onsdag 3. juli 2013

15 - Om å sjå og bli sett

   (Samandrag)

             Snøen var ganske godt rydda på tysdag morgon. Linda sykla. Ho valde sykkelstiar og bakgater, unngjekk trafikkerte vegar der det kunne hende ulukker – eller der drap kunne kamuflerast som ulukker. Tysdag morgon sykla ho fyrst til Velferdskontoret der ho bad om møte med ein bestemt saksbehandlar. Det fekk ho ikkje – det var ikkje nokon frisørsalong dette, sa dei: Ho fekk ta den saksbehandlaren som hadde tid eller så fekk ho gå nokon annan stad. Ho var ikkje uvant med slikt, så ho sette seg og venta med køen av andre som av ulike årsaker hadde  blitt sette utanfor den normale økonomien. Dei sat på rekke utan å snakke saman og knepte kvar sin kølapp i handa for å kome inn til Staten.
Staten er kvinner og menn i forsvarsposisjon som ser i skjermar, ikkje på folk dei talar med. Dei fleste eig dyrekjøpt kunnskap om at angrep er den beste måten å gripe dagen på.
Kvifor meiner du at du må ha spesialservice? Sa han som endeleg kom og henta henne tre kvarter seinare.
Eg er eit Kode 6-tilfelle, sa ho. Eg har vedtak på at berre ein saksbehandlar – Karl Gustav Solberg - skal kjenne detaljane i saka mi.
Det står at Kode 6-vedtaket er oppheva, sa Staten og myste inn i skjermen.
Eg har ikkje tenkt å fortelje deg noko meir. Kan du skaffe meg møte med Solberg?
Det står endåtil at vedtaket er oppheva på ditt eige initiativ, fortsette han.
Ho sa ingenting.
Du er på arbeid med lønnstilskot. Det er berre å møte opp kvar dag, så får du løn frå arbeidsgjevaren. Du treng ikkje kome hit.
Ho sa ingenting.
Så kva er det du vil? Sa han.
Kan du skaffe meg ein avtale med Karl Gustav Solberg?
Han vende seg mot skjermen att, studerte lenge. Meiner du Karl Gustav Solberg?
Ja.
Eg kan ikkje sjå at der er noko sak å kjenne. Den er jo opphevd. På ditt eige initiativ. Og no har du arbeid med lønnstilskot. Meir kan du ikkje få. Det er mange som ikkje får det ein gong. Det er berre å møte på arbeid kvar dag, så får du løn av arbeidsgjevaren. Du treng ikkje kome hit.
Ho sa ingenting.
Så kvifor kjem du då?
Veit du kva Kode 6 er?
Ja – sjølvsagt veit eg det? Trur du eg sit her utan å vite kva eg arbeider med? Trur du eg sit her på lønnstilskot eller?
Kan du ordne meg ein avtale med Karl Gustav Solberg?
Du må forklare meg kvifor.
Men eg kan ikkje forklare deg kvifor! Eg er ei Kode 6-sak.
Nei – det er du ikkje. Ikkje no lenger. Den er opphevd. Etter ditt eige initiativ. Det står her.
Og slik heldt det fram enno ei god stund. Det er ikkje  relevant for den tråden me fylgjer her på anna vis enn at det demonstrerer den livssituasjonen Linda Dahlin Loe stod i denne vinteren.  Ho hadde i prinsippet ein Stat i ryggen: Ho hadde valdsalarm og prioritert linje til Politihuset og lønnstilskot og særskilt vedtak i Velferdssystemet. Men ho måtte gå gjennom eit fornedringsritual kvar gong ho måtte gje eller be om informasjonar i saka si. Denne dagen hadde ho bestemt seg for å gå gjennom to: Fyrst til Velferda for å melde frå at ho ikkje kunne halde fram i det prosjektet som hadde fått lønnstilskot for å engasjere henne, men at ho trudde ho kunne skaffe seg ein annan arbeidsgjevar dersom ho kunne få med seg lønnstilskotet over dit. Etterpå ville ho gå til politiet og informere om at Kent Karlsen var dukka opp att.
Fornedringsprosessen på Velferda tok henne tre timar. Då hadde ho ikkje oppnådd meir enn eit løfte om møte med den innvigde saksbehandlaren neste morgon.
