mandag 7. oktober 2013

56: Den usynlege

(Samandrag)   
Irene Guri Andersen Halvorsen enda opp med å ta Ingrid Dahlin Loe heim til seg. Ho heldt mykje rundt den unge, lét henne gråte ut mot brystkassa si. Etter kvart lét ho henne få senga si, ho sat og strauk henne over håret til ho sovna.
Ho hadde snakka med besteforeldra hennar, Lyder Loe og Della Dahlin. Dei ville gjerne ha henne dit, men dei vedgjekk at det ikkje passa så godt, dei var gamle etter kvart, og Lyder hadde teke godt for seg, det var jo fredag. Onkelen hennar, Espen, var heller ikkje i form etter ein lang ettermiddag på puben Korridoren.
Ho sat og kjende på den rivande sorga inni seg, på skuldkjensla: Kvifor hadde ho ikkje teke dei med på Politihuset? Kvifor hadde ho ikkje skaffa dei hotellrom? Kvifor hadde ho ikkje nekta dei å kome attende til byen? Ho vart glad då Max Mekker ringde og spurde om han kunne kome oppom.
Kunne eg ha hindra det? sa ho.
Han såg på henne utan å seie noko.
Eg veit at det er uprofesjonelt å tenkje slik, sa ho.
Eg har hatt eit førebels avhøyr med han som gjorde det, sa han.
Kva er det for ein?
Ein tulling. Han påstår at han fekk i oppdrag frå Gud å starte ein krig mot arabarar, negrar og asiatar.
Er han gal?
Nei. Ikkje etter det eg veit om galskap. Eg tippar at me vil avdekkje eit isolert verdsbilete i han i avhøyra framover, eit slags fantasiunivers der han sjølv er ein slags høvding innsett av Gud eller noko slikt.
Det høyrest ganske psykiatrisk ut.
Berre for folk som går i tronge sirklar.
Eg går ikkje i tronge sirklar.
Nei. Du blir berre forvirra av at han snakkar om Gud. Er det ikkje same slags fantasiunivers dei fleste valdsmenn går rundt i?
Irene Guri såg på han og tenkte at ho hadde undervurdert han ein gong for mykje, at ho måtte ta til med å fylgje med i det han sa, for det kunne liggje mykje i korte setningar. Ho sa:
Du må ta opp att det du sa om fantasiuniverset?
Eit isolert verdsbilete, eit fantasiunivers der han sjølv er ein slags høvding med ein naturleg eller overnaturleg eller guddommeleg autoritet.
Mjo …
Eg trur Reinhardt Skjetne er ein stakkar som lagar seg ei slik verd til erstatning for den verkelege. Eg reknar den saka for oppklart – det står berre att nokre månader med keisamt arbeid for å skaffe fram det retten treng for å kunne oversjå rettspsykiatrane. Det er samanhengen eg ikkje skjønar.
Dei andre drapa?
Ja. Han seier at han fann pistolen i buskane ved fontena på torget.
Tilfeldig?
Han ser det slik at det var Gud som hadde lagt han der som teikn på at han skulle skyte skodespelaren og den arabiske professoren. For min del trur eg meir på at ein utspekulert jævel har lagt han der.
Kven skulle det vere?
Mekhar trekte opp ei krøllete utskrift og sette fingeren på ei setning han hadde markert med gult, og las: «Ein som ser, ein som skjønar seg på folk, som betraktar dei, samlar informasjon om dei og testar dei utan at dei merkar det.»
Kva er det?
Mekhar fortalde om Passasjer 81 sine bloggpostar, korleis han hadde skrive om Malin Meyer og Angelique Fuglesang i fleire dagar før dei vart skotne, og så bloggposten same dag der han skreiv at han hadde lagt ein pistol utanfor moskeen og ein i buskane ved fontena på Kulturtorget.
Pistolen ved moskeen vart funnen klokka litt over eitt. Buskane ved fontena vart gjennomsøkte litt over klokka fire utan at noko vart funne. Men no seier altså denne Skjetne at han fann sitt drapsvåpen der tidlegare.
Kva tid?
Det veit eg ikkje nøyaktig enno. Men eg trur eg skal finne tidspunktet innafor eit eller to minutt. Han seier han kjøpte røyk like før.
Så du ser eit mønster der ein jævel, som du seier, har lagt ut ladde pistolar på stader der han trur nokon kan ha bruk for dei? At der ikkje fins nokon organisert samanheng mellom drapa – berre ein som spelar på spenningar som alt er der?
