mandag 5. august 2013

29: Dag 12 - kl 10:10 - Regelverk

            (Samandrag - "Til minne om Linda" - avsn 1-29)
            Det var fredag, den 12 dagen i forteljinga, den dagen som enda så grusomt. Klokka var 10:10.
Før opptaket tok til å spreie seg mellom innvandrarkvinner og reingjeringsassistentar, hadde det i mange timar vore brennheitt mellom jenter i førpuberteten.
Ingrid Dahlin Loe var ikkje der lenger.  Men til då var det berre ho og Margrethe Obstaklevic som hadde trødd inn i  denne nye verda som alle jentene skulle kome til ein gong. Dei var kvinner. Dei kunne få barn om dei ville. Dei kunne sjå  overberande på  desse små, keitete gutane som freste rundt dei, som skrensa med syklar og sklei på  issvullar. Det var ikkje naudsynt å seie noko som helst til gutane  -  gutar skjønar seg likevel ikkje på alvoret i livet.  Men mellom jentene visste alle at Margrethe og Ingrid stod i ei særstilling, dei hadde stor verdigheit og høge stjerner, og posta dei noko på Facebook så leste alle det, så sende alle det vidare.
Margrethe hadde vore ein av dei fyrste som hadde sett Ingrid si melding og spela opptaket. Ho hadde delt  det vidare  slik at alle venene hennar og fekk det - ho hadde 74 på venelista si. Ho var sprekkeferdig då dei møtte kvarandre i parken om morgonen
Er du redd? Spurde ho. Eg hadde vore livredd. Kven er det eigentleg? Kvifor vil han drepe mor di? Kan me seie det på skulen?
Og då lærar Brigt Viklimodal  brukte litt av andre timen til å snakke med klassen om hendingane dei siste dagane, kunne ikkje Margrethe halde seg lenger. Det kan snart bli eit drap til! Sa ho. Ein mann seier han vil drepe mor til Ingrid!
Kva er det du seier? Sa Brigt Viklimodal. Du må ikkje seie slikt!
Men det er sant! Og dei fekk gjort opptak av han då han sa det – og no har Ingrid lagt opptaket ut på Facebook og alle må hjelpe dei og passe på at ikkje han kjem nær huset deira!
Kva er dette, Ingrid?
Ingrid stod opp og trekte pusten djupt. For aller fyrste gong skulle ho fortelje rett ut til klassen sin og læraren sin om det som hadde vore det viktigaste i livet hennar til no.
Det har alltid vore hemmeleg – men nå er det ikkje hemmeleg lenger, sa ho.
Det såg ikkje ut som klassen fylgde med. Eit par av gutane dreiv med noko anna, ei av jentene såg ut gjennom vindauga, ei anna sat og teikna. Ho vart litt sint og tok ekstra hardt i:
Ein som heiter Kent Karlsen drap bror min og freista drepe mamma og nå seier han at han vil gjere det igjen og at ho skal få skulda sjølv! Sa ho.
Reaksjonen vart slett ikkje som ho hadde tenkt. Læraren vart sjokkert og tok henne hardt i armen, trakk henne mot døra. På gangen sa han hardt til henne at slikt måtte ho ikkje seie – og tenk å kome med slike skuldingar mot ein namngjeven mann – tenk om han hadde slektningar i klassen? Tenk om nokon hadde foreldre som kjente han? Korleis trudde ho det ville vere for dei? Slike alvorlege ting er ikkje noko å tøyse med!
Men det er sant! Sa Ingrid i opprør.
Gå til Rektor og fortel kva du har gjort! Sa læraren, gjekk inn døra til klasserommet og lukka att.
Ho stod utafor ei stund. Ho høyrde klassen lo. Ho høyrde ei stemme som sa noko og, som høyrdest sint ut, det kunne vere Margrethe si – men så sa læraren noko med streng røyst og så vart lydane berre eit lågt surr som ikkje kunne skiljast frå sus frå vassrøyr, dur frå panelomnane og tikking frå klokka i korridoren.
