mandag 9. september 2013

44: Dag 12 kl 16:45 - Avslørt

(Samandrag) 
Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 16:45
Kent Karlsen var i eit strålande humør då han slo opp døra til Sentrumsforeininga. Det smitta over på Karina  Burane og Kommunikasjonsrådgjevaren med ein gong. Dei lo til kvarandre, og spøkte i ein slags krigssjargong om det avgjerande slaget som nærma seg.
Det er tre store saker som ligg bak, sa Kent Karlsen:  Ferjesaka, straumsaka og finanssituasjonen. Dei andre byane vil ha ferjesambandet over til seg, Tekstilen vart køyrt konkurs for at dei vil ha krafta – og til sjuande og sist handlar det om å få dei statlege og private investeringane i byen her ned til eit minimum – og for at det skal bli meir på dei andre. Men det overraskande er kor hardt dei køyrer, kor omsynslaust og primitivt dei fer fram!
Dei freistar å ta sentrale einskildpersonar i staden for å spele med opne kort, sa Karina .
For mindre enn ein time sidan var eg etterlyst som barnekidnappar! Sa Kent Karlsen.
Kan me gå ut med dette? Eg meiner – kan me bruke det? Sa Kommunikasjonsrådgjevaren. Det synleggjer jo veldig godt korleis dei freistar å sverte deg?
Faadumo gjekk rundt bordet og skjenka kaffi i koppane til dei tre. Ho merka korleis Karina  fylgde henne med auga, vakta på om det var spor av løyndomar mellom henne og Kent Karlsen.
Har du funne telefonen din? Spurde ho.
Nei – sa Faadumo, ho drog på det, såg på Kent Karlsen og smilte. Eg trur eg må ha lagt han i frå meg i bilen din då vi drog frå gravferda, sa ho.
Han mørkna brått i andletet. Det var som ein iskald vind for gjennom romet. Karina  såg interessert på dei – Kommunikasjonsrådgjevaren fekk eit engsteleg drag over dei regelmessige trekka i andletet.
Gløymde du telefonen i bilen min? Sa han. Kor då?
Eg veit ikkje – det kan like gjerne ha vore i gravferda, då eg slo han av. Han kan ha blitt liggande på benken.
I baksetet? Sa Kent.
Eg kan gå ned og sjå – om eg får låne nøklane, sa ho.
Det kan eg gjere sjølv, sa han. Vent her.
Dei såg undrande etter han, både Karina  og Kommunikasjonsrådgjevaren. Faadumo sitt hjarta banka så ho tenkte dei måtte høyre det. Ho gjekk ut til arbeidsromet og sette seg med PCen sin. Brått var det teke til å haste. Om ikkje det var Kent som hadde funne telefonen, så måtte det vere Ingrid. Då måtte ho kunne låse han opp.
Ho gjekk til ”Find My Phone”-sida. Ho kunne ikkje låse han opp der, men ho kunne sende melding til telefonen  sjølv om den var låst:
Ingrid – telefonkoden er KT4gqM83, skreiv ho.
Ho ville ringe til Linda og fortelje at det kunne vere at Ingrid hadde telefon, men før ho rakk det slo det i døra og Kent Karlsen stod framfor henne. Ho bytta skjermbiletet til reknearket ho heldt på med.
Der var ingen telefon, sa han trugande.
Då ligg han nok i kapellet, sa Faadumo.  Ho bøygde seg ned, trykte inn startknappen på datamaskinen og heldt han inne for at straumen skulle kuttast og maskinen slåst av.
Eg skal stikke bort i bydelshuset og spørje om dei har funne han. Der er nok folk – det føregår ting heie tida der, særleg på fredagskveldar.
Allah Akbar. Der gjekk straumen ut. Skjermen vart svart med eit klikk. Karina  og Kommunikasjonsrådgjevaren hadde kome etter.
Men – du kunne jo sjå på PCen kor telefonen var? Sa ho.
Kva? Sa Kent Karlsen. Kva meiner du?
Det er eit sporingssystem på telefonane våre – ein kan logge seg inn på ei sporingsside og finne ut kor dei er. Ho såg jo at du hadde køyrt heim då du gjekk herfrå.
