fredag 30. august 2013

40: Dag 12 kl 15:15 - Sheila Hasina

Samandrag)
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 15:15
Eg har ikkje klart å finne ut nøyaktig korleis dei to nettsamfunna utvikla seg frå time til time. For meg ser det ut til at ”Rein By” heile tida var størst. Men ut over dagen fekk og ”Finn Ingrid!” svært mange medlemmer. Den siste er på mange måtar den mest interessante å lese i ettertid, for der var dei klar over den andre og fleire av medlemmene kommenterte påstandar som vart lanserte på ”Rein By”. Eg har ikkje funne nokon kommentar den andre vegen før eit godt stykke ut på ettermiddagen då rollane brått var bytta om – eg kjem til det om litt.
Det hadde ikkje kome inn så mykje informasjon på ”Finn Ingrid!”, men mange hadde blitt medlem og mange hadde delt hårreisande kortforteljingar om kva valdelege menn kunne tenkjast å gjere med verjelause barn og ungjenter. Dei fleste hadde ikkje lenger fordomar mot å seie rett ut kven kidnapparen var. Der var mange referansar til den gamle rettssaka – og der var ikkje fritt for endå eldre forteljingar om skraphandlarsonen og bakgrunnen hans.
Amerikanarinna Sheila Hasina, ho som delte leigebustad med Faadumo , melde seg inn i 14-tida då ho vart gjort merksam på gruppa av Faadumo . Om lag klokka halv tre fekk ho ein oppsiktsvekkande e-post der Faadumo  skreiv at ho ikkje lenger våga å sitje aleine  med informasjonane ho hadde: Ho visste kor Ingrid var – Hasina måtte ta mot informasjonen om noko skulle hende med Faadumo  eller Mehmet.
Men ikkje la det lekke ut at me veit det! Bad Faadumo .
Sheila Hasina sat på bakromet på det indiske handelskammeret og skreiv av konsulen sin rapport om konkursen på Tekstilen då ho fekk e-posten frå Faadumo  med kartet som vedlegg. Konsulen hadde lese inn på diktafon. Røysta var oppglødd, for rapporten var det endelege svaret på korleis ein stor tekstilfabrikk hadde overlevd så lenge i Europa. Resepsjonisten, som var Sheila sin næraste medarbeidar, var heller nedstemt. Ho meinte at Tekstilen var den einaste årsaka til at det fanst eit indisk konsulat og handelskammer i byen her, og at dei no heilt sikkert ville miste jobben dei og. Konsulen sjølv ville nok kunne rekne med forfremjing til ein større og meir spanande by, i alle fall  om han lagsa  ein god nok og rask nok rapport.
Sheila stal seg til å lese sin eigen e-post så snart Konsulen såg bort. Han var ikkje klar over kor fort ei dame som ho kunne skrive på tastatur, så han godtak at ho trong tid, endå han var uvanleg utålmodig. Sheila veksla att og fram mellom teksten ho skreiv på, e-posten frå Faadumo  og Facebooksida til Margrethe Obstaklevic, ”Finn Ingrid!”.
”Rumors of fraud were brought public on Union meeting here today,” skreiv ho inn i rapporten,
”Kven kan bli med å hente Ingrid? Me treng bilar og friviljuge!” skreiv ho på Facebook.
”Korleis kan du vite kor ho er?”  Skreiv ho på e-post til Faadumo.
”However, local authorities argue that competing industries’ pressure for energy and harbour facilities has fuelled government intrigues against the city,” skreiv ho i rapporten.
 Konsulen stakk hovudet inn døropninga. Finished?
”Telefonen min ligg i bilen hans. Den kan sporast. Her er kartet som syner kor han har køyrt”, var den siste e-posten ho fekk frå Faadumo .
Straks ferdig, sa ho til hovudet i døropninga. Men meiner du at denne Kent Karlsen er ”local authorities”
Er han ikkje talsmann for ordføraren?
Eg trur han er ein kriminell, ein svindlar, ein psykopat, ein som har klart å blende eit knippe blåøygde og uerfarne lokalpolitikarar. Han er nettopp etterlyst av politiet! Sa Sheila.
For kva?
For å ha kidnappa eit barn!
Kva seier du? Kor har du dette frå?
Førebels har eg det berre frå Facebook.