Hos politiet var det ny runde. Der hadde ho og ein særskilt saksbehandlar, men ho var ikkje tilgjengeleg. Kva gjaldt saka? Valdsalarm? Var det batteriet? Var det bruksrettleiinga  ho ikkje forsto? Skulle ho melde noko? Ny informasjon – kunne ho sende det skriftleg? Nei, nei – då fekk ho berre sitje og vente.
Der var ikkje kølappar på Politihuset, og der var heller inga synleg rettferd i kven som fekk respons og kven som måtte vente vidare. Klokka to fekk ho kome inn.
Rett skal vere rett: Då ho endeleg var komen over vollgravene, vart ho teken på alvor. Irene Guri Halvorsen Andersen hadde vore involvert i saka heilt sidan Sander døydde. Ho hadde alltid gitt inntrykk av å tru meir på Linda enn på domarane i Tingretten, og ho tok drapstruslane på djupt alvor. Ho hadde ikkje likt at Linda kom attende til byen ho var kjend i, men ho hadde sagt frå dag ein at ho godt kunne forstå det. Det er djupt urimeleg at den som trugar skal kunne gå fritt rundt og eige byen, medan den som vert truga må reise der ifrå og utslette seg sjølv, bryte venskaps og kjennskapsband og leve i forvising. Ho tok opplysningane om at Kent Karlsen var attende på stort alvor. Ho var samd i at Linda kom seg ut av Sentrumsforeininga sitt prosjekt, og noterte den nye arbeidsgjevaren og dei nye adressene som  ho rekna med å arbeide på. Så sa Linda:
Det kan vere at eg har opplysningar i saka om drapet på Malin Meyer. Trur du dei som arbeider med den saka er interesserte i å snakke med meg?
Det trudde Irene Guri Andersen Halvorsen ganske sikkert. Kva var det? Linda fortalte kortast råd om  dei to besøka på verksemda, om han eine utviklingshemma som lar til å ha sett det som hende, om dørene og teorien om at ein drapsmann kunne ha kome utanfrå, om Malin Meyers spesielle veremåte og «appell» og om den biologiske faren som ho ikkje visste noko om.
Det var da veldig, sa politikvinna.  Ho ville skrive eit notat om dette og gje det til etterforskingsleiaren,  så kunne dei ringe Linda om dei fekk bruk for meir informasjon.
Det høyrest mest ut som at du har sett i gong etterforsking på eiga hand?
Nei nei. Eg berre dumpa over det.
Interesserer saka deg spesielt?
Ja. Sjølvsagt. Det liknar på det som hende med Sander.
Korleis likna det på det som hende med Sander?
Eg veit ikkje sikkert. Men det fekk alt det gamle til å velte opp meg att. Eg trudde eg hadde fått det på avstand. Det var så hjarterått og hjartelaust – ikkje berre sjølve drapet men like mykje dette at heile byen var meir opptekne av at ein radioreporter hadde sett blod på jobben enn av kva som hende med ho som blødde seg i hel.
Eg ser parallellane, sa Irene Guri tankefullt.
Eg har helde rundt mitt eige barn medan han blødde i hel. Eg bar sorga aleine. Sorga og skuldkjensla over at eg hadde lete meg fange i et slikt nett. Medan folk flest  rundt meg tykte synd om han som pressa oss ut av vegen og trudde på alt han sa.
Me gjorde så godt me kunne.....
Ikkje alle! Men du gjorde, trur eg. Det heldt berre ikkje. Han var for sterk og for kynisk.  Eg vert sjuk om denne saka og vert lagt bort på grunn av bevismangel.
Trur du han er involvert i denne saka og?
Det har eg ikkje eit einaste haldepunkt for å tru. Men det er jo uhyggeleg at han dukkar opp att nett no? Nei. Eg trur ikkje det er han. Men eg trur det er ein med dei same karaktertrekka  – ein som oppriktig meiner at han har rett til å drepe.
Gå no ikkje meir opp i dette enn det som sunt er! Sa Irene Guri Andersen Halvorsen, og lova å gje notatet til han som leia etterforskinga. Ho la til at dei fekk mange tips, Linda måtte ikkje tru at dei ikkje tok opplysningane hennar på alvor om ikkje dei ringte.

