fredag 4. oktober 2013

55: Laurdag - den 13. dagen

Det var som om det hylet klipte alle utviklingsliner i byen.
Reinhardt Skjetne vart teken omtrent med det same han kom inn på Torget. Det var fullt av folk der, sikringsvakta i Teateret hadde ikkje teke sjansen på å la framsyninga gå, han hadde bede politiet om hjelp med bombehund og metalldetektorar, og publikum var sendt ut att for å vente. Tilfeldigvis kom Hundepatruljen til å parkere tjue meter framfor Skjetne der han kom gåande i mørkret. Han var så nær då hunden vart slept ut, at denne straks fekk ferten av den skotvarme pistolen. Hunden sprang rett bort til Skjetne og markerte. Ikkje logrande som han brukte når han hadde funne noko og venta seg hundesjokolade, men så opphissa og aggressivt at føraren fyrst trudde han måtte vere avleidd av noko.
Orsak, sa hundeføraren til Skjetne. Kom her! sa han til hunden.
Det er i orden, sa Skjetne.
Dei var to politifolk i bilen, han som køyrde, kom ut og sa at dei måtte finne ut kvifor hunden markerte.
Eg har vore litt uheldig, sa Skjetne, eg sølte litt på meg.
Me er frå politiet, sa han som køyrde, kan me undersøke deg?
Om Gud så vil, sa Skjetne. Då hadde politimannen alt sett at jakka hang skakt, han slo på utsida av lomma og kjende det var hardt, han stakk handa ned der og drog ut pistolen.
Den er varm, sa han til kollegaen sin.
Eg har utført eit oppdrag, sa Skjetne
Kan du løfte hendene? sa politimannen. Han andre sa at han ville setje hunden inn att i bilen, han gav hundesjokolade til han og mumla flink bisk, flink bisk.
Har du fleire våpen? spurde han fyrste.
Nei, sa Skjetne, og det er berre eit skot att i den der.
Og kva har du gjort med dei andre?
På Guds befaling har eg starta eit motåtak.
Ja vel. Vart nokon skadde?
Fire. Trur eg.
Kor var dette?
Skjetne forklarte. Den fyrste politimannen rapporterte på radio, den andre fullførte undersøkinga av Skjetne, sette på han handjern og bad han setje seg inn i bilen. Dei snudde og køyrde attende den vegen Skjetne forklarte og kom fram til parkeringsplassen ved AS Reint & Rimeleg.
Ei kvinne kom springande mot dei medan ho veiva med armane. Eit barn låg på kne og hylte. Fleire kroppar låg på plassen. Dei rapporterte på radioen, dei bad om ambulansar og væpna aksjon.
Er de fleire om dette? spurde han eine.
Nei, sa Skjetne. Eg fekk oppdraget aleine.
Kven gav deg oppdraget då?
Gud.
Akkurat. Sit stille her.
Lenge før fyrste utrykkingsbil kom, hadde dei to konstatert at alle fire kroppane på bakken var døde, at det ikkje var sprengstoff på dei eller under dei eller like ved, og at der ikkje var andre attentatmenn gøymde i dei mest openberre posisjonane rundt parkeringsplassen. Så kom ein ambulanse, så kom ein politibil, så kom to ambulansar til, så kom ein minibuss med dei fyrste frå terrortroppen, så kom den fyrste avisfotografen, og så kom Irene Guri Andersen Halvorsen. Ho sprang bort til Ingrid, trekte henne inntil seg og sleppte henne ikkje frå seg resten av den natta, endå ambulansefolk og barnevernsvakt og vaktsjefen i politiet og ein prest som kom til litt seinare, meinte at dei alle var betre kvalifiserte til å ta seg av henne.