Facebook? Konsulen fekk ei skarp rynke i panna og kom heilt inn i romet. Sit du og les på Facebook når eg har bede deg å skrive ut en viktig rapport?
Herr Konsul, sa Sheila Hasina. Ein moderne leiar må halde oversynet til ei kvar tid. Ein må ha sidesyn – ikkje minst når ting hender fort!
Miss Hasina – ei kontordame må gjere jobben sin! Og overlate leiinga til den som leie skal!
Lojalitet, herr Konsul, det er å gjere leiaren merksam på det han enno ikkje sjølv har oppdaga!
Gjer deg ferdig! Fort! Sa konsulen. Antakeleg gjekk han rett inn og ringde til si hovudkjelde i byrådsadministrasjonen. Det var ikkje nokon agent, det var informasjonsleiaren sjølv,  ein tidlegare journalist som såg både Sentrumsforeininga og lokalradioen som døme på kommersiell forflating og forfall i offentleg sektor. Informasjonsleiaren stadfesta truleg så mykje av Sheila Hasina sine utsegner at Konsulen bestemte seg for å tone ned ordlyden i rapporten sin. Så han fekk Sheila til å skrive ut det ho førebels hadde, tok diktafonen og sette seg til å snakke inn ein ny versjon.
Margrethe Obstaklevic var den fyrste som melde seg friviljug til å bli med å hente Ingrid. Liana var den neste som melde seg, ho  spurde om det var risikabelt. Sheila svarte at ja, det var risikabelt for Ingrid om ikkje ho vart fridd ut. Liana tok opp att spørsmålet.
Det fekk det til å koke i Sheila. Ho kom frå Baltimore, Maryland. Der var to slag folk der, når fare truga. Det var dei som helst ikkje ville sjå eller forstå, og det var dei som gjekk på. Det var angst som dreiv sume til å snu seg bort, og rettferdskjensle som fekk andre til å gripe inn. Ho visste ikkje kven av dei to slaga som fekk mest juling, men  ho visste godt kven som vart minst plaga etterpå  av såra dei måtte pådra seg. Den som står for det ho har gjort har mindre verk etterpå enn den som angrar.
Kjære Liana: Når det kjem nokon i din veg som treng deg, då skal du svare ja eller nei, skreiv Sheila.
Det kom fleire ungjenter. Den fyrste mannen som melde seg var Rikard Ruge, den biologiske faren til Malin Meyer. Elles var det mest småjenter og kvinner.
Kven kan hjelpe med transport? Skreiv Sheila, nett då konsulen kom med den nye versjonen av rapporten sin.
Han hadde endra ”local authorities” til ”sources in the Municipality” og ”argue” til ”accuse” og skuldingane mot konkurrerande industriar og regjeringa var omgjorde til lausare påstandar enn den klare konspirasjonsteorien til Kent Karlsen.
Hadde eg rett? Sa ho.
Det hastar! Sa han. Kontora stenger snart i Calcutta!
”Fru Meyer kjem med buss!” Skreiv Souhaila, venninna til Malin Meyer. "Min far vil og bli med", skreiv ho, " - og kanskje fleire av hans kameratar."
”Fint – kva for ein buss?” Skreiv Sheila.
”Ho køyrer for Busselskapet. Ho har fått låne ein buss for å køyre alle som vert med for å fri ut Ingrid. Kor skal med hente dei andre?”  Skreiv Souhaila.
”I-haa! Me har fått busstransport! Alle som kan møter på Kulturtorget så snart som råd!” skreiv Sheila. Så kasta ho seg over den nye rapporten til konsulen, og på under eit kvarter var den ferdig skriven og retta, prenta, signert og scanna.
Eg må gå, sa ho.
Ja. Lukke til, sa resepsjonisten. Eg skal forklare om det vert spørsmål.
Så du veit kva eg skal?
Eg er og med i ”Finn Ingrid Dahlin Loe”,  sa ho.
Det har eg ikkje sett. Det er blitt så mange.
Syster mi tipsa meg. Så såg eg at det var du som organiserer – medan konsulen trur du arbeider med rapporten hans!
Eg gjorde det og.
Du er flink. Me treng slike som deg.
Vert du med?
Nei. Eg vågar ikkje.
Du snakkar i alle fall sant.
Ho kjem, ho som du irettesette og.
Kven?
Ho som spurde om det var farleg.
Liana? Det har eg ikkje sett.

Du var så oppteken med rapporten. Men veldig mange har meldt seg no heilt på slutten.