilt tydeleg at Malin Meyer og Angelique Fuglesang vart drepne av jødiske agentar for å dra merksemda vekk frå dei økonomiske spekulasjonane som hadde sendt tusen mann ut i arbeidsløyse. Alle desse prova peikte i same lei: Det var innvandrarane si skuld.
Like etter studiodebatten etablerte einkvan ei kampanjeside på Facebook som etter kvart kom til å samle alle dei ulike trådane som diskuterte det som hadde hendt i byen. Opprettaren kalla sia ”Rein By”. Det var jo det same slagordet som Renovasjonsvesenet brukte, og sia vart dekorert med bilete av raudt- og grøntkledde søppeltømmarar.
Litt før klokka tolv vart den nye leiaren for Sentrumsforeininga – Kent Karlsen – intervjua på radioen.  Han fortalde at han var på veg til det fyrste offeret si gravferd, han skulle representere byen her og byrådet, sa han. Han hadde gjort seg mange tankar. Den viktigaste var at ingen – han gjentok ingen – skulle få øydeleggje særtrekka i byen her, samhaldet,  kulturen, homogeniteten,  den religiøse arven.  Han ville ikkje spekulere for mykje om kvifor sume mektige krefter freista å øydelegge byen her, men dei fleste forstår jo det av seg sjølve, sa han.
Kent Karlsen meistra kunsten med å få alle til å kjenne seg lukkelege, sterke og samde når dei stod i ring og ropte i kor. Programassistenten til Rudolf Steiner la kommentaren hans ut på Facebook, og mange trykte ”Likar!”  og spreidde det vidare. Det kom støttekommentarar både frå folk som dyrka konspirasjonsteoriane og folk som fekk vond smak i munnen av dei men som ville markere at dei ikkje var udanna, at dei fullt og heilt stod ved  byen her.
Men det andre straumdraget vaks og i styrke. Det vart ikkje fanga opp av massemedia og fekk inga draghjelp av kjendisar eller organiserte nettverk. Det hadde vakse seint fyrst, frå Facebookprofilen til Ingrid Dahlin Loe gjennom eit nett av ungjenteprofilar. Då Faadumo Awale Samakab kopierte og sende lydopptak og åtvaring  vidare i nettet til vaksne og middelaldrande kvinner i Fi-marka, vaks det seg etter kvart utover i krinsane til vaksne kvinner med liknande erfaringar. Det spant djupare i undergrunnen og det utvikla seg ikkje så fort, men det auka på då Margrethe Obstaklevic melde at ein mann hadde henta Ingrid på skulen og at hu trudde det var same mann som han på opptaket. Då Kent Karlsen  vart intervjua på radioen tok dette straumdraget og til å vekse fortare. Opptaket av trugsmålet hadde no tallause filnamn og kunne ikkje lenger stoggast.
Kort etter klokka eitt kom nyhendemeldinga om at det var funnen ein pistol utanfor moskeen. Det var ein M57 av same merke som drapsvåpna – med serienummer etter dei. Den var ladd.