Eg har kjent henne sidan ho var sju  år gamal. Inntil vidare blir ho med meg, sa Irene Guri Andersen Halvorsen.
Om laurdagen var Irene Guri og ryggen av Ingrid på framsida av alle aviser i heile Nord-Europa. Alle etermedia rapporterte, kommenterte og repeterte. Alle med eit snev av patriarkalsk aura rundt seg vart spurde ut om kva dei følte og tenkte: Statsministeren, fleire biskopar, ein historieprofessor med malmklingande røyst, fleire forfattarar og ambassadøren til USA (han hadde òg ei særleg uttrykksfull stemme). Lokalt var det ordføraren, skulestyrepolitikaren og Kent Karlsen.
Dei var godt samkøyrde. Dei sa at det var frykteleg tragisk, at tankane gjekk særleg til den unge som hadde mista mor si, at ein gal mann kunne øydeleggje for ein heil by, at samhaldet i byen her var sterkt, og at ingen skulle verte overlatne til seg sjølve når ulukke råka. Kent Karlsen sa ikkje på eige initiativ at den unge som hadde mista mor si, var den same dottera som muslimane hadde kidnappa frå han sjølv dagen før. Ein av dei lokale journalistane hadde spurt om det ikkje var så, men då hadde Kent Karlsen sagt at han ikkje måtte blande saman dei to sakene i ein slik situasjon som denne, og journalisten hadde bede om orsaking.
Det hadde vore åtak på moskeen om natta. Eit stort vindauge ut mot gata var knust, og det var sett fyr på ein søppeldunk utanfor veggen. Det var omtala i ein notis i den eine avisa, men ingen sette hendinga i samanheng med massakren framfor reingjeringsverksemda.
Ved middagstider på laurdagen kunne politiet fortelje på ein pressekonferanse at pistolen var av same merke som dei to tidlegare drapsvåpna og våpenet som vart funne utanfor moskeen. Dei kunne òg stadfeste at den hadde produksjonsnummeret etter dei andre tre. Men det var for tidleg å svare på om dei no hadde den skuldige bak alle drapshendingane.
Om ettermiddagen kom meldinga om at ein etnograf med same namn som attentatmannen hadde teke til å publisere ein blogg der han hevda å ha prov for at det protestantiske Europa var Guds Utvalde Folk, og at det no gjekk mot eit avgjerande oppgjer mellom dette og andre degenererte folkeslag som i røynda var sataniske krefter.
Om kvelden sa ein professor emeritus i filosofi at framveksten av ekstreme subkulturar mellom dei kristne var ein forståeleg konsekvens av fundamentalismen innanfor islam.
Om sundagsføremiddagen var det ekstraordinær søking til kyrkjene i byen her. Prosten hadde hatt alle som skulle tale, inne til krisemøte om laurdagskvelden og difor fylgde dei alle same opplegg for gudstenestene. Dei sa at kristendomen handlar om tru, ikkje om rase, og at det var viktig å stå saman i sorga og vise kvarandre kjærleik.
Om sundagskvelden var det endå eit folkemøte på torget: Denne gongen var det svart av folk. Kent Karlsen heldt ein sterk og svært personleg tale der han sette ord på dei kjenslene som låg under samhaldet og gjorde det så sterkt. Folk heldt om kvarandre og gret, så rørte vart dei. I sosiale medium etablerte profilane Sigfrid Bonde og Fatima Fredriksen eit nytt samfunn som dei kalla: «Me som held saman», Der kunne folk skrive korte bodskapar og forteljingar om korleis dei opplevde desse dagane. Før helga var over, hadde det vakse til mange tusen medlemer.