Det var ikkje så vanleg lenger, i byen her, å setje unge menneske i slike dilemma  som Ingrid Dahlin Loe var sett i der. Ein brukte ikkje lenger slike usynlege maktmiddel som samvit og autoritetsrespekt i daglegdagse konfliktar. Men desto meir effektive var dei når det oppsto spesielle konfliktar – når alvoret i tilværet stakk taggane opp i klasserommet. Ingrid Dahlin Loe var sjølv alt for ung og urøynd til å gjere seg refleksjonar over kva det eigentlig var, det som hadde hendt, at det var  ulvetennene under natthuva til bestemor ho nett hadde sett,  at ein grunnføresetnad for samfunnsordninga i byen her hadde vist seg for henne utan tilsløring, sminke og godlukt. Ho hadde for fyrste gong fått kjenne styrken  bak det prinsippet at den som øydelegg fleirtalet sin draum om at råskap og brutalitet ikkje har noko med dei å gjere, skal straffast med utstøyting og skuldkjensle.
Ho stod der og kjente sinne og maktesløyse kjempe om plassen i seg. Då ho berre hadde høyrt dette surret av vanlege lydar ei stund, tok ho  eitt og eitt Steg mot Rektor sitt kontor utan å vite kven ho ville vere når ho kom fram. Om ho kom fram.
Ute i trappa tok ho opp telefonen og fann fram nummeret til mor si. Ho stod ei stund og tenkte – så la ho telefonen i lomma att. Mamma hadde problem nok. Ho gjekk til Rektor.
Brigt sa at eg skulle seie til deg kva eg har gjort.
Kva har du gjort då?
Eg har fortalt at ein som heiter Kent Karlsen seier at han vil drepe mamma og at ho skal få skulda sjølv.
Rektor la frå seg brillene og la hendene over kvarandre på skrivebordet sitt. Ho var ei tynn, ganske høg dame som ingen kjente. Ingen var glade i henne, ingen var redde for henne.  Ho såg ei stund på Ingrid, så peikte ho på stolen, at Ingrid skulle setje seg. 
Kven seier han det til?
Han sa det til mamma. Ho fekk gjort opptak av det. Fyrst vart me redde – men så sa Faadumo at det var farleg å vere redd og at me skulle spele opptaket for alle naboane så dei kunne hjelpe oss å sjå etter han og så la me det like godt ut på Facebook.
La mor di det ut?
Ja.
Syn meg
Rektor gav plass for Ingrid framfor PCen sin. Ho logga seg inn på Facebook og søkte opp mor si.
Ingen treff.
Men – så rart? Sa Ingrid.
Det ser ikkje ut til at mor di er på Facebook, sa Rektor.
Jau – det er ho! Og då eg la meg i går kveld hadde ho alt fått åtte kommentarar – og to hadde delt vidare!
Hugsar du kven det var då?
Ingrid hugsa den eine og søkte henne opp. Der stod ingenting om at ho hadde delt nokon lydfil frå Linda.
Er det sant, dette du seier? Sa Rektor   med skarp stemme.
Ja – det er jo hos meg i alle høve! Ho fann fram sin eigen profil og posten Mannen på dette opptaket seier han skal drepe mamma og at han veit kor me bur. Hjelp oss å melde frå om han nærmar seg! 
La meg høyre lydfila, sa Rektor.
Eg veit kor du bur!
Tru ikkje at du skal få øydelegge meir for meg!
Eg dreper deg om ikkje du held deg vekk!  Og du får skulda!
(Steg – lyd lenger borte) Hei Beauty! Er det greitt at eg legg nokre flygeblad her så folk kan ta? Ja – til deg og, sjølvsagt – det er meg ei ære, ver så god! (lått)
Det er stefar din dette? Sa Rektor
Ingrid visste ikkje kva ho skulle seie. Ho såg på det uleselege andletet framfor seg og slapp ut av seg at ho ikkje visste at Rektor kjende til at Kent Karlsen var stefar hennar.
Eg veit det, sa Rektor. Men eg veit ikkje kva eg skal gjere med deg. Eg trur eg må snakke med mor di.
Ho er på jobb.
Ja visst. Og stefar din?
Du kan då ikkje snakke med han ?
Kvifor kan eg ikkje det?
Han vil jo drepe oss?