Ka faen? Få sjå!
Å – eg har slått av maskina, sa Faadumo.
Så sjå til helvete å få maskinen på att då!
Faadumo slo på. Det tok tid. Kommunikasjonsrådgjevaren tok til å bli utålmodig. Har vi tid til å styre så mykje med ein tapt telefon?  Sa ho.
Kent Karlsen la handa på skuldra hennar og sa med ei merkeleg låg røyst: Eg likar ikkje at folk plasserer spionsendarar i bilen min! Eg veit ikkje kva denne dama har funne på – og eg veit ikkje kven ho har delt det med, det ho fann. Men du og må vel forstå at det kan vere svert ubehageleg om me har ein spion midt i hovudkvarteret  vårt!
Kommunikasjonsrådgjevaren såg usikkert på Karina . Ho hadde og blitt alvorleg, men ho hadde ein annan tone då ho snakka, ho var varm i røysta, inderleg – mest kurrande.
Me klarar fleire ting på ein gong – me kan få mobiliseringa i gang til eit nytt spontant torgmøte samstundes  som me finn ut kva slags lureri du og Faadumo har i hop.
Okey – sett i gang de to. SMSar, Facebook og telefonar. Kulturtorget klokka 18:30. Mot terror og bakvasking. Ring fjernsynet og. Eg skal til botnas i det her før eg kjem!
Dei to kvinnene – dei var begge kledde i raudt – for inn på møteromet og bøygde seg over kvar sin skjerm.
Kent Karlsen bøygde seg over Faadumo og sa lågt og trugande inn i øyret hennar. Kven har du delt med? Kven veit kor eg køyrde?
Eg veit ikkje kor du køyrde – eg såg berre at sporinga virka  og då var du heime hos deg men du skulle jo komme tilbake.
Har du delt med Linda?
Eg har ikkje delt med nokon.
Du lyg. Start opp programmet!
Kvifor er dette så viktig? Har du ein løyndom?
Hald kjeften din, di svarte hore! Start opp programmet sa eg!
Faadumo reiste seg brått opp. Dette finne eg meg ikkje i! Sa ho høgt, så høgt at dei andre to skulle høyre det, men dei såg ikkje ut til å reagere.
Sett deg ned! Start programmet! Sa han, tok tak i henne og ville tvinge henne ned.
Slepp meg! Kommunikasjonsrådgjevaren såg opp, men så såg ho ned att. Karina  reagerte ikkje. Faadumo freista å skuve han vekk og kome seg forbi. Fyrst heldt han henne igjen – men så endra han taktikk, slapp henne opp, let henne gå. Ho gjekk mot døra, gjekk gjennom og tok til å springe. Men ikkje hadde ho slept døra før han var etter henne. For seint forstod ho kor dumt det var å gå ut i korridoren. Det var fredag, tidleg kveld, i kjellaren i eit offentleg bygg. Det var ikkje eit menneske der.
Han tok henne att, snudde henne rundt og slo så hardt at det svartna for henne. Ho datt, ho kjende at han tok tak i henne att, løfta henne opp og slo igjen. Han mumla medan han gjorde det, bannord og skjellsord og om att og om att at han ikkje var redd henne, at ho ikkje skulle få øydelegge han.

Så langt veit eg med rimeleg visse kva som hende med Faadumo, og på det grunnlaget tek eg meg den fridomen å sjå føre meg korleis ho tenkte og kva ho sa fram til der. Men derifrå ligg lagnaden hennar i mørkret. Eg trur at Kent Karlsen mista fatninga og slo henne til ho var medvitslaus, og at han så gøymde henne inne i eit av dei roma som ikkje var låste i kjellaren. Då ho seinare vart funnen hadde ho spor av grov vald mot hovud og øvre del av kroppen og spark mot ryggen og eit brekt bein. Korleis ho hadde kome seg – eller blitt frakta – frå kjellaren på Kulturtorget til plassen framfor AS Reint & Rimeleg er det enno ingen som veit.