Den utvalde

Mark S. Mekhar gjekk på jobb med det same han høyrde om kva som hadde hendt. Slik vart han den fyrste som avhøyrde Reinhardt Skjetne. Han sette seg ikkje framfor arrestanten, han gjekk rundt og rydda i avhøyrsrommet, stort sett med ryggen til han.
Kva skal skje no? sa Skjetne.
Du må forklare deg, sa Mekhar.
Kven skal avhøyre meg? sa Skjetne.
Eg veit ikkje, sa Mekhar.
Ingen sa noko. Mekhar fomla med papir. Kor kom pistolen frå? mumla han.
Sa du noko?
Det er berre ein rubrikk her – kor kom pistolen frå?
Spør du meg?
Mnjaaa …, sa Mekhar, utan å svare.
Den kom frå Gud.
Okei, sa Mekhar. Han bøygde seg ned over nabobordet og skreiv på eit papir medan han mumla langsamt: F-r-å G-u-d. Stor G i Gud?
Han låg i fontena på kulturtorget, nett der som eg sneipa røyken.
Mark S. Mekhar snudde seg mot han og sa: Det trur eg ikkje.
Han gjorde det!
Det er berre noko du seier. Du vil berre gjere deg interessant. Eg trur du kjøpte han frå ein bosniak.
Eg har ikkje teke i ein pistol sidan militæret! Han låg mellom buskane.
Og korleis kunne du vete det?
Eg visste det ikkje. Det var eit teikn frå Gud.
Så det var Gud som kjøpte han frå ein bosniak og la han mellom buskane?
Du er jo utlending.
Mark sa ingenting.
Er du reingjeringshjelp?
Mark sa ingenting.
Kvifor startar ikkje avhøyret?
Mark sa fyrst ingenting. Så sa han: Du er vel ikkje så viktig.
Skjetne retta seg opp. Ikkje viktig?
Mark trekte på skuldrene, tok til å fomle med søppelbytta. Plystra.
Eg vert galen av dette! sa Skjetne.
Den var god.
Kva meiner du?
Alle kan jo sjå at du var galen lenge før du kom hit.
Eg er ikkje galen!
Folk som trur at Gud går og kjøper pistolar frå bosniske bandittar, er galne, sa Mekhar.
Det har eg ikkje sagt!
Det var jo nettopp det du sa!
Eg sa at eg fann pistolen mellom buskane i fontena då eg skulle sneipe røyken.
– for Gud hadde lagt han der, etter at han kjøpte han frå ein bosnisk banditt.
Det har ikkje eg sagt!
Kor mange kjøpte han då?
Kven?
Gud?
Eg har ikkje sagt at Gud kjøpte pistolar!
Kor fekk han dei tre andre frå då?
Tre andre?
Dei kjem i små kassar med fem.
Kva er det du snakkar om?
Dei kom frå Kragujevac i det sentrale Serbia i små kassar med treull og fem i kvar kasse med serienummer etter kvarandre. Antakeleg vart dei stolne i eit eller anna militærlager og selde, og så har dei vorte selde vidare frå den eine banditten til den andre heilt til dei kom hit og Gud kjøpte dei frå ein bosnisk banditt før han gav den eine til deg. Men dei andre då? Kor vart det av dei?
Det er du som er galen.
Mark S. sa ingenting.
Kvifor startar ikkje avhøyret?
Det er fredag. Og du skal vel likevel berre rett på galehus. Det er berre eg som må arbeide.
Tek dei det ikkje alvorleg?
Kva då?
Det som eg har gjort?
Neii – det er jo oppklart?
Kva meiner du at eg skal på galehus?
Folk som trur at Gud handlar pistolar frå bosniske bandittar, brukar å verte sende dit.
Eg har starta ein krig!
Åja. Og eg er snart ferdig for i dag.
Eg vil ha ein advokat!
Kvifor det?
Eg har rett på ein advokat!
Du treng ein lækjar. Ein psykiater. Du får det på galehuset. Dei er snille der. Dei har god mat om laurdagane. Du får det så fint atte. Og me kan konsentrere oss om viktigare ting.
Gud valde meg til å starte det store opprøret frå hans utvalde folk!
Imponerande gud du har: Handlar småpistolar frå bosniske bandittar – og startar krig med tullingar.
Mark S. retta seg opp og såg på klokka. Nei – endeleg! sa han. No er det berre ein røykjepause så er eg ferdig. Er du røykjesugen?
Nei. Eg røykjer ikkje.
Nei, sjølvsagt. Du berre sneipar sigarettar. Det er slik du finn pistolane frå Gud.
Eg røykte i dag – eg vart så sint.
Kvifor vart du så sint?
For bibliotekaren trudde at ein arabar ikkje var farleg berre fordi han var professor.
Åja.
Ho skuslar bort fedrearven! Ho – og han skodespelaren!
Gjer dei?
Dei ser ikkje at arabarar og negrar og asiatar fløymer inn over grensene for å utslette oss! Enn om eg skyt skodespelaren og professoren, tenkte eg – og vips – der stod eg med pistolen i handa!
Kor fekk du røyken frå då?
Skal seie du har syn for det vesentlege! Eg kjøpte han i kiosken i kjøpesenteret.
Kva merke?
Prince.
Vanleg eller mild?

Reinhardt Skjetne såg usikkert opp på den uttrykkslause og keitete kroppen som stod ved nabobordet. Så såg han ned og mumla: Mild.