Om så var – er det ikkje på tide at nokon snakkar med han? Og om opptaket berre syner ein talemåte – har han ikkje då rett til å få vite kva som vert spreidd om han? Og -  om opptaket er falskt – er det ikkje då rett at han får fortalt sin versjon?
Men han er farleg! Han har alt drepe bror min – og han var nær ved å drepe mamma!
Unge dame: Du må nok lære deg til å forstå at mor di sin versjon av kva som hende på ulukkesstaden der bror din døydde ikkje er den einaste versjonen. Hennar og far din sine versjonar har vore etterforska og dei er grundig prøvde i retten og konklusjonen vart at det ikkje var tale om noko drap og heller ikkje noko drapsforsøk. Likevel måtte han sone eit heilt år i fengsel.
Ingrid var for ung til å forstå rekkeviddene av det Rektor sat rett mot henne og sa. Men ho kjende  ein intuitiv angst krype oppetter ryggraden. Rektor sa at ho skulle setje seg inn på lærarane sitt arbeidsrom og vente litt – ho skulle arbeide med skulesakene sine sa ho, og då Ingrid sa at sekken stod i klasserommet sa Rektor at alle lærebøkene stod i hyllene der inne. Ingrid sa ikkje meir, for ho kom på i det same at ho kunne ringe til mor si når ho kom inn der – men då var det nett som om Rektor  las tankane hennar, for ho sa: Gje meg telefonen din.
Sjå til at denne jenta ikkje finn på noko gale, sa Rektor til ein einsleg lærar som sat der inne. Og så sat Ingrid i fangeskap.
Du får finne noko å arbeide med – eg må førebu timen, sa læraren som sat der.
Eg er redd, sa Ingrid.
Uh, sa læraren.
Eg trur Rektor vil ringe til stefar min, sa Ingrid.
Du har vel funne på ting då, som ho må ringe om!
Men han er farleg!
Eg må førebu timen min.
Han seier han skal drepe mamma! Han drap bror min!
Kan du finne deg noko å arbeide med og vere stille? Sa læraren skarpt.
Det var ein PC der. Ho trykte varleg på mellomromstasten berre for å sjå at ho måtte ha brukarnamn og passord for å kunne bruke han. Ho spurde, men fekk berre eit kort nei til svar.  Ho fann eit blankt papir, og skreiv eit brev til Margrethe, sjølv om ho ikkje visste korleis ho skulle få det fram.
Hjelp, Margrethe! Ingen vil tru på det eg seier! Rektor vil ringe til han på opptaket! Ho tok min telefon – eg får ikkje ringt til mamma. Ver så snill å ringe henne om du kan.
Rektor må ha vore eit av desse menneska som er oppteken av å gjere alt korrekt. Eit langt arbeidsliv i skuleverket må ha synt henne at det som kan kallast Røynda er ganske samansett og at det kan vere vanskeleg å skilje rett og galt, klint og kveite, ulv og lam. Regelverk er enklare. Dei er bygde på systemtenkjing, der er struktur,  logikk og konsekvens i dei. Truleg gav ho tidleg opp alle ideale fordringar om å sette variable verdiar opp mot det moderne grunnprinsippet om at lovar og reglar skal vere like for alle.
Seinare kom det og fram at det ikkje var meldt inn noko endring i skulen sine informasjonar om kven som var Ingrid Dahlin Loe sine pårørande. Der stod både Linda, mor hennar, og Kent Karlsen, stefaren. Skulen var høfleg nok til ikkje å gjere noko nummer av om ein far var biologisk eller sosial, for ein pårørande er ein pårørande.  Ut frå dette er det ikkje så vanskeleg å rekonstruere tankerekka som må ha lege bak handlingane hennar. Den må ha vore om lag slik:
Foreldreretten er grunnleggande. Men sume av elevane kjem frå private sfærar med så djupe konfliktar at foreldra har ulike – gjerne motsette – krav til skulen.  Då er det Velferdssystemet og Rettssystemet sine oppgåver å gå inn i stridsemna for å løyse eller å døme - det er ikkje skulen sitt ansvar. Når Velferd og Rett  har gjort sine vedtak, har skulen å rette seg etter det – sjølv om den eine eller andre part i dei private konfliktane meiner noko anna.