Ja.
Jøss.
Difor hamna Malin Meyer hos meg og ikkje hos deg.
No fylgjer eg ikkje?
Obskure drapsmenn utan spor hamnar hos meg. Kvinnelege valdsoffer hamnar hos deg. Kan hende det har vore eitt av momenta som denne jævelen har mora seg med – at det var Krimmen som kava med Malin Meyer, ikkje Valdsavdelinga. Kva ville du ha gjort om du hadde fått hennar sak?
Eg kjenner saka berre frå avisene og frå det Linda fortalde.
Ja?
Eg ville ha sjekka stefaren.
Akkurat. Han har ikkje eg ofra ein einaste tanke.
Han har vore påfallande usynleg. Linda nemnde han så vidt. Ho sa at han var ein dott som ikkje møtte auga hennar og som unngjekk alle situasjonar som kunne vere krevjande – han stod berre utanfor og røykte. Ingen aviser har nemnt han, ingenting er sagt på jobben.
Ta det sakte for meg: Kvifor ville du ha sjekka han?
Du har nett sagt det: Eit feigt og unnvikande ytre kan dekkje over eit isolert indre verdsbilete. Det kan godt vere eit fantasiunivers der han sjølv er ein stor autoritet med ein naturgitt rett til å få tilfredstilt sine drifter og lengslar.
Kvifor har du ikkje sagt dette før?
Me er ikkje organisert slik at du og eg skal utveksle kunnskap eller refleksjonar. Me har ikkje noko med einannan sitt arbeid å gjere. Ein av mine måtte døy – ein av mine måtte miste mor si før du og eg fekk denne diskusjonen.
Indifferent likevekt, sa han.
Men kunne det ha hindra dette? Sa Irene Guri Andersen Halvorsen, og nikka mot soveromsdøra si.
Laurdagen gjekk Mark S. Mekhar til teknikaren som hadde arbeidd med å restaurere bileta på Linda Dahlin Loe sin telefon. Det hadde gått bra, bileta var berga, og teknikaren hadde laga utskrifter av kvart einaste andlet som var synleg på dei. Mekhar fann fram til kven som var hjelpeverje for Arnt Helge og fekk henne til å verte med å avhøyre han. Det vart ikkje så vellukka, men til slutt hadde Mekhar sett alle fiskane i akvariet, og Arnt Helge sett alle bileta utan å gje inntrykk av å ha sett nokon farleg mann.
Det var skuffande. Men han seier òg at det var til pass, han hadde brote eitt av sine eigne prinsipp, så å seie: Mark S. Mekhar meiner at ein aldri skal dra teoriar for langt før ein testar dei. Det at Arnt Helge hadde sett noko på eitt av Linda sine bilete som fekk han til å hugse drapsmannen, var ikkje det same som at han hadde sett eit andlet. Det kunne jo ha vore noko anna han reagerte på, noko som var fanga opp gjennom vindauget eller i ein spegel. Han seier no at det var dumt å ikkje ta med dei originale bileta.
Han drog til Meyer og sambuaren, stefaren.
Mor til Malin hadde gråte. Ho tok straks til å snakke om Linda Loe. Ho kjende og Olave Mario de la Polvora.
Dei var dei einaste som kom, sa ho. Då Malin vart borte. Fyrst Olave, så Linda. Dei var i gravferda. Dei var her. Og no – no er dei sjølve …
Mannen hennar reiste seg frå fjernsynsstolen då dei kom inn, henta røykjesakene, gjekk mot terrassedøra.
Nei, nei, nei – sit berre, sa Mekhar. Det er deg eg vil snakke med.
Meg?
Ja. Eg er lei for det – det har vore så mykje. Me skulle sjølvsagt ha snakka med deg òg for lenge sidan. Eg fann ikkje telefonnummeret ditt.
Å – eg har berre kontanttelefon …
Malin var stedotter di?
Ja. Stedotter …
Var de gode vener?
Jada. Jau. Ganske så.
Det må ha vore litt av eit slag for deg òg?
Ja. Uff. Jau – det var vel det …
Kor var du då det hende?
På jobb.
Nettopp. Kor jobbar du eigentleg?
I kommunen. Ja, eller – for kommunen. Det er eit privat selskap. Me jobbar for kommunen. Tekniske ting og slikt.
Akkurat. Og meir konkret?
Eg køyrde. Eg har sertifikat for stor bil, eg køyrer ofte. Me høyrde det då me kom inn i tolvtida. Alle dei andre hadde høyrt det på radio. Men eg visste ikkje at det var Malin. Ikkje før ho ringde. Han såg mot kona si.