 

Ettermiddagsblogg: Det viktigaste. 

Av Passasjer 81 (Tysdag 9.):

Du er eit velorientert menneske. Eg meiner - du er meir oppdatert enn dei fleste. Du får med deg det meste av det som kan lesast om kva som hender rundt deg. Men sjølve hendingane er du ikkje like observant på. Eg er slett ikkje sikker på om  du hadde fått med deg dramaet  som utviklar seg på bussen om ikkje du hadde lese denne straumen frå meg. Du sit midt oppe i det – og les. Og eg sit her og skriv. Den tida som eg treng på å gjere det leselig – det er den same tidslengda som du ligg attom hendingane. Nei – nei – nei – dette er ikkje kritikk! Det er berre eit av desse draga ved vår tid som eg går rundt og undrar meg over. Det er enkle menneske – som meg – som lever I tida. Dei meir sofistikerte – slike som du – lever etterpå.
Slik er Lady Raud og. Ho ser meg framleis ikkje. Ho lyttar litt meir interessert til praten mellom Elvis og Alvarez no. Men ho fortel dei ikkje kvifor. Trur du ho vil fortelje det til kjærasten sin i kveld?
Eg trudde ho selde klede. Eg såg meg vel blind på elegansen hennar, eg trudde vel at ho knapt kunne ha andre talent som overgjekk det. Men ho sel noko heilt anna – ho sel råd. Om kommunikasjon,  marknadsføring og  handtering av media. Eg laug for henne – eg ringde og sa at eg var tillitsvald på Cosy Lamps og at eg tykte leiinga skulle kjøpe profesjonelle råd og spurde om eg kunne kome og få nokre argument for det hos henne. Eg var hjarteleg velkommen – det ville ikkje koste noko, det var eit innsal, sa ho.
Det var som eg trudde – ho hadde aldri sett meg tidlegare då eg kom på kontoret hennar. Eg sa at eg meinte eg hadde sett henne før, men ho vifta det bort med at det sikkert var på fjernsyn eller på eit bilete i avisa.
Eg likte veldig godt å tale med henne. Ho fekk meg til å kjenne meg viktig, klok, til og med vakker! Og ho klara opp mange ting for meg som eg på eit vis visste, men som ho fekk meg til å erkjenne. Ein grunnleggande setning må aldri gløymast, uansett kva ein driv med, sa ho: Det er alltid kunden som har rett. Det står fast og er utanfor diskusjon. Utfordringa ligg i dette med at ein  alltid har fleire kundar, og at det som er rett for den eine er ikkje alltid  rett for den andre på same tid. Det er her ein treng råd!
Ho spratt opp og teikna ein ring på ei tavle ho hadde på veggen. Det var Cosy Lamps, sa ho. Kven er kundane? Jo – det var kommunen, det var velferdssystemet, det var familiane til dei utviklingshemma, det var dei utviklingshemma sjølve – ein måtte ikkje gløyme dei! Og det var skuleelevane, skulane som sende dei, skulesjefen som hadde ansvaret, skulestyret som hadde siste ordet, foreldra  – og så var det media. I denne situasjonen så var det vel og politiet ein slags kunde, var dei ikkje?
Viktigast er å unngå konflikt! Sa ho. Ingen andre enn media tener på ein konflikt. Gje alle det dei ber om – og helst litt meir enn dei forventar.
Men det går vel ikkje an å gjere alle til lags? Sa eg. Til dømes – ein elev som ikkje har lyst å vere der, og ein skule som har lyst å bli kvitt eleven?
Om ikkje alle kan gjerast til lags, så må ein manøvrere slik at konfliktlinene går mellom andre! Sa ho, og teikna ei pil mellom skulen og eleven, ei mellom foreldra og skulesjefen og endå ei mellom dei utviklingshemma og kommunen. Det ser ikkje lett ut, sa eg. Det er her ein treng råd! Sa ho. Og så fekk eg ein stabel med papir og visittkort med mobiltelefonnummeret hennar.
Velkommen igjen, sa ho. I kriser er me klare på kort varsel!
Og no sit eg og høyrer og ser korleis ho har fått ny interesse for Elvis og Alvarez sin dag.
Skal eg seie mi ærlege meining så var dei nokre drittungar, seier Elvis. Dei har sikkert vanskeleg bakgrunn, seier Alvarez. Og dei er redde.  Ja, seier Elvis. Eg skjønar godt at skulane ikkje vil ha dei.  Alvarez trur ungdomane reknar med at mordaren kjem attende.  Ja, seier Elvis, men det er likevel for enkelt – dei skulle i det minste hatt lærarar med seg. Alvarez freistar fortelje at han snakka med to utviklingshemma og. Ja, seier Elvis og snur seg til Lady Raud. Og korleis har din dag vore?
Å – du veit. Som vanleg, seier ho og smiler. Eit kav etter nye oppdrag, heile tida.
Eg sit og skriv. Du sit og les. Mama Harjet sit aleine på setet sitt i fred, mellom alle dei andre med lukka, innvendte andlet. Lady Raud har aldri sett nokon av oss før.
De står i ulike tradisjonar, du og ho. Dine har røter i det opplyste eineveldet. Hennar har røter i basaren. Ingen av dykk ser det. Du trur du står i ein folkeleg sosialistisk tradisjon, at det kom nedanfrå dette kravet om bibliotek, kunstmuseum, konserthus, teater, trykkefridom og himmelsk bestråling. Men det gjorde det jo ikkje – det var berre dei nye tidene som definerte gamle idear på nye måtar og brukte dei til å skilje menneska som før: Før var det adel og tredjestand, no er det kulturmenneske og harry.
Lady Raud trur og at ho står i ein overklassetradisjon, at rådgjevinga hennar  er i slekt med danning, karakter og opplysning. Men det er jo ikkje det. Det er opportunisten og juggelkremmaren sine kunster ho fører vidare. Ho snuser kor vinden bles og snur kappa kjapt som katten, ho jattar og chattar og får alle til å kjenne seg vel medan ho pratar dei rundt og smigrar og sel.

Og du les. Og eg skriv.