Her hadde eit barn fanga opp utsegner i ein slik privat konflikt  og offentleggjort dei gjennom ein av desse nye kanalane som i prinsippet måtte handsamast under same regelverk som massemedia. Det kunne knapt eksistere tvil om at offentleggjeringa  var brot på etiske køyrereglar. Truleg kunne det og rammast av injurieloven og loven om vern for privatlivet. Men barnet levde med mor si, og var naturleg nok mest påverka av hennar syn – eit syn  som hadde vore uendra sidan ulukka fem år tidlegare,  sjølv om Retten  heilt klart hadde overprøvd hennar versjon av kva som hende.
Det kom seinare fram at Rektor og hadde vore  ein av deltakarane på seminaret om omdømebygging, og at ho hadde høyrt Kent Karlsen fortelje sin versjon om korleis hans omdøme  vart øydelagt av Linda Dahlin Loe sine påstandar, sjølv om Retten i hovudsak hadde trudd meir på han enn på henne. Rektor hadde etterpå  lese om att  det  samandraget av saksmappa til Ingrid som ho hadde fått frå Velferdssystemet då eleven hadde kome attende frå dei tre åra med hemmeleg identitet. Ho hadde jo ikkje rekna med å bli involvert i konfliktane på noko vis – men når det no likevel gjekk slik, så meinte ha at ho var særs godt førebudd og godt i stand  til å gjere korrekte val.
Det har aldri vorte avklart om Rektor ringde Linda Dahlin Loe. Normalt hadde Linda alltid telefonen på seg, ho var alltid klart til utrykking om Ingrid skulle ringe. Me på denne tida sat ho i djup samtale me Arnt Helge framføre akvariet hans, og telefonen kan ha vore i trillevogna med vaskeutstyr, og kort tid etterpå vart han øydelagd, slik at det ikkje var mogleg å få fram lista over oppringingar.
Litt før klokka halv tolv gjekk døra til lærararbeidsrommet opp. Rektor og ein stor, smilande mann kom inn.
Hei, Ingrid, sa mannen, me skal nok finne ut av dette. Kom her, du.
Ho kunne ikkje hugse å ha sett han før. Ho trudde han var ein slags lærar eller rådgjevar eller noko, ein som ho aldri hadde sett men som visste kven ho var, så ho gjekk med han. Det var fyrst då han sa farvel til rektor at ho fekk mistanke.
Hjarteleg takk skal De ha, sa han.
De får ha lukke til, sa Rektor. Så reknar eg med at De orienterer mor? 
Det skal me nok. No skal me fyrst ha ein god prat, sa han.
Ein far-dotterprat! Sa Rektor og smilte.
Då kjende Ingrid det same som Linda hadde forklart – korleis musklane i kroppen vart lamma, korleis ein skvett væte glapp. Ho ville seie noko, ho ville rømme, ho ville skrike – men han hadde teke eit så overtydande fast grep i handa hennar at lamminga sette seg i heile kroppen.
Ha det, Ingrid! Sa Rektor.
Linda såg på henne – ho bad med auga – ho trygla med auga – ho klandra med auga: Du skulle verne meg! Men ho fekk ikkje fram ein ljod. Ikkje før dei var ute i korridoren fekk ho krefter til å gjere eit rykk. Ho klarte det nesten – men han tok nytt tak hardt rundt armen: Ånei, du, sa han. No skal me endeleg få vere på tomannshand, du og eg. No skal du endeleg få høyre  kva mor di har gjort!
Dei kom ut. Det var det store frikvarteret. På den andre sida av skuleplassen såg ho Margrethe. Ho stod og tasta på telefonen sin. Margrethe Obstaklevic hadde ein dyr telefon, slik ein som kunne to mot og sende Facebookmeldingar. Ho gjekk med nasen i telefonen støtt, og såg ingenting rundt seg. Ingrid  ville rope – men må ha forstått det, for han trykte hardare rundt armen. Du treng ikkje rope, sa han. Du har ikkje noko å rope for, du får det fint med meg. Han opna døra på ein bil som stod der, dytta henne inn i baksetet. Ho sette seg over på motsett side, ville opne og springe medan han sette seg inn, men han hadde sett barnesikringa på – ho kunne ikkje opne bakdørene innanfrå.

Ta på deg sele! Sa han, og starta opp.