Eg vil gjerne tale med deg på tomannshand, sa Mekhar brått.
Meg? Kvifor?
Det er somme ting som me menn talar best om slik.
Eg kan gå, sa fru Meyer. Eg kan handle …
Ho reiste seg, spurde om ho skulle koke kaffi fyrst. Mekhar sa at han gjerne kunne setje i gang kaffitraktaren – han hadde same merke sjølv. Stefaren spurde om det var okei at han tok ein røyk. Fru Meyer gjekk. Mannen hennar kom ikkje inn att. Då kaffien var ferdig, helte Mekhar opp to krus og gjekk ut til han. Han såg overraska ut, han såg ut som han hadde trudd at Mekhar hadde gått.
Du –, sa Mekhar lågt. Han der chilenaren. Var han ein dritsekk, når sant skal seiast?
Stefaren såg usikkert på han. Korleis då?
Eg har det berre på gefühlen. Ein slik som var veldig flink til å gjere seg populær hos folk – men som du ikkje kunne snu ryggen til?
Han var litt slik …, sa stefaren.
La han seg etter kona di ?
Han gjorde vel det – litt –
Fy faen. Mens ho var i djup sorg! Vart du ikkje forbanna?
Ja – nei – jo …
Nei – så klart. Du kunne jo ikkje det i ein slik situasjon! Men desto verre! La han seg etter Malin òg?
Ja, det gjorde han.
Sette han henne opp mot deg?
Ja – han gjorde vel eigentleg det …
Fy faen. Det er ikkje alle som veit kor farlege små, utspekulerte kvinner kan vere, sa Mekhar.
Det er heilt sant! sa stefaren.
Og så vanskelege dei kan vere å forsvare seg mot! sa Mekhar.
Stefaren hadde nær fått farge i andletet då han svarte bekreftande på dette siste. Dei gjekk inn, sette seg ved salongbordet.
Det er eigentleg berre ein ting eg undrar meg på: Var her nokon saman med chilenaren?
Nei? Berre den siste gongen, då dei arbeidde med gravferda.
«Dei» – var ikkje du med?
Eg er ikkje så god med slikt, det vart best om ikkje eg hadde noko med det …
Veit du kven Passasjer 81 er?
Nei – kven er det?
Det er ein som skriv blogginnlegg, ein slags artiklar, på internett. Han skreiv at han hadde vore her saman med chilenaren.
Her var ingen.
Er det du som er Passasjer 81?
Stefaren såg så overraska ut at Mark S. Mekhar berre sette eit kryss over det sporet. I staden tok han farvel, køyrde bilen rundt hjørnet og tok til å ringje etter folk på arbeidsplassen til stefaren. Han fann sjefen hans som kunne fortelje at stefaren var fast sjåfør på ein av renovasjonsbilane, at han ikkje kunne hugse kor dei køyrde den dagen Malin Meyer vart drepen, men at hjelpemannen sikkert kunne. Hjelpemannen hugsa godt at dei stod i kø rett utanfor der drapet hadde hendt. Radioreporter Rudolf Steiner hadde vore på veg bort til dei då han fekk den berømte telefonen om at det hadde vore ei ulukke.
Takk, sa Mekhar. Han hadde ikkje bruk for å sjå originalbiletet frå Linda sin telefon. Han hugsa godt at ein eller annan i Renovasjonsvesenet sin raude og grøne arbeidsdress hadde stått med ryggen til i midtgangen på bussen. Han ringde til Arnt Helge si mor ein gong til og til teknikarane på krimmen og berre tre kvarter seinare ringde han på hos Meyer ein gong til og sa:
Det er berre nokre detaljar. Kan du vere med på ein rekonstruksjon?
Dei henta renovasjonsbilen, arbeidsdressen og hjelpemannen. Dei køyrde ruta. Dei stogga utanfor Cosy Lamps, der trafikkorken hadde vore. Hjelpemannen synte korleis han hadde stått på stigbrettet bak og venta på Rudolf Steiner. Dei såg korleis det synet såg ut frå førarhuset der stefaren sat med den uregistrerte mobiltelefonen sin.
Kom – eg vil syne deg noko, sa Mark S. Mekhar.
Stefaren sveitta, men gjekk viljelaust med over den låge fenderen, framom dunkane, inn bakdøra og bislagsdøra, inn gjennom det fyrste arbeidsrommet og inn der Malin Meyer vart skoten.
Då høyrde dei eit hyl frå naborommet:

Farleg mann! Farlig mann!! Pang, pang – farleg mann!!! 


Til avsnitt 57


Boka kan tingast hos bjorn